Laurdag kveld 23. september deltok eg på feiringa av at det i år er 50 år sidan Europabevegelsens ungdomsorganisasjon, Europeisk Ungdom, vart stifta. Festen føregjekk i indre Oslofjord om bord på MS Brisen, det fjerde skipet til reiarlaget Brim Explorer. Det vart grunnlagt for nokre år sidan av to tidlegare leiande medlemmer av Europeisk Ungdom, Agnes Arnadottir og Espen Larsen-Hakkebo.

Vel 70 menneske deltok. Dei fleste var ein god del yngre enn eg, men der var også nokre som hadde vore med i Ungdomskampanjen for norsk EF-tilslutning under EF-striden i 1972. Ungdomskampanjen gjekk over til å bli Europabevegelsens Ungdom året etter, i 1973, og skifta seinare namn til Europeisk Ungdom. Eg for min del var aktiv i organisasjonen i åra 1978-84, først i fire år som frivillig hovudsakleg i Bergen, så to år som tilsett generalsekretær for JEF Europa (sjå under) i Brussel. Eg var då i alderen 21 til 27 år.

Det har gått opp og ned med Europeisk Ungdom gjennom åra. I stiftingsåret, rett etter den oppheta første EF-striden, skal organisasjonen ha hatt om lag 15 000 medlemmer. I dei åra eg var aktiv trur eg det var 1200-1300. I samband med den andre EU-striden, i 1994, skal medlemstalet ha gått sterkt opp igjen, til rundt 10 000. Nå er det visstnok i underkant av 1000 medlemmer.

Det vart ei hyggeleg feiring og eit velsmurt arrangement med dyktige Knut André Sande som primus motor. Og det gjorde godt å oppleva at mange unge framleis held Europa-flagget høgt i Noreg. Men for meg var det mest interessante talane, paneldebatten og samtalane eg hadde i løpet av kvelden. Det var dei som inspirerte meg til refleksjonane under.

Både for Europabevegelsen og Europeisk Ungdom har første bod alltid vore å fremja norsk medlemskap i det dei kallar «det forpliktande europeiske samarbeidet», med andre ord i Den europeiske unionen, EU. Særleg Europabevegelsen har hatt stålfokus på akkurat det, og har lagt særleg vekt på norske økonomiske interesser i så måte. Europeisk Ungdom har hatt eit breiare og meir politisk perspektiv. Eg trur ein viktig grunn til dette er at Europeisk Ungdom snart etter stiftinga vart med i den europeiske paraplyorganisasjonen Young European Federalists (Jeunesse Européenne Fédéraliste, JEF Europe). JEF sine moderorganisasjonar er både den internasjonale Europarørsla og Unionen av europeiske føderalistar, UEF.

Sjølv om det utover kvelden vart meir og meir uklart om namnet MS Brisen burde uttalast med tonelag 1 eller 2, beit eg meg fast i at fleire av talarane framheva nettopp dette: Medlemskapen i JEF hadde vore ein viktig faktor for samhaldet i Europeisk Ungdom og for motivasjonen til medlemmene i dei lange periodane med ørkenvandring etter folkerøystingane i 1972 og 1994. Delvis fordi dette nettverket var ein spennande møteplass for ungdom frå heile Europa og baud på høve til å delta i møte, seminar og konferansar på heile kontinentet (meg skaffa det som nemnt ei nyttig jobberfaring og dessutan inspirasjon til det som etter kvart vart ei doktoravhandling). Men også på grunn av nettopp JEF og UEF sin breiare, føderalistiske innfallsvinkel til EU.  

Europabevegelsen meiner nok ein skal vera varsam med å snakka om eit føderalt Europa i Noreg, der folk er så opptatt av den nasjonale sjølvråderetten. Det er eg for så vidt samd i. Men samstundes har eg opplevd at Europabevegelsen fort kjem på defensiven når nei-folka peikar på det demokratiske underskotet i EU og hyllar den «heilage» nasjonale suvereniteten. Ja, EU består av demokratiske medlemsland, og suvereniteten ligg i siste instans hos dei. Men det er eit faktum at etter kvart som EU har fått stadig fleire medlemmer og samarbeidet er blitt meir omfattande, tettare og meir innfløkt, er den demokratiske kontrollen blitt vanskelegare. Vel har kvar traktatendring gitt det direktevalde Europaparlamentet meir makt, men utøvinga av den makta er ikkje akkurat blitt lettare. Det er dessutan uomtvisteleg at dei overnasjonale sidene ved EU berre er blitt styrka i fleire tiår.

Eit føderalt Europa er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel til å fremja felles interesser og verdiar på ein meir demokratisk og effektiv måte.

I denne situasjonen kunne ei føderalisering gjera EU både meir demokratisk og mindre byråkratisk. Dette er eigenleg ikkje eit spørsmål om ideologi, men ei praktisk, pragmatisk sak: Eit føderalt Europa er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit middel til å fremja felles interesser og verdiar på ein meir demokratisk og effektiv måte. Ein treng eigenleg ikkje bruka det fæle f-ordet i det heile, men ein bør ha tenkt gjennom saka og ha eit godt og pragmatisk svar om ein blir spurt om det.

Det gjeld å få fram at føderalisme ikkje nødvendigvis dreiar seg om sentralisering, men er ein organisatorisk modell som gjer det mogleg å finna ein fornuftig balanse mellom overnasjonal og nasjonal makt i tråd med det såkalla subsidiaritetsprinsippet, som EU innførte alt i 1992. Og dessutan at eit Europa som opptrer meir sameint faktisk aukar medlemslandas samla suverenitet ved å gjera seg mindre avhengig og påverkeleg av (andre) stormakter. Dette perspektivet er sjølvsagt blitt endå meir aktuelt etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina (men invasjonen viser dessverre også kor tryggingspolitisk avhengig Europa framleis er av USA).

Utsiktene til ei ny, stor EU-utviding mellom anna med Ukraina gir nå ny kraft til argumenta for institusjonell reform av EU. Innan 2030 kan EU ha fått frå seks til åtte nye medlemsland, inkludert Ukraina, Georgia og kandidatlanda på Vest-Balkan. Kommisjonspresident Ursula von der Leyen støtta i sin «state of the Union»-tale 13. september nedsetjing av eit nytt konvent som skal drøfta traktatendringar for å sikra eit endå større EUs handlekraft. Dagen etter la Europaparlamentets komité for konstitusjonelle spørsmål fram sitt framlegg til traktatreform. 18. september presenterte så ei regjeringsoppnemnd fransk-tysk arbeidsgruppe sin rapport om utviding og reform av EU, med nedsetjing av eit konvent som ein av opsjonane.

Som eg skriv her, kan den komande EU-utvidinga og reformer i samband med den få konsekvensar for Noregs tilknytingsform, ikkje minst for EØS. Det fransk-tyske utvalet peikar mellom anna på assosiert medlemskap som ei ny mogelegheit. Men full norsk medlemskap er sjølvsagt mykje betre! Europeisk Ungdom og Europabevegelsen bør bruka den komande debatten om EU-utviding og -reform til å få meir liv i også debatten om norsk medlemskap. Etter kvart som EU blir utvida, blir det meir og meir merkeleg at Noreg står utanfor. Bevisbyrden må snuast slik at det er nei-sida og ikkje ja-sida som har eit forklaringsproblem.

Her blir dei negative konsekvensane for Storbritannia av å ha forlate EU «exhibit no. 1». Dei nyaste meiningsmålingane viser at det nå er mest to gonger fleire britar som angrar på brexit enn som ikkje gjer det, 56 prosent mot 32 prosent. 58 prosent er for å gå inn i EU igjen, mens 42 prosent er mot.

Mot denne bakgrunnen blir det ekstra merkeleg at det i annleis-landet Noreg er Ungdom mot EU og Nei til EU som synest å ha vind i segla. Nyare meiningsmålingar viser at motstanden i folket mot norsk EU-medlemskap framleis er stor (stabilt på om lag 56 prosent), men fleire blir usikre. Samstundes støttar eit klart fleirtal (52 prosent) EØS-avtalen, men motstanden stig noko. Teikn tydar elles at til og med ihuga norske EU- og EØS-tilhengarar knapt veit at Europabevegelsen eksisterer, sjølv om organisasjonen visstnok er blitt dobbelt så stor dei siste fem åra.

Europeisk Ungdom og Europabevegelsen treng å ta meir aktivt fatt i dette. Jo før, jo heller.

Kommenter innlegget