
Tore Nedrebø, forfattaren av desse sidene, vart fødd i 1957 på Voss, er dr.philos frå Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen, og var tilsett i Utanriksdepartementet frå 1986 til 2021. Eg var stasjonert i Praha (1988-90), Bonn (1990-94), Abuja, Nigeria (2005-2009) og Islamabad, Pakistan (2015-2018). Doktoravhandlinga, som eg forsvarte i 2010, heitte «Past and Present Sources of European Union. A Comparative, Historical-Institutionalist Analysis«. I 1995 ga eg ut boka Den tyske utfordringa. Tyskland, Noreg og det nye Europa på Det norske samlaget. Eg er nå pensjonist.
Meir om meg på Wikipedia her.