Russlands krig i Ukraina er først og fremst Vladimir Putins prosjekt, og han sit trygt. Etter utskiftinga av Sjojgu som forsvarsminister har han dessutan festa sitt personlege grep om militæret. Russisk offentleg opinion støttar krigen. Hittil har russarar flest dessutan tent på invasjonen av Ukraina: det er full sysselsetjing, realinntektene stig, økonomien blomstrar. Økonomisk sett er Russland i stand til å drive krig i fleire år til. Men inflasjonen veks, forsvarsindustriens produksjonsevne og tilgangen på nytt mannskap nærmar seg yttergrensene, den militære effektiviteten er låg og den militære leiinga er framleis i stand til å gjere store feil som kan bli vendepunkt i krigen både militært og i russisk opinion. Men i siste instans må krigen stansast av nokon, han stoppar ikkje av seg sjølv.

Dette er mi korte oppsummering frå NUPIs Russlandskonferanse 2024, som fann stad på konferansesenteret Sentralen i Oslo 22. oktober. Temaet var «Russia – weak or strong?». Det viste seg at spørsmålet meir dreidde seg om sivil enn militær veikskap eller styrke. Dei fleste talarane var forskarar frå andre europeiske land, mest frå nærområde til Noreg.

Statssekretær Eivind Vad Petersson frå UD opna konferansen med å understreka kor viktig det er at Noreg har behalde sivil russlandsekspertise. Han gjorde merksam på at regjeringa har sett av 33 millionar kronar til russlandsforsking i budsjettforslaget for 2025.   

Kan vi stole på meiningsmålingar frå Russland?

Den første sesjonen på konferansen handla om forsking ved hjelp av meiningsmålingar i Russland. Talarane var samde om at det framleis er råd å få rimeleg påliteleg informasjon om russarar flest sine haldningar til krigen og regimet på denne måten. Men det må spesielle metodar og mange kontrollspørsmål til, og resultata må ikkje tolkast bokstaveleg. Trendar er mest interessante.  Framleis viser målingane at det store fleirtalet russarar støttar krigen og Putin. Men det vart også understreka at opinionen er flytande og prega av passivitet. Vanlege innstillingar er at «styresmaktene veit best», «det må vere ein grunn», «krig berre skjer, krig er normalt over heile verda», «det er alltid slik det er», «vi må berre gjere det beste ut av det» og «vi har uansett ingenting vi skulle ha sagt». 

Det betyr likevel ikkje at folk flest er nøgde med styresmaktene. Dei forventar velferdsgode frå staten. Sviktar det, kan det bli uro, slik det skjedde forslaget til pensjonsreform i 2018. Når meiningsmålarar spør om respondentar er mest for militærutgifter eller sosialutgifter, er dei fleste (sjølvsagt) for det siste. Professor Jeremy 

Morris ved Aarhus universitet meinte også ha funne ein større tendens i retning «korporatisme»: russiske bedrifter tar større ansvar for dei tilsettes samla velferd, og dei tilsette identifiserer seg meir med arbeidsgjevaren enn staten. Morris meinte mellom anna derfor at den russiske autoritarismen er svak samanlikna med den kinesiske. Han kalla elles Russland eitt av dei mest neoliberale og kapitalistiske landa i verda. 

Putin svært opptatt av meiningsmålingar

Eit interessant poeng som kom fram, er at Kreml er den største bestillaren av meiningsmålingar i Russland. Det tyder på at Putin trass alt er svært opptatt av folkemeininga. Det er også grunnen til at han satsar så mykje på å gjere russarar meir patriotiske, militaristiske og nasjonalistiske. At innsatsen siktar spesielt på barn og unge, tyder på at Kreml ikkje stolar på at unge russarar i dag har tilfredsstillande haldningar i så måte. Dei er trass alt ikkje heilt hjernevaska ennå. 

Forsking som vart lagt fram på konferansen, mellom anna av hovudtalaren, professor Timothy Frye frå Columbia University, viste også ganske stor oppslutnad om fredsforhandlingar.  Andre resultat viste at svært få russiske respondentar var for militær intervensjon i Ukraina i 2021 (det snudde som kjent etter invasjonen det følgjande året). Det er også sterk motstand mot allmenn mobilisering. 

På den andre sida er dei argumenta til støtte for krigen som har størst gjennomslag at Russland fører krig «mot Vesten» og for «tradisjonelle verdiar». Store tapstal i krigen ser ikkje ut til å gjere inntrykk på folkemeininga. Frye trudde dette kan vise at folk støttar krigen så lenge han går bra for Russland. Uansett er det mest soldatar frå periferien som fell. Den aller ferskaste meiningsmålinga frå Levada-senteret viser likevel at eit stort fleirtal av respondentane nå meiner at krigen er meir skadeleg enn bra. I fjor var det berre eit knapt fleirtal som meinte det. 

Tredobla krigsutgifter

Økonomen Cecilie Sendstad frå Forsvarets Forskingsinstitutt snakka om russisk krigsøkonomi. Ho peika på at krigsutgiftene hadde blitt tredobla etter 2022. Dei vestlege sanksjonane ser ikkje ut til å ha stor effekt fordi store petroleumsinntekter meir enn veg opp for dei. Derfor bør ein prøve å ramme desse inntektene i større grad. Russland ser ut til å kunne halde ut nokre år til før økonomien blir kritisk. I dag blomstrar økonomien. Russland har aldri hatt så stor økonomisk vekst. Putin har lagt høgare skatt på folk flest, men lønnsutviklinga har meir enn kompensert for det. Det største problemet er inflasjon, som sentralbanken ikkje har kontroll over. 

Kadri Liik

Estiske Kadri Liik frå European Council of Foreign Relations meinte Russland hadde rekna med at Finland og Sverige ville gå inn i Nato pga. krigen, og derfor ikkje hadde reagert særleg på det. Russland hadde også lenge vist atterhald overfor dei baltiske landa. Men nå tydar fleire hybride tiltak, mellom anna bruk av migrantar som våpen, på at det endrar seg. Russland er meir pågåande enn før i Baltikum, og det kan føre til militære kriser. Liik meinte Kreml nå slett ikkje tenker på nokon framtidig tryggingsarkitektur eller er opptatt av diplomati. Putin reknar med at Vesten er i permanent nedgang og at Russland til slutt kjem ut på toppen. Russisk UD er marginalisert.  

Alle foto er tatt på konferansen av Tore Nedrebø.

Kommenter innlegget