
Det var sterkt, men surrealistisk å delta på hyllesten av EU i nei-landet Noreg under fredspris-aktivitetane måndag og tysdag. EU står nærast i brann, Noreg har sagt nei til EU-medlemskap to gonger og fleire nordmenn enn nokon gong er mot medlemskap. Så kjem tre EU-presidentar og 18 stats- og regjeringssjefar frå EU hit for å motta verdas mest prestisjetunge pris og bli feira i banketthallar, på gatene, TV og radio og i Oslos største konsertlokale. 2000 gjekk i tog for fredsprisen til EU, tre gonger så mange som i protesttoget, og sikkert 8000 var på fredspriskonsert. Utanriksministeren i ei regjering der nei-partia Sp og Sv er med prisar EU opp i skyene. Europa-kommisjonens president blir så rørt han må tørka tårer, og takkar det norske folket for fredsprisen.
Er dette det endelege provet på at Noreg ikkje er av denne verda?
Uansett, moro var det, og EU både fortente og trong all den rosen som kom. Og vi nordmenn hadde veldig godt av å få EU nært innpå livet igjen, for første gong på 18 år (er det verkeleg så lenge sidan folkerøystinga i 1994?), og bli minte om breidden, innhaldet og seriøsiteten i samarbeidet. Mange gode talar vart haldne. Det europeiske rådets president Herman van Rompuy vågde å seia det: «Eg er stolt over å vera europear!». Europakommisjonens president Jose Manuel Barroso fann dei rette orda for kva EU og Europa står for: fred, fridom, rettferd. Og Nobel-komiteens formann og Europarådets generalsekretær Thorbjørn Jagland uttrykte ei historisk norsk anerkjenning av europatanken (som eg skreiv i eit tidlegare innlegg). Norsk!
Det låg ein djup symbolikk i å dela ut prisen til EU representert ved tre eldre herrar i mørk dress, den eine meir ukarismatisk enn den andre. Endeleg var det tålmodig, praktisk politisk handverk for fred som vart æra. Langsiktig institusjonsbygging. Fredsprisen i år vart ein hyllest til den praktiske kvardagsidealismen. Det er den som tel i det lange løp.
Takk Jagland!