Professor Øyvind Økland ved Høgskulen i Volda spør i eit innlegg i Dagsavisen 31. mars om det er propaganda eller trekk ved den russiske «folkesjela» som forklarar at det store fleirtalet av russarar støttar president Putins invasjon av Ukraina. I sitt forsøk på svar viser han til kulturforsking som tilseier at «russere har større maktavstand…
Russaranes ansvar
Dette er eit svar til Eriksens og Nystuens kommentarar i Aftenposten. Avisa lovde å trykka svaret, men sidan det ennå ikkje har skjedd, legg eg det ut her. I kommentarar til mitt innlegg i Aftenposten 16. mars åtvarar Arne Thodok Eriksen (22. mars) og Gro Nystuen (23. mars) mot å legga kollektiv skuld på det…
Putins kamp mot Vesten
"Russerne er ikke kollektivt skyldige i Putins krig", var overskrifta over eit innlegg av sju norske russlandsekspertar i Aftenposten nyleg. Ja, det er klart Putin er den hovudansvarlege. Men han hentar dessverre legitimitet for invasjonen av Ukraina i ein imperialistisk nasjonalisme med lange historiske røter og brei oppslutnad i det russiske samfunnet. I så måte…
Natos austutviding: Russland vart ikkje lurt
USA, Sovjetunionen, Vest-Tyskland, Frankrike, Aust-Tyskland og Storbritannia sine utanriksministrar på underteikningsmøtet for to pluss fire-traktaten 12. september 1990. Foto: dpa/akg-images. Aftenpostens Frank Rossavik skriv i ein kommentar i dag 26.02.22 at "Sovjetunionen i 1990 fikk muntlige løfter fra vestlige stormaktsledere om at Nato ikke skulle ta opp nye medlemmer i øst." Som belegg for dette…
Kva betyr det å vera europear i dag?
Europa gjennomgår ei identitets- og legitimitetskrise. I ei verd prega av nasjonalistisk populisme, ei pågåande flyktningkrise, ein stadig meir utstabil neoliberal verdsorden, klimakrise og koronapandemi må europearane på nytt ta stilling til kva det skal bety å vera europear. Det hevdar Shane Weller, professor i samanliknande litteratur ved universitetet i Kent, i si nye bok…
Mot ein meir offensiv tysk europapolitikk
Koalisjonsavtalen mellom dei tre partia som vil danna ny regjering i Tyskland varslar ein meir offensiv tysk europapolitikk. I avtalen, som vart offentleggjort 24. november, heiter det mellom anna at "trafikkfyrregjeringa" mellom SPD, FDP og Dei grønne meiner konferansen om framtidas Europa "bør munna ut i eit forfatningsgjevande konvent og gjennom vidareutvikling føra til ein…
Konferansen om framtidas Europa og EUs demokratiske legitimitet
10. mars 2021 vedtok presidentane for Europaparlamentet, Det europeiske rådet og Europakommisjonen å setja i gang ein ny «konferanse om framtidas Europa». Dette skal bli ein demokratisk «nedanfrå-og opp»-eksersis som skal munna ut i konkrete forslag som helst skal presenterast under det franske EU-formannskapet i første halvår 2022. Forslag til traktatendring er ikkje nemnt, men…
Pause
Eg har ikkje publisert noko på denne bloggen på fleire år. Det betyr ikkje at bloggen er avslutta. Det betyr berre at eg har hatt og har jobbar der det ikkje er klokt å markera eigne meiningar for sterkt i offentlegheita, og at eg derfor har tatt ein pause. Men gamle innlegg ligg der, og det…
Intellektuell vending mot Europa?
Morgenbladet er vel den norske avisa som mest medvite har intellektuelle som målgruppe. Avisa har lenge hatt god dekning av europeisk politikk og samarbeidsstrev, særleg gjennom den Roma-baserte Simen Ekern, tysklandseksperten Sten Inge Jørgensen og Frankrike- (og vin-) eksperten Tove Gravdal. Men tonegjevande europeiske intellektuelle kjem også ofte direkte til orde. I nr. 50 av…
Europearen Edvard Munch
I høve 150-årsjubileet for Edvard Munchs fødsel las eg i sommar Atle Næss sin Munch-biografi frå 2004. Ei velskriven og veldokumentert bok som eg varmt kan tilrå. Her framgår det tydeleg kor europeisk Munch var. Han reiste og oppheldt seg mykje ute i Europa, og spesielt i Frankrike og Tyskland. Det var også her han hadde sine…