Kva er nytt med Russlands invasjon av Ukraina?

Eg høyrde nettopp på siste Debatt i P2, der temaet var om vi går mot ein ny verdsorden. Programmet skriv seg inn i rekka av alarmistiske og til dels forvirra ordskifte om verda etter Russlands store invasjon av Ukraina (rett nok gjorde Halvor Tjønn som vanleg ein solid figur). Det er akkurat som om alt var i orden før, men nå er det krise.

Slik er det sjølvsagt ikkje. Heile tida etter andre verdskrigen har vore prega av maktkamp mellom kaos- og kosmoskrefter (dvs. ordenskrefter). Også den såkalla kalde krigen vart i periodar og delar av verda varm, jamfør særleg Korea-krigen (1950-53) og Vietnam-krigen (1957-75), men også Sovjetunionens intervensjonar i DDR (1953), Ungarn (1956), Tsjekkoslovakia (1968) og Afghanistan (1979-89).

I ein kort periode etter berlinmurens fall kunne det sjå ut som om liberale kosmoskrefter fekk eit avgjerande overtak. Men det varte ikkje lenge (fram til ca. 1995). Kina hadde for lengst vakse fram som ei revisjonistisk, ekspansjonistisk og illiberal stormakt. USSRs rettsetterfølgjar Russland fall raskt tilbake i same rolle, intervenerte i dei suverene statane Georgia (2008) og Ukraina (2014, 2022) og blanda seg på nytt inn i konfliktar langt utanfor eigne grenser, ikkje minst i Syria.

Diverse andre større og mindre makter held elles fram ein gammaldags maktkamp og i nokre tilfelle fordekt krig med andre land (type Iran mot Saudi-Arabia i Jemen). Internasjonale organisasjonar, framfor alt FN, får gjort lite med det fordi revisjonistiske einskildland har vetomakt.

Så kva er nytt nå? Det er at Russland har gått til regelrett krig mot eit anna, suverent europeisk land. Altså at noko slikt skjer i Europa, som er den liberale verdsordenens opphav, nest viktigaste ankerfeste (etter USA) – og Noregs verdsdel. At maktforholdet mellom kaos- og kosmoskreftene samstundes er forskyvd til fordel for førstnemnde er ikkje noko nytt, men understrekar alvoret.   

Det er derfor ikkje overraskande at dei fleste land utanfor Europa stiller seg nokså likegyldige til Russlands invasjon av Ukraina. Dei er mest opptatt av kortsiktige nasjonale interesser, og ser som under den kalde krigen fordelar ved at fleire stormakter kappast om deira gunst. Men derfor er det også først og fremst opp til kosmoskreftene i Europa og USA å sørgja for at Ukraina kan slå tilbake det russiske invasjonsforsøket.

Om det går mot ei ny verdsordning er elles eit feil stilt spørsmål. Det som det står om, er om vi skal ha ei verdsordning eller ikkje. Ordet «ordning» føreset nemleg reglar som gjeld likt for alle, uavhengig av maktforhold. Alternativet til dette kosmos er kaos, der makt er rett.

Om Russland får kontroll over Ukraina trur eg ikkje nødvendigvis at Noreg og andre Nato-land er neste mål. Men ei normativ grense, ikkje berre ei fysisk, vil vera overskriden. Dermed blir terskelen for andre overgrep mot folkeretten lågare. Vi får ei meir uroleg og uføreseieleg verd, ei verd som er mindre i stand til å møta felles utfordringar i fellesskap. Dei svakaste taper.

Om Russland derimot møter veggen, kan vi i beste fall få ein kjedereaksjon som styrkar verdsordenen, demokratiet og andre liberale, humanistiske verdiar, så vel som vernet om dei svakaste i heile verda.

Det er dette det dreiar seg om. I tillegg til om ukrainaranes fridom.