Russaranes ansvar

Dette er eit svar til Eriksens og Nystuens kommentarar i Aftenposten. Avisa lovde å trykka svaret, men sidan det ennå ikkje har skjedd, legg eg det ut her. I kommentarar til mitt innlegg i Aftenposten 16. mars åtvarar Arne Thodok Eriksen (22. mars) og Gro Nystuen (23. mars) mot å legga kollektiv skuld på det…

Putins kamp mot Vesten

"Russerne er ikke kollektivt skyldige i Putins krig", var overskrifta over eit innlegg av sju norske russlandsekspertar i Aftenposten nyleg. Ja, det er klart Putin er den hovudansvarlege. Men han hentar dessverre legitimitet for invasjonen av Ukraina i ein imperialistisk nasjonalisme med lange historiske røter og brei oppslutnad i det russiske samfunnet. I så måte…

Natos austutviding: Russland vart ikkje lurt

USA, Sovjetunionen, Vest-Tyskland, Frankrike, Aust-Tyskland og Storbritannia sine utanriksministrar på underteikningsmøtet for to pluss fire-traktaten 12. september 1990. Foto: dpa/akg-images. Aftenpostens Frank Rossavik skriv i ein kommentar i dag 26.02.22 at "Sovjetunionen i 1990 fikk muntlige løfter fra vestlige stormaktsledere om at Nato ikke skulle ta opp nye medlemmer i øst." Som belegg for dette…

Kva betyr det å vera europear i dag?

Europa gjennomgår ei identitets- og legitimitetskrise. I ei verd prega av nasjonalistisk populisme, ei pågåande flyktningkrise, ein stadig meir utstabil neoliberal verdsorden, klimakrise og koronapandemi må europearane på nytt ta stilling til kva det skal bety å vera europear. Det hevdar Shane Weller, professor i samanliknande litteratur ved universitetet i Kent, i si nye bok…

Mot ein meir offensiv tysk europapolitikk

Koalisjonsavtalen mellom dei tre partia som vil danna ny regjering i Tyskland varslar ein meir offensiv tysk europapolitikk. I avtalen, som vart offentleggjort 24. november, heiter det mellom anna at "trafikkfyrregjeringa" mellom SPD, FDP og Dei grønne meiner konferansen om framtidas Europa "bør munna ut i eit forfatningsgjevande konvent og gjennom vidareutvikling føra til ein…

Konferansen om framtidas Europa og EUs demokratiske legitimitet

10. mars 2021 vedtok presidentane for Europaparlamentet, Det europeiske rådet og Europakommisjonen å setja i gang ein ny «konferanse om framtidas Europa». Dette skal bli ein demokratisk «nedanfrå-og opp»-eksersis som skal munna ut i konkrete forslag som helst skal presenterast under det franske EU-formannskapet i første halvår 2022. Forslag til traktatendring er ikkje nemnt, men…

Europearen Edvard Munch

I høve 150-årsjubileet for Edvard Munchs fødsel las eg i sommar Atle Næss sin Munch-biografi frå 2004. Ei velskriven og veldokumentert bok som eg varmt kan tilrå. Her framgår det tydeleg kor europeisk Munch var. Han reiste og oppheldt seg mykje ute i Europa, og spesielt i Frankrike og Tyskland. Det var også her han hadde sine…

Ein verdig fredsprisvinnar

«EU ingen verdig vinner» er parolen til «Fredsprisinitiativet 2012» og det alternative fakkeltoget søndag 9. desember, som Noregs fredsråd har tatt initiativ til. Tre tidlegare fredsprisvinnarar, blant anna Desmond Tutu, støttar initiativet. Til og med Redd Barnas Ungdom skal gå i tog mot EU. Kritikken mot fredspristildelinga går på at EU er eit politisk prosjekt med…

The Forty Days of Musa Dagh

I recently read the great novel Forty days of Musa Dagh by Franz Werfel. It contains the dramatic story of the five thousand Armenians living in the north-eastern corner of the Mediterranean who in 1915 fled up the mountain Musa Dagh ("Moses' rock") to avoid deportation and probable death at the hands of the Ottoman authorities. The Sublime Porte (government) in Istanbul was…