Kva er nytt med Russlands invasjon av Ukraina?

Eg høyrde nettopp på siste Debatt i P2, der temaet var om vi går mot ein ny verdsorden. Programmet skriv seg inn i rekka av alarmistiske og til dels forvirra ordskifte om verda etter Russlands store invasjon av Ukraina (rett nok gjorde Halvor Tjønn som vanleg ein solid figur). Det er akkurat som om alt var i orden før, men nå er det krise.

Slik er det sjølvsagt ikkje. Heile tida etter andre verdskrigen har vore prega av maktkamp mellom kaos- og kosmoskrefter (dvs. ordenskrefter). Også den såkalla kalde krigen vart i periodar og delar av verda varm, jamfør særleg Korea-krigen (1950-53) og Vietnam-krigen (1957-75), men også Sovjetunionens intervensjonar i DDR (1953), Ungarn (1956), Tsjekkoslovakia (1968) og Afghanistan (1979-89).

I ein kort periode etter berlinmurens fall kunne det sjå ut som om liberale kosmoskrefter fekk eit avgjerande overtak. Men det varte ikkje lenge (fram til ca. 1995). Kina hadde for lengst vakse fram som ei revisjonistisk, ekspansjonistisk og illiberal stormakt. USSRs rettsetterfølgjar Russland fall raskt tilbake i same rolle, intervenerte i dei suverene statane Georgia (2008) og Ukraina (2014, 2022) og blanda seg på nytt inn i konfliktar langt utanfor eigne grenser, ikkje minst i Syria.

Diverse andre større og mindre makter held elles fram ein gammaldags maktkamp og i nokre tilfelle fordekt krig med andre land (type Iran mot Saudi-Arabia i Jemen). Internasjonale organisasjonar, framfor alt FN, får gjort lite med det fordi revisjonistiske einskildland har vetomakt.

Så kva er nytt nå? Det er at Russland har gått til regelrett krig mot eit anna, suverent europeisk land. Altså at noko slikt skjer i Europa, som er den liberale verdsordenens opphav, nest viktigaste ankerfeste (etter USA) – og Noregs verdsdel. At maktforholdet mellom kaos- og kosmoskreftene samstundes er forskyvd til fordel for førstnemnde er ikkje noko nytt, men understrekar alvoret.   

Det er derfor ikkje overraskande at dei fleste land utanfor Europa stiller seg nokså likegyldige til Russlands invasjon av Ukraina. Dei er mest opptatt av kortsiktige nasjonale interesser, og ser som under den kalde krigen fordelar ved at fleire stormakter kappast om deira gunst. Men derfor er det også først og fremst opp til kosmoskreftene i Europa og USA å sørgja for at Ukraina kan slå tilbake det russiske invasjonsforsøket.

Om det går mot ei ny verdsordning er elles eit feil stilt spørsmål. Det som det står om, er om vi skal ha ei verdsordning eller ikkje. Ordet «ordning» føreset nemleg reglar som gjeld likt for alle, uavhengig av maktforhold. Alternativet til dette kosmos er kaos, der makt er rett.

Om Russland får kontroll over Ukraina trur eg ikkje nødvendigvis at Noreg og andre Nato-land er neste mål. Men ei normativ grense, ikkje berre ei fysisk, vil vera overskriden. Dermed blir terskelen for andre overgrep mot folkeretten lågare. Vi får ei meir uroleg og uføreseieleg verd, ei verd som er mindre i stand til å møta felles utfordringar i fellesskap. Dei svakaste taper.

Om Russland derimot møter veggen, kan vi i beste fall få ein kjedereaksjon som styrkar verdsordenen, demokratiet og andre liberale, humanistiske verdiar, så vel som vernet om dei svakaste i heile verda.

Det er dette det dreiar seg om. I tillegg til om ukrainaranes fridom.

Norske nettstader om Europa

Dei siste dagane har eg prøvd å orientera meg om norsk informasjon og kommentar om EU og Europa på nett.  Her er dei beste eg har funne, med mine merknader:

Europabloggen.no: Stadig oppdatert og velinformert blogg ved norske journalistar busett i Brussel og Berlin. Veldig gode lenker, både til norske og internasjonale nettstader om Europa. Min favoritt.

Europapolitikken.origo.no: «sone» eller blogg om europapolitikk med redaktør i Bergensavisen, Olav Terje Bergo, som drivande kraft. Men mest gjengiving av presseartiklar på engelsk.

Europaportalen.no: Offisiell informasjon om Noregs forhold til EU og Europa frå regjeringa.

Den norske delegasjonen til EU i Brussel: Stadig oppdatert, med vekt på norske styresmakters aktivitetar i EU-hovudstaden

EUs delegasjon til Noreg: Europakommisjonens representasjon i Oslo.

Europalov.no: ei privat nettside driven av Tore Grønningseter, som er busett i Brussel. Følgjer EØS- og Schengen-regelverk frå EU og inn i norsk rett. Sakleg, nyttig og oppdatert.

Europautredningen: Offentleg utgreiing om EØS-avtalen og Noregs andre avtalar med EU. Leia av professor Fredrik Sejersted. Legg fram sin NOU i byrjinga av januar 2012.

LO-bladet Aktuells europasider: vedlikehaldne av LOs Brussel-kontor.

Arena, senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo. Fokus på mogelegheiter for demokrati i Europa.

Erik O. Eriksens blogg, professor og senterleiar ved Arena. Aktiv og meiningstung.

Europabevegelsen.no: ja-sidas nettstad, ikkje alltid på ballen etter mitt syn.

Nei til EU: nei-sidas versjon, langt meir på hogget.

Bernt Aardals heimeside, som mellom anna inneheld stadig oppdaterte diagram for utviklinga i det norske folks holdning til EU-medlemskap.

EU-krisa held fram

Rating-byråa Moody’s, Fitch og Standard & Poor’s er ikkje imponerte over utfallet av EU-toppmøtet sist veke. Dei meiner møtet ikkje kom med effektive nye tiltak mot krisa EUs økonomiske og monetære union er på veg mot. Marknadane har også reagert negativt. Nyheitstenesta EUobserver var ikkje sein med å stadfesta at det kan bli mykje offentleg debatt om den nye euro pluss-traktaten i mange EU-land. Ikkje berre i Irland, men også mellom anna i Danmark er det alt snakk om ny folkerøysting. I tillegg skal IMF-finansieringa av redningspakken vera i ferd med å rakna etter motstand frå mellom anna sentralbankane i Estland, Tsjekkia og Tyskland. I dagens Financial Times skriv Stephen King om «Why the eurozone deal will fail«. I Storbritannia er statsminister David Cameron likevel utsett for massiv kritikk for å ha avvist euro pluss-forslaget. Her på berget var finansminister Sigbjørn Johnsen søndag «positiv til ny EU-plan«. Elles har eg sett påfallande lite analyse av konsekvensar for Noreg og EØS-avtalen av planen, jamfør kva eg skreiv i forrige innlegg. Faktisk ingenting. Kanskje ein meiner det ikkje blir nokon ny traktat.

Nytt EU-tog utan Storbritannia: Euroen er bombe i lasta

Rådspresident van Rompuy og kommisjonspresident Barroso på EU-toppmøtet denne veka. © European Union, 2011

EU har lagt bak seg nok eit krisetoppmøte. Det er historisk at det store fleirtalet medlemsland steig på eit nytt høghastigheitstog med Tyskland og Frankrike som lokomotiv, mens Storbritannia stod igjen på perrongen.  Men euroen er med som ei bombe i bagasjevogna. Om bomba går av, vil truleg visa seg om kort tid. I så fall sporar det flotte nye toget av lenge før det kjem i ordentleg fart.

(Oppdatert 15.12.2011) Svært mykje kan seiast om utfallet av toppmøtet. EUs eigen informasjon kan du lesa her. Sjå spesielt ordlyden i erklæringa frå eurolandas stats- og regjeringssjefar. Eg meiner at det viktigaste som skjedde er følgjande:

  • Det skal koma ein ny, separat «euro pluss»-avtale utanom det eksisterande EU-traktatverket. Den nye avtalen skal ha meir robuste reglar for kor stort (dvs. lite) underskot deltakarlanda kan ha på sine statsbudsjett og kor stor gjeld dei kan ta opp. I tillegg kjem retningslinjer for sanksjonar mot overtredarar, overvaking, krisefond og liknande. Mykje gjenstår å avklara, mellom anna kva rolle Europakommisjonen og Europadomstolen vil ha i det nye systemet. Dette blir ikkje enkelt.
  • Den nye avtalen vil vera open for alle nåverande medlemsland, men vil  i utgangspunktet gjelda dei 17 landa som pr. i dag har euro som fellesvaluta. Ordlyden i erklæringa om dette er: «Considering the absence of unanimity among the EU Member States, they decided to adopt them through an international agreement to be signed in March or at an earlier date. The objective remains to incorporate these provisions into the treaties of the Union as soon as possible. The Heads of State or Government of Bulgaria, Czech Republic, Denmark, Hungary, Latvia, Lithuania, Poland, Romania and Sweden indicated the possibility to take part in this process after consulting their Parliaments where appropriate.»
  • David Cameron er dermed den einaste regjeringssjefen som har sagt seg uvillig til å delta. Men truleg vil det oppstå strid om deltaking i mange EU-land, og i alle land vil nasjonale parlament måtta gi sitt samtykke. Eg har vanskeleg for å tru at dette kan gå så fort som det vart påstått på toppmøtet, dvs.at den nye traktaten blir vedtatt på toppmøtet i mars. Det dreiar seg om overføring av ein god del nasjonal suverenitet, og all erfaring tilseier at dette fører til lang og hard debatt. Ikkje minst kan det gode, gamle EU-landet Nederland igjen bli ein torpedo.
  • For euroens overleving på kort sikt blir det viktig korleis finansmarknadane vurderer utfallet av toppmøtet. Eg ville bli overraska om dei slår seg til ro med dette. Viss ikkje, blir det avgjerande kor langt den Den europeiske sentralbanken er villig til gå. Mykje talar for at det går mot eit endespel der det blir opp til sentralbanken å redda euroen med støttekjøp av statsgjeld (populært sagt å la seddelpressa gå). I så fall vil nok banken måtta visa korta heller før enn seinare. Store statslån forfell alt tidleg i 2012. Dersom euro-samarbeidet bryt saman, må EU tilbake til teiknebrettet. Konsekvensane er uoverskodelege i dag.
  • I Noreg har vi halde orden i eige hus. Det hadde vi sikkert også klart om vi hadde vore med i EU, til og med om vi hadde hatt euro som betalingsmiddel (sjå på Finland). Vi hadde måtta stilt opp med større redningsmidlar enn nå, men det hadde vi også hatt råd til. Slik det er nå, observerer vi frå sidelinja. Men vi blir sjølvsagt sterkt berørt av det som skjer. To scenario avteiknar seg:
  • Dersom euroen overlever og ein ny euro pluss-avtale kjem på plass, vil framleis den indre marknaden liggja i botnen. Dermed vil EØS-avtalen bestå. Men fordi den indre marknaden truleg vil vera endå tettare knytt til den økonomiske og monetære unionen (ØMU) som euro pluss-avtalen regulerer, vil det bli endå vanskelegare for EØS-avtalen og dermed for Noreg å henga med. Vi vil dessutan i utgangspunktet stå utan nokon avtale med den nye, indre kjernen i EU. EU går inn i ein ny, endå meir overnasjonal fase og Noreg blir ytterlegare marginalisert.
  • Dersom euroen bryt saman, er alt opent. Vi kan i beste fall stå igjen med dagens EU minus ØMU, noko som i utgangspunktet ivaretar EØS-avtalen. Men truleg vil eit eurokræsj føra til atskilleg meir turbulens i EU, med uføreseielege følgjer for Noregs avtalar. EUs merksemd vil i alle fall ikkje først og fremst bli retta mot Noreg, Island og Liechtenstein. Respekterte kommentatorar som Wolfgang Münchau i Financial Times meiner ein ny europluss-traktat vil føra til at det nåverande EU bryt saman sjølv om euroen overlever. Då fell sjølvsagt også heile Noregs avtaleverk med EU bort, og vi må byrja heilt på nytt.
  • EU er uansett i støypeskeia igjen, og det meir enn nokon gong sidan Messina-konferansen i 1955. Det meiner eg er det viktigaste signalet frå toppmøtet i Brussel denne veka.

For ordens skuld: eg arbeider ikkje med EU-spørsmål i UD, og synspunkta over står heilt ut for mi egia rekning.