
Med lupe og reknemaskin har Sejersted & Co. gått gjennom heile forholdet mellom Noreg og EU til og med verpehønedirektivet. Målsettinga har vore å skapa «grunnlag for en kunnskapsbasert og realitetsorientert europadebatt.» Det viktigaste nye er dokumentasjonen av kor omfattande Noregs forhold til EU er blitt. Utgreiinga er «beretningen om en omfattende europeisering av Norge de siste tjue årene», heiter det.
Utvalet har kome fram til at Noreg er med på tre firedelar av all EU-rett. Dette er mykje meir enn neisida har hevda, men også mindre enn jasida har påstått. Sejersted & Co. sitt anslag byggjer på nokre skjønnsmessige føresetnader og ei bestemt metodisk tilnærming, men er nok det som vil bli ståande. Det er veldig bra at vi nå har fått velfundert, forskingsbasert tal på dette.
Eit anna hovudpoeng i rapporten er kor ukontroversielt Noregs forhold til EU er blitt. Av dei 287 samtykkeproposisjonar skiftande regjeringar har sendt til Stortinget, er 265 vedtatt samrøystes. Dei andre 22 er i hovudsak vedtatt med breitt fleirtal. Av 6000 nye EU-rettsaker som er tatt inn i EØS-avtalen, har det berre vore forslag om å bruka reservasjonsretten på 17. Retten er hittil ikkje brukt (men han kan som kjent bli brukt for første gong i nær framtid, mot postdirektivet).
Fleirtalet i utvalet (Nei til EUs Dag Seierstad har flest særmerknader) meiner at avtalane med EU har varetatt norske interesser og verdiar i samsvar med Stortingets ønskje. Avtalane har dessutan fungert «langt bedre enn mange forventet». Men rapportens viktigaste kritiske poeng er at å vera «utenfor og innenfor» er prinsipielt vanskeleg. Med Sejersteds spissformulering er dei prinsipielle problema større enn dei praktiske.
Det mest problematiske er det demokratisk underskotet avtalane medfører. Noreg har bunde seg til å oveta politikk og reglar frå EU over eit svært breitt felt utan å vera medlem, utan røysterett og utan i praksis å ha særleg innverknad på det regelverket ein innfører. EØS-avtalen er såleis eit kompromiss mellom omsynet til demokrati og omsynet til andre interesser og verdiar. Den «demokratiske mangelen ved den norske tilknytningsformen er strukturell, og kan ikke løses innenfor rammene av dagens modell,» heiter det. Utvalet er særleg opptatt av kor lite offentleg debatt det har vore om forholdet til EU etter at EØS-avtalen vart underteikna. Skolebøker er så godt som tause om europeiseringa, mediadekninga flat eller fallande.
Det var eit godt grep av utanriksminister Jonas Gahr Støre å setja i gang ei slik forskingsbasert utgreiing. Sejersted & Co. har flytta nokre empriske merkesteinar og dermed levert eit solid bidrag til ein meir «kunnskapsbasert og realitetsorientert» norsk europadebatt. Dette viser også nytta vi har av å ha nokre sterke europaforskingsmiljø i Noreg.
For eigen del saknar eg vurdering av eitt poeng i den elles svært komplette rapporten: Det manglande EU-medlemskapets tyding for norsk engasjementspolitikk. Utanforskapet har gitt norske utanrikspolitikarar og norsk utanriksteneste både behov for og ressursar til å engasjera seg i saker til dels langt utanfor Europa. Dette har også medverka til at vi har hatt så lite europadebatt i Noreg dei siste åra. Det har dessutan ein sjølvforsterkande effekt: dess lenger utanforskapet varer, dess sterkare blir fokuset på ikkje-Europa. Dette medverkar også til at Noreg har eit svært spesielt, ja, reint ut sagt merkeleg, forhold til Europa samanlikna med andre europeiske land.
Utanriksdepartementet skal nå som oppfølging av utgreiinga skriva ei stortingsmelding om Noregs forhold til EU. Meldinga vil mellom anna drøfta dei konkrete forslaga i «Utenfor og innenfor». Den påfølgjande debatten vil visa om europautgreiinga har greid å flytta også politiske merkesteinar. Handlingsrommet er i realiteten fint lite.
Det einaste logiske svaret på dei utfordringar utgreiinga peikar på, er EU-medlemskap. Men EØS-avtalen m.m. er altfor nyttig som politisk kompromiss i den særnorske EU-striden, og EU går for dårleg og Noreg for bra, til at det spørsmålet kjem på dagsorden igjen med det første. Samstundes er det utenkeleg at det vil bli fleirtal på Stortinget for mindre omfattande avtalar enn i dag. Sejersted-utvalet føreslår rett nok å vurdera å slå saman alle nåverande avtalar til ein, og listar fordelar og ulemper ved dette. Sett frå norsk side er kanskje risikoen ved dette større enn fordelane. Vi veit kva vi har, men ikkje kva vi får.
Men EU-sida vil også studera Sejersted-rapporten og dessutan gjera si eiga vurdering. Det er mogleg Kommisjonen tar initiativ til mindre endringar sjølv. I det store og det heile er likevel EU svært så nøgd med tingas nåverande tilstand.
Til saman betyr nok dessverre dette at det meste i norsk europapolitikk blir som før i oveskodeleg framtid. Om vi er ute etter europapolitisk spenning og dynamikk, må vi sjå til EU, ikkje til Noreg.