Ein vanleg kritikk av EU er at det er eit eliteprosjekt, utan reell folkeleg støtte. EU manglar dermed legitimitet, heiter det. Argumentet blir framført med ekstra styrke nå under eurokrisa. Men sjeldan kjem kritikarane med empirisk belegg for påstanden, som gjerne blir framført bastant og unyansert. Noko av problemet er at meiningsmålingar er mest nærliggande å bruka til å finna emprisk belegg, og her er som kjent både spørsmålsstilling og tolking avgjerande. Som ein ropar i skogen får ein svar. Ein må dessutan sjå lange tidsseriar av respons på same spørsmål for å kunna seia noko fornuftig om trendar osv.
Dei fleste tyr til Europakommisjonens Eurobarometer for å måla lange trendar i folks holdningar til EU. Eurobarometer har undersøkt dette kvar vår og haust sidan 1973, og sporadisk også før det. Nokre spørsmål har vore identiske i heile perioden, mellom anna om EU-medlemskap har vore ei god eller dårleg sak for vedkomande medlemsland. Det viser seg at det er høg korrelasjon mellom dette og andre typar spørsmål om holdning til europeisk integrasjon. Grafen nedanfor viser utviklinga frå 1973 til og med våren 2011 for EU under eitt. Når vi ser på grafen, må vi hugsa at EU i 1973 nettopp var utvida frå dei opphavlege seks til ni og sidan har fått 27 medlemsland. Målingsgrunnlaget er dermed blitt mangedobla og EU har endra seg monaleg i perioden.
Som vi ser, tangerer nåverande nivå (47%) på dei som meiner EU-medlemskap er bra det tidlegare botnpunktet, hausten 1997. Men sjølv om den langsiktige trenden har vore svakt fallande, har det gått opp og ned og det er framleis mange fleire som er positive enn som er negative til medlemskap i EU under eitt.
Kva så med holdningar til euroen? Grafen under er også basert på Eurobarometer, og er henta frå CEPS-notatet «The Enduring Popularity of the euro throughout the Crisis»:
Til og med tyskarane støttar gjennomgåande euroen, slik det framgår av denne grafen frå CEPS-notatet «Do Germans support the euro?»:
Så blir det gjerne vist til at deltakinga i val til Europaparlamentet har falle, frå 63 prosent i 1979 til 43 prosent i 2009. Det er unekteleg sant, men kva betyr det? Låg deltaking i fylkes- og kommuneval i Noreg blir ikkje oppfatta som prov på at desse forvaltingseiningane er illegitime. Det er også sjølvsagt riktig at det var fleirtal mot den konstitusjonelle/Lisboa-traktaten i folkerøystingane i Nederland og Frankrike i 2005 og i Irland i 2008. Men som grafane over viser, betyr ikkje det at folk flest i desse landa meiner EU-prosjektet er illegitimt, dvs. i strid med alment aksepterte verdiar. Det viser strengt tatt berre at at eit fleirtal på røystingstidspunktet ikkje ville støtta det forslaget som dei då tok stilling til. Nasjonal politikk har også spela inn, spesielt i Frankrike
Når dette er sagt, har eg ingen problem med å vera samd i at EU er drive fram av elitar. Men det betyr ikkje at elitane opererer i eit vakum, utan folkeleg støtte. Også dei fleste av dagens europeiske nasjonalstatar var dessutan opphavleg eliteprosjekt. Det er sjeldan komplekse politiske prosjekt blir borne fram av folkeleg entusiasme.
På den andre sida: EUs og euroens popularitet kjem nok til å falla ytterlegare etter kvart som krisa utviklar seg. Det vil vera både forståeleg og naturleg. Men det treng ikkje bety at europatanken er ein dårleg ide eller at europeisk integrasjon ikkje er fornuftig. Det vil berre avspegla at samarbeidet i dag sviktar.
EU er fortsatt et utviklingsprosjekt! Det er viktig å huske at utgangspunktet for det samarbeidet som nå er EU og alt som knytter seg sammen med EU ( f eks EØS, Schengen osv) ble skapt rett etter to forferdelige verdenskriger, der mange var blitt svært kritiske til hva som kunne bli resultatet av bred, folkelig mobilisering av nasjonalistisk mobilisering. Nazipropagandaen mobiliserte faktisk bredt i Tyskland i mellomkrigstiden, selv om nazistene aldri fikk flertall i valg. I mange land på kontinentet var også kommunistenes evne til mobilisering i mellomkrigstiden skremmende.
Hovedgrunnen til at EU fortsatt har svak folkelig forankring er imidlertid at solidariteten mellom nasjonene i Europa fortsatt er svakt utviklet. Det viser f eks de antigreske holdningene blant mange tyskere. Solidariteten mellom nasjonene i Europa kan ikke utvikles med et slag, over natten. Selv på slutten av 1940-tallet, rett etter to verdenskriger, var det en umulig tanke. Solidaritet mellom nasjonene krever en utvikling av kollektiv innsikt og samfunnsforståelse som det tar tid å nå fram til.
Hovedgrunnen til at institusjonsutviklingen i Europa går langsomt fremover, med små skritt, er at det nødvendige fundamentet av folkelig forankring ikke er til stede ennå. Det krever ansvarlighet, sindighet og klokskap både fra folkevalgte, andre sivile ledere og velgere å bygge opp det fundamentet. Det er kanskje ikke så merkelig at vi nordmenn er en av de aller siste kamelene i den langsomme utviklingsprosessen av et europeisk folkestyre. Det er ikke helt i tråd med vårt norske selvbilde å dilte etter, der andre går foran. Men samtidig er det en grunnfestet tro på at vi er best tjent med å styre oss selv. Det intellektuelle dilemmaet med å klamre seg til den nasjonale selvråderetten, er at de største utfordringene i vår tid ikke er nasjonale, men globale. Europa og verden har kommet langt med frivillige avtaler og endeløse forhandlinger. Men ikke alle konflikter lar seg løse uten å bruke makt. Da er velgermakt langt å foretrekke, framfor våpenmakt. Det valget har i de fleste deler av verden forlengst blitt gjort lokalt og nasjonalt. Nå må det også gjennomføres regionalt og globalt.
«Hovedgrunnen til at institusjonsutviklingen i Europa går langsomt fremover, med små skritt, er at det nødvendige fundamentet av folkelig forankring ikke er til stede ennå.» Her gjentar O.T. Bergo det argumentet eg tok til orde mot i innlegget over.
Elles er eg samd i mykje av det du skriv. Men merk eitt viktig poeng: Som eg var inne på over, er EU noko heilt anna i dag enn i den tidlege fasen. EU er utvida frå seks relativt homogene medlemsland med 169 millionar innbyggjarar i 1958, til 12 meir ulikearta statar med 367 millionar menneske i 1995, og til 27 heterogene land med 494 millionar borgarar i 2007. Denne utvidinga, og den opphavlege kjernens respons på dette, aksellerert fordjuping, har undergrave den opphavlege ‘permissive consensus’ om europeisk integrasjon.
Dette er noko av bakgrunnen for at omstridde folkerøystingar fem gonger har ført til nasjonale veto mot forslag til traktatendringar framforhandla på elitenivå. To av desse neia kom faktisk i to av EUs grunnleggarland, Frankrike og Nederland, som tidlegare var pådrivarar for integrasjon. Neia kan tolkast som nei til det EU som hadde utvikla seg, ikkje minst at EU hadde fått ein langt større og meir variert medlemsmasse både økonomisk og kulturelt. I Frankrike er det grunn til å tru at neiet delvis var ein protest mot utsiktene mot tyrkisk medlemskap, og i Nederland spela det truleg ei rolle at Nederland var blitt ein stor nettoytar til EU-budsjettet, dvs.til fattige nye medlemsland.
Det er mange andre faktorar som kunne nemnast, men dette får greia seg i denne omgang.