Laurdag kveld 23. september deltok eg på feiringa av at det i år er 50 år sidan Europabevegelsens ungdomsorganisasjon, Europeisk Ungdom, vart stifta. Festen føregjekk i indre Oslofjord om bord på MS Brisen, det fjerde skipet til reiarlaget Brim Explorer. Det vart grunnlagt for nokre år sidan av to tidlegare leiande medlemmer av Europeisk Ungdom,…
Antiamerikansk relativisme
Dag og Tids journalist Morten A. Strøksnes svara 8. september på min kritikk av hans artikkel "Washingtons mann i Brussel". Du kan lesa innlegget hans her. Mitt tilsvar til hans svar, som står i dagens utgåve av Dag og Tid, følgjer under. Hovudpoenget i min kritikk av artikkelen til Morten A. Strøksnes om amerikansk utanrikspolitikk…
Om amerikanske «interessesfærar»
Dag og Tids journalist Morten A. Strøksnes’ hadde eit utfall mot amerikansk utanrikspolitikk i si avis 25. august 2023 («Washingtons mann i Brussel») som var så misvisande at eg ikkje syntest det kunne stå uimotsagt. Derfor skreiv eg dette innlegget, som stod på trykk i avisa 1. september under overskrifta "Misvisande om amerikansk utanrikspolitikk". Møte…
Mot ny, stor EU-utviding – inkludert Ukraina
Dei siste månadane har det bygd seg opp eit langt større press enn før for ei ny, omfattande utviding av Den europeiske unionen. Den viktigaste årsaka til den nye framdrifta er at Russlands invasjon av Ukraina har fått Frankrikes president Emmanuel Macron til å snu frå å vera brems til å bli pådrivar for utviding.…
Kvifor Russland kjenner seg truga av Vesten–og kva vi kan læra av det
Russiske styresmakter framstiller Russlands forsøk på erobring av Ukraina som svar på Vestens aggressive ekspansjon austover. Då det vart klart at også Russlands viktigaste granne og «bror», Ukraina, var på veg inn i den vestlege leiren måtte Kreml setja foten ned, forstår vi. Av omsyn til eigen tryggleik kunne Russland ikkje tillata Ukraina å gå…
Russlands nye utanrikspolitiske konsept
Russland fekk 31. mars i år eit nytt utanrikspolitisk konsept, godkjent av president Putin. Dette er ein oppdatert, offisiell versjon av putinismen som Den russiske føderasjonens politiske ideologi. Han målber ikkje berre Russlands utanrikspolitikk, men også Putin-regimets russlandsidé. Konseptet er dermed eit interessant uttrykk for kor sært Russland faktisk er blitt under Putin. Artikkel 4…
Russland sluttar ingenstad
President Putin og hans propagandamaskin har lukkast med å gjennomsyra den russiske offentlegheita med ei kjensle av å vera krenka og trakka på av Vesten. Putin ønskjer – og har i stor grad oppnådd – å innstilla det russiske samfunnet på «evig krig» mot Vesten. Sentralt i propagandaen står førestillinga om eit russisk rike utan…
Kva er nytt med Russlands invasjon av Ukraina?
Eg høyrde nettopp på siste Debatt i P2, der temaet var om vi går mot ein ny verdsorden. Programmet skriv seg inn i rekka av alarmistiske og til dels forvirra ordskifte om verda etter Russlands store invasjon av Ukraina (rett nok gjorde Halvor Tjønn som vanleg ein solid figur). Det er akkurat som om alt…
Ein kritisk gjennomgang av boka En europeisk tragedie
I Morgenbladet 16. desember 2022 hadde eg eit innlegg med overskrifta «Prorussisk defaitisme i Morgenbladet» der eg kritiserer synspunkta til avisas journalist Sten Inge Jørgensen på Russlands krig mot Ukraina. Synspunkta uttrykker han både i Morgenbladets spalter (sjå spesielt denne) og, saman med den russiske frilansjournalisten Leonid Ragozin, i boka En europeisk tragedie. Hvordan Vesten…
Prorussisk defaitisme i Morgenbladet
Morgenbladet trykte dette innlegget 10. desember 2022. Ettersom det ligg bak ein betalingsmur, gjengir eg det her: Dagen før utdelinga av Nobels fredspris til menneskerettsorganisasjonar frå Belarus, Russland og Ukraina vel Morgenbladets journalist Sten Inge Jørgensen å antyda at det er på tide at Vesten tvingar Ukraina til forhandlingsbordet ved å truga med å kutta…