Kva er nytt med Russlands invasjon av Ukraina?

Eg høyrde nettopp på siste Debatt i P2, der temaet var om vi går mot ein ny verdsorden. Programmet skriv seg inn i rekka av alarmistiske og til dels forvirra ordskifte om verda etter Russlands store invasjon av Ukraina (rett nok gjorde Halvor Tjønn som vanleg ein solid figur). Det er akkurat som om alt var i orden før, men nå er det krise.

Slik er det sjølvsagt ikkje. Heile tida etter andre verdskrigen har vore prega av maktkamp mellom kaos- og kosmoskrefter (dvs. ordenskrefter). Også den såkalla kalde krigen vart i periodar og delar av verda varm, jamfør særleg Korea-krigen (1950-53) og Vietnam-krigen (1957-75), men også Sovjetunionens intervensjonar i DDR (1953), Ungarn (1956), Tsjekkoslovakia (1968) og Afghanistan (1979-89).

I ein kort periode etter berlinmurens fall kunne det sjå ut som om liberale kosmoskrefter fekk eit avgjerande overtak. Men det varte ikkje lenge (fram til ca. 1995). Kina hadde for lengst vakse fram som ei revisjonistisk, ekspansjonistisk og illiberal stormakt. USSRs rettsetterfølgjar Russland fall raskt tilbake i same rolle, intervenerte i dei suverene statane Georgia (2008) og Ukraina (2014, 2022) og blanda seg på nytt inn i konfliktar langt utanfor eigne grenser, ikkje minst i Syria.

Diverse andre større og mindre makter held elles fram ein gammaldags maktkamp og i nokre tilfelle fordekt krig med andre land (type Iran mot Saudi-Arabia i Jemen). Internasjonale organisasjonar, framfor alt FN, får gjort lite med det fordi revisjonistiske einskildland har vetomakt.

Så kva er nytt nå? Det er at Russland har gått til regelrett krig mot eit anna, suverent europeisk land. Altså at noko slikt skjer i Europa, som er den liberale verdsordenens opphav, nest viktigaste ankerfeste (etter USA) – og Noregs verdsdel. At maktforholdet mellom kaos- og kosmoskreftene samstundes er forskyvd til fordel for førstnemnde er ikkje noko nytt, men understrekar alvoret.   

Det er derfor ikkje overraskande at dei fleste land utanfor Europa stiller seg nokså likegyldige til Russlands invasjon av Ukraina. Dei er mest opptatt av kortsiktige nasjonale interesser, og ser som under den kalde krigen fordelar ved at fleire stormakter kappast om deira gunst. Men derfor er det også først og fremst opp til kosmoskreftene i Europa og USA å sørgja for at Ukraina kan slå tilbake det russiske invasjonsforsøket.

Om det går mot ei ny verdsordning er elles eit feil stilt spørsmål. Det som det står om, er om vi skal ha ei verdsordning eller ikkje. Ordet «ordning» føreset nemleg reglar som gjeld likt for alle, uavhengig av maktforhold. Alternativet til dette kosmos er kaos, der makt er rett.

Om Russland får kontroll over Ukraina trur eg ikkje nødvendigvis at Noreg og andre Nato-land er neste mål. Men ei normativ grense, ikkje berre ei fysisk, vil vera overskriden. Dermed blir terskelen for andre overgrep mot folkeretten lågare. Vi får ei meir uroleg og uføreseieleg verd, ei verd som er mindre i stand til å møta felles utfordringar i fellesskap. Dei svakaste taper.

Om Russland derimot møter veggen, kan vi i beste fall få ein kjedereaksjon som styrkar verdsordenen, demokratiet og andre liberale, humanistiske verdiar, så vel som vernet om dei svakaste i heile verda.

Det er dette det dreiar seg om. I tillegg til om ukrainaranes fridom.

Konferansen om framtidas Europa og EUs demokratiske legitimitet

10. mars 2021 vedtok presidentane for Europaparlamentet, Det europeiske rådet og Europakommisjonen å setja i gang ein ny «konferanse om framtidas Europa». Dette skal bli ein demokratisk «nedanfrå-og opp»-eksersis som skal munna ut i konkrete forslag som helst skal presenterast under det franske EU-formannskapet i første halvår 2022. Forslag til traktatendring er ikkje nemnt, men er dermed heller ikkje utelukka.

Europaparlamentet drøftar innsetjing av Jean Claude Juncker som ny president for Europakommisjonen, 15. juli 2014. Foto: Europaparlamentet.

I presidentanes felles erklæring om konferansen heiter det at EUs borgarar står fritt til å ta opp alle moglege spørsmål, men erklæringa peikar sjølv på følgjande som særleg aktuelle diskusjonstema:

«Opbygning af et sundt kontinent, bekæmpelse af klimaændringer og miljømæssige udfordringer, en økonomi, der tjener alle, social retfærdighed, lighed og solidaritet mellem generationerne, digital omstilling i Europa, europæiske rettigheder og værdier, herunder retsstatsprincippet, migrationsudfordringer, sikkerhed, EU’s rolle i verden, Unionens demokratiske fundament og hvordan de demokratiske processer, der styrer Den Europæiske Union, kan styrkes. Drøftelserne kan også omfatte tværgående spørgsmål vedrørende EU’s evne til at levere med hensyn til politiske prioriteter, f.eks. bedre regulering, anvendelse af nærhedsprincippet og proportionalitetsprincippet, gennemførelse og håndhævelse af gældende EU-ret og gennemsigtighed.»

Her skal eg sjå spesielt på EUs demokratiske legitimitet, altså det som i erklæringa er omtalt som “Unionens demokratiske fundament og hvordan de demokratiske processer, der styrer Den Europæiske Union, kan styrkes”. Dette har i alle år vore det folkevalde Europaparlamentets fanesak.

EUs demokratiske grunnlag i dag

EU er først og fremst demokratisk i kraft av å bestå av (meir eller mindre) demokratiske medlemsstatar, som frivillig har overført delar av sin suverenitet til felles avgjerdsorgan. Som Storbritannia har gjort, kan dei ta tilbake denne suvereniteten ved å melda seg ut. Medlemsstatane utøver sin kontroll og gir demokratisk legitimitet mest direkte gjennom Det europeiske råd (DER), der stats- og regjeringssjefane møtest minst fire gonger i året, gjennom Ministerrådet og, i ein viss grad, gjennom nasjonale parlament. Lisboa-traktaten, den siste store traktatrevisjonen i EU, styrka både DER og nasjonale parlament si stilling i systemet.  Ytterlegare å styrka og effektivisera nasjonal kontroll med EU er éin veg å gå for å styrka EUs demokratiske legitimitet.

Men sidan 1979 har EU også hatt eit sterkt innslag av representativt demokrati, i form av det direktevalde Europaparlamentet (EP). Kvar traktatendring sidan då har styrka parlamentets stilling. Fleirtalet av EU-parlamentarikarane ønskjer å gjera forsamlinga til kjernen i eit parlamentarisk, overnasjonalt system. EP skal her ha lovgjevande makt saman med Ministerrådet og velja Europakommisjonen, som skal bli ei EU-regjering. Vidare parlamentarisering er ein annan måte konferansen om Europas framtid kan søka å styrka EUs demokratiske legitimitet.

Som ein etter kvart enorm og stadig veksande forskingslitteratur viser, er det likevel langt fleire sider ved spørsmålet om EUs demokratiske legitimitet enn dette.[i]

Demokratisk underskot?

Politikarane som la grunnsteinen til EU på 1950-talet tok veljaranes støtte til det dei såg som først og fremst eit fredsbyggingsprosjekt for gitt. Meiningsmålingar gav dei rett. Byggherrane kunne operera i ein «permissive consensus». «Output», eller resultata, av europeisk samarbeid vart ukritisk oppfatta å vera til gode for folk flest. Få var opptatt av demokratisk «input». Den europeiske parlamentarikarforsamlinga, utpeikt av nasjonale parlament, levde sitt eige liv. Den felles politikken var dominert av marknadsintegrasjon og landbrukspolitikk. 

Europeiske veljarar vart først direkte konsulterte i 1972, i folkerøystingane i Storbritannia, Danmark og Noreg om EF-medlemskap. Det norske nei-et og dei knappe britiske og danske ja-fleirtala vart ein vekkar. Direkteval til Europaparlamentet vart innført i 1979. Gradvis oppstod ein debatt om EF/EUs «demokratiske underskot». Akademikarar framheldt mangelen på eit europeisk «demos» (folk) og på ei felles europeisk offentlegheit som grunnleggande utfordringar for demokrati på EU-nivå. Dei fleste veljarar hadde først og fremst ein nasjonal identitet, og rammene for offentleg debatt var primært nasjonale, heitte det. Europeiske politiske parti var svake, og Europa-vala var annanrangs («second order») val, liknande regionale og lokale val. Valdeltakinga var mindre i europavala enn i nasjonale parlamentsval, og fall dessutan frå val til val.

Parlamentarisering

Gjennom 1990-talet var likevel framleis ordskiftet om EF/EUs demokratiske underskot dominert av spørsmålet om korleis ein kunne styrka det representative demokrati-elementet. Maastricht-traktaten gav Europaparlamentet medlovgjevingsmakt, og både den og dei påfølgjande Amsterdam- og Nice-traktatane styrka bandet mellom EP og kommisjonen. Dei to organa fekk same funksjonsperiode, og parlamentet måtte godkjenna rådets forslag til både kommisjonspresident og kommisjon. Maastricht-traktaten innførte dessutan subsidiaritetsprinsippet, som skal hindra unødvendig sentralisering til EU-nivået. Gjennom andre traktatendringar på 1990-talet fekk nasjonale parlament dessutan ei større formell rolle i EUs lovgjeving, det vart oppretta ein regionkomité på EU-nivå, og EU-borgarskap («citizenship») og ei pakt («charter») for grunnleggande rettar vart innført. Formålet med mykje av dette var å bøta på «no-demos-problemet» ved styrka vanleg folks identifisering med EU. 

Men på 2000-talet auka kritikken mot parlamentarisering som strategi for demokratisering av EU. Det vart åtvara mot at ein klarare partipolitisk farga kommisjon kunne framstå som mindre legitim i medlemsland med eit anna politisk fleirtal. Dette kunne dessutan undergrava kommisjonens rolle som upartisk pådrivar for integrasjonen og varetakar av felles europeiske interesser.  I tillegg vart det peika på at heller ikkje på nasjonalt nivå er parlamentarisme aleine ein tilstrekkeleg garanti for demokrati. Former for deltakardemokrati burde utfylla det representative demokratiet. Sivilsamfunnet, interessegrupper, ekspertar, nasjonale fagstyresmakter og einskildpersonar burde høyrast på meir systematisk måte. Det burde skje ikkje berre i tidlege fasar av politikkutforminga, før valde representantar røystar over ferdig forhandla lovframlegg, men også seinare i prosessen og under iverksetjing av vedtak.  I denne samanheng byrja EU-organa også å leggja større vekt på openheit («transparency») om politikkutforminga, jamfør ikkje minst Kommisjonens «European Transparency Initiative» frå 2005.

Deltakardemokrati

Denne nye «deltakardemokratiske» tilnærminga var også ein hovudgrunn til at eit såkalla konvent vart oppretta for å utarbeida ein europeisk «forfatningstraktat» i 2001. I «Konventet om Europas framtid» (2002-2003) deltok både europeiske og nasjonale parlamentarikarar, forutan ikkje-valde einskildpersonar, og ein brukte mellom anna internett og offentlege debattmøte for å få innspel frå offentlegheita. Modellen var det grunnlovgjevande konventet i Paris i 1792 og det tilsvarande amerikanske i Pennsylvania i 1787. Men fleirtalet i franske og nederlandske folkerøystingar stemte mot forfatningstraktaten i 2005. Etter ein to års tenkepause vart traktatutkastet omskrive i ein ganske lukka, tradisjonell mellomstatleg konferanse (IGC), og kunne (etter to folkerøystingar i Irland) tre i kraft som Lisboa-traktaten i 2009.

I Lisboa-traktaten var det meste av konstitusjonell retorikk fjerna. Traktaten inneheldt likevel ein del nye demokratiseringstiltak:

  • For første gong inneheld traktatverket eit avsnitt om demokrati. Artikkel 10 TEU slår fast at EU skal «vera grunnlagt på representativt demokrati» og at Det europeiske råd og Ministerrådet står ansvarleg overfor nasjonale parlament. Politiske partis rolle er også omtalt for første gong. Artikkel 11 understrekar deltakardemokratiske prinsipp som dialog med borgarane og med sivilsamfunnsorganisasjonar.
  • Traktaten innførte «borgarinitiativ» som ei ny deltakardemokratisk mogelegheit. I følgje artikkel 11(4) TEU må Europakommisjonen føreslå ein lovproposisjon om saker innan EUs ansvarsområde dersom minst ein million EU-borgarar krev det.
  • Nasjonale parlament fekk rett til å stansa nye lovforslag frå kommisjonen som dei meiner er i strid med subsidiaritetsprinsippet.
  • Europaparlamentet fekk nye fullmakter ved at den «felles» vedtaksprosedyren, der parlamentet spelar størst rolle, nå vart hovudprosedyren for lovvedtak i EU. Det europeiske rådet vart dessutan pålagt å ta omsyn til utfallet av Europa-vala før det utpeikar ny kommisjonspresident (dei ulike partigrupperingane nominerte såleis kvar sin Spitzenkandidat i vala i 2014 og 2019, som DER tok omsyn til då dei utnemnde Juncker i 2014, men ikkje då von der Leyen vart president i 2019).
Veksande utfordringar til EUs leveringsevne

I tiåret etter Lisboa-traktaten har ei rekke kriser utfordra EUs evne til å levera «output» i europeisk fellesinteresse, og meiningsmålingar viste mindre oppslutnad om EU. Euro/gjeldskrisa 2010-12 utfordra den økonomiske og monetære unionen, migrasjonskrisa i 2015 undergrov Schengen-systemet og Dublin-avtalen, Ukraina-krisa og andre tryggingspolitisk relaterte kriser sidan 2016 har utfordra den felles utanriks- og tryggingspolitikken, og brexit truga heile EUs legitimitet. Sett frå europeisk synsvinkel kravde desse krisene «meir Europa», ikkje mindre (jf. mellom anna den nye diskusjonen om eit meir «suverent» og sameint Europa og initiativet til konferansen om Europas framtid). Improviserte løysingar som kom innan ØMU skjerpa heller enn minska EUs «demokratiske underskot», jamfør spesielt kommisjonens eksklusive rolle i å overvaka nasjonale statsbudsjett gjennom ordninga med «europeisk semester», innført i 2012.

Det kan dessutan argumenterast for at hovudutfordringa ved handteringa av krisene på 2010-talet ikkje har vore kva EU har gjort, men kva ein ikkje har gjort. EU har ikkje funne gode løysingar på til dømes migrasjonskrisa nettopp på grunn av manglande «europeisk solidaritet», med andre ord fordi dei ansvarlege politikarane (stats- og regjeringssjefane) først og fremst har tatt omsyn til nasjonal opinion og nasjonale interesser. Derfor har krisene ført til nye konfliktlinjer mellom blant anna innvandringsliberale og –skeptiske, og mellom fiskalt strenge og gjeldstynga medlemsland. Krisene og EUs haltande respons på dei (til dømes EU-pålagt sparepolitikk i Sør-Europa) gav dessutan grobotn til nye populistiske og europaskeptiske rørsler og parti. Det er nærliggande å sjå også brexit i dette perspektivet. Den britiske utmeldingskampanjen framstilte EU som elitistisk og fjernt frå vanlege folk, og fekk stort gjennomslag for verdet av nasjonal kontroll/suverenitet (akkurat som nei-kampanjane i Noreg i 1972 og 1994).

Mangelfull europeisk solidaritet («no demos») har også vore eit problem under koronapandemien i 2020, spesielt i den første fasen. Men som i fleire av dei tidlegare krisene det siste tiåret, sørga improvisasjon frå DER for nye integrasjonsgjennombrot. Etter fleire døgns samanhengande forhandling kom ein stor økonomisk gjenreisingspakke på bordet, for første gong delvis basert på felles låneopptak.

Det er kanskje på grunn av krisenes overnasjonale karakter og fordi EU trass alt ikkje berre har stått saman gjennom dei, men også kome opp med løysingar, at Eurobarometer dei siste to-tre åra har vist aukande folkeleg oppslutnad om EU. Etter ein bølgedal frå 1990-talet til midten av 2010-talet er grunnholdningane i dei fleste medlemsland nå endå klarare positive enn før. Færre er direkte fiendtleg innstilte til EU. Det er likevel få som aktivt og ideologisk støttar EU.

Europeisk identitetspolitikk

Men europaforskarar har i seinare år i aukande grad byrja å stilla kritiske spørsmål ved kva som eigenleg ligg bak folks holdning til EU. Det viser seg at kunnskap er svært viktig. Dess mindre folk veit om EU, dess meir EU-skeptiske er dei. Personlege økonomiske interesser i europeisk integrasjon er derimot lite utslagsgjevande for kva folk flest svarar i meiningsmålingar, eller røystar i folkerøystingar, om EU. Generell uro om livssituasjonen, og, ikkje minst, identitet, tel meir. Her spelar medias framstilling av EU som ein kamparena for nasjonale interesser ei stor rolle. Nasjonale regjeringars popularitet og andre nasjonale, ikkje direkte EU-relaterte forhold har også vist seg å bety mykje for kva EU-holdningar folk gir uttrykk for. Nasjonalistiske og populistiske krefter utnyttar dette, ikkje minst gjennom feilinformasjon i polariserande sosiale media. Identitetsidimensjonen gir seg spesielt utslag i sentral- og austeuropeiske EU-land.

Europeisk demokrati utan folk eller utan makt?

Sett i dette perspektivet er det dristig av EU å setja i gang ein ny stor debatt om «framtidas Europa». Men det er også ein grunn til ikkje å venta forslag til store grep. Ingen ønskjer nye folkerøystingar. Eit overmodent og lite kontroversielt forslag er tilrettelegging for overnasjonale partilister i europavala.

På den andre sida tilseier den objektive situasjonen som nemnt «meir Europa». Koronakrisa er eit nytt døme på at europeiske land må stå saman for å kunna vareta felles interesser i ei globalisert verd. EU er kanskje eit demokrati utan «demos» (folk), men i denne nye røyndommen ser det nasjonale alternativet i aukande grad ut som demokrati utan «kratos» (makt). Dette perspektivet er minst like relevant for Noreg som for EUs medlemsland. 


[i] Artikkelen byggjer i stor grad på Stijn Smismans: «Democracy and Legitimacy in the European Union» og Simona Guerra og Hans-Jörg Trenz: «Citizens and Public Opinion in the European Union”, i Michelle Cini og Nieves Pérez-Solórzano Borrogán: European Union Politics, 6th Edition, Oxford University Press, 2019. Det er verdt å merka seg at norske forskarar, dei fleste nå eller tidlegare knytte til Arena-senteret ved Universitetet I Oslo, både er forfattarar av artiklar og er flittig siterte i dette standardverket.

Hellas og Europa før og nå, del III: Det greske bidraget til moderne europeisk politikk

 

Gresk demokrati før og nå

Det er ei hevdvunnen oppfatning at dei gamle grekarane “fann opp” politikk.[1] Den store britiske statsvitaren og historikaren Samuel Finer hevdar meir presist at dei ”revolusjonerte politisk teori og praksis.”[2] I følgje Finer kom dei med fire viktige innovasjonar i så måte: dei lanserte idéen om 1) statsborgaren (til forskjell frå undersåtten); 2) demokratiet; 3) at dei styrande var ansvarlege overfor dei styrte; og 4) skiljet mellom vedtakande, utøvande og dømmande makt.[3] Likevel viste det seg det greske demokratiet seg som ei historisk blindgate.

Den klassiske bystaten med sitt demokratiske sjølvstyre vart knust av makedonarane i 322 f.Kr. og oppstod aldri igjen.[4] ”Sanninga er at den greske demokratiske polis både i tid og rom var berre ein liten flekk på verdas fem tusenår med ulike regjeringsformer.”[5] Finer hevdar dessutan at europeiske progressive fram til 1800-talet såg på Sparta, og ikkje Aten som modellen blant dei greske bystatane. Som vi skal sjå, var dessutan den elitære romerske republikken eit større føredøme enn dei greske bystatane, særleg for liberale i Frankrike og USA.

I tillegg kom moderne politiske ideal til å skilja seg monaleg frå det gamle Hellas sine. I motsetnad til den liberale teorien som nærte dei franske og amerikanske revolusjonane, skilte ikkje grekarane mellom staten og det sivile samfunnet. For det andre var det greske demokratiet eit direkte demokrati tilpassa små bystatar. Før utviklinga av det representative demokratiet (med England i spissen) meinte derfor dei fleste teoretikarar i moderne tid at demokrati ikkje var mogleg i territorialstatar. For det tredje meinte dei fleste greske tenkarane at statsstyret burde overlatast til nokre få utvalde eller spesielt kvalifiserte (jamfør Platons tanke om filosofkongen), noko som passar dårleg med nyare tids demokratioppfatting.[6]

Den greske bystaten som modell for den moderne nasjonalstaten

Men som modell for den moderne nasjonalstaten, forstått som uttrykk for prinsippet om ein nasjon – ein stat, fekk likevel den greske bystaten stor tyding.  For å kvalifisera som statsborgar måtte ein grekar vera fri, mann og fødd i den aktuelle bystaten.[7] Naturalisering, det vil seia tildeling av borgarskap til innflyttarar, var mogleg, men sjeldant. I Aten var borgarskap arveleg og knytta til lokale busetjingar kalla deme (eint. demos), som hadde sjølvstyre og sine eigne gudar.[8] Som vi har sett, var det i den greske verda under eitt dessutan ei sterk kjensle av fellesskap overfor utanforståande, ”barbarane”, og spesielt persarane. Eit kjent sitat, som Herodot tillegg Perikles, definerer gresk identitet som “vårt felles brorskap[…], vårt felles språk, alteret og offera som vi alle tar del i, våre felles karaktertrekk.”[9] Dette var alt tankegods som vart tatt til inntekt for idéen om nasjonen som den naturlege ramma for den moderne staten, og som dermed nærte moderne nasjonalisme. (Men som vi også såg, oppfatta grekarane seg dessutan som verdsborgarar i kraft av si universelle fornuft.)

George Grote

Det var den engelske bankmannen og historikaren George Grote (1794-1871) som lanserte den greske polis som generell politisk modell for Europa i sitt store verk History of Greece (1846-56). Dei tolv banda vart raskt anerkjent som den beste Hellas-historia på noko språk, og stod uimotsagt i eit halvt hundre år. Grotes History utløyste ei grunnleggande nytenking omkring Europas opphav. Frå nå av såg mange ikkje lenger Betlehem, men Aten som den europeiske sivilisasjonens vogge.[10]

Dessutan medverka Grotes verk sterkt til at britane vart overtydde om at det var den atenske bystaten som var den eigenlege forgjengaren til det moderne demokratiet, ikkje den romerske republikken slik progressive franske og amerikanske krinsar meinte. “Viktorianske liberale forstod på Grote at opprettinga av det atenske demokratiet var den største politiske bedrifta i menneskas historie til då. Grekarane var våre forfedre; deia føredøme viste at kulturelle og poltiske framsteg kunne og burde gå hand i hand.”[11]

Det gamle Hellas som modell for moderne internasjonal politikk

Den greske historikaren Thukydid

Men også i mellomstatlege forhold kom det gamle Hellas til å bli ein modell for det moderne Europa, og spesielt for Realisme-skolen innan studiet av internasjonal politikk. Grekarane delte som nemnt ein hellensk identitet og slutta seg saman under felles leiarskap av Aten og Sparta for å møta persiske åtak. Men elles vakta bystatane nøye om sjølvstendet sitt, forfølgde sine “nasjonale” interesser, førte krig mot einannan, gjekk inn i og ut av alliansar og forbund i eit stadig maktbalansespel med den greske verdas to stormakter, Aten og Sparta, som motpolar. Historikaren Thukydids verk om Peloponnesarkrigen vert i dag oppfatta som ein Realisme-klassikar på linje med Machiavellis Fyrsten og Hobbes’ Leviathan.[12]

Aten kom til å dominera det delisk-attiske forbundet i den grad at nokre historikarar talar om eit atensk “imperium.” Dei gamle grekarane utvikla likevel aldri nokon imperialistisk ideologi.   Bystatanes sjølvstende saman med stadige trugsmål utanfrå (frå persisk eller anna gresk hald) oppmuntra i staden til konføderale eller føderale samansluttingar mellom bystatane. Det deliske forbundet starta som ei samanslutting av likestilte, for det meste demokratiske bystatar. Det peloponnesiske forbundet av overvegande oligarkiske bystatar var også egalitært, sjølv om Sparta dominerte klart.  Dei forbunda som kom nærast ein føderasjon i moderne forstand var truleg den første og andre boiotiske forbundet (respektive ca. 447-386 og 379-338 f.Kr.) og dei aitoliske og akhaiske forbunda (ca. 290/250-189 f.Kr.).

Dei lærde stridest om dei gamle grekarane dermed også fann opp den første overnasjonale føderasjonen i europeisk historie. Larsen meiner det, mens Samuel Finer og Daniel Elazar hevdar at forbunda ikkje var noko meir enn konføderasjonar (det vil seia at medlemmene hadde ”nasjonal” suverenitet og dermed vetorett).[13] Faktum er likevel at det akhaiske forbundet på 1700- og 1800-talet vart nemnt som eit føderalt førebilete for så vel det britiske imperiet som for USA.[14]

På denne bakgrunn hevdar eg i mi doktoravhandling at bidraget frå det gamle Hellas til moderne europeisk politikk mest var å fremja det eg kallar nasjonal-liberal tenking. Dette er ein ideologi som fremjar oppfattinga av den suverene, demokratiske nasjonalstaten som den grunnleggjande, nærast naturgjevne byggeklossen i politikken. Blant anna på grunn av den greske formidlingshistoria som eg har omtalt her og i tidlegare innlegg, har denne tankegangen stått særleg sterkt i Nord-Europa. Sett på spissen meiner eg dette (saman med mange andre faktorar) har medverka til at skepsisen mot europeisk integrasjon er større i det protestantiske, gresk-orienterte nord enn i det katolske, romersk-orienterte sør i Europa.

…….

Dette er det tredje innlegget i serien om Hellas og Europa før og nå. I det fjerde og siste innlegget vil eg gå nærare inn på forskjellen på det antikke og moderne Hellas i lys av den nåverande eurokrisa.

Noter:


[1]Sjå t.d. Forrest, G. (1986), “Greece: The History of the Archaic Period”, i Boardman, J., Griffin J. and Murray O. (red.) (1986), The Oxford History of Greece and the Hellenistic World (Oxford: Oxford University Press), ss. 13-46.

[2] Finer, S.E. (1997), The History of Government, 3 vols. (Oxford: Oxford University Press), s. 316.

[3] Finer 1997: ss. 90, 355.

[4] Men mange byar i den seinare hellenske verda heldt lokaldemokratiet i hevd.

[5] Finer 1997: s. 86.

[6] Jones, A.H.M.  (1978), Athenian Democracy (Oxford: Basil Blackwell).Jordan W.C. (2002), Europe in the High Middle Ages (London: Penguin): s. 41.

[7] Finley. M.I. (1963), The Ancient Greeks (Harmondsworth: Penguin Books):  s. 57.

[8] Finer 1997: ss. 343-344.

[9] Herodot History, VII, 144.

[10] Den Boer, P. (1995), ”Europe to 1914: The Making of an Idea”, in K. Wilson and J. v.d. Dussen (eds.), The History of the the Idea of Europe (London: Routledge).: s. 74.

[11] Gress, D. (1998), From Plato to Nato.  The Idea of the West and Its Opponents (London, The Free Press): s. 86.

[12] Jackson, R. and Sørensen G. (1999), Introduction to International Relations (Oxford: Oxford University Press): ss. 70-72.

[13] Larsen J.A.O. (1961), Greek Federal States (Oxford: Clarendon Press); Finer 1997: ss. 372-80; Elazar, D. (1987), Exploring Federalism. (repr. 1991, Tuscaloosa: University of Alabama Press): ss. 120-121.

[14] Pinder, J. (1991), “The federal idea and the British liberal tradition”, i Andrea Bosco, The Federal Idea. The History of Federalism from Enlightenment to 1945, i. (London and New York: Lothian Foundation Press) ss. 99-118: her s. 113; Pagden, A. (1995), Lords of all the World: Ideologies of Empire in Spain, Britain and France c. 1500-c.1800 (New Haven, Conn.: Yale University press): s. 127.

Hellas og Europa før og nå, del II: Det greske bidraget til europeisk identitet

Homers Odysséen, forteljinga om Odyssevs ferd gjennom Middelhavet (her passerer han sirenane), er saman med Iliaden utgangspunktet for europeisk litteratur

 
Dei gamle grekaranes bidrag til utforminga av moderne europeisk og vestleg identitet er langt større enn vi til dagleg innser, om enn indirekte. Den greske arven innan arkitektur, biologi, etikk, filosofi, fysikk, historieskriving, jus, kunst, litteratur, logikk, matematikk, medisin, musikk, politikk og psykologi har påverka moderne europeiske verdiar, normer og idéar på ein heilt grunnleggjande og omfattande måte.

Mest alle europeiske historiebøker, og til og med mange “verdshistoriar”, byrjar med eller drøftar Hellas inngåande.[1]  Norman Davies’ store verk Europe: A History (1990) unngår rett nok å eksplisitt fastslå at dei gamle grekarane var ”dei første europearane”, men den omfattande omtalen tilseier at dei var det.[2] I si History of Europe (1996) er J.M. Roberts klarare:

[…E]tter at skeptiske moderne forskarar har gjort sitt beste for å relativisera tydinga til oldtidas greske og romerske sivilisasjon, står vi likevel igjen med ein veldig masse av kulturelle kjensgjerningar som til denne dag har vore med å bestemma korleis Europa og europearanes sinn vart forma i historia. For å forstå dette, må vi byrja med grekarane.[3]

Den greske arven

Som dei fleste moderne historikarar understrekar Roberts spesielt dei gamle grekaranes systematisering av rasjonell filosofisk tenking. Sosiologen Michael Mann er samd. Han meiner at “dyrkinga av menneskeleg fornuft” er ein av tre greske institusjonar som revolusjonerte utviklinga av kollektiv makt.[4]

Når det gjeld litteratur, oppfattar dei fleste Homers Iliaden and Odysséen som den europeiske litteraturens opphav.[5] Europeisk teater er mest utelukkande utgått frå gresk tragedie og komedie.[6] Inntil relativt nyleg var det almen semje om at all verkeleg kunst “heldt seg til eitt einaste sett av universelle og faste standardar […] som grekarane oppdaga og overførte til romarane, som barbarane øydela eller forkasta, og som renessansens italienarar langsomt la for dagen igjen.”[7] Tilsvarande har europearane arva historieskrivinga frå grekarane: “Herodot er for oss historiens far liksom han var det for Cicero.”[8]

Dei gamle grekarane skapte dessutan ein materiell infrastruktur og omfattande kommunikasjonar som budde grunnen for dei seinare hellenske og romerske imperia. Synlege og rørbare uttrykk for gresk kultur, som det greske alfabetet, fint graverte sølvmyntar, det doriske tempelet og figurativ kunst vart spreidde av ein omfattande trafikk av reisande, kjøpmenn, handverkarar og migrantar mellom dei mange greske koloniane rundt Middelhavet, Det egéiske havet og Svartehavet.[9] Særleg fastlands-Hellas og dei greske øyane, vestkysten av dagens Anatolia, mykje av Sicilias kystar og Italia sør for Napoli fekk eit umiskjenneleg gresk preg. Moderne europearar oppfattar gjerne greske ruinar, til dømes Akropolis i Aten, som levningar etter deira eigne åndelege forgjengarar.

Formidlinga til Europa

Men den greske påverknaden er blitt formidla til det moderne Europa, og formidlarane har lagt si eiga tolking inn i bodskapen. Dermed er bodskapen i nokre tilfelle også blitt politisert. Og derfor er formidlingshistoria i seg sjølv av stor interesse.

I første omgang var det var romarane som formidla den greske åndsarven til Vesten. Romarane overtok også det greske paideia-idealet om danning som dyrking av menneskeleg perfeksjon. Dermed vart paideia også ein del av arven etter Roma og kom slik til å ha ein grunnleggjande innverknad på utdanninga i Middelalderens kristne Europa. Europa kom gong etter gong til å gjenoppdaga dei gamle grekarane, først i 1100-talets tidlege renassanse, så i den humanistiske renessansen på 1400- og 1500-talet, og også i 1700-talets opplysningstid.[10]

Dei gamle grekarane var sjølve opphavet til denne moderne dyrkinga av Hellas, men romarane overgjekk dei i si beundring av alt gresk. Den store romerske diktaren Horats uttrykte det slik på slutten av det første hundreåret f.Kr.: Graeca capta ferum victorem cepit, et artes íntulit agresti Látio (“det erobra Hellas fanga sin ville overmann og førte sivilisasjon til det rustikke Latium”). Den romerske filhellenismen nådde sitt toppunkt med Plutarchs Parallelle liv (ca. 100 e.Kr.).

Gresk lærdom og kultur gjekk i stor grad tapt i Vest-Europa etter det vestromerske rikets fall i det femte hundreåret e.Kr.. Den siste viktige post-romerske filhellenisten kan hevdast å vera den sprenglærde vestgotiske kyrkjefaderen Isidor av Sevilla. Nokre få verk av Platon og Aristoteles overlevde også i latinske versjonar eller kommentarar. Bortsett frå dette var Hellas og gresk kultur praktisk talt ukjent i århundra då den vestlege syntesen av klassisk og kristen kultur oppstod. I mellomtida overlevde den greske arven i Det bysantinske riket og i omsetjingar til arabisk utførte av syriske kristne.[11]

Med gjenoppdaginga av fullstendige latinske versjonar av Platons og Aristoteles’ verk i høgmiddelalderen vart eit breiare utval av antikk gresk filosofi og vitskap tilgjengeleg for Vest-Europa. Noko vart omsett direkte frå bysantiske greske utgåver, anna frå arabiske versjonar og kommentarar.  Men denne gjenoppdaginga var i hovudsak avgrensa til utgåver på latin og til filosofi. Få kjende ennå andre greske historikarar, poetar, kunstnarar og forfattarar enn Platon og Aristoteles. Det var ingen filhellenisme i Middelalder-Europa, som levde i skuggen av Roma.

Det «greske tyranniet» over Nord-Europa

Det første teiknet til ny grekofili oppstod blant renessansens humanistar, som lærte seg gresk og byrja å gjenvinna alle levningar av den antikke greske litteraturen, filosofien, historia, teologien og medisinen.[12] Moderne filhellenisme vaks likevel først fram i Tyskland, der det oppstod ein “kult av Hellas” på 1700-talet. I dei første tiåra av 1500-talet hadde tyske lærde funne likskapstrekk mellom tysk og gresk. Etter Reformasjonen framstod gresk og tysk som protestantismens språk, overlegent katolisismens latin og romanske språk. I følgje Martin Bernal “kjempa Luther mot romarkyrkja med det greske [nye] testamentet. Gresk var det heilage kristne språket som protestantar med truverde kunne påstå var meir autentisk kristent enn latin.”[13]

Greske studiar blomstra derfor i protestantiske skolar og universitet på 1500- og 1600-talet. Til og med dei største franske hellenistane på 1600-talet var protestantar (dvs. hugenottar).[14] Også David Gress framhevar eit samband mellom den greske arven og tendensar mot sekularisering i Nordvest-Europa, spesielt blant akademikarar: “Det moderne Vesten omfemnde Hellas som ei delvis erstatting for kristendommen. Dette var ikkje det verkelege Hellas frå to tusen år tilbake, men eit Hellas som var gjenskapt av beundrande lærde, for det meste i Tyskland og England, frå 1770-talet og framover.”[15] Suzanne L. Marchand stadfestar at det var tung overvekt av sekulariserte nordtyskarar i den tyske grekofilien og nyhumanismen frå 1700-talet til 1900-talet.[16]

Universitetet i Göttingen i dag

Universitetet i Göttingen, som vart grunnlagt i 1734 av Georg II, kurfyrste av Hannover og konge av England, utgjorde ei kulturell bru mellom det protestantiske Storbritannia og det protestantiske Tyskland. Humaniora (historie og filologi) som moderne fagfelt vart etablert i Göttingen.  Ein viktig inspirasjon var Johann Joachim Winckelmann (1717-68), “den største talsmannen for gresk ungdom og reinheit på midten av 1700-talet.”[17] Berømt er Winckelmann si beundring for “den noble enkelheita og klåre storheita” forutan “den fullkomne kunstlova” som gjennomsyrar alt gresk. Han oppfatta dei gamle grekaranes overordna motto som ”alt med måte.”[18]

Winckelmann grunnla ikkje berre kunsthistorie som akademisk fag, men saman med Johann Wolfgang von Goethe (1749-1832) og Friedrich von Schiller (1759-1805) også den moderne dyrkinga av Hellas.[19] Goethes og Schillers ”Weimar-klassisisme” inspirerte dei framståande unge tyske diktarane og tenkarane på det seine 1700-talet og det tidlege 1800-talet, blant andre Johann Gottlieb Fichte, Friedrich Hölderlin, Heinrich von Kleist og Friedrich von Hardenberg (Novalis). Som eit resultat av Goethes og Schillers ”andre renessanse” erstatta klassiske og spesielt greske studiar filosofi som dei fremste humanistiske faga. Dei var einerådande til slutten av hundreåret. [20]

At dei gamle grekaranes knytta dygd til klima vart dessutan ein viktig inspirasjon til den moderne, romantiske forkjærleiken for det barbariske, kalde, ville og frie nord, altså i praksis det germanske Nord-Europa. Martin Bernal hevdar at forkjærleiken til 1800-talets romantikarar og rasistar galdt “mest alltid det skoddete og berglendte nord i Europa, som vart oppfatta som den sanne kjelda til menneskeleg dygd.”[21] Han peikar på at nasjonalromantikken og rasismen var mindre påfallande i 1700-talets Frankrike enn i England og Tyskland. Ved sida av den rasjonalistiske og kosmopolitiske tradisjonen frå opplysingstida var ein viktig årsak til dette at franskmennene framleis var langt meir opptatt av Roma enn britane og tyskarane. Sistnemnde vende seg i aukande grad mot det antikke Hellas (sjå vidare om dette i mitt tidlegare innlegg om Sarkozy som Napoleon).

Idéen om nasjonen som ei kollektiv eining som er overlegen individet fortrengte dessutan gradvis Goethes og Hölderlins naturmenneske i den tyske filhellenismen. Hegel snudde den gamle greske høgaktinga av bystaten, polis, til ei dyrking av staten som ypparste uttrykk for alt menneskeleg strev. Det intellektuelle ”greske tyranniet” over Storbritannia, Tyskland og Nord-Amerika nådde sitt klimaks i åra før første verdskrig. Ironisk nok, som Gress påpeikar, var det rett før denne krigen at Oswald Spengler i sin Vesterlandets undergang (Untergang des Abendlandes) retta det første alvorlege åtaket mot idéen om Vesten som Hellas’ arving.[22] For Spengler var grekarane og romarane ikkje “vestlege” i det heile, men representerte ein eigen, historisk kultur som var eit lukka kapittel for det moderne samfunnet.

Det «romerske tyranniet» over Frankrike og Italia

Gress hevdar at i det tjuande århundrets Tyskland, Storbritannia og USA utvikla dyrkinga av Hellas seg til ein liberal kanon, ”den store forteljinga” (the Grand Narrative).  Radikaliseringa av amerikanske universitet under Vietnam-krigen førte til ein reaksjon mot forteljingas påstått kolonialistiske og eurosentriske Plato-to-NATO-oppfatningar.  I klassiske studiar vart det mest oppsiktsvekkande resultatet Martin Bernal sitt åtak på tradisjonell beuindring for antikkens Hellas i hans bok frå 1987, Black Athena.

Idéen om Roma har samstundes sjølvsagt overlevd mest levande i den romersk-katolske kyrkja, den einaste institusjonen i dag som har ei ubroten historie frå det gamle romarriket. Men Roma held også fram å påverka spesielt fransk og italiensk identitet. I følgje Gress vart den intellektuelle debatten om Hellas og Roma etter andre verdskrigen til ein debatt på den eine sida mellom

anglo-amerikanske liberale med deira kristent inspirerte, post-imperiale skuldkjensle og på den andre sida franske og italienske tenkarar som såg på Roma som ein del av si historie og som såg det ikkje som ein undertrykkar, men som ein garantist for fred.  Denne retorikken kunne framleis høyrast frå representantar for Den europeiske union i 1990-åra. [….] Den kontinentale forteljinga om vestleg identitet kulminerte i ei syntese av Roma, kristendom og moderne sosialdemokrati. Den (anglo-amerikanske) liberale forteljinga føretrekte Hellas, renessansen og individualismen.[23]

…………………….

Dette er det andre innlegget i serien om Hellas og Europa før og nå. Neste innlegg handlar om påverknaden frå det gamle Hellas på moderne europeisk politikk.

Noter


[1] Eitt viktig unntak var Jean-Baptiste Duroselle sin Europe: A History of its Peoples (1991). Dette var eit historieprosjekt sponsa av Europakommisjonen som knapt nemner det antikke Hellas og Det bysantinske riket. Etter mange protestar, ikkje minst frå Hellas, distanserte Kommisjonen seg frå boka, jf Davies, N. (1996), Europe. A History (Oxford: Oxford University Press), ss. 43-44.

[2] Davies 1996: kap. II.

[3] Roberts, J.M. (1996), The Penguin History of Europe (Harmondsworth, Penguin), s. 25.

[4] Mann, M. (1986), The Sources of Social Power, i:  A history of power from the beginning to A.D. 1760 (Cambridge: Cambridge University Press), s. 195.

[5]Gransden i Finley, M.I. (red.) (1981), The Legacy of Greece: A New Appraisal (Oxford University Press, Oxford), s. 65.

[6] Rosenmayer i Finley, M.I. (red.) (1981), The Legacy of Greece: A New Appraisal (Oxford University Press, Oxford), s. 120.

[7] Kidson i Finley, M.I. (red.) (1981), The Legacy of Greece: A New Appraisal (Oxford University Press, Oxford), s. 401.

[8] Momigliano i Finley, M.I. (red.) (1981), The Legacy of Greece: A New Appraisal (Oxford University Press, Oxford), s. 153.

[9] Finley i Finley, M.I. (red.) (1981), The Legacy of Greece: A New Appraisal (Oxford University Press, Oxford), s.  7.

[10] Marrou i Finley, M.I. (red.) (1981), The Legacy of Greece: A New Appraisal (Oxford University Press, Oxford), s. 185.

[11] Gouguenheim, S. (2008), Aristote au Mont Saint-Michel. Les racines grecques de l’Europe chrétienne [Aristotle on Mont Saint-Michel. The Greek roots of Christian Europe] (Paris: Seuil).

[12] Gress, D. (1998), From Plato to Nato.  The Idea of the West and Its Opponents (London, The Free Press), ss. 57-59.

[13] Bernal, M. (1987), Black Athina: The Afro-Asiatic Roots of Classical Civilisation, i: The Fabrication of Ancient Greece 1785-1985 (London: Vintage Books), s.193.

[14] Bernal 1987: 194.

[15] Gress 1998: 59-60.

[16] Marchand, S.L. (1996), Down from Olympos: Archeology and Philhellenism in Germany, 1750-1970 (Princeton, New Jersey; Princeton University Press).

[17] Bernal 1987: 212.

[18] Winckelmann sitert i Davies 1986: 97

[19] Gress 1998: 60 ff.

[20] Gress 1998: 62-63.

[21] Bernal 1987: 204.

[22] Gress 1998: 75.

[23] Gress 1998: 126.

Untergang des Abendlandes avlyst

Professor Huang Jing

Tittelen på Oswald Spenglers berømte bok frå 1918, Der Untergang des Abendlandes, blir stadig meir aktuell. Vesten er visst først nå er i ferd med å gå under  for alvor. Det er Kina og andre nye stormakter som held på å ta over, sjølvsagt. Til og med Afrika er på veg opp. USA stagnerer i indre strid og Europa/EU er i sjølvskulda krise. Men ein klok, kinesisk professor frå universitetet i Singapore (Lee Kuan Yew School of Public Policy), Huang Jing, var nyleg i Oslo og sette skapet på plass. Det er ikkje slik at Kina er i ferd med overta, sa han. Det som skjer, er at Kina strevar med å slutta seg til Vesten. For å utvikla seg vidare, må landet bli meir liberalt og demokratisk. Professor Jing deltok på konferansen Asia og vi, arrangert av Utanriksdepartementet og Norsk utanrikspolitisk institutt 28. oktober. Du kan sjå opptak av hans føredrag her.