Dag og Tids journalist Morten A. Strøksnes’ hadde eit utfall mot amerikansk utanrikspolitikk i si avis 25. august 2023 («Washingtons mann i Brussel») som var så misvisande at eg ikkje syntest det kunne stå uimotsagt. Derfor skreiv eg dette innlegget, som stod på trykk i avisa 1. september under overskrifta «Misvisande om amerikansk utanrikspolitikk».

Strøksnes tek utgangspunkt i Jens Stoltenberg si utsegn under arendalsveka om at «det er ikke slik at stormakter har rett til interessesfærer og kan bestemme hva små naboland kan gjøre». Dette finn Strøksnes dobbeltmoralsk fordi USA i «over to hundre år» har «operert med stadig større interessesfærar der dei har bestemt kva som er akseptabelt av politikk og kven som har rett til å vere der, alt med tanke på sine eigne økonomiske og strategiske målsettingar». Akkurat likt Russland, berre at USA, som «har gjort mesteparten av verda til ein amerikansk interessesfære», er verre. I same ande legg Strøksnes ut om USAs «dominans», «globale hegemoni» og «imperialisme».
Store Norske Leksikon skriv at ei «Interessesfære er et område som en stat ikke har formell suverenitet over, men som den mener den har rett til å øve særlig innflytelse over – et krav andre stater viser at de aksepterer». Den store forskjellen på russisk og amerikansk utanrikspolitikk er sjølvsagt at Russland meiner å ha rett til å bestemma over Ukraina og brukar makt for å få viljen sin, mens USA godtek andre lands rett til å velja sjølv. USA har så klart interesser, men kan etter SNLs definisjon ikkje seiast å ha «interessesfærar».
USA tvinger såleis verken Noreg eller andre land til å vera med i Nato. Vi er det av eigen fri vilje fordi det er i vår interesse. I den grad nokon kjenner seg pressa til Nato-medlemskap, er det på grunn av Russland, ikkje USA. Eller vil Strøksnes påstå at USA tvinger Sverige og Finland å gå inn i Nato? Eller Japan og Sør-Korea til å samarbeida med seg for å stå opp mot Kina?
Det som er rett, er at USA lenge har vore verdas mektigaste land, og kjem til å vera det i lang tid framover. Og det skal vi vera glade for. USA, og vi med det, har gjort feil, men ei verd med USA som leiande makt er trass alt langt betre enn dei fleste alternativ.
Strøksnes’ artikkel inneheld elles ei rekke feilaktige eller i det minste svært diskutable påstandar. Kva siktar han til dømes konkret til når han antydar at USA manipulerte vala i Russland i 1996 og i Ukraina i 2014? Den Nato-leia intervensjonen i Libya i 2011 var godkjent av FNs tryggingsråd (Russland og Kina avstod). Han hevdar at Mary Sarotte si bok frå 2021, Not One Inch, inneheld «side opp og side ned med åtvaringar frå framståande europeiske og amerikanske politikarar, diplomatar og analytikarar» mot austutviding av Nato. Sanninga er at boka er ein nyansert gjennomgang av forhistoria til den første utvidinga i 1999, og eigenleg ikkje kjem til nokon annan konklusjon enn at USA/Nato «burde ha lytta meir til det Russland meinte».
Sarotte viser elles at det ikkje var USA, men dei sentral- og austeuropeiske landa sjølve som var dei fremste pådrivarane for utviding. Fordi dei frykta det som nå skjer.
Ein tanke på “Om amerikanske «interessesfærar»”