Malta: Europas ”yderste nøgne ø”

Grand Harbour, Valletta, Malta. Foto: TN
Påskeferien vart i år lagt til Europas ”yderste nøgne ø” mot sør – Malta. Dette framleis nokså fattigslege øysamfunnet har vore nettomottakar av EU-overføringar sidan det vart medlem i 2004. Men i eit langt historisk perspektiv har Europa mykje å takka maltesarane for.

Kosmopolitiske Malta

Malta er med sine vel 400 000 innbyggjarar og 316 kvadratkilometer eit av Europas minste land. Malta vart medlem av EU i 2004 og innførte euro som valuta i 2008. Økonomien er avhengig av omskiping (spesielt av olje), industri (spesielt elektronikk og tekstilar) og turisme. Bank- og finansverksemd er også viktig. Levestandarden (BNI/capita) er likevel den lågaste i Vest-Europa. Malta er nettomottakar av EU-midlar, men mottar lite i høve til sentral- og austeuropeiske land.

Øygruppa, som består stort sett av kalkstein og har lite grøderik jord og ferskvatn, ligg sør for Sicilia og faktisk også sør for Alger og Tunis i Nord-Afrika (men litt nord for Kreta og Kypros). Malta har derfor også vore både møtestad og gnissingspunkt mellom Europa, Asia og Afrika. Opp gjennom historia har Malta vore regjert av grekarar, fønikarar, kartagarar, romarar, bysantinarar, arabarar, normannarar, Hohenstaufen-tyskarar, aragonarar, (spanske) habsburgarar, johanittarriddarar, franskmenn og britar.

Etnisk sett slektar dagens maltesarar truleg mest på dei gamle fønikarane, men dei har også italienske, arabiske, britiske og andre europeiske gener. Språket er klassifisert som semittisk, og er ein avleggar av siculu-arabisk (frå tida då arabarane kontrollerte Sør-Italia og Sicilia), med mange innslag av siciliansk dialekt, italiensk, fransk og etter kvart engelsk.

Katolske Malta

Påskeprosesjon i Valletta. Foto: TN

Malta var eit av dei første områda i verda som vart kristna. Det skal ha skjedd etter at apostelen Paulus av Tarsus stranda her i år 60 e.Kr. under ein seilas til Roma. Dette skal vera ein del av forklaringa på kvifor maltesarane er så ivrig praktiserande katolikkar. Tre av fire (75%) maltesarar oppgav i 2009 å gå i kyrkja minst kvar søndag. Det er fleire enn i noko anna land, inkludert Polen (63%) og USA (43%), for ikkje å nemna Noreg (3%). Det finst då også uvanleg mange flotte kyrkjer på Malta (dei fleste i barokkstil), som ute på landet gjerne står i sterk kontrast til heller usle omgivnader.

Men nyare historiske hendingar er truleg viktigare grunnar til maltesaranes kristendom. I middelalderen låg øygruppa midt i skjæringspunktet mellom kristendommen og islam. I 870 vart Malta herja av muslimske arabarar frå Sicilia, og vart liggjande øyde til ei siculu-arabisk rekolonisering frå 1048-49. Denne varte truleg til den normanniske hertugen Roger I tok øya i 1091. Som resten av den kristne delen av middelhavskystane, vart Malta utsett for gjentatte berberiske sjørøvarherjingar i åra som følgde. På det tidlege 1500-talet gjekk berberarane frå Nord-Afrika i allianse med den ottomanske sultanen mot den spanske krona, som hadde kasta dei ut av Spania og nå heldt på å erobra strategiske byar på kysten av Nord-Afrika. I 1551 herja berberiske piratar Gozo, den nordlege øya i øygruppa der Malta er hovudøya. Så godt som alle innbyggjarane, om lag 5000 i talet, vart ført til Nord-Afrika som slavar.

Johanittarordenen

Dette må sjåast på bakgrunn av at den spansk-tyske habsburgkeisaren Karl 5. i 1530 gav Malta til johanittarordenen (seinare derfor også kalla maltesarordenen), oppkalla etter døyparen Johannes. Til gjengjeld kravde keisaren berre å få ein maltesarfalk i gåve kvart år. Johanittarane var ein kristen riddarorden som vart oppretta på 1000-talet for å tilby sjukepleie til pilgrimar i Det heilage landet.

Etter at krossfararar tok Jerusalem frå arabarane i 1099 fekk ordenen gradvis meir militært preg. I 1154 vart ordenen lagt direkte under paven. Gradvis tok arabarane landet tilbake, og i 1291 vart dei siste riddarane kasta ut. Dei drog då i første omgang til Kypros, men erobra i 1309 Rhodos.

Sultan Suleiman I den Store

Johanittarriddarane klora seg fast på Rhodos i over to hundre år, trass i stadige arabiske og tyrkiske åtak, og dreiv herfrå utstrekt plyndring og slavetaking mot muslimske skip og område. Men sultan Suleiman I den Store sette i 1522 i land over 200 000 mann og gjorde johanittarane igjen heimlause. Riddarane fekk fritt leide ut av Rhodos mot løfte om aldri å plaga ottomanske skip igjen.

Det var etter dette johanittarordenen fekk overta Malta. Dei var snart i gang igjen med sine åtak mot muslimske mål. Suleiman bestemte seg derfor for å gjera endeleg slutt på plageåndene. Å ta Malta var dessutan strategisk viktig i den ottomanske ekspansjonen mot vest. Kontroll over Malta ville gi ottomanane eit avgjerande forsyningspunkt for erobring av Sicilia og Italia og kanskje vidare nordover. Det ottomanske riket hadde tatt Konstantinopel i 1453, og prøvde seg mot Italia for å ta Roma i tiåret etter. Hundre år seinare hadde Suleiman den Store lagt størsteparten av dagens Ungarn til eit rike som då omfatta langt meir enn det tidlegare austromerske riket. I 1529 tok han nesten Wien. Heile det austlege Middelhavet var ottomansk og muslimsk kontrollert. Det same galdt Svartehavet og i stor grad Raudehavet og Persiagolfen.

Beleiringa av Malta i 1565

I mai 1565 byrja ein flåte med truleg om lag 30 000 mann frå Konstantinopel og Nord-Afrika å beleira Malta. Øya vart forsvart av 6000-8000 menn, kvinner og barn, blant dei om lag 500 riddarar og 3000 maltesarar. I september, etter tap av minst ein tredel av styrkane på begge sider (og etter 130 000 tyrkiske kanonkuler), gav beleirarane opp.

Jean Parisot de la Valette, stormeister for johanittarriddarane på Malta under beleiringa i 1565

Då hadde ein unnsetningsstyrke på ca 8 000 mann kome frå Sicilia. Men dei kom så seint at i realiteten hadde ordenen og maltesarane, under leiing av stormeister Jean Parisot de la Valette, utmatta angriparane aleine. Utfallet sveisa då også riddarane og maltesarane saman og styrka dessutan maltesaranes kristne identitet. Johanittarordenen regjerte på Malta fram til han vart kasta ut av Napoleon i 1798.

Nederlaget i 1565 vart eit vendepunkt for den ottomanske ekspansjonen vestover. Konstantinopel prøvde aldri å ta Malta igjen (Suleiman retta i staden igjen merksemda mot Ungarn, men døydde året etter, i 1566). Sidan fekk dessutan Italia og dermed også Vest-Europa vera i fred. Eit nytt strategisk tilbakeslag kom då Den høge porten mista heile flåten sin og 30 000 mann i slaget ved Lepanto i 1571. Sultanen klarte likevel å ta Kreta på 1600-talet og beheldt kontrollen over mesteparten av den nordafrikanske kysten til 1800- og til dels 1900-talet. Men ein multinasjonal europeisk hærstyrke avviste tyrkaranes siste åtak på Wien i 1683. Dette vart det store historiske vendepunktet for det osmanske riket.

Nytt heltemot under andre verdskrig

Den neste store innsatsen for Europa gjorde Malta under andre verdskrig. Inntil 1937 var hamnene rundt Valletta, nå under britisk herredømme, hovudbasen for den britiske middelhavsflåten. Men då Italia erklærte krig i 1940, hadde britane berre ein garnison, nokre få fly og lite proviant på Malta. Som britisk koloni nær Italia og midt i aksemaktenes skipsfartslei, vart Malta bomba sønder og saman i løpet av krigen. Ingen annan stad i verden skal ha fått så mange bomber per kvadratkilomenter som byen rundt Grand Harbour. Men tyskarane lukkast aldri med å ta øya.

I 1943 tildelte den britiske kongen, Georg 6., georgskrossen til ”øyfestninga Malta og innbyggjarane” for utvist mot under bombardementet. Denne høgaste britiske sivile utmerkinga er nå ein del av det maltesiske flagget. Krigserfaringa medførte elles at maltesarane forsonte seg med Storbritannia og gjorde engelsk til sitt andre offisielle språk. Tidlegare hadde mange nasjonalistar gått inn for union med Italia, og italiensk hadde vore utbreidd.

Johanittarordenes flagg i historiespel på Fort St Elmo, Valletta, Malta, i 2005

Ein kuriositet til slutt: Johannittarordenens flagg liknar svært på det danske, berre at dei raude flatene er kvadratiske. Grunnen til dette skal vera at det var eit ordensflagg som dalte ned som frå himmelen då danskekongen var hardt pressa under slaget ved Lyndanisse (dagens Tallinn) i 1219. I følgje eit sagn skal flagget kan ha blitt tatt av vinden frå nokre tyske johanittarriddarar som kjempa i nærleiken. Det tilsynelatande underet sette mot i dei danske soldatane og gav kong Valdemar siger. Flagget er i dag det danske nasjonalflagget, Dannebrog (Høiberg 2011, s.24). Fordi det danske flagget er utgangspunktet for det norske, kan det såleis faktisk vera at vårt norske flagg har johanittarordenes flagg som førelegg.

Europeisk «payback time»

På denne bakgrunn kan overføringane frå EU til Malta sjåast som europeisk ”payback time”. Faktisk støttar også Noreg Malta, gjennom finansieringsordningane under EØS-avtalen. EØS-landa Noreg, Island og Liechtenstein har forplikta seg til å overføra 8,12 millionar euro til Malta i perioden 2004-2014 (NOU 2012:2, s. 765). I hovudbyen Victoria på Gozo kom vi då også over skilt som viser at vi hjelper til å pussa opp det gamle citadellet der, bygd som tilfluktsstad for berberiske sjørøvaråtak (sjå bildet under).

EØS-støtte markert på citadellet i Victoria, Gozo. Foto: TN

Fotnote om det ottomanske riket og Europa:

I lys av det som nå føregår i Tinghuset i Oslo er det sikkert ikkje uproblematisk å skriva at Europa kan «takka» Malta og johanittarriddarane for å ha slått tilbake den tyrkiske beleiringa i 1565. Ein ting er at det ingen av partane oppførte seg akseptabelt etter våre dagars mål. Både kristne og muslimar gjorde seg skuldige det vi nå vil kalla krigsbrotsverk. Til dømes gav stormeister de la Valette etter tapet av Fort St Elmo i 1565 ordre om å halshogga alle tyrkiske fangar og å skyta hovuda deira over til fienden med kanon. Dette skjedde etter at fire hovudlause riddarlik kom flytande med straumen over hamna frå tyrkisk side (Bradford 1961, ss. 139-141).

Ein annan ting er at «den stygge tyrken» har fått eit ufortent dårleg rykte i Europa. Til dømes let ottomanane kristne og jødiske innbyggjarar i områda dei erobra ha relativt stor fridom og sjølvstyre. Mange både ortodokse og protestantiske kristne ville heller bli styrt av muslimar enn av katolikkar. Etter Reformasjonen søkte ein del særleg franske protestantar tilflukt i Konstantinopel. Som habsburgarriket og Tsar-Russland var det ottomanske riket kosmopolitisk og derfor lenge ei viktig motkraft mot den øydeleggjande nasjonalismen som oppstod i Vest-Europa.

Men ottomanane dreiv trass alt eit aggressivt erobringstokt. Etter erobringa av Konstantinopel kalla sultanen seg medvite romersk keisar, og målet med ekspansjonen mot vest (og aust) var verdsherredømme. Dei representerte også eit autoritært, vilkårleg og i aukande grad korrupt styre som det er grunn til å tru at kristne og andre ikkje-muslimske og/eller -tyrkiske undersåttar etter kvart ville ha reist seg mot, slik det faktisk skjedde mellom anna i Hellas (jmf. mitt tidlegare innlegg her). Alle kristne så vel som jødar var dessutan heilt klart annanrangs innbyggjarar. Dei måtte mellom anna svara ein særskatt. Kun muslimar hadde alle rettar (Goffmann 2002). Det er vanskeleg å tenka seg at opplysingstida, demokratiseringa og industrialiseringa kunne ha utvikla seg i eit ottomansk-muslimsk styrt Europa.

Kjelder:

Wikipedia.

Carmel Cassar: A Concise History of Malta. Msida: Mireva Publications, 2000.

Ernle Bradford: The Great Siege. Malta 1565. Harmondsworth: Penguin, 1961.

Daniel Goffman: The Ottoman Empire and Early Modern Europe. Cambridge: Cambridge University Press, 2002.

Hanne Høiberg: Turen går til Malta. Oslo: Aschehoug, 2011.

NOU (Norges offentlige utredninger) 2012:2: Utenfor og innenfor. Norges avtaler med EU. Oslo: Departementenes servicecenter, 2011.

Dei førti dagane på Musa Dagh

Eg er nettopp ferdig med å lesa den mektige romanen De førti dagene på Musa Dagh av Franz Werfel. Den inneheld den dramatiske historia om sju armenske landsbyar på til saman fem tusen menneske i det nordaustlege hjørnet av Middelhavet, på grensa mellom Tyrkia og Syria, som i 1915 rømte opp på fjellet Musa Dagh (Moses» berg) for å unngå å bli utrydda av dei osmanske styresmaktene. Den høge porten (regjeringskvartalet) i Istanbul var då i gang med det som er blitt kalla folkemordet på armenarane i Det osmanske riket. Mykje i romanen er aktuelt i dag. Ikkje berre er anerkjenning av det som skjedde som eit folkemord ei varm politisk potet i mellom anna Frankrike. Historia er også relevant for Tyrkias forhold til EU. Ikkje minst illustrerer akademiske kontroversar omkring Det osmanske rikets overgrep mot armenarane og meir generelt om Edward Saids brannfakkel om Orientalismen frontane i Midtausten-studiar i dag .
Kartet viser den etniske samansetninga av Det osmanske riket ca 1911. Som det framgår, budde flest armenarar i aust. Musa Dagh ligg på austsida av bukta rett fram for spissen på Kypros.

Dei førti dagane på Musa Dagh er tida det tok frå dei sju landsbyane rømte heimane sine til dei som overlevde vart redda. Den sentrale figuren i romanen er Gabriel Bagradian (Moses Derkalousdian i røyndommen), som våren 1915 nyleg hadde vendt tilbake til familiegodset saman med sonen Stephan og den franske kona Juliette etter mange år i Paris. Han skjønar at dei osmanske styresmaktene planlegg nye massakrar på armenarane (det same hadde skjedd i 1895-96), 1908, 1909 og 1912) og overtel landsbyane nærast sitt gods til å forskansa seg oppe i fjellet heller enn å la seg fordriva og omkoma.

Takka vera hans leiarskap, som delvis byggjer på eiga krigseerfaring som offiser i den osmanske hæren, slår armenarane på Musa Dagh tilbake tre tyrkiske åtak. Angriparane blir påførte store tap, men mobiliserer til slutt maskingevær, bergartilleri og så store mannskap at det er klart armenarane er dømde.  Dei er dessutan i ferd med å svelta i hel, etter at all proviant er oppbrukt og tyrkarane har ført bort buskapen deira. Men heilt i siste liten dukkar ein fransk panserkryssar opp på havet utanfor. Etter nokre varselsskot avlyser tyrkarane åtaket og dei om lag fire tusen overlevande blir tatt ombord i kryssaren og tre andre franske og britiske skip som etter kvart dukkar opp. Dei vart førte til Port Said i Egypt.

Manøvrar under slaget om Musa Dagh

Dei førti dagane på Musa Dagh, som først kom ut på tysk i 1933, byggjer altså på ei sann historie. I røynda gjekk det 53 dagar før redninga kom, men den jødisk-austerrikske Franz Werfel skreiv det om til førti dagar for mellom anna å kalla fram bibelske minne om Moses» førti dagar på berget og dei førti dagane med syndflod. Werfels skildring av dei fem tusen armenaranes lagnad og det armenske folkemordet viste seg også å bli eit profetisk varsel om den jødiske holocaust under andre verdskrig.

Men sjølv om det gjekk godt til slutt med dei fleste Musa Dagh-flyktningane, framstår ikkje romanen som noko einsidig heltehistorie. Det er mange nyansar av både psykologisk, politisk og religiøs karakter. Den intellektuelle og forfina rikmannen Gabriel Bagradian er riven mellom sin identitet som europear og som armenar. Han viser seg som ein handlingas mann først når han stiller seg i spissen for sine landsmenn, men oppnår sine sigrar som militærførar på grunn av sin europeiske rasjonalitet og planleggingsevne (i tillegg til erfaringa frå Balkan-krigen i 1912). Identitetskonflikten slår også ut i hans motstridande kjensler for den praktisk udugelege franske sosietetskvinna han er gift med og den unge armenske jenta Iskuhi. Alle tre får livet sitt ødelagt av dei førti dramatiske dagane på Musa Dagh, og går tilsynelatande ei ulukkeleg framtid i møte, trass i redninga. Bagradians son Stephan har då alt dukka under. Vi forstår at hans franske oppvekst hadde gjort det uråd for han å overleva den brutale påkjenninga i det asiatiske «barbariet». Gabriel skjønar han har mista alt og blir frivillig igjen på Musa Dagh. Kva som då skjer, kan ein tenkja seg.

Det er altså til slutt Europa (ved franske og britiske krigsskip) som kjem dei sju armenske landsbyane på Musa Dagh til unnsetnad i det som må ha vore kanskje den første humanitære intervensjonen i verdshistoria. Det er også ein representant for det europeiske «sivilsamfunnet», den protestantiske pastoren, orientalisten og humanisten Johannes Lepsius, som framstår som den einaste som bryr seg om armenaranes lagnad. Hans forsøk på å overtala det tyske utanriksdepartementet til å ta affære strandar på stormaktspolitikk, men han klarar å samla inn store pengemidlar til armenaranes sak. Det er også interessant at Lepsius blir avvist av Den høge porten, men får hjelp til å overlevera pengane frå ei gruppe islamske tradisjonalistar. Dei tar avstand til regimets ungtyrkiske nasjonalisme til fordel for tanken på ein overnasjonal islamsk umma, der kristne og jødar kan utøva sin religion så lenge dei betaler skatt og elles held seg til dei gitte spelereglane. I prinsippet var det slik det gamle osmanske riket fungerte.Tyrkia nektar hardnakka å godta at det var snakk om eit «folkemord» på armenane i 1915-1916. Fleire gonger har tyrkiske styresmakter hindra at Hollywood har laga storfilm om Werfel si bok, som vart ein internasjonal bestseljar. Den amerikanske historikaren Donald Quataert understrekar då også at berre armenarar i det austlege Anatolia vart fordrivne. Armenarar som levde på Balkan eller i det vestlege Anatolia vart ikkje fordrivne. Grunnen skal ha vore at Den høge porten meinte armenarane der sympatiserte med Russland, som kryssa grensa inn i Aust-Anatolia i 1914.

Quataert peikar også på talrike regjeringsdokument som gir ordre om å ta godt vare på dei fordrivne under marsjen austover. Likevel medgir han at osmanske offiserar, soldatar og sivile embetsmenn myrda enorme mengder armenske sivile, kvinner, barn og eldre like så godt som vaksne menn. Om lag 600,000  menneske omkom på denne måten.

Quataert meiner dermed at tyrkisk nasjonalisme ikkje var årsaka til massakrane. Likeså meiner han at nasjonalisme ikkje var grunnen til at Det osmanske riket gjekk under i 1922. Det store fleirtalet av innbyggjarane, armenarar, bulgarar, serbarar, arabiske, kurdiske, tyrkiske osv. så vel som både kristne og muslimar, ville etter hans meining har føretrekt at det gamle multinasjonale og multireligiøse riket hadde overlevd.

Nasjonalistrørslene vart drivne fram av eit fåtal som søkte politiske og økonomiske fordelar dei ikkje kunne oppnå i Det osmanske riket. Avgjerande vart at dei oppnådde støtte frå dei vestlege stormaktene. Frankrike og Storbritanna overtok då også etter kvart kontrollen over store, tidlegare osmanske område, spesielt i Midtausten. Dersom dette er rett, gir det eit litt anna perspektiv på Europas rolle under i det osmanske sluttspelet enn Franz Werfels.

I 2006 trekte Quataert seg elles som styreformann for det amerikanske Institute of Turkish Studies. Det skjedde etter at Tyrkias ambassadør hadde truga med å stansa pengestøtta fordi Quataert hadde uttalt at det framleis måtte forskast på «folkemordet» på armenarane.

Men den revisjonistiske israelske historikaren Efraim Karsh tar klar avstand frå den «politisk korrekte» oppfatninga at alle problem i Midtausten er vestmaktene si skuld. Han hevdar at Den høge portens dekret om å ta god vare på armenarane under deportasjonane i 1915-16 var spel for galleriet. I følgje Karsh vart dessutan også mange armenarar på Balkan (Trakia) og Vest-Anatolia, inkludert Istanbul, fordrivne og drepne. Alle mista dessutan sine offisielle stillingar. Karsh siterer anslag på omkomne på opptil 950,000.

I følgje Karsh var det dessutan den osmanske regjeringa sjølv som var skuld i oppløysinga av riket i 1922. Trass i innstendige oppmodingar til nøytralitet frå ententemaktene Storbritannia, Frankrike og Russland valde Den høge porten å gå inn i første verdskrig på tysk side. Drivkrafta var ein tyrkisk-nasjonalistisk-islamistisk draum om eit revitalisert imperium. Derfor knuste den britiske hæren Det osmanske riket og eit nytt statssystem oppstod i Midtausten.

Kjelder:

Franz Werfel: De førti dagene på Musa Dagh. Den norske bokklubben, 1965  

Donald Quataert: The Ottoman Empire, 1700-1922. Cambridge University Press, 2000.

Efraim Karsh: Islamic Imperialism, A History. Yale University Press, 2006.

Wikipedia og BBC: sjå lenker i artikkelen.

«Europa er forbode!»

I mitt tidlegare tenesteland Nigeria har det vokse fram ei muslimsk sekt som driv terroristverksemd og går under namnet «Boko Haram«. Haram (eller haraam) er eit arabisk ord som betyr «forbode av Gud»,  «synd», eller «heilagbrøde».  Å eta svinekjøtt eller å driva utruskap er haram. Det framgår av Koranen. «Boko» er eit hausaord (hausafolket bur i det nordlege Nigeria og i nærliggande delar av Sahel-beltet) som visstnok har utgangspunkt i det engelske «book», men som er blitt synonymt med «vestleg utdanning», «vestleg lærdom» eller «vestleg sivilisasjon».  Sidan «boko» i denne forstand historisk, og særleg i afrikansk kontekst, har utgangspunkt i Europa, kan Boko Haram forståast som «Europa er forbode!»

Sjølv kallar visst Boko Haram-rørsla seg for «Folk som har forplikta seg til å forkynna Profetens læresetningar og til jihad». Boko Haram sin dagsorden er å fjerna all europeisk/vestleg/sekulær påverknad og gjera Nigeria til eit puritansk islamistisk samfunn i tråd med Boko Harams tolking av Koranen, uansett om halvparten av nigerianarane er kristne. Landet skal følgja sharia-lovene, banda til Vesten kuttast, demokratiet avskaffast (som vestleg idé, sjølvsagt) og det skal slåast hardt ned på korrupsjon. Rørsla er knytta til ei rekke valdelege aksjonar i Nigeria den siste tida.

I 2011 skal Boko Haram ha vore ansvarleg for om lag 500 menneskes død. Blant desse var den 30 år gamle norske juristen Ingrid Midtgaard, som vart drepen under eit sjølvmordsåtak på FN-bygningen i hovudstaden Abuja 26. august. Midtgaard jobba for FNs program for narkotika og kriminalitet (UNODC). Eg hadde som norsk ambassadør sjølv nokre år tidlegare gått inn for at UNODC i Abuja burde få norske juniorekspertar, så eg kjenner eit visst medansvar. FN vart truleg angripe som representant for ein vestleg moderniseringsmodell. I seinare tid har Boko Haram tatt ansvaret for bombeåtak også på kristne kyrkjer. Men truleg er minst like mange muslimar som kristne drepne.

Slik religiøst grunngjeven, systematisk vald mot offentlege styresmakter er noko nytt i Nigeria (og i Afrika), i alle fall i eit slikt omfang. Men det er ikkje nytt at det oppstår puritanske jihad-rørsler i nordaust-Nigeria. I 1802 byrja fulanien Usman dan Fodio eit opprør mot den dåverande dekadansen i dei dåverande hausastatane i området. Han erobra etter kvart desse statane og også delar av det nåverande nordlege Kamerun. Han grunnla også kalifatet (nå sultanatet) i Sokoto. Sultanen her blir framleis sett som den fremste muslimske leiaren i Nigeria.

Men Boko Haram protesterer også mot den muslimske eliten. inkludert sultanen, som dei meiner er korrupt og korrumpert, berre opptatt av pengar og makt. Og her har dei eit poeng. Nigerias største «problem» er oljerikdommen, som dei oljeproduserande landsdelane ute ved kysten får størst inntekter av. Resten  blir fordelt ut over landet via føderalregjeringa i Abuja. Det meste av dei fordelte pengane blir verande hos regionale og lokale elitar og deira klientar. Lite dryp på klokkaren. Politiske og religiøse leiarar lever på ein stor fot, mens dei fattige massane må klara seg som best dei kan.

Det er ei klar årsak til misnøye. Mange er nok også opprørte av religiøse grunnar, påverka av internasjonal islamsk fundamentalisme og kanskje trent og oppmuntra av terrorgrupper andre stader i Sahel-beltet. Nokre kan dessutan rett og slett vera kriminelle. Bankran har vore ein del av verksemda som er tillagt Boko Haram.

Sektleiar Muhammad Yusuf i politiets varetekt

Men truleg ligg det meir bak.  Ein må spørja kvifor dette fenomenet har oppstått akkurat nå. Den første blodige samanstøyten mellom Boko Haram og politiet skjedde sommaren 2009, rett før eg forlot Abuja.  Då vart den dåverande leiaren, Muhammad Yusuf, regelrett avretta av politiet etter å ha blitt tatt til fange (slikt er vanleg i Nigeria). Mange andre av sektmedlemmene vart drepne.

Mange, inkludert underteikna, trudde dermed at Boko Haram var eliminert.  Men så i 2010 og spesielt 2011 kom nye aksjonar. For første gong skjedde det sjølvmordsangrep i Abuja. Det er nærliggande å tru at dette hadde med politikk å gjera. Den muslimske presidenten i Nigeria, Umaru Yar’adua, døydde i mai 2010, og den kristne visepresidenten Goodluck Jonathan frå delstaten Bayelsa i sør tok over. I april 2011 klarte Jonathan å bli vald til president, trass i at ei uskriven lov tilsa at det framleis var ein muslim frå nord som skulle hatt makta fram til 2015.

Å vera president i Nigeria gir tilgang til ufattelege rikdommar. Jonathan har nok måtta betala dyrt, ikkje minst til eliten i nord, for å få deira støtte. Men i eit land der det meste dreiar seg om pengar, vil det alltid vera nokon som meiner seg forfordelt. I tillegg har det alltid vore spenning mellom nord og sør, muslimar og kristne, og mellom ulike folkegrupper i Nigeria. Det var dette den såkalla Biafra-krigen dreia seg om. Det er dermed ikkje usannsynleg at Boko Haram blir sponsa av misnøgde elitar i nord som vil undergrava Jonathan og i alle fall gjera det uråd for han å bli gjenvald i 2015.

Kva har så dette med Europa å gjera? Vel, Nigeria er som stat eit produkt av europeisk kolonialisme og byggjer på ein vestleg modell. Mykje av korrupsjonen kan dessutan hevdast å vera eit resultat av vestleg driven oljeutvinning, som har medverka sterkt til å undergrave det tradisjonelle afrikanske samfunnet og afrikanske verdiar. Goodluck Jonathan er som kristen ein representant for vestleg kultur.

Men på den andre sida er det ingen veg tilbake til det førkoloniale samfunnet. Det var då heller ikkje statisk, men i stadig endring. Mellom anna var islam på marsj sørover mot Guineabukta då europeiske misjonærar og koloniherrar etablerte seg ute ved kysten og bevega seg nordover. Det var stor sjanse for at heile Vest-Afrika ville ha blitt muslimsk om ikkje ei motrørsle hadde kome. Dessutan hadde det tradisjonelle samfunnet mange sider ved seg som vi i dag finn heilt uakseptable.

I praksis protesterer Boko Haram og tilsvarande fundamentalistar ikkje berre mot ei (vestleg/europeisk) kulturform, men også mot det vi forstår med modernitet. Det er vanskeleg å tenka seg utvikling i tydinga brei velstandsvekst og fattigdomsreduksjon utan vestleggjering/europeisering, industrialisering og sekularisering i ein viss forstand. Reflekterte muslimar aksepterer dette.

Problemet er at det nigerianske samfunnet ennå ikkje har klart å tilpassa seg den vestlege modellen. Ein har til fulle tatt inn over seg materialismen, egoismen og pengejaget, men i langt mindre grad ideala om rettferd, solidaritet og likskap. Dette gir Boko Haram høve til å rekruttera blant sosialt misnøgde, uavhengig av kva drivkrefter som elles ligg bak. Eg har inga oppskrift på kva ein kan gjera med dette. Men det har heller ikkje Boko Haram.  Løysinga er ikkje mindre europeisering, dvs. modernisering, i Nigeria, men meir.