Malta: Europas ”yderste nøgne ø”

Grand Harbour, Valletta, Malta. Foto: TN
Påskeferien vart i år lagt til Europas ”yderste nøgne ø” mot sør – Malta. Dette framleis nokså fattigslege øysamfunnet har vore nettomottakar av EU-overføringar sidan det vart medlem i 2004. Men i eit langt historisk perspektiv har Europa mykje å takka maltesarane for.

Kosmopolitiske Malta

Malta er med sine vel 400 000 innbyggjarar og 316 kvadratkilometer eit av Europas minste land. Malta vart medlem av EU i 2004 og innførte euro som valuta i 2008. Økonomien er avhengig av omskiping (spesielt av olje), industri (spesielt elektronikk og tekstilar) og turisme. Bank- og finansverksemd er også viktig. Levestandarden (BNI/capita) er likevel den lågaste i Vest-Europa. Malta er nettomottakar av EU-midlar, men mottar lite i høve til sentral- og austeuropeiske land.

Øygruppa, som består stort sett av kalkstein og har lite grøderik jord og ferskvatn, ligg sør for Sicilia og faktisk også sør for Alger og Tunis i Nord-Afrika (men litt nord for Kreta og Kypros). Malta har derfor også vore både møtestad og gnissingspunkt mellom Europa, Asia og Afrika. Opp gjennom historia har Malta vore regjert av grekarar, fønikarar, kartagarar, romarar, bysantinarar, arabarar, normannarar, Hohenstaufen-tyskarar, aragonarar, (spanske) habsburgarar, johanittarriddarar, franskmenn og britar.

Etnisk sett slektar dagens maltesarar truleg mest på dei gamle fønikarane, men dei har også italienske, arabiske, britiske og andre europeiske gener. Språket er klassifisert som semittisk, og er ein avleggar av siculu-arabisk (frå tida då arabarane kontrollerte Sør-Italia og Sicilia), med mange innslag av siciliansk dialekt, italiensk, fransk og etter kvart engelsk.

Katolske Malta

Påskeprosesjon i Valletta. Foto: TN

Malta var eit av dei første områda i verda som vart kristna. Det skal ha skjedd etter at apostelen Paulus av Tarsus stranda her i år 60 e.Kr. under ein seilas til Roma. Dette skal vera ein del av forklaringa på kvifor maltesarane er så ivrig praktiserande katolikkar. Tre av fire (75%) maltesarar oppgav i 2009 å gå i kyrkja minst kvar søndag. Det er fleire enn i noko anna land, inkludert Polen (63%) og USA (43%), for ikkje å nemna Noreg (3%). Det finst då også uvanleg mange flotte kyrkjer på Malta (dei fleste i barokkstil), som ute på landet gjerne står i sterk kontrast til heller usle omgivnader.

Men nyare historiske hendingar er truleg viktigare grunnar til maltesaranes kristendom. I middelalderen låg øygruppa midt i skjæringspunktet mellom kristendommen og islam. I 870 vart Malta herja av muslimske arabarar frå Sicilia, og vart liggjande øyde til ei siculu-arabisk rekolonisering frå 1048-49. Denne varte truleg til den normanniske hertugen Roger I tok øya i 1091. Som resten av den kristne delen av middelhavskystane, vart Malta utsett for gjentatte berberiske sjørøvarherjingar i åra som følgde. På det tidlege 1500-talet gjekk berberarane frå Nord-Afrika i allianse med den ottomanske sultanen mot den spanske krona, som hadde kasta dei ut av Spania og nå heldt på å erobra strategiske byar på kysten av Nord-Afrika. I 1551 herja berberiske piratar Gozo, den nordlege øya i øygruppa der Malta er hovudøya. Så godt som alle innbyggjarane, om lag 5000 i talet, vart ført til Nord-Afrika som slavar.

Johanittarordenen

Dette må sjåast på bakgrunn av at den spansk-tyske habsburgkeisaren Karl 5. i 1530 gav Malta til johanittarordenen (seinare derfor også kalla maltesarordenen), oppkalla etter døyparen Johannes. Til gjengjeld kravde keisaren berre å få ein maltesarfalk i gåve kvart år. Johanittarane var ein kristen riddarorden som vart oppretta på 1000-talet for å tilby sjukepleie til pilgrimar i Det heilage landet.

Etter at krossfararar tok Jerusalem frå arabarane i 1099 fekk ordenen gradvis meir militært preg. I 1154 vart ordenen lagt direkte under paven. Gradvis tok arabarane landet tilbake, og i 1291 vart dei siste riddarane kasta ut. Dei drog då i første omgang til Kypros, men erobra i 1309 Rhodos.

Sultan Suleiman I den Store

Johanittarriddarane klora seg fast på Rhodos i over to hundre år, trass i stadige arabiske og tyrkiske åtak, og dreiv herfrå utstrekt plyndring og slavetaking mot muslimske skip og område. Men sultan Suleiman I den Store sette i 1522 i land over 200 000 mann og gjorde johanittarane igjen heimlause. Riddarane fekk fritt leide ut av Rhodos mot løfte om aldri å plaga ottomanske skip igjen.

Det var etter dette johanittarordenen fekk overta Malta. Dei var snart i gang igjen med sine åtak mot muslimske mål. Suleiman bestemte seg derfor for å gjera endeleg slutt på plageåndene. Å ta Malta var dessutan strategisk viktig i den ottomanske ekspansjonen mot vest. Kontroll over Malta ville gi ottomanane eit avgjerande forsyningspunkt for erobring av Sicilia og Italia og kanskje vidare nordover. Det ottomanske riket hadde tatt Konstantinopel i 1453, og prøvde seg mot Italia for å ta Roma i tiåret etter. Hundre år seinare hadde Suleiman den Store lagt størsteparten av dagens Ungarn til eit rike som då omfatta langt meir enn det tidlegare austromerske riket. I 1529 tok han nesten Wien. Heile det austlege Middelhavet var ottomansk og muslimsk kontrollert. Det same galdt Svartehavet og i stor grad Raudehavet og Persiagolfen.

Beleiringa av Malta i 1565

I mai 1565 byrja ein flåte med truleg om lag 30 000 mann frå Konstantinopel og Nord-Afrika å beleira Malta. Øya vart forsvart av 6000-8000 menn, kvinner og barn, blant dei om lag 500 riddarar og 3000 maltesarar. I september, etter tap av minst ein tredel av styrkane på begge sider (og etter 130 000 tyrkiske kanonkuler), gav beleirarane opp.

Jean Parisot de la Valette, stormeister for johanittarriddarane på Malta under beleiringa i 1565

Då hadde ein unnsetningsstyrke på ca 8 000 mann kome frå Sicilia. Men dei kom så seint at i realiteten hadde ordenen og maltesarane, under leiing av stormeister Jean Parisot de la Valette, utmatta angriparane aleine. Utfallet sveisa då også riddarane og maltesarane saman og styrka dessutan maltesaranes kristne identitet. Johanittarordenen regjerte på Malta fram til han vart kasta ut av Napoleon i 1798.

Nederlaget i 1565 vart eit vendepunkt for den ottomanske ekspansjonen vestover. Konstantinopel prøvde aldri å ta Malta igjen (Suleiman retta i staden igjen merksemda mot Ungarn, men døydde året etter, i 1566). Sidan fekk dessutan Italia og dermed også Vest-Europa vera i fred. Eit nytt strategisk tilbakeslag kom då Den høge porten mista heile flåten sin og 30 000 mann i slaget ved Lepanto i 1571. Sultanen klarte likevel å ta Kreta på 1600-talet og beheldt kontrollen over mesteparten av den nordafrikanske kysten til 1800- og til dels 1900-talet. Men ein multinasjonal europeisk hærstyrke avviste tyrkaranes siste åtak på Wien i 1683. Dette vart det store historiske vendepunktet for det osmanske riket.

Nytt heltemot under andre verdskrig

Den neste store innsatsen for Europa gjorde Malta under andre verdskrig. Inntil 1937 var hamnene rundt Valletta, nå under britisk herredømme, hovudbasen for den britiske middelhavsflåten. Men då Italia erklærte krig i 1940, hadde britane berre ein garnison, nokre få fly og lite proviant på Malta. Som britisk koloni nær Italia og midt i aksemaktenes skipsfartslei, vart Malta bomba sønder og saman i løpet av krigen. Ingen annan stad i verden skal ha fått så mange bomber per kvadratkilomenter som byen rundt Grand Harbour. Men tyskarane lukkast aldri med å ta øya.

I 1943 tildelte den britiske kongen, Georg 6., georgskrossen til ”øyfestninga Malta og innbyggjarane” for utvist mot under bombardementet. Denne høgaste britiske sivile utmerkinga er nå ein del av det maltesiske flagget. Krigserfaringa medførte elles at maltesarane forsonte seg med Storbritannia og gjorde engelsk til sitt andre offisielle språk. Tidlegare hadde mange nasjonalistar gått inn for union med Italia, og italiensk hadde vore utbreidd.

Johanittarordenes flagg i historiespel på Fort St Elmo, Valletta, Malta, i 2005

Ein kuriositet til slutt: Johannittarordenens flagg liknar svært på det danske, berre at dei raude flatene er kvadratiske. Grunnen til dette skal vera at det var eit ordensflagg som dalte ned som frå himmelen då danskekongen var hardt pressa under slaget ved Lyndanisse (dagens Tallinn) i 1219. I følgje eit sagn skal flagget kan ha blitt tatt av vinden frå nokre tyske johanittarriddarar som kjempa i nærleiken. Det tilsynelatande underet sette mot i dei danske soldatane og gav kong Valdemar siger. Flagget er i dag det danske nasjonalflagget, Dannebrog (Høiberg 2011, s.24). Fordi det danske flagget er utgangspunktet for det norske, kan det såleis faktisk vera at vårt norske flagg har johanittarordenes flagg som førelegg.

Europeisk «payback time»

På denne bakgrunn kan overføringane frå EU til Malta sjåast som europeisk ”payback time”. Faktisk støttar også Noreg Malta, gjennom finansieringsordningane under EØS-avtalen. EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein har forplikta seg til å overføra 8,12 millionar euro til Malta i perioden 2004-2014 (NOU 2012:2, s. 765). I hovudbyen Victoria på Gozo kom vi då også over skilt som viser at vi hjelper til å pussa opp det gamle citadellet der, bygd som tilfluktsstad for berberiske sjørøvaråtak (sjå bildet under).

EØS-støtte markert på citadellet i Victoria, Gozo. Foto: TN

Fotnote om det ottomanske riket og Europa:

I lys av det som nå føregår i Tinghuset i Oslo er det sikkert ikkje uproblematisk å skriva at Europa kan «takka» Malta og johanittarriddarane for å ha slått tilbake den tyrkiske beleiringa i 1565. Ein ting er at det ingen av partane oppførte seg akseptabelt etter våre dagars mål. Både kristne og muslimar gjorde seg skuldige det vi nå vil kalla krigsbrotsverk. Til dømes gav stormeister de la Valette etter tapet av Fort St Elmo i 1565 ordre om å halshogga alle tyrkiske fangar og å skyta hovuda deira over til fienden med kanon. Dette skjedde etter at fire hovudlause riddarlik kom flytande med straumen over hamna frå tyrkisk side (Bradford 1961, ss. 139-141).

Ein annan ting er at «den stygge tyrken» har fått eit ufortent dårleg rykte i Europa. Til dømes let ottomanane kristne og jødiske innbyggjarar i områda dei erobra ha relativt stor fridom og sjølvstyre. Mange både ortodokse og protestantiske kristne ville heller bli styrt av muslimar enn av katolikkar. Etter Reformasjonen søkte ein del særleg franske protestantar tilflukt i Konstantinopel. Som habsburgarriket og Tsar-Russland var det ottomanske riket kosmopolitisk og derfor lenge ei viktig motkraft mot den øydeleggjande nasjonalismen som oppstod i Vest-Europa.

Men ottomanane dreiv trass alt eit aggressivt erobringstokt. Etter erobringa av Konstantinopel kalla sultanen seg medvite romersk keisar, og målet med ekspansjonen mot vest (og aust) var verdsherredømme. Dei representerte også eit autoritært, vilkårleg og i aukande grad korrupt styre som det er grunn til å tru at kristne og andre ikkje-muslimske og/eller -tyrkiske undersåttar etter kvart ville ha reist seg mot, slik det faktisk skjedde mellom anna i Hellas (jmf. mitt tidlegare innlegg her). Alle kristne så vel som jødar var dessutan heilt klart annanrangs innbyggjarar. Dei måtte mellom anna svara ein særskatt. Kun muslimar hadde alle rettar (Goffmann 2002). Det er vanskeleg å tenka seg at opplysingstida, demokratiseringa og industrialiseringa kunne ha utvikla seg i eit ottomansk-muslimsk styrt Europa.

Kjelder:

Wikipedia.

Carmel Cassar: A Concise History of Malta. Msida: Mireva Publications, 2000.

Ernle Bradford: The Great Siege. Malta 1565. Harmondsworth: Penguin, 1961.

Daniel Goffman: The Ottoman Empire and Early Modern Europe. Cambridge: Cambridge University Press, 2002.

Hanne Høiberg: Turen går til Malta. Oslo: Aschehoug, 2011.

NOU (Norges offentlige utredninger) 2012:2: Utenfor og innenfor. Norges avtaler med EU. Oslo: Departementenes servicecenter, 2011.