Det gamle Hellas har gjort eit djupt inntrykk på det moderne Europa, både som historisk realitet og som myte. Den greske innverknaden på arkitektur, biologi, etikk, filosofi, fysikk, historieskriving, kunst, litteratur, logikk, lovgjeving, matematikk, medisin, musikk, politikk og psykologi har vore fundamental og omfattande.[1] Praktisk tala alle bøker om Europas historie – og ennå i dag også mange verdshistorier – byrjar med eller omtalar det antikke Hellas breitt.[2] John M. Roberts skriv til dømes i sin History of Europe: «[…Sjølv n]år skeptiske moderne lærde har gjort sitt spektakulært beste for å ta atterhald og forklara grensene for sivilisasjonen i den greske og romerske verda står vi igjen med ein enorm masse av kulturelle kjensgjerningar som til denne dag har medverka til å forma Europa og europearanes sinn i historia. For å forstå det må vi byrja med grekarane.»[3]

Det var også dei gamle grekarane som døypte den vestlegaste spissen av det eurasiske kontinentet “Europa”. Namnet er mest kjent frå gresk mytologi. Den greske historikaren Herodot (ca. 484-425 fvt.) skriv:
“Men hva Europa angår, så vet ikke noe menneske om det er omflytt av hav og like lite om hvorfra det har fått sitt navn eller hvem det var som gav det sitt navn, hvis vi da ikke skal godta at dette skriver seg fra den tyriske Europa og før hennes tid var navnløs slik som de andre verdensdeler. Men hun stammet jo åpenbart fra Asia, og det var ikke til det område hellenerne nå kaller Europa hun kom, nei hun dro jo bare fra Fønikia til Kreta og så fra Kreta til Lykia [område sørvest i Anatolia].”[4]
Heller ikkje i dag veit vi så mykje meir om opphavet til namnet Europa enn dette. Ein teori er at det stammar frå gammalgresk og tyder “breitt ansikt” eller “breiauga”. Ein annan er at ordet har fønikisk opphav og tydde “vest” eller “solnedgangens land”. Begge teoriar er omstridde.[5] Første gong ordet dukkar opp som geografisk omgrep er i den homeriske ”lovsongen til Apollo“ frå det seine sjuande eller tidlege sjette hundreåret fvt. Som Herodot-sitatet over antydar og seinare gresk litteratur stadfestar, viser ordet då til fastlandet nord og vest for Peloponnes og Attika.[6] Ifølgje både Herodot og Aristoteles låg Hellas mellom Europa og Asia (i realiteten i begge) og var dermed i ei særstilling.
Elles veit vi heller ikkje sikkert kvar ordet “Asia” kjem frå. Det kan ha hetittisk opphav. I kjente skriftlege kjelder var det greske geografar som Anaximander i det sjette hundreåret fvt. som først omtalte verda som delt mellom Europa, Asia og Libya (Afrika). Det blei først diskutert om Nilen eller Suez utgjorde grensa mellom Asia og Libya. Anaximander drog grensa mellom Europa og Asia ved elva Fasis (nå i Georgia og kalla Rion), som flyt inn i austenden av Svartehavet. Herodot og andre stilte spørsmål til dette, og i hellenistisk tid blei det slått fast at grensa gjekk langs elva Tanais (Don).[7]
Denne oppfatninga dominerte fram til Peter den store byrja å europeisera Russland. Hans rike blei godtatt som del av det europeiske statssystemet etter at det hadde slått Sverige i Den store nordiske krigen, avslutta av Freden i Nystad av 1721. Russland blei så anerkjent som europeisk stormakt under napoleonskrigane, noko som blei stadfest av Wien-kongressen av 1815. Den svensk-tyske offiseren, kartografen og geografen Philipp Johann von Strahlenberg sat i russisk krigsfangeskap mellom 1711 og 1722 og utforska då den russiske geografien. I 1730 gav han ut ei kartbok der han la grensa mellom Europa og Asia langs Ural-fjella og elvene Volga og Don. Boka blei omsett til engelsk, fransk og spansk og har prega den moderne oppfatninga av den geografiske grensa mellom Europa og Asia.[8]
For dei gamle grekarane gjekk elles Europas vestgrense ved ”Herkulessøylene”, det vil seia Gibraltar. Dei fleste av dei skal ha sett Afrika (Libya) som del av Asia. Ein del seinare skribentar, som Sallust, Lucan, Augustin og Isidor, påstod likevel at Afrika høyrte til Europa. Herodot og Pindar var blant dei få som såg diskusjonen om ulike verdsdelar som nokså meiningslaus, fordi dei alle hang saman. Uansett kor ein plasserte Afrika var likevel den dominerande oppfatninga i antikken at verda var delt i to hovuddelar, aust og vest, Asia og Europa. Dette synet heldt seg heilt til den greske historikaren Prokopios av Caesara (500-565 evt.) etablerte den kristne tredelinga mellom etterkomarane etter Noas søner Jafet (Europa), Ham (Afrika) og Sem (Asia).[9]
Som Herodot nemner identifiserte grekarane Europa med ei fønikisk prinsesse, altså frå ”Asia”, i ein myte som er kjent som “ranet”, “bortføringa” eller ”valdtekta” av Europa. Myten føreligg i fleire versjonar. Ein versjon går ut på at den greske hovudguden Zevs forelska seg i Europa, som var dotter av den fønikiske kong Agenor, skapte seg om til okse og lokka henne med på ryggen sin til Kreta.[10] Saman skal dei ha fått sonen Minos, som blei ein velgjerande konge og lovgjevar på øya. Europearane er avkommet etter Minos, og prinsessa sjølv blei ein slags skytsengel for Europa.[11]
I ein annan versjon hevdar Herodot at vanlege folk frå Kreta hadde bortført Europa som hemn for at fønikarane tidlegare hadde kidnappa andre greske kvinner. Det var desse bortføringane som skulle ha vore den opphavlege grunnen til dei lagnadstunge krigane mellom hellenarane og fiendar i aust. Krigene byrja med den greske øydelegginga av Troja og enda i slaga mot persarane ved Marathon og Salamis i 490 og 480 fvt.[12] I følgje Homers sagaar om slaget om Troja og Odyssevs‘ heimreise frå det, Iliaden og Odysseen var det likevel Troja-fyrsten Paris si bortføring av Helena, kona til Menelaos, kongen av Sparta, som utløyste Troja-krigane.
Uansett har dei homeriske dikta, saman med mytene om Europas bortføring og seinare minnelitteratur om dei trojanske krigane, påverka europeisk historieforståing i høg grad. Hellenarar, romarar og seinare europearar har gjerne søkt sitt opphav i forteljingane om Troja-krigane, som dei har oppfatta som definerande for si historie og sin identitet.[13]
Myten om bortføringa av Europa til Kreta, øya som ofte blir rekna som europeisk sivilisasjons fødestad, har også etterlate seg djupe spor i det kollektive europeiske minnet. Det blei eit poplært motiv i klassisk litteratur og biletkunst[14] og fekk seinare stor utbreiing i renessansens Europa. Historikaren John R. Hale skriv: ”For eit tema dette var! Sex, vald, hav, land, skjønnheita og uhyret, skrekk og kjærleik, alt gjort rikare av analogiar til andre stadig meir populære tema […] Forteljinga tok heilt av i alle kunstuttrykk, frå maleri til pottekunst, frå relieffskulptur til emalje.”[15]
Ifølgje den sveitsiske kulturteoretikaren Denis de Rougemont var seinare generasjonar mest påverka av versjonen skapt av diktaren Moskhos, som levde i det andre hundreårets Syrakus (på Sicilia) fvt.:
«[Moskhos] skapte vårlandskapet som vestlege diktarar, bilethoggarar og malarar har brukt i tjue hundreår i sine sensuelle og fantasifulle omtolkingar av myten – verk som strekker seg frå metopen i Selinus til basrelieffa som dekorerer den moderne jernbanestasjonen i Geneve, frå Ovid til Victor Hugo, og frå skaparen av mosaikkane i Aquileia til malarar som Veronese, Titian, Claude Lorrain og Tiepolo.»[16]
Herodot stilte seg normativt nokså nøytral i si skildring av dei ulika landa og verdsdelane. Som nemnt meiner han fiendskapen mellom Europa og Asia går tilbake til slaget om Troja og heldt fram til grekaranes krig mot persarane på det tidlege 400-talet. Det var i desse krigane ei hellensk fellesskapskjensle oppstod på tvers av dei greske bystatane. Alle utanforståande blei kalla “barbarar” (folk som tala uforståelege språk som for grekarane høyrtest ut som “bar-bar”).
Historikaren Denys Hay skriv at i 400-talets Hellas blei “asiatisk” knytt til førestellingar om overdådig prakt, vulgaritet, vilkårleg maktbruk og alt som var det motsette av Hellas og hellenske verdiar.[17] Den greske kjensla av overlegenheit kom til uttrykk særleg i teateret. Den spanske historikaren Josep Fontana peikar på at mest halvparten av dei overlevande greske tragediane frå 400-talet framstiller barbarar: “eit skrekkabinett av det mest mangfelte slag – incest, brotsverk, menneskeofring – kjenneteikna dei og skilte dei frå grekarane”.[18]
Greske forfattarar byrja også å framheva politiske forskjellar mellom Europa og Asia. Den athenske bystaten blei symbolet på gresk fridom, mens Persia blei framstilt som eit eineveldig rike som respekterte verken gud eller lov. Europa hadde fridom, Asia var eit despoti.[19] I skriftet Om luft, vatn og stad (nedskrive ein gong mellom ca. 430-330 fvt. og feilaktig tillagt Hippokrates) kjem både kulturelle og politiske fordommar til uttrykk. Her heiter det mellom anna at asiatar er prega av “åndeleg latskap og feigskap” og at dei er mindre krigerske og fridomselskande enn europearane. Dette skuldast både klimaet og politisk organisasjon.[20]
Aristoteles (384-322 fvt.) meinte som nemnt at Hellas låg som ein slags gyllen mellomveg mellom det barbariske Europa og det tyranniske Asia:
«Folkene under kalde himmelstrøk, spesielt i Europa, er livfulle, men står tilbake når det gjelder intelligens og utvikling. De bevarer derfor gjerne friheten, men er ikke organisert i stater, og er ikke i stand til å ha herredømme over nabofolkene. Folkene i Asia er derimot intelligente, og har sans for det praktiske, men de har lite utholdenhet, og derfor lever de som underkuede og slaver. Den greske folkestammen, derimot, er geografisk plassert midt mellom disse to himmelstrøkene, og den har således i seg en kombinasjon av begge disse to begavelsene; grekerne er både energiske og intelligent, og derfor bevarer de sin frihet; de har de beste statsdannelsen, og har forutsetning til å ha herredømme over alle andre om de kunne nå frem til én styreform».[21]
Etter kvart som Hellas blei erobra først av det makedonske riket og så av Romarriket, som begge trykte alt gresk til sitt bryst, synest også grekaranes kjensle av overlegenheit å ha blitt europeisert. Ifølgje Hay uttrykte den greske geografen Strabo (ca. 60 fvt. – 21 evt.) den vanlege oppfatninga då han framstilte Europa og folkeslaga der (herunder Hellas) som særleg privilgerte frå naturens side.[20]
Ifølgje den britiske litteraturprofessoren Shane Weller var grekaranes tendens til sjølvskryt og nedsnakking av “barbarar” starten på tradisjonen for eurosentrisme og for ideene om europeisk overlegenheit (“eurosuprematisme”) og om Europa som modell for heile verda (“eurouniversalisme”) i europeisk historieskriving. Weller viser spesielt til Aristoteles’ omtale av europearane som “frie” og “åndelege” og asiatane som “slavegjorde”, men framhevar også Moskhos’ dikt og det pseudo-hippokratiske skriftet Om luft, vatn og stad. [23]
Weller trekker ei lang linje frå antikke greske fordommar til moderne kolonialisme, imperialisme og rasisme, som han meiner også den moderne europaidéen har vore prega av. Alle forsøk på å definera «Europa» har medført nedvurdering av «den andre», til dømes som «Asia» eller islam, hevdar han. 1800-talets etnologar hylla Homo europaeus som ein overlegen rase, noko som hundre år seinare kulminerte i den nazistiske oppfatninga om det ariske herrefolket og i holocaust. Europearar har framstilt Europa som den meste avanserte, ofte også som den einaste, «sivilisasjonen» i menneskas historie. Denne idéen, kombinert med politisk og teknologisk innovasjon, gav ifølgje Weller Europa mogelegheit til å leggja store delar av verda under seg, til å føra krigar som kosta millionvis av menneskeliv, til enorme naturøydeleggingar og til folkemord, ikkje berre på jødane i Europa, men også i Afrika, Amerika og Australasia. Det største barbari i verdshistoria har såleis utgått frå den europeiske «sivilisasjonen», ifølgje Weller.
Eg har vurdert Wellers bok meir utførleg i eit anna innlegg (her). Her vil eg avgrensa meg til fire kommentarar.
For det første var “Europa” trass alt først og fremst eit nøytralt geografisk omgrep for grekarane. Det vedgår til og med Weller, som for godt mål legg til at dette var den gjennomgåande forståinga blant europearane heilt fram til 1200-talet.[24]
For det andre hadde Aristoteles og andre grekarar tvillaust rett i at historia til “Asia”, det vil seia Midtausten (inkludert Egypt), i stor grad var prega av einevelde og undertrykking og utbytting av vanlege folk. Rett nok var det truleg relativt færre slavar i Persar-riket enn blant grekarane,[25] og persarkongens styre var etter måten tolerant. Men kongen hadde i prinsippet uinnskrenka makt over sine undersåttar og stod over lova. Verken persarane eller andre rike i oldtidas Midtausten hadde nokon idé om frie, myndige borgarar som sjølv styrte sin bystat etter lover dei vedtok i fellesskap og som galdt alle. Det greske omgrepet bystat (polis) som felles ansvar og grunnlaget for offentleg orden eksisterte i det heile ikkje der.
For det tredje var fordommane til dei gamle grekarane noko alle folkeslag, før som nå, i større eller mindre grad lid av. For kongemakta i det nyassyriske riket (ca. 880-612 fvt.) var til dømes alt framandt fiendtleg og alle utlendingar umenneskelege skapningar, gjerne framstilt som myrrotter eller flaggermus.[26] Heilt i aust oppstod oppfatninga av Kina som «Midtens rike» alt tusen år fvt. Kina var verdas sentrum og omfatta alle siviliserte menneske, det vil seia menneske med kinesisk kultur. Utanfor landets grenser var det berre barbarer. Denne haldninga har halde seg heilt til vår tid.
For det fjerde hadde etnosentriske stereotypar lita tyding for praktisk gresk politikk. I utanriks- og forsvarspolitikken forheldt grekarane seg rasjonelt og realistisk til persarane og la til grunn at persarane gjorde det same overfor dei. I følgje den amerikanske sosiologen Michael Mann mangla “grekarane ein konsekvent tanke om eiga etnosentrisk overlegenheit. Dei var for utettervende, for interesserte i (den mannlege) menneskeheita generelt, for tilbøyelege til å projisera den diplomatiske rasjonaliteten i fleirstatssystemet sitt over på andre.“[27]
Som Mann legg til, forkynte dessutan mange grekarar alle menneskes overordna einskap.[28] Mann siterer skodespelet Tereos av Sofokles, der eit kor av greske borgarar erklærer at ”det finst éi menneskeætt. På éin einaste dag oppstod vi frå vår far og mor. Ingen mann er fødd til å stå over andre. Ulukkelege dagar er ein manns lodd, ein annans er framgang, og på atter andre fell slaveriets harde åk”.[29] Mann konkluderer:
«Det greske sjølvmedvitet var eineståande – det var prega av sjølvmotseiingar. På den eine sida såg det “menneskeheitas einskap” […som er] sameint av fornuft og som pragmatisk regulerer sjølv den mest valdelege strid mellom statar og klassar. På den andre sida anerkjente det motsetningsfulle praksisar: berre frie, siviliserte menn, altså ikkje slavar, dei påstått lydige undersåttane av herskarane i aust, kvinner, barn, eller “barbarar”, blei tillagt fornuft. Seinare fann ein ei delvis løysing: å vera gresk, hellenar, handla om å dyrka fram fornuft gjennom “utdanning av visdom og tale,” som Isokrates uttrykte det. […] til slutt framstod den greske “heile menneskeætta” som transformert og samansmelta med andre krefter i Midtaustens frelsesreligionar.»[30]
Sokrates var den første filosofen som sa at “heile menneskeætta”, og ikkje fødebyen, var fedrelandet hans.[31] At han erklærte seg som “verdsborgar“ var noko av det som førte til at han blei stilt for retten og dømt til døden.[32] Isokrates skreiv at “den mann som deler vår danning [padeia] er gresk i ein høgare forstand enn han som berre deler vårt blod“.[33]
Dersom dei gamle grekarane “fann opp” Europa og Vesten i geografisk, mytologisk og kanskje etnosentrisk forstand, og dersom førestillinga om gresk og/eller europeisk eller vestleg overlegenheit var ein del av det greske testamentet til framtidas Europa, galdt det såleis også den kosmopolitiske idéen om ei felles menneskeætt og ein grunnleggande likskap mellom alle menneske.
***
Dette innlegget inneheld ein del nyanseringar, endringar og oppdateringar av eit liknande innlegg eg skreiv i 2012.
Referansar
Meir nøyaktige referansar, med tittel på bøker etc., kjem etter kvart.
[1] Jmf. Finley (red.) 1981.
[2] Eitt merkverdig unntak var Jean-Baptiste Duroselles Europe – A History of Its Peoples (1991). Det var eit historieprosjekt sponsa av Europakommisjonen som knapt nemnde Hellas og Det bysantinske riket. Etter mange protestar, spesielt frå Hellas, tok Kommisjonen til slutt avstand frå verket. Jmf. Davies 1996: 43-44.
[3] Roberts 1996: 25.
[4] Herodot: Historie, fjerde bok, avsnitt 45. Omsett av Henning Mørland. De norske bokklubbene 2004.
[5] Wikipedia: ”Europe”, https://en.wikipedia.org/wiki/Europe, besøkt 02.02.2024.
[6] Weller 2021: 16.
[7] Wikipedia: ”Asia”, https://en.wikipedia.org/wiki/Asia, besøkt 02.02.2024.
[8] Wikipedia: ”Philipp Johann von Strahlenberg”, https://de.wikipedia.org/wiki/Philipp_Johann_von_Strahlenberg, besøkt 02.02.2024. Jmf. også Wikipedia: ”Europa”, https://de.wikipedia.org/wiki/Europa, også besøkt 02.02.2024. Tilsvarande omtale finst i den engelske Wikipedia-artikkelen om ”Europe”.
[9] Sylvia Fischerova: “The Europe-Asia Anthithesis in the Hippocratic Treatise on the Airs, Waters, Places as Scientific Image and Mythical Heritage“, Actas Universitas Carolinae, Philologica 3, Graecolatina Pragensia XXIV, ss. 161-71, 2012, jmf. https://karolinum.cz/data/clanek/330/Philologica_3_2012_final_Fischerova.pdf, besøkt 02.02.2024.
[10] Pagden 2008: 1-2.
[11] Hale 1994: 8.
[12] Herodot: første bok, avsnitt 2.
[13] Peter Thonemann og Simon Price: The Birth of Classical Europe: A History from Troy to Augustine. Penguin Books Ltd. 2010. Kindle Edition, s. 11 og 44.
[14] Den Boer 1995: 15.
[15] Hale 1994: 8.
[16] De Rougemont 1966: 7.
[17] Hay 1957: 3.
[18] Fontana 1995: 4.
[19] Den Boer 1995: 16.
[20] Weller 2021: 17.
[21] Aristoteles Politikk, bok 7, kapittel 7, oms. Tormod Eide. Vidarforlaget 2007.
[22] Hay 1957: 3.
[23] Weller 2021, kap. 1.
[24] Hay 1957: 25; Delanty 1995: 19; Gollwitzer 1951; Weller 2021: 17.
[25] Thomsen 1999: 127.
[26] Van de Mieroop 2004: 243.
[27] Mann 1986 215-216.
[28] Mann 1986 225.
[29] Sitert på engelsk av Mann 1986: 225, omsett til norsk av meg.
[30] Mann 1986: 225-226.
[31] De Rougemont 1966: 32.
[32] Talbott 2008: 25.
[33] Sitert av De Rougemont 1966: 34.