Russlands nye utanrikspolitiske konsept

Ein kortare versjon av dette innlegget stod på trykk i Aftenposten 2. mai 2023

Russland fekk 31. mars i år eit nytt utanrikspolitisk konsept, godkjent av president Putin. Dette er ein oppdatert, offisiell versjon av putinismen som Den russiske føderasjonens politiske ideologi. Han målber ikkje berre Russlands utanrikspolitikk, men også Putin-regimets russlandsidé. Konseptet er dermed eit interessant uttrykk for kor sært Russland faktisk er blitt under Putin.

Artikkel 4 omtalar Russland som følgjer:

Meir enn tusen års erfaring som uavhengig stat, kulturarven frå førre epoke, djupe historiske band med tradisjonell europeisk kultur og andre kulturar i Eurasia, ei evne utvikla gjennom mange hundreår til å sikra harmonisk sameksistens mellom ulike folk [og] etniske, religiøse og språklege grupper på eit felles territorium bestemmer Russlands spesielle posisjon som ein særskilt statssivilisasjon, ei enorm eurasisk og euro-stillehavsmakt som samlar det russiske folket og andre folk som [til saman] utgjer det kulturelle og sivilisatoriske fellesskapet i den russiske verda.

Russland, som har eit bruttonasjonalprodukt på linje med Sør-Korea og ein gjennomsnittleg levealder som Nord-Korea, er altså «ein særskilt statssivilisasjon», «ei enorm eurasisk og euro-stillehavsmakt» og kjernen i noko ein kallar «den russiske verda». Eit anna viktig omgrep er «det nære utlandet», som blir skildra som  «medlemmene av SUS [Samveldet av uavhengige statar: Armenia, Aserbajdsjan, Belarus, Kasakhstan, Kirgisistan, Russland, Tadsjikistan og Usbekistan], som er knytte til Russland med århundrarlange tradisjonar av statsfellesskap, djup gjensidig avhengigheit på ulike område, eit felles språk og nærskylde kulturar».

«Det nære utlandet» kjem først når konseptet listar opp utanrikspolitiske retningslinjer for ulike regionar. Interessant nok for Noreg nemner konseptet deretter Arktis. Så kjem det eurasiske kontinentet, med særskilt omtale av Kina og India, deretter «eurostillehavsområdet», «den islamske verda», Afrika, og Latin-Amerika og Karibia. Tredje sist kjem «den europeiske regionen», som blir omtalt som følgjer:

Dei fleste europeiske statar fører ein aggressiv politikk overfor Russland retta mot å skapa trugsmål mot tryggleiken og suvereniteten til Den russiske føderasjonen, oppnå einsidige økonomiske fordelar, undergrava innanrikspolitisk stabilitet og erodera tradisjonelle russiske åndelege og moralske verdiar, og skapa hindringar for Russlands samarbeid med allierte og partnarar.

EU blir nemnt berre ein gong, når ein skildrar «trugsmål mot tryggleiken, den territoriale integriteten, suvereniteten, dei tradisjonelle åndelege og moralske verdiane og den sosioøkonomiske utviklinga til Russland, landets allierte og partnarar frå uvennlege europeiske statar, Nato, EU og Europarådet». Dei einskilde europeiske landa blir aldri nemnde ved namn. Storbritannia blir berre omtalt indirekte etter USA, som ein av «andre angelsaksiske statar». Ukraina er berre nemnt i forbifarten når det er tale om «antirussiske» reaksjonar på tiltak Russland har treft overfor Ukraina «for å forsvara sine vitale interesser».

«USA og andre angelsaksiske statar» kjem nest sist i lista, før Antarktis.  Her omtalar Russland USA mellom anna som «hovudinspiratoren, tilretteleggjaren og utøvaren av den aggressive antirussiske politikken til det kollektive Vesten, kjelda til dei viktigaste risikoane for tryggleiken til den russiske føderasjonen, den internasjonale verda, [og] balansert, rettferdig og progressiv utvikling av menneskeheita.»

Den geopolitiske konstruksjonen «Eurasia» er nemnd 24 gonger, mot berre to gonger i førre slike konsept, som kom i 2016. Det er mellom anna viktig for Russland å «etablera eit integrert økonomisk og politisk rom i Eurasia på lang sikt». Også ordet «rettferd» er nemnd påfallande oftare enn i tidlegare konsept. Første punkt under avsnittet om Russlands utanrikspolitiske prioriteringar er såleis «etablering av ein rettferdig og berekraftig verdsorden», ein annan stad omtalt meir spesifikt som «ein meir stabil og rettferdig, multipolar verdsorden».  

Russlands nye utanrikspolitiske konsept reflekterer korleis det nåverande russiske regimet definerer sine internasjonale interesser etter fullskalainvasjonen av Ukraina og Vestens svar på den. Men det reflekterer også Putins konklusjon på ein århundrarlang russisk diskusjon om russisk identitet og Russlands misjon i verda. Det er nøye samanheng mellom desse to aspekta.

Konseptet uttrykker regimets omfamning av den slavofile, som i dag heller bør kallast den partikularistiske eller eksepsjonalistiske, posisjonen i debatten om den russiske idéen. Debatten oppstod på 1830-talet mellom slavofile og vestorienterte russiske intellektuelle. Professor Erik Krag skildrar debatten i boka «Kampen mot Vesten i russisk åndsliv» frå 1932.

Slavofilane var konservative nasjonalistar som meinte Russland var noko heilt for seg sjølv. Det var altså ein «særskilt statssivilisasjon» mellom aust og vest og hadde ein særleg misjon i verda. Dei vestorienterte var liberale eller radikale og heldt på at Russland både var og burde vera europeisk. Til dømes var forfattarane Gogol og Dostojevskij slavofilar, mens Turgenjev var vestorientert.

På grunn av Russlands perifere posisjon i Europa og (derfor) autoritære tradisjon har dei slavofile hatt overmakta i det meste av Russlands moderne historie. Men dét er også årsaka til at Russland aldri har klart å henga med Vesten i teknologisk og økonomisk utvikling og heller ikkje har fått ein større middelklasse. Dette har leia til kriser, ofte utløyst av nederlag i krig, som i sin tur har ført til reform eller – fleire gonger – revolusjon. Makta har då først gått til vestorienterte, moderniserande leiarar, som Kerenskij, Lenin (rett nok eit spesialtilfelle), Gorbatsjov og Jeltsin. Men så har den russiske tradisjonen på nytt fått overtaket, og brutale nasjonalistar som Stalin og Putin har hamna i Kreml igjen.  

Slavofilane klarte aldri å samla seg om eit positivt, moralsk-etisk grunngjeve program og ein ditto definisjon av den russiske identiteten. Dei såg mest Russland som negasjon, som noko anna, gjerne det motsette av Europa og Vesten. Slik er det også med det nye utanrikspolitiske konseptet. Det seier ingenting om kva allmenngyldige verdiar det står for anna enn forsvar av nasjonale og, i nokre tilfelle, felles «interesser» (som berekraftig utvikling, handel, helse), fredeleg sameksistens, gjensidig fordelaktig samarbeid og ei multikulturell og multipolar verd. Det er relativistisk heller enn universalistisk. Dette er også logisk når Russlands verdshistoriske misjon er å vera faneberar i kampen mot USAs «globale dominans», ei verd styrt av vestlege reglar og i det heile tatt mot den vestlege, einlinja utviklingsmodellen.

Omgrepet sivilisasjonsstat reflekterer Samuel Huntingtons idé om verdspolitikken som strid mellom sivilisasjonar. I russisk-putinsk tapping inneber det at verda er dominert av sivilisasjonsstatane Russland, USA, Kina og India. Berre desse landa er fullt ut suverene, ikkje minst fordi dei har atomvåpen. Desse landa har også rett på å ha særskilte innverknadssfærar rundt seg. For Russlands del definerer konseptet «det nære utlandet» som det, eit omgrep som til dels fell saman med omgrepa «den russiske verda» (land med store innslag av russisk språk, russisk-ortodoks religion og russisk kultur) og Eurasia. Ukraina høyrer i denne samanheng ikkje berre med til den inste kjernen i den russiske interessesfæren, men er ifølgje Putin som kjent eigenleg ein del av Russland.  

Det er implisitt her ikkje berre at sivilisasjonsstatane, dvs. stormaktene, har rett til intervensjon i sine maktblokker, men at dei også bør styra internasjonal politikk slik den europeiske stormaktskonserten gjorde på 1800-talet. Putin har tidlegare ofte antyda at han kan tenka seg ein ny Jalta-konferanse som fordeler verda mellom stormaktene. Men samstundes signaliserer det utanrikspolitiske konseptet at inga verdsordning nokon gong vil bli stabil: Russland vil som stormakt halda fram med å manøvrera til sin eigen fordel i eit stadig skiftande maktspel. Det er til dømes tydeleg at Putin gjerne vil splitta Europa frå USA.

Vektlegginga av ein «meir rettferdig verdsorden» er elles ikkje berre eit forsøk på å få afrikanske, latinamerikanske og asiatiske land over på russisk side, til dømes under avrøystingar i FN. Den skal også appellera til venstresida i russisk politikk. Det blir nytt presidentval i Russland neste år, og Putin vil som tidlegare truleg få ein motkandidat frå kommunistpartiet. Sjølv om han vil vera sjanselaus, er det grunn til å tru at russiske veljarar er ei viktig målgruppe for det nye konseptet. Dessverre vil dei fleste av dei sluka det rått. Men få andre vil la seg overtyda.

……………………………

Offisiell, russisk versjon av Russlands nye utanrikspolitiske konsept: http://www.kremlin.ru/events/president/news/70811

Uoffisiell omsetjing til engelsk: https://russiaeu.ru/en/news/concept-foreign-policy-russian-federation

Kva er nytt med Russlands invasjon av Ukraina?

Eg høyrde nettopp på siste Debatt i P2, der temaet var om vi går mot ein ny verdsorden. Programmet skriv seg inn i rekka av alarmistiske og til dels forvirra ordskifte om verda etter Russlands store invasjon av Ukraina (rett nok gjorde Halvor Tjønn som vanleg ein solid figur). Det er akkurat som om alt var i orden før, men nå er det krise.

Slik er det sjølvsagt ikkje. Heile tida etter andre verdskrigen har vore prega av maktkamp mellom kaos- og kosmoskrefter (dvs. ordenskrefter). Også den såkalla kalde krigen vart i periodar og delar av verda varm, jamfør særleg Korea-krigen (1950-53) og Vietnam-krigen (1957-75), men også Sovjetunionens intervensjonar i DDR (1953), Ungarn (1956), Tsjekkoslovakia (1968) og Afghanistan (1979-89).

I ein kort periode etter berlinmurens fall kunne det sjå ut som om liberale kosmoskrefter fekk eit avgjerande overtak. Men det varte ikkje lenge (fram til ca. 1995). Kina hadde for lengst vakse fram som ei revisjonistisk, ekspansjonistisk og illiberal stormakt. USSRs rettsetterfølgjar Russland fall raskt tilbake i same rolle, intervenerte i dei suverene statane Georgia (2008) og Ukraina (2014, 2022) og blanda seg på nytt inn i konfliktar langt utanfor eigne grenser, ikkje minst i Syria.

Diverse andre større og mindre makter held elles fram ein gammaldags maktkamp og i nokre tilfelle fordekt krig med andre land (type Iran mot Saudi-Arabia i Jemen). Internasjonale organisasjonar, framfor alt FN, får gjort lite med det fordi revisjonistiske einskildland har vetomakt.

Så kva er nytt nå? Det er at Russland har gått til regelrett krig mot eit anna, suverent europeisk land. Altså at noko slikt skjer i Europa, som er den liberale verdsordenens opphav, nest viktigaste ankerfeste (etter USA) – og Noregs verdsdel. At maktforholdet mellom kaos- og kosmoskreftene samstundes er forskyvd til fordel for førstnemnde er ikkje noko nytt, men understrekar alvoret.   

Det er derfor ikkje overraskande at dei fleste land utanfor Europa stiller seg nokså likegyldige til Russlands invasjon av Ukraina. Dei er mest opptatt av kortsiktige nasjonale interesser, og ser som under den kalde krigen fordelar ved at fleire stormakter kappast om deira gunst. Men derfor er det også først og fremst opp til kosmoskreftene i Europa og USA å sørgja for at Ukraina kan slå tilbake det russiske invasjonsforsøket.

Om det går mot ei ny verdsordning er elles eit feil stilt spørsmål. Det som det står om, er om vi skal ha ei verdsordning eller ikkje. Ordet «ordning» føreset nemleg reglar som gjeld likt for alle, uavhengig av maktforhold. Alternativet til dette kosmos er kaos, der makt er rett.

Om Russland får kontroll over Ukraina trur eg ikkje nødvendigvis at Noreg og andre Nato-land er neste mål. Men ei normativ grense, ikkje berre ei fysisk, vil vera overskriden. Dermed blir terskelen for andre overgrep mot folkeretten lågare. Vi får ei meir uroleg og uføreseieleg verd, ei verd som er mindre i stand til å møta felles utfordringar i fellesskap. Dei svakaste taper.

Om Russland derimot møter veggen, kan vi i beste fall få ein kjedereaksjon som styrkar verdsordenen, demokratiet og andre liberale, humanistiske verdiar, så vel som vernet om dei svakaste i heile verda.

Det er dette det dreiar seg om. I tillegg til om ukrainaranes fridom.

Vårt problem med å forstå Russland

Professor Øyvind Økland ved Høgskulen i Volda spør i eit innlegg i Dagsavisen 31. mars om det er propaganda eller trekk ved den russiske «folkesjela» som forklarar at det store fleirtalet av russarar støttar president Putins invasjon av Ukraina. I sitt forsøk på svar viser han til kulturforsking som tilseier at «russere har større maktavstand enn mange andre land i Vesten» og at Russland er meir prega av «maskuline» verdiar enn til dømes Noreg. Økland er inne på noko viktig, men prøver ikkje å forklara sine funn. Dette er symptomatisk for ei utbreidd vegring mot å ta inn over seg kva som faktisk har skjedd med Russland og russarane. Vi vil jo så gjerne tru det beste om alle, og det som Russland nå gjer i Ukraina er så ufatteleg.

Vasilij-katedralen i Moskva, bak monumentet over Minin og Posjarskyj. Forsidebilde til Olga Kuzmina The «Russian World»: Russia’s Soft Power and Geopolitical Imagination — Washington: Center on Global Interests, 2015.

Vårt problem med å forstå russarane botnar i at russisk politisk kultur er vidt forskjellig frå vår. Russarane lever så å seia i ei anna verd. Mykje av norsk, europeisk og vestleg identitet er dei seinare tiåra blitt stadig meir prega av radikalt liberale, «postmoderne» verdiar (antiimperialisme, postkolonialisme, antirasisme, LHBT-likestilling osv.).

Derimot er altfor mange russarar, godt hjelpte av offentleg sensur og løgnaktig propaganda, blitt hengande igjen i det ein i beste fall kan kalla eit «moderne» verdssyn frå 1800- og første halvdel av 1900-talet, prega av autoritarisme, stormaktstenking, nasjonalisme, imperialisme og anna tankegods som vi nå oppfattar som høgreradikalt.

Årsaka til dette er forskjellar i grunnleggande samfunnstrekk som geografi, historisk erfaring, religion og økonomi. Propaganda fungerer berre når han kan spela på lag med slike faktorar. Putin har fått så stor makt fordi han sym som fisken i det tradisjonelle russiske politisk-kulturelle vatnet, som han samstundes piskar opp så godt han kan.

Geografien har lagt til rette for russisk imperialisme fordi Russland oppstod på det austeuropeiske slettelandet, som har få naturgjevne grenser. I perioden 1237-ca. 1480 var store delar av det framtidige Russland underlagt mongolsk herredømme, noko som styrka alt eksisterande tradisjonar for einevelde. Ei pregande historisk erfaring for russarane er den enorme russiske ekspansjonen som byrja etter det. Tsarriket okkuperte raskt og brutalt store landområde med etnisk og religiøst svært varierte folkesetnader, under streng kontroll av den eineveldige herskaren i Moskva. På 1600-talet ekspanderte Russland også gjennom det sibirske slettelandet aust for Ural, og nådde Stillehavskysten på slutten av hundreåret.

Den russiskortodokse kyrkja overtok samstundes den bysantinske tradisjonen for kvasireligiøs hylling av keisaren, framstilte Moskva som «Det tredje Roma» og fremja førestillinga om eit «Heilagt Russland» som skulle frelsa verda.

Ei rekke omstende gjorde at Russland vart verande fattig, med ein enorm, undertrykt, analfabetisk underklasse (slavehald i form av liveigenskap vart avskaffa først i 1861) og ein liten, rik overklasse. Den vesteuropeiske opplysningstida gjorde lite inntrykk. Den russiske revolusjonen førte til økonomisk, men slett ikkje politisk utjamning. Han knuste derimot den beskjedne middelklassen som kunne ha ytt motstand mot «proletariatets diktatur».

Sovjetunionen overtok tsarrikets enorme landområde og fekk på grunn av andre verdskrigen også kontroll over det meste av Baltikum, Sentral- og Aust-Europa. Stalins armear medverka avgjerande til å slå Hitler-Tyskland, men med ein menneskeforaktande bruk av vanlege folk som kanonføde. (Både Stalin og seinare Khrustsjov vedgjekk desutan at utan enorm amerikansk materiell støtte, mykje frakta på norsk kjøl, gjennom Lend-Lease-programmet ville Sovjetunionen ha tapt krigen.) Stalin sjølv gjekk i Ivan den grusommes fotspor som «den raude tsar».

Det var hans ansvar at millionar ukrainarar og russarar døydde av svolt på 1930-talet. Det sovjetiske kommunistpartiets «demokratiske sentralisme» vart eit skalkeskjul for einmanns- eller fåmannsvelde. Sensur stengte ute dei fleste impulsar frå det frie Vesten, som propagandaen framstilte som eit dødeleg trugsmål.

Tilløp til liberalisering og demokratisering skjedde berre ca. 1906–1914, i 1920 og så ca. 1985–1993. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 klarte ikkje russarane å finna ein ny, demokratisk nasjonal identitet tilpassa nye realitetar. Noko nemnande oppgjer med den russiske stormaktsnasjonalismen frå tsar- og sovjettida skjedde aldri.

Etter Jeltsins bombardering av parlamentet i Moskva i 1993 og invasjonen av Tsjetsjenia i 1994 sklei Russland derimot sakte, men sikkert tilbake i det gamle autoritære, nasjonalistiske og imperialistiske sporet. Mens den vestorienterte Gorbatsjov førestilte seg «ein felles europeisk heim» har eit stadig meir autokratisk og brun-raudt-kvitt Putin-regime, særleg etter 2012, propagandert ein reaksjonær og revisjonistisk russisk nasjonalisme-variant kalla «eurasianisme».

Denne ideologien har hatt den høgreradikale intellektuelle Aleksandr Dugin som viktigaste profet og ser Russland ikkje som ein «nasjonalstat», men som ein eigen «sivilisasjonsstat» mellom Europa og Asia. Financial Times-journalisten Charles Clover kallar Dugins bok om Russlands geopolitiske framtid frå 1997 «ei oppskrift på verdsdominans».

Ifølgje boka er den einaste regelen i internasjonal politikk at makta rår. Russlands nye eurasiske imperium må byggast på motstand mot amerikansk dominans, atlantisk samarbeid og liberale verdiar. Boka framhevar at «den fremste oppgåva er finlandisering av Europa».

Putin har nærast sitert frå Dugins bok ei rekke gonger. I ein tale i 2013 omtalte han til dømes Russland som «sivilsasjonsstat», langa ut mot vestleg forfall og skildra sin visjon for eurasisk integrasjon.

Den eurasiske unionen (som vart etablert året etter) skulle ikkje berre vera økonomisk, men også «eit prosjekt for bevaring av nasjonanes identitet i det historiske eurasiske rommet i det nye hundreåret og ei ny verd. Eurasisk integrasjon er ei mogelegheit for heile det tidlegare sovjetområdet til å bli eit uavhengig senter for global utvikling, heller enn å forbli Europas eller Asias utkant.»

Det er i lyset av denne visjonen ein må lesa Putins historiske essay om Ukraina frå i fjor. Han fornektar eksistensen av Ukraina som eigen nasjon og stemplar landets sjølvstende som eit vestleg, antirussisk prosjekt. Som Dugin og dei russiske slavofilane på 1800-talet, og med ivrig støtte frå den russisk-ortodokse kyrkja, kallar Putin samstundes det demokratiske, liberale Europa som Ukraina søkjer seg til dekadent og avfeldig.

Dette «råtne» (postmoderne) Europa strider ifølgje i Putin med alt den mektige russiske sivilisasjonen står for.

Men for å verkeleggjera Putins eurasiske prosjekt må Russland, Ukraina og Kviterussland først samlast i ein allrussisk, Moskva-dominert einskap. Denne «unionen av broderfolk» skal vera kjernen i det nye Eurasia.

Prosjektet er daudfødt utan Ukraina. Ukraina var ikkje berre den rikaste, mest avanserte og nest største sovjetrepublikken, men har nå også «stole» dei første fem hundreåra av den «allrussiske» historia (dvs. Kyiv/Kiev-riket), som er så viktige for Putins og dei fleste russarars russlandsidé. Derfor  han få kontroll over Ukraina, tilsynelatande for ein kvar pris.

Det er dette tankegodset som etter mitt syn best forklarar Russlands utanriks- og militærpolitiske kurs under Putin, inkludert allergien mot Nato-utviding og invasjonen av Ukraina.

Zbigniew Brzezinski skreiv med rette i «Foreign Affairs» i 1994 at «Utan Ukraina sluttar Russland å vera eit imperium, men med Ukraina underordna og undertrykt blir Russland automatisk eit imperium».

Men som Brzezinski la til: «Russland kan vera anten eit imperium eller eit demokrati, men ikkje begge deler på same tid».

……………………

Denne teksten er ein lett modifisert versjon av ein artikkel som stod på trykk i Dagsavisen 12. april 2022.

Kjelder (ikkje nemnt i Dagsavisen): Brzezinski 1994; Dugin 1997, Clover 2016; Figes 2022, Kotkin 2022; Kuzio 2022; Ostrovsky 2015/2017; Plokhy 2017; Putin 2013, 2021.

Russaranes ansvar

Dette er eit svar til Eriksens og Nystuens kommentarar i Aftenposten. Avisa lovde å trykka svaret, men sidan det ennå ikkje har skjedd, legg eg det ut her.

I kommentarar til mitt innlegg i Aftenposten 16. mars åtvarar Arne Thodok Eriksen (22. mars) og Gro Nystuen (23. mars) mot å legga kollektiv skuld på det russiske folket for invasjonen av Ukraina. Ja, skuld i juridisk forstand er individuell. Mitt poeng er at dei to av tre russarar som utgjer «Putins fleirtal» må tenka over sitt moralske og politiske ansvar for gong på gong å ha vald ein autokratisk, nasjonalistisk og imperialistisk anlagt president og heia fram hans aggressive, folkerettsstridige og krigsforbrytarske utanrikspolitikk. Sjølvsagt er dei over lang tid blitt tuta øyro fulle av løgnaktig propaganda, og aktiv opposisjon er risikabelt. Men eg har svært vanskeleg for å tru at så mange er «lurt» til å støtta Putin, eller at «feil» røystegjeving eller svar på spørsmål frå meiningsmålarar nødvendigvis får personlege følgjer, sjølv i Russland. Ikkje alle måtar å visa sivilt mot på er like farlege. Som Karl Jaspers skreiv i 1946, var erkjenning av nasjonal skuld eit vilkår for ei moralsk og politisk attføding av Tyskland. Det trengst òg for ei demokratisering av Russland etter krigen.

Putins kamp mot Vesten

«Russerne er ikke kollektivt skyldige i Putins krig», var overskrifta over eit innlegg av sju norske russlandsekspertar i Aftenposten nyleg. Ja, det er klart Putin er den hovudansvarlege. Men han hentar dessverre legitimitet for invasjonen av Ukraina i ein imperialistisk nasjonalisme med lange historiske røter og brei oppslutnad i det russiske samfunnet. I så måte er dagens russarar like kollektivt ansvarlege for Putins invasjonar som den tidas tyskarar var for Hitlers invasjonar før og under andre verdskrigen. Å fråskriva russarane kollektiv skuld kan hindra dei i ta eit oppgjer med nasjonalisme og krigsbrotverk etter krigen slik tyskarane har gjort. Og utan det blir Russland verande eit trugsmål mot Europa og verda.

Ilja Glazunovs maleri Det evige Russland (over), også kjent som Hundre seklar, frå 1988 samanfattar på mange måtar Putin-regimets russlandsidé. Professor Erik Egeberg skildra i 1990 (i eit forord til eit nyopplag av Erik Krags bok Kampen mot Vesten i russiske åndsliv frå 1932) bildet slik: «Fremst en rekke helgener med skinnende glorier, isprengt enkelte andre skikkelser som Gogol, Dostojevskij og Tolstoj, og bak dem en mektig strøm av berømte russere: Tsjajkovskij, Suvorov, Peter den Store, Sjaljapin osv. Bakerst reiser Moskvas Kreml seg, og på tårnene kneiser den gamle tvehodede russiske ørn, ikke sovjetstjernen. Og midt i det hele – et enormt krusifiks. (…). Lenin, Trotskij og Stalin, der er med alle sammen, men bare som en sidestrøm ytterst i randen.»

Det store fleirtalet av russarar har hittil støtta Putin og hans nasjonal-imperialistiske prosjekt:

  • Putin er like «demokratisk» vald som Hitler var – så mange russararar har røysta på han at hans valsigrar ikkje berre kan skuldast manipulasjon (53 prosent i 2000, 72 pst. i 2004, 64 pst. i 2012, og 77 pst. i 2018).
  • To tredelar av russarane meinte, som Putin nå, at oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 var eit tragisk feilgrep.  
  • Eit stabilt fleirtal på 82-84 prosent av spurte russarar har i følgje Levada-senteret sidan 2014 støtta okkupasjonen av Krim.
  • I 2014-15, på høgda av den russisk-ukrainske krigen, støtta i snitt 60 prosent av respondentane dei russiske «frivillige» (i realiteten nasjonalistiske leigesoldatar) som kjempa i Donbas.
  • 53 prosent støtta i 2021 utskiljinga av dei to «folkerepublikkane» Luhansk og Donetsk frå Ukraina. Berre 26 prosent meinte dei burde bli i Ukraina. 
  • Eit klart fleirtal av russarane støtta også den siste, store invasjonen av Ukraina – 58 prosent i følgje ei meiningsmåling offentleggjort 8. mars. Berre 23 prosent av dei spurte var mot.

Grunnproblemet er at russarane ikkje har klart å finna ein ny, demokratisk nasjonal identitet tilpassa nye realitetar etter at Russland, Ukraina og Belarus vart suverene statar. Noko større oppgjer med den russiske stormaktsnasjonalismen frå tsar- og sovjettida skjedde aldri. I staden har eit stadig meir autokratisk og brun-raudt-kvitt Putin-regime, særleg etter 2012, propagandert ein reaksjonær og revisjonistisk russisk nasjonalisme-variant kalla «eurasianisme».

Med den høgreradikale intellektuelle Aleksandr Dugin som viktigaste profet ser eurasianismen Russland ikkje som ein «nasjonalstat», men som ein eigen «sivilisasjonsstat» mellom Europa og Asia. Financial Times-journalisten Charles Clover kallar Dugins bok om Russlands geopolitiske framtid frå 1997 «ei oppskrift på verdsdominans». Ifølgje boka, som er blitt spesielt populær i dei russiske tryggingstenestene (Putins viktigaste maktgrunnlag), er den einaste regelen i internasjonal politikk at makta rår. Russlands nye eurasiske imperium må byggast på motstand mot amerikansk dominans, atlantisk samarbeid og liberale verdiar. Boka framhevar at «den fremste oppgåva er finlandisering av Europa».  

Som Clover peikar på, har Putin sjølv nærast sitert offentleg frå Dugins bok ei rekke gonger. Til dømes omtalte han i ein artikkel i 2012 Russland som «sivilsasjonsstat». Han gjentok uttrykket i ein Dugin-inspirert tale året etter, der han også langa ut mot vestleg forfall og skildra sin visjon for eurasisk integrasjon. Den eurasiske unionen skulle ikkje berre vera økonomisk, men også «eit prosjekt for bevaring av nasjonanes identitet i det historiske eurasiske rommet i det nye hundreåret og ei ny verd . Eurasisk integrasjon er ei mogelegheit for heile det tidlegare sovjetområdet til å bli eit uavhengig senter for global utvikling, heller enn å forbli Europas eller Asias utkant.»

Det er i lyset av denne visjonen ein må lesa Putins historiske essay om Ukraina frå i fjor. Han fornektar eksistensen av Ukraina som eigen nasjon og stemplar landets sjølvstende som eit vestleg, antirussisk prosjekt. Som Dugin og dei russiske slavofilane på 1800-talet, og med ivrig støtte frå den russisk-ortodokse kyrkja, kallar Putin samstundes det demokratiske, liberale Europa som Ukraina søkjer seg mot dekadent og avfeldig. Dette «råtne Europa» strider i følgje i Putin med alt den mektige russiske sivilisasjonen eigenleg står for.

Men for å verkeleggjera Putins eurasiske prosjekt må Russland, Ukraina og Belarus først samlast i ein allrussisk, Moskva-dominert einskap basert på tradisjonelle kristen-ortodokse verdiar (ofte tenkt som Det heilage Russland). Denne «ævegamle unionen av broderfolk», ei formulering Putin fekk inn i den reviderte fedrelandssongen alt i 2000, skal vera kjernen i det nye Eurasia. Rammene for ei slik ny, post-sovjetisk supermakt kom på plass i 2014 gjennom stiftinga av Den eurasiske økonomiske unionen. Eit anna viktig verktøy med same imperialistiske formål er elles den statsstøtta organisasjonen Den russiske verda, som fremjar fellesskap mellom etniske russarar og russisktalande overalt i verda.

President Putin innviar monumentet over Sankt Vladimir den store i Moskva i 2016 (over). Kyiv/Kiev-riket, som både Russland og Ukraina reknar som si første statsdanning, vart kristna gjennom dåpen av Vladimir i 988. Foto: https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0

Det er dette tankegodset som etter mitt syn best forklarar Russlands utanriks- og militærpolitiske kurs under Putin. Men prosjektet er daudfødt utan Ukraina. Ukraina var ikkje berre den største sovjetrepublikken etter den russiske, men har nå også «stole» dei første fem hundreåra av den «allrussiske» historia (dvs. Kyiv/Kiev-riket), som er så viktige for Putins russlandsidé. Derfor han få kontroll over Ukraina, tilsynelatande for einkvar pris.

Zbigniew Brzezinski skreiv med rette i Foreign Affairs i 1994: «Utan Ukraina sluttar Russland å vera eit imperium, men med Ukraina underordna og undertrykt blir Russland automatisk eit imperium». Men prosjektet er også uråd å gjennomføra med eit liberalt Russland. Som Brzezinski la til: «Russland kan vera anten eit imperium eller eit demokrati, men ikkje begge deler på same tid».

Derfor er Putins krig mot Ukraina også ein krig mot det demokratiske, liberale og progressive Europa, ja mot fridom og sjølvråderett i det heile. Ukrainaranes kamp er vår kamp. Russland må ikkje berre trekkja seg ut av Ukraina. Russarane må også kvitta seg med Putin, ta farvel med sin imperialistiske og nasjonalistiske arv og gjenreisa demokratiet. Først då får vi varig fred i Europa og ei meir stabil verd.

………………………………………………………………….

Kjelder: Brzezinski 1994; Egeberg i Krag 1932/1990; Dugin 1997, Clover 2016; Kotkin 2022; Kuzio 2022; Plokhy 2017; Putin 2011, 2012, 2013, 2021; Levada-senteret. For ein dokumentasjon av vanlege russarars eigne tankar om det forvirrande landet dei har levd i, tilrår eg Svetlana Aleksijevitsj» Slutten for det røde mennesket – tiden second hand, Kagge forlag, 2015.

Ein kortare versjon av denne artikkelen stod på trykk i Aftenposten 17. mars 2022.

Natos austutviding: Russland vart ikkje lurt

USA, Sovjetunionen, Vest-Tyskland, Frankrike, Aust-Tyskland og Storbritannia sine utanriksministrar på underteikningsmøtet for to pluss fire-traktaten 12. september 1990. Foto: dpa/akg-images.

Aftenpostens Frank Rossavik skriv i ein kommentar i dag 26.02.22 at «Sovjetunionen i 1990 fikk muntlige løfter fra vestlige stormaktsledere om at Nato ikke skulle ta opp nye medlemmer i øst.» Som belegg for dette viser han til «kritisk journalistikk», som i han i nettutgåva av Aftenposten lenkar til ein artikkel i Der Spiegel.

Det tyske nyheitsmagasinet gjengir eit utdrag frå eit britisk referat frå eit møte mellom dei tyske, amerikanske, britiske og franske utanriksdepartementas politiske direktørar i Bonn 6. mars 1991. Den tyske politiske direktøren, Chrobog, er der sitert på at «We made it clear during the 2+4 negotiations that we would not extend NATO beyond the Elbe (sic). We could not therefore offer membership of NATO to Poland and the others».

Artikkelen i Der Spiegel har lenker til ein annan artikkel der ein siterer løfter frå vestlege leiarar, mellom anna Storbritannias dåverande statsminister John Major, i same retning. Der Spiegel understrekar at Vesten aldri gav noko rettsleg bindande løfte, men konkluderer som mellom anna Gorbatsjov har meint at «ein braut med ånda i avtalane».

Dette stemmer ikkje særleg godt overeins med det ein kan lesa i Mary E. Sarottes bok Not One Inch. America, Russia and the Making for the Post-Cold War Stalemate frå november 2021, som er “(t)he most engaging and carefully documented account of this period in East-West diplomacy currently available» i følgje Andrew Moravscik i Foreign Affairs.

Sarotte skriv rett nok at USAs utanriksminister James Baker i eit møte i Moskva i februar 1990 spurte Gorbatsjov om han føretrekte eit sameint Tyskland utanfor eller innanfor Nato, det siste med «assurances that NATO’s jurisdiction would not shift one inch eastward from its present position». Gorbatsjov skal då ha svart at inga utviding av Nato var akseptabel. I følgje Gorbatsjovs memorarar sa Baker så at «we agree with that». På ein pressekonferanse etterpå skal Baker ha sagt noko liknande.

Bakers utsegn var i tråd med Vest-Tysklands dåverande utanriksminister Genscher si haldning. Både han og forbundskanslar Kohl var på den tida mest opptatt av å sikra tysk gjenforeining. Dette gav dei også uttrykk for i møte med sine motpartar (Sjevardnadse og Gorbatsjov) i Moskva rett etter at Baker hadde reist, 10. februar 1990. Men Kohl fekk samstundes Gorbatsjov med å på at det skulle vera opp til det tyske folket om det ville gjerforeina Tyskland, utan vilkår og utan å seia noko om dei internasjonale sidene av dette.

President George H. W. Bush (d.e.) meinte etterpå at Baker hadde gått for langt. Fleire sentraleuropeiske land, ikkje minst Polen, hadde alt byrja å visa interesse for Nato. Bush gav Baker beskjed om å gjera klart at alliansen skulle utvidast austover, men om nødvendig med ein spesiell status for Aust-Tyskland. Kohl skjøna etter sitt møte med Gorbatsjov at dette var oppnåeleg, og gav Genscher skriftleg ordre om å sluttta å stilla spørsmål om Natos framtid.

Bush, Kohl og Natos generalsekretær Manfred Wörner samarbeidde tett for å førebu eit amerikansk-russisk toppmøte i Washington DC 31.5.-1.6.1990. 17. mai heldt likevel Wörner ein tale der han brukte misvisande ord. Han sa i følgje Sarotte (som siterer Natos arkiv) at «the very fact» at alliansen var villig til «not to deploy NATO troops beyond the territory of the Federal Republic gives the Soviet Union firm security guarantees». Bush og Kohl vart samde om å bruka ein idé Frankrikes president Mitterrand først lanserte, å visa til at Helsinki-avtalen av 1975, der det heiter at alle land sjølv kan velja kva allianse dei vil vera med i. Dette vart kjent som Helsinki-prinsippet, som Gorbatsjov sa seg samd i på Washington-toppmøtet.

To pluss fire-traktaten som vart underteikna 12. september 1990 av Forbundsrepublikken Tyskland og Den tyske demokratiske republikken i tillegg til sigermaktene frå andre verdskrigen, Sovjetunionen, Storbritannia, Frankrike og USA, la til grunn at det gjenforeinte Tyskland skulle vera medlem av Nato. Som ein konsesjon til Sovjetunionen vart territoriet til DDR, som det einaste i Europa, erklært atomvåpenfritt for all tid. Tilsvarande fekk Sovjetunionen til 1994 med å trekka seg ut av Tyskland. Dessutan gjekk Nato-landa med på at ingen utanlandske Nato-styrkar skulle stasjonerast permanent på austtysk jord, men det skulle vera opp til tyske styresmakter å avgjera til ei kvar tid kva «stasjonerast» («deployed») skulle bety i praksis. Dette sikra at Nato-styrkar kan reisa gjennom tidlegare DDR-jord på veg til oppdrag eller stasjonering i nye Nato-land i aust, til dømes Polen og dei baltiske landa. Det vart underteikna ein særskilt protokoll om dette, som eit tillegg til traktaten. I tillegg fekk Sovjetunionen 12 milliardar dollar frå Tyskland – pengar som forsvann sporlaust straks dei hadde vore innom den sovjetiske statskassa (dei gjekk truleg til den tidlegare KGB-klikken som nå sit med makta).

Dermed kunne Natos austutviding byrja med den tyske gjenforeininga 3. oktober 1990. Nato med USA i spissen hadde etablert prinsippet om at eitkvart europeisk land kan bli med i Nato, og har stått på det sidan. Gorbatsjov var kanskje ein dårleg forhandlar og har ønska å pynta på sitt ettermæle, og det tok noko tid før Vesten fekk samla seg om ei linje, men ingen vart lurte. I lys av Sarottes framstilling verkar det Der Spiegel skriv merkeleg, urimeleg og usannsynleg, og ein bør vera forsiktig med å ta det for god fisk.

Det viktigaste å hugsa på er likevel at Nato aldri har utgjort noko trugsmål mot verken Sovjetunionen eller Russland. Nato er ein forsvarsallianse som er open for alle demokratiske, europeiske land. Det påståtte trugsmålet frå vest er konstruert av sovjetiske og russiske leiarar som eit middel til å halda makta over sitt eige folk og skaffa seg sjølv privilegiar. Dermed kan ein skriva om Rossaviks overskrift til at «Nato var en ideologisk trussel for Vladimir Putin, ikke en militær».

Dersom Vesten har gjort feil i denne saka, så er det at ein ikkje tok Ukraina inn i Nato i tide.

……………………………………

Etterskrift 11. april 2022

Som Kjell Dragnes skreiv i eit svar til Ola Tunander i Aftenposten nyleg (ikkje tilgjengeleg på nett), har Sovjetunionens siste president Mikhail Gorbatsjov stadfesta at han ikkje diskuterte Nato-utviding utover Tyskland med amerikanarane. Ukrainsk Nato-medlemskap vart sjølvsagt slett ikkje nemnt, ettersom Sovjetunionen då framleis bestod. Sjå også denne artikkelen av Stefen Pifer ved Brookings Institution.