Mot ein meir offensiv tysk europapolitikk

Koalisjonsavtalen mellom dei tre partia som vil danna ny regjering i Tyskland varslar ein meir offensiv tysk europapolitikk. I avtalen, som vart offentleggjort 24. november, heiter det mellom anna at «trafikkfyrregjeringa» mellom SPD, FDP og Dei grønne meiner konferansen om framtidas Europa «bør munna ut i eit forfatningsgjevande konvent og gjennom vidareutvikling føra til ein føderal europeisk forbundsstat». Koalisjonen vil støtta nødvendige traktatendringar for å oppnå det.

Du kan lesa avsnitta om Europa i koalisjonsavtalen på norsk nederst i denne artikkelen.

Den nye regjeringa, som etter planen tiltrer 6. desember med SPDs Olaf Scholz som forbundskanslar, vil også styrka Europaparlamentets fullmakter, innføra transnasjonale vallister og gjera det bindande at toppkandidaten til den vinnande transnasjonale valalliansen blir kommisjonspresident. Desutan vil regjeringa gjera fleirtalsvedtak den vanlege vedtaksforma i utanriks- og tryggingspolitikken og kalla EUs høge representant for denne politikken «EU-utanriksminister». EU skal generelt opptre meir «strategisk suverent», mellom anna når det gjeld handel, energi, helse og digitalisering.

Koalisjonsregjeringa vil også at EU konsekvent forsvarar rettsstaten, mellom anna, dersom nødvendig, ved ikkje å utbetala midlar frå pandemigjenoppbyggingsfondet til medlemsstar (les: Polen og Ungarn) som ikkje respekterer den.

På den andre sida vil den nye regjeringa vera minst like skeptisk til gjeldsoppbygging på EU-nivå som Angela Merkels utgåande regjering. Den europeiske stabilitetspakta forblir regelen, gjenoppbyggingsfondet etter koronapandemien unntaket. Det er tale om store investeringar i felles infrastruktur, mellom anna for jernbane, energi, straum og hydrogen, men det blir ikkje sagt kor pengane skal koma frå.

Ein mistenker dermed at det først og fremst er på det retoriske planet at trafikklysregjeringas europapolitikk vil bli meir offensiv. Traktatendringar tar lang tid og krev tilslutting frå alle medlemsland og kan utløysa folkerøystingar i fleire medlemsstatar. Overgang til fleirtalsrøysting i utanriks- og tryggingspolitiske spørsmål krev også at alle medlemsland er enige.

Likevel betyr ord noko. særleg når dei kjem frå EUs klart største og mektigaste medlemsland. Både Frankrikes president Emmanuel Macron og Italias statsminister Mario Draghi, som nettopp har underskrive ei svært proeuropeisk samarbeidspakt mellom dei to landa, vil gleda seg over dette. Angela Merkel har vore ein god krisehandterar i EU, men har ikkje akkurat markert seg som ein visjonær europear. I alle fall kan konferansen om Europas framtid med dette bli eit meir spennande prosjekt enn ein hittil har trudd.

For Noreg er avsnitta om Europa i koalisjonsavtalen interessante fordi vi er så tett knytte til EU generelt, men meir spesifikt også mellom anna fordi vi har særskilte interesser i EUs utanriks-, tryggings- og forsvarspolitikk og fordi delar av det er EØS-relevant.

[Oppdatering 04.12.21: Eg ser at tre forskarar ved Centre for European Reform meiner at koalisjonsavtalen opnar for ein noko mindre streng tysk finanspolitikk både nasjonalt og på EU-plan, det siste ved å nytta pandemi-atterreisingspengar til andre formål enn dei var meint for. Meir her.]

Under gjengir eg det meste av ordlyden i koalisjonsavtalen under overskrifta Europa på norsk. Det er omsett av meg, og eg garanterer ikkje for at alt er korrekt forstått og gjengitt. Ved tvil må ein sjekka originalteksten.

……………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………………..

Europa

Ein demokratisk styrka, meir handlekraftig og meir strategisk suveren Europeisk Union er grunnlaget for freden, velstanden og fridommen vår. Innan denne ramma maktar vi tidas store utfordringar, som klimaendring, digitalisering og bevaring av demokratiet. Eit slikt EU blir verande forplikta til ei multilateral og regelstyrt verdsordning og orienterer seg mot FNs berekraftsmål (SDG).

Vi går inn for eit EU som vernar om sine verdiar og si rettsstatsordning så vel innetter som utetter og som følgjer opp dei bestemt. Som det største medlemslandet vil vi vareta vårt særlege ansvar i ei tenande forståing for EU som heile.

Den europeiske unionens framtid

Konferansen om framtidas Europa nyttar vi til reformer. Vi støttar nødvendige traktatendringar. Konferansen bør munna ut i eit forfatningsgjevande konvent og gjennom vidareutvikling føra til ein føderal europeisk forbundsstat, som også er desentralisert organisert i tråd med grunnprinsippa subsidaritet og proporsjonalitet, og som byggjer på EUs pakt om grunnleggjande rettar. Vi vil styrka Europaparlamentet (EP), for eksempel når det gjeld rett til å føreslå lover; fortrinnsvis i traktatane, alternativt institusjonelt. Vi vil gi fellesskapsmetoden forrang igjen, men når det er nødvendig gå vidare med einskilde medlemsstatar. Vi støttar ein einskapleg europeisk valrett med dels transnasjonale vallister og eit bindande toppkandidatsystem. Dersom det ikkje føreligg ei ny lov om direkteval innan sommaren 2022, kjem Tyskland til å slutta seg til direktevallova frå 2018 på grunnlag av eit regjeringsutkast.

Arbeidet i Rådet må bli meir transparent. Vi vil ta initiativ til at forslag frå Kommisjonen blir drøfta offentleg i Rådet innan ein gitt frist. Vi vil nytta og ha fleire avrøystingar med kvalifisert fleirtal  i Rådet. Vi vil vedta ein prosedyre for å betra Forbundsdagens informasjonstilfang og medverknadsmogelegheiter i tråd med grunnlovas artikkel 23.

Vi vil styrka Europas strategiske suverenitet. Dette betyr først og fremst å oppnå handlingsevne i global samanheng og bli mindre avhengig og sårbar på viktige strategiske område, som energiforsyning, helse, råstoffimport og digital teknologi, utan å stenga av Europa. Vi vil verna betre om kritisk teknologi og infrastruktur, fastslå standardar og prosedyrar for dette og ta initiativ til eit europeisk Open Source-5/6G-konsortium. Vi vernar europeiske selskap betre mot ekstraterritoriale sanksjonar.

Vi vil gjera Europa til eit kontinent for berekraftige framsteg og gå fram på internasjonalt vis. Gjennom europeiske standardar lagar vi målestokkar for globale regelverk.

Rettsstaten

Vi vil effektivt verna om verdiane, nemnde i artikkel 2 i Traktaten for Den europeiske unionen, som EU byggjer på. Vi oppmodar Kommisjonen, som traktatens vaktar, til å nytta og handheva dei eksisterande rettsstatsverkemidla meir konsekvent og raskare, også dommane til EU-domstolen, ved bruk av artiklane 260 og 279 i traktaten om EUs verkemåte.  Samtidig kjem vi til meir konsekvent å handheva og vidareutvikla bruken av eksisterande rettsstatsverkemiddel i Rådet (rettsstatsdialog, rettsstatsprøving, kondisjonalitetsmekanisme, traktatbrotsprosedyre, tilrådingar og konklusjonar etter artikkel 7-prosedyren). Vi kjem til å slutta oss til Kommisjonens forslag til gjenoppbyggingsfond når og viss føresetnader som eit uavhengig rettsvesen er sikra.

Vi støttar EU-Kommisjonen i vidareutviklinga av rettsstatsrapporten gjennom landspesifikke tilrådingar, og vil mellom anna styrka prosessen med uavhengige ekspertar. Vi går inn for, og støttar, at EU-kommisjonen i framtida driv fram også tiltak mot systematiske traktatbrot ved å ta for seg fleire rettsstatskrenkingar frå ein medlemsstat om gongen. Vi vil at [brot mot] grunnrettspakta kan klagast inn for EU-domstolen også når medlemsstatar handlar innan nasjonal rett. For å styrka EU-domstolen bør valperioden for dommarar utvidast til ein gong 12 år. Vil gjera dei liberale demokratia i Europa betre i stand til å motstå desinformasjon, falske nyheiter, kampanjar, propaganda og manipulasjonar frå innland og utland. Vi vil fremja sivilsamfunnets engasjement gjennom styrking av allmennyttig verksemd på tvers av grenser. Vi ønskjer EU-rettsformer for organisasjonar og stiftingar som forenklar ekvivalensprøving av allmennytte frå andre medlemsstatar og som lettar donasjonar og samarbeid på tvers av grenser i tråd med EU-domstolen.

Økonomisk og monetær union, fiskalpolitikk

Vi vil styrka og utdjupa den økonomiske og monetære unionen. Stabilitets- og vekstpakta (SVP) har bevist sin fleksibilitet. På grunnlag av den vil vi sikra økonomisk vekst som legg til rette for eit forsvarleg gjeldsnivå og sørger for berekraftige og klimavennlege investeringar. Vidareutviklinga av dei fiskalpolitiske reglane bør rettast mot desse måla for å bli meir effektive overfor aktuelle utfordringar. SVP bør bli enklare og meir transparent, også for å få meir gjennomslag.

Next Generation EU (NGEU) er eit tiltak med avgrensa tidshorisont og omfang, og vi vil at eit raskare og meir framtidsretta oppsving i heile Europa lukkast med gjenreisingsprogrammet etter krisa. Dette er også i grunnleggande tysk interesse. Dei kvalitative krava og reformtiltaka som er avtalte innan ramma av NGEU må overhaldast. Vi vil sørgja for at tilbakebetalingane frå EU ikkje fører til kutt i EU-program og -midlar. [….] Vi vil sørgja for at midlar frå [det tyske] statsbudsjettet kan bli meir fleksibelt brukte innan EUs fleirårige finansramme og på denne måten særleg styrka program for transnasjonal infrastruktur, forsking og Erasmus. [….]

Prisstabilitet er grunnleggjande for Europas velstand. Vi tar folks frykt for ein stigande inflasjon svært alvorleg. Den europeiske sentralbanken kan derfor vareta mandatet sitt, som framfor alt forpliktar til målet om prisstabilitet, best når budsjettpolitikken til EU og medlemsstatane er i samsvar med ansvaret dei har påtatt seg.

Investeringar

Ein europeisk digital infrastruktur, eit felles jernbanenett, ein energiinfrastruktur for fornyeleg straum og hydrogen så vel som forsking og utvikling på verdsnivå er nødvendige føresetnader for europeisk handlekraft og konkurranseevne i det 21. hundreåret. Vi kjem til å ta initiativ til dette, og vil saman med våre europeiske partnarar setja i gang ein investeringsoffensiv som fokuserer på transnasjonale prosjekt med meirverdi for EU under eitt og som legg særleg vekt på å utbetra manglande koplingar mellom nett. Her skal både privat og offentleg kapital spela ei rolle.

Eit sosialt Europa

Vi vil støtta folk slik at dei kan møta dei enorme utfordringane ved den komande omstillinga og endringa på individuelt tilpassa vis. Vi vil fremja sosial utjamning oppover i heile EU, fullføra den indre marknaden, setja søyla for sosiale rettar ut i livet og kjempa mot sosial ulikskap. I samband med dette vil vi også nytta dei europeiske samordningsprosessane, som europeisk semester. Vi vil styrka tariffautonomi, tariffpartnarar og tariffbinding så vel som dei sosiale tryggingssystema i EU og i medlemsstatane i tråd med traktatane. Vi ønskjer demokratisk medråderett på europeisk nivå og å fremja og kraftfullt vidareutvikla europeiske bedriftsutval. Nasjonal medverknadsrett må respekterast og sikrast også ved grenseoverskridande bedriftsomstillingar, -fusjonar og -fisjonar. Det europeiske sosialfondet er eit viktig verkemiddel til å fremja sosial inkludering. Der det er nødvendig, må byråkratiske hinder byggast ned. Vi vil kjempa mot barnefattigdom og legga vekt på barn og ungdoms mogelegheiter og deltaking.

Vårt mål er reduksjon av lønnsforskjellar mellom kvinner og menn i heile Europa. Som eit tiltak støttar vi EU-retningslinja for lønnstransparens. Ei ærgjerrig utforming [av denne] må fanga opp situasjonen til flest mogleg kvinner, må vera ubyråkratisk og tilpassa små og mellomstore bedrifter, og leggja opp til eit rapporteringssystem tilpassa bedriftsstorleik og -yting. [….]

Eit kriseførebudd Europa

Vi går inn for ei sterk vernebuing mot katastrofar i EU og for felles innkjøp, samordning av produksjonen av kritiske varer så vel som reduksjon i kritiske importprodukt. For å førebu europeiske helsestyresmakter på kriser gir vi dei nødvendige fullmakter og ressursar. Potensialet til det europeiske helsedataområdet skal utnyttast samtidig som ein tar vare på personvernet og pasientrettane, og kampen mot antibiotikaresistens skal styrkast.

Europapolitisk samordning

Vi vil driva ein aktiv europapolitikk og ønskjer konstruktiv medverknad i utforming [av rettsakter], noko som også betyr at vi eintydig og tidleg vil ta stilling til forslag frå EU-kommisjonen gjennom ei meir stringent samordning. Som før vil samsvar med EU-lovgjeving prøvast, og dessutan spørsmålet om planlagde nasjonale tiltak kan gjennomførast målretta på europeisk nivå, prøvast i den nasjonale lovgjevingsprosessen. Vi vil sjekka om europeiske initiativ er i tråd med subsidiaritetsprinsippet.  

Vi vil setja EU-retten ut i livet på ein ubyråkratisk og medborgarnær måte. Likeså engasjerer vi oss på EU-nivå for løysingar som er tilpassa små og mellomstore bedrifter (SMB-testar).

Europeisk utanriks- og tryggingspolitikk

EUs utanrikspolitiske engasjement er vigd fred, internasjonale menneskerettar og konfliktførebygging. Vårt mål er eit suverent EU som kraftfull aktør i ei verd prega av utryggleik og systemkonkurranse. Vi går inn for ein verkeleg felles utanriks-, tryggings- og forsvarspolitikk i Europa. EU må opptre internasjonalt med større handlekraft og einskap. Vi vil derfor erstatta regelen om samrøystes vedtak med vedtak med kvalifisert fleirtal i den felles utanriks- og forsvarspolitikken (FUSP), og saman med våre partnarar utvikla ein mekanisme som på passande måte å kan trekka også dei mindre medlemsstatane med på denne vegen. Den felles europeiske utanrikstenesta, også rolla til Den høge representanten som verkeleg «EU-utanriksminister», må reformerast og styrkast. Vi står for eit utvida tryggingsomgrep. Vi vil særleg styrka kriseførebygging og sivil krisehandtering, mellom anna ved å senda ut meir sivilt personell. Vi vil slutta oss til The European Institute of Peace og gi offentleg støtte til ekspertisesenteret for sivil krisestyring.

 Vi vil konstruktivt medverka i arbeidet med eit «strategisk kompass» slik at EUs mål og middel på tryggings- og forsvarsområdet kan inngå i som del i den integrerte tilnærminga på ein ambisiøs måte. Vi går inn for eit sterkare samarbeid mellom dei nasjonale hærane til medlemsstatar som er innstilte på integrasjon, framfor alt når det gjeld utdanning, kapasitetar, innsats og utrusting, slik som til dømes Tyskland og Frankrike alt har planlagt. I samband med dette ønskjer vi å oppretta felles kommandostrukturar og eit felles sivilt-militært hovudkvarter. Ved alle desse stega må interoperabilitet og komplementaritet med Natos strukturar og kapasitetar sikrast. EUs sivile og militære misjonar ønskjer vi alltid skal inngå i eit overordna politisk konsept som tar omsyn til konfliktårsaker, legg opp ein exit-strategi og som er under parlamentarisk kontroll. Europaparlament skal få medverknads- og kontrollrettar under den mellombelse evalueringa av forsvarsfondet.

Europeiske partnarar

Vi har som mål eit sterkt tysk-fransk partnarskap, som levandegjer Aachen-avtalen og den tysk-franske parlamentarikarforsamlinga, til dømes gjennom ein ny strategisk dialog. Vidare vil vi driva fram utvida format som Weimar-trekanten med konkrete prosjekt. Tyskland og Polen er bundne saman i ein djup vennskap. Vi vil styrka arbeidet til aktørar i sivilsamfunnet (t.d. det tyske-polske ungdomssamarbeidet). Vi vil forbetra samarbeidet i grenseområde, t.d. gjennom grensespeidarar, regionale råd og eksperimenttiltak. Vi støttar dei seks Vest-Balkan-statanes EU-tiltredingsprosess og reformene som er nødvendige i så måte for å møta alle København-kriteria. I denne samanheng styrkar vil sivilsamfunnet og støttar vidare tilnærmingssteg. Deretter må dei første medlemskapskapitla med Albania og Makedonia opnast, visa-liberalisering med Kosovo vedtakast og forhandlingane med Makedonia vidareførast.

Vi støttar den EU-leia normaliseringsdialogen mellom Kosovo og Serbia og strevet for ein varig fred i Bosnia-Hercegovina på grunnlag av bevaring av territorial integritet og overvinning av etnisk splid. Parallelt med medlemskapsforhandlingane må EU forbetra sin opptakskapasitet.

Vi bekjenner oss til ein felles europeisk politikk overfor Storbritannia og søkjer i denne samanheng eit nært bilateralt samarbeid. Vi insisterer på fullstendig overhalding av dei inngåtte avtalane, spesielt når det gjeld Nord-Irland-protokollen og langfredag-avtalen. I tilfelle standardar og prosedyrar ikkje blir respekterte går vi inn for ein konsekvent bruk av alle avtalte tiltak og mottiltak.  Vi vil retta vår innsats i ungdoms-, kultur- og utdanningspolitikken inn mot ei felles europeisk ramme, og eventuelt også trekka det regionale nivået med.

Fri rørsle i EU

Fri rørsle er ei av EUs viktigaste landevinningar. Det er viktig for oss å forsvara og utforma den på rettvis måte. Vi ønskjer å atterreisa Schengen-områdets integritet og nytta unntaksmogelegheiter meir restriktivt og ikkje utan rådføring med dei europeiske partnarane våre. Ved framtidig utviding av Schengen-området vil vi i tillegg til dei eksisterande tryggingskriteria også legga særleg vekt på respekt for rettsstaten og humanitære standardar. Vi ønskjer å styrka den frie rørsla innan utdanning i EU. Vi treng ein digitaliseringsframstøyt for å byggja ned byråkrati, for enklare behandling av fri rørsle, raskare gjennomslag for eksisterande krav så vel som for å letta kampen mot svindel og misbruk. Derfor støttar vi eit nytt forsøk på å innføra eit europeisk personnummer, også for lettare å kunna gjera eksisterande portabilietskrav gjeldande.

I medlemsstane har det utvikla seg ulike system for tenesteyting, eigenforvalting og eigenkontroll, særleg i frie yrke. Desse forskjellane må EU-rettsakter ta omsyn til. Vi ønskjer ein informasjonsplattform på alle EU-språk om system for aldertrygd, krav for sosialtrygd, skattlegging og portabilitet så vel som informasjon om arbeidsrett i medlemsstatane. Vi ønskjer ei regelfast gjennomføring av retningslinja for utstasjonering av medarbeidarar og ei enkel behandling og iverksetting av denne, slik at utstasjonerte arbeidstakarar kan beskyttast, og dessutan effektive og verksame kontrollar for å etterforska i svindel og misbruk. [….]

Europautgreiinga: Fakta om Noregs demokratiske underskot overfor EU

Utvalsleiar Fredrik Sejersted overrekk europautgreiinga til utanriksminister Jonas Gahr Støre. Foto:UD.

Europautgreiinga, ein 911 siders mursteinsrapport som gjennomgår alle sider ved Noregs forhold til Den europeiske unionen, vart lagt fram 17. januar på Litteraturhuset i Oslo (sjå info og tilgang til videoopptak her). Utvalet som har utarbeidd verket, kalla «Utenfor og innenfor: Norges avtaler med EU,» har bestått mest av forskarar. Leiaren var professor Fredrik Sejersted frå Senter for europarett ved Universitetet i Oslo, og sekretær Ulf Sverdrup, som tilhøyrte europaforskingssenteret Arena ved UiO då han vart rekruttert (men er sidan tilsett som direktør ved Norsk Utanrikspolitisk institutt).

Med lupe og reknemaskin har Sejersted & Co. gått gjennom heile forholdet mellom Noreg og EU til og med verpehønedirektivet. Målsettinga har vore å skapa «grunnlag for en kunnskapsbasert og realitetsorientert europadebatt.»  Det viktigaste nye er dokumentasjonen av kor omfattande Noregs forhold til EU er blitt. Utgreiinga er «beretningen om en omfattende europeisering av Norge de siste tjue årene», heiter det.

Utvalet har kome fram til at Noreg er med på tre firedelar av all EU-rett. Dette er mykje meir enn neisida har hevda, men også mindre enn jasida har påstått. Sejersted & Co. sitt anslag byggjer på nokre skjønnsmessige føresetnader og ei bestemt metodisk tilnærming, men er nok det som vil bli ståande. Det er veldig bra at vi nå har fått velfundert, forskingsbasert tal på dette.

Eit anna hovudpoeng i rapporten er kor ukontroversielt Noregs forhold til EU er blitt. Av dei 287 samtykkeproposisjonar skiftande regjeringar har sendt til Stortinget, er 265 vedtatt samrøystes. Dei andre 22 er i hovudsak vedtatt med breitt fleirtal. Av 6000 nye EU-rettsaker som er tatt inn i EØS-avtalen, har det berre vore forslag om å bruka reservasjonsretten på 17. Retten er hittil ikkje brukt (men han kan som kjent bli brukt for første gong i nær framtid, mot postdirektivet).

Fleirtalet i utvalet (Nei til EUs Dag Seierstad har flest særmerknader) meiner at avtalane med EU har varetatt norske interesser og verdiar i samsvar med Stortingets ønskje. Avtalane har dessutan fungert «langt bedre enn mange forventet».  Men rapportens viktigaste kritiske poeng er at å vera «utenfor og innenfor» er prinsipielt vanskeleg. Med Sejersteds spissformulering er dei prinsipielle problema større enn dei praktiske.

Det mest problematiske er det demokratisk underskotet avtalane medfører. Noreg har bunde seg til å oveta politikk og reglar frå EU over eit svært breitt felt utan å vera medlem, utan røysterett og utan i praksis å ha særleg innverknad på det regelverket ein innfører. EØS-avtalen er såleis eit kompromiss mellom omsynet til demokrati og omsynet til andre interesser og verdiar. Den «demokratiske mangelen ved den norske tilknytningsformen er strukturell, og kan ikke løses innenfor rammene av dagens modell,» heiter det. Utvalet er særleg opptatt av kor lite offentleg debatt det har vore om forholdet til EU etter at EØS-avtalen vart underteikna. Skolebøker er så godt som tause om europeiseringa, mediadekninga flat eller fallande.

Det var eit godt grep av utanriksminister Jonas Gahr Støre å setja i gang ei slik forskingsbasert utgreiing. Sejersted & Co. har flytta nokre empriske merkesteinar og dermed levert eit solid bidrag til ein meir «kunnskapsbasert og realitetsorientert» norsk europadebatt. Dette viser også nytta vi har av å ha nokre sterke europaforskingsmiljø i Noreg.

For eigen del saknar eg vurdering av eitt poeng i den elles svært komplette rapporten: Det manglande EU-medlemskapets tyding for norsk engasjementspolitikk. Utanforskapet har gitt norske utanrikspolitikarar og norsk utanriksteneste både behov for og ressursar til å engasjera seg i saker til dels langt utanfor Europa. Dette har også medverka til at vi har hatt så lite europadebatt i Noreg dei siste åra. Det har dessutan ein sjølvforsterkande effekt: dess lenger utanforskapet varer, dess sterkare blir fokuset på ikkje-Europa. Dette medverkar også til at Noreg har eit svært spesielt, ja, reint ut sagt merkeleg, forhold til Europa samanlikna med andre europeiske land.

Utanriksdepartementet skal nå som oppfølging av utgreiinga skriva ei stortingsmelding om Noregs forhold til EU. Meldinga vil mellom anna drøfta dei konkrete forslaga i «Utenfor og innenfor».  Den påfølgjande debatten vil visa om europautgreiinga har greid å flytta også politiske merkesteinar. Handlingsrommet er i realiteten fint lite.

Det einaste logiske svaret på dei utfordringar utgreiinga peikar på, er EU-medlemskap. Men EØS-avtalen m.m. er altfor nyttig som politisk kompromiss i den særnorske EU-striden, og EU går for dårleg og Noreg for bra, til at det spørsmålet kjem på dagsorden igjen med det første. Samstundes er det utenkeleg at det vil bli fleirtal på Stortinget for mindre omfattande avtalar enn i dag. Sejersted-utvalet føreslår rett nok å vurdera å slå saman alle nåverande avtalar til ein, og listar fordelar og ulemper ved dette. Sett frå norsk side er kanskje risikoen ved dette større enn fordelane. Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får.

Men EU-sida vil også studera Sejersted-rapporten og dessutan gjera si eiga vurdering. Det er mogleg Kommisjonen tar initiativ til mindre endringar sjølv. I det store og det heile er likevel EU svært så nøgd med tingas nåverande tilstand.

Til saman betyr nok dessverre dette at det meste i norsk europapolitikk blir som før i oveskodeleg framtid. Om vi er ute etter europapolitisk spenning og dynamikk, må vi sjå til EU, ikkje til Noreg.

Nytt EU-tog utan Storbritannia: Euroen er bombe i lasta

Rådspresident van Rompuy og kommisjonspresident Barroso på EU-toppmøtet denne veka. © European Union, 2011

EU har lagt bak seg nok eit krisetoppmøte. Det er historisk at det store fleirtalet medlemsland steig på eit nytt høghastigheitstog med Tyskland og Frankrike som lokomotiv, mens Storbritannia stod igjen på perrongen.  Men euroen er med som ei bombe i bagasjevogna. Om bomba går av, vil truleg visa seg om kort tid. I så fall sporar det flotte nye toget av lenge før det kjem i ordentleg fart.

(Oppdatert 15.12.2011) Svært mykje kan seiast om utfallet av toppmøtet. EUs eigen informasjon kan du lesa her. Sjå spesielt ordlyden i erklæringa frå eurolandas stats- og regjeringssjefar. Eg meiner at det viktigaste som skjedde er følgjande:

  • Det skal koma ein ny, separat «euro pluss»-avtale utanom det eksisterande EU-traktatverket. Den nye avtalen skal ha meir robuste reglar for kor stort (dvs. lite) underskot deltakarlanda kan ha på sine statsbudsjett og kor stor gjeld dei kan ta opp. I tillegg kjem retningslinjer for sanksjonar mot overtredarar, overvaking, krisefond og liknande. Mykje gjenstår å avklara, mellom anna kva rolle Europakommisjonen og Europadomstolen vil ha i det nye systemet. Dette blir ikkje enkelt.
  • Den nye avtalen vil vera open for alle nåverande medlemsland, men vil  i utgangspunktet gjelda dei 17 landa som pr. i dag har euro som fellesvaluta. Ordlyden i erklæringa om dette er: «Considering the absence of unanimity among the EU Member States, they decided to adopt them through an international agreement to be signed in March or at an earlier date. The objective remains to incorporate these provisions into the treaties of the Union as soon as possible. The Heads of State or Government of Bulgaria, Czech Republic, Denmark, Hungary, Latvia, Lithuania, Poland, Romania and Sweden indicated the possibility to take part in this process after consulting their Parliaments where appropriate.»
  • David Cameron er dermed den einaste regjeringssjefen som har sagt seg uvillig til å delta. Men truleg vil det oppstå strid om deltaking i mange EU-land, og i alle land vil nasjonale parlament måtta gi sitt samtykke. Eg har vanskeleg for å tru at dette kan gå så fort som det vart påstått på toppmøtet, dvs.at den nye traktaten blir vedtatt på toppmøtet i mars. Det dreiar seg om overføring av ein god del nasjonal suverenitet, og all erfaring tilseier at dette fører til lang og hard debatt. Ikkje minst kan det gode, gamle EU-landet Nederland igjen bli ein torpedo.
  • For euroens overleving på kort sikt blir det viktig korleis finansmarknadane vurderer utfallet av toppmøtet. Eg ville bli overraska om dei slår seg til ro med dette. Viss ikkje, blir det avgjerande kor langt den Den europeiske sentralbanken er villig til gå. Mykje talar for at det går mot eit endespel der det blir opp til sentralbanken å redda euroen med støttekjøp av statsgjeld (populært sagt å la seddelpressa gå). I så fall vil nok banken måtta visa korta heller før enn seinare. Store statslån forfell alt tidleg i 2012. Dersom euro-samarbeidet bryt saman, må EU tilbake til teiknebrettet. Konsekvensane er uoverskodelege i dag.
  • I Noreg har vi halde orden i eige hus. Det hadde vi sikkert også klart om vi hadde vore med i EU, til og med om vi hadde hatt euro som betalingsmiddel (sjå på Finland). Vi hadde måtta stilt opp med større redningsmidlar enn nå, men det hadde vi også hatt råd til. Slik det er nå, observerer vi frå sidelinja. Men vi blir sjølvsagt sterkt berørt av det som skjer. To scenario avteiknar seg:
  • Dersom euroen overlever og ein ny euro pluss-avtale kjem på plass, vil framleis den indre marknaden liggja i botnen. Dermed vil EØS-avtalen bestå. Men fordi den indre marknaden truleg vil vera endå tettare knytt til den økonomiske og monetære unionen (ØMU) som euro pluss-avtalen regulerer, vil det bli endå vanskelegare for EØS-avtalen og dermed for Noreg å henga med. Vi vil dessutan i utgangspunktet stå utan nokon avtale med den nye, indre kjernen i EU. EU går inn i ein ny, endå meir overnasjonal fase og Noreg blir ytterlegare marginalisert.
  • Dersom euroen bryt saman, er alt opent. Vi kan i beste fall stå igjen med dagens EU minus ØMU, noko som i utgangspunktet ivaretar EØS-avtalen. Men truleg vil eit eurokræsj føra til atskilleg meir turbulens i EU, med uføreseielege følgjer for Noregs avtalar. EUs merksemd vil i alle fall ikkje først og fremst bli retta mot Noreg, Island og Liechtenstein. Respekterte kommentatorar som Wolfgang Münchau i Financial Times meiner ein ny europluss-traktat vil føra til at det nåverande EU bryt saman sjølv om euroen overlever. Då fell sjølvsagt også heile Noregs avtaleverk med EU bort, og vi må byrja heilt på nytt.
  • EU er uansett i støypeskeia igjen, og det meir enn nokon gong sidan Messina-konferansen i 1955. Det meiner eg er det viktigaste signalet frå toppmøtet i Brussel denne veka.

For ordens skuld: eg arbeider ikkje med EU-spørsmål i UD, og synspunkta over står heilt ut for mi egia rekning.