
Dei førti dagane på Musa Dagh er tida det tok frå dei sju landsbyane rømte heimane sine til dei som overlevde vart redda. Den sentrale figuren i romanen er Gabriel Bagradian (Moses Derkalousdian i røyndommen), som våren 1915 nyleg hadde vendt tilbake til familiegodset saman med sonen Stephan og den franske kona Juliette etter mange år i Paris. Han skjønar at dei osmanske styresmaktene planlegg nye massakrar på armenarane (det same hadde skjedd i 1895-96), 1908, 1909 og 1912) og overtel landsbyane nærast sitt gods til å forskansa seg oppe i fjellet heller enn å la seg fordriva og omkoma.
Takka vera hans leiarskap, som delvis byggjer på eiga krigseerfaring som offiser i den osmanske hæren, slår armenarane på Musa Dagh tilbake tre tyrkiske åtak. Angriparane blir påførte store tap, men mobiliserer til slutt maskingevær, bergartilleri og så store mannskap at det er klart armenarane er dømde. Dei er dessutan i ferd med å svelta i hel, etter at all proviant er oppbrukt og tyrkarane har ført bort buskapen deira. Men heilt i siste liten dukkar ein fransk panserkryssar opp på havet utanfor. Etter nokre varselsskot avlyser tyrkarane åtaket og dei om lag fire tusen overlevande blir tatt ombord i kryssaren og tre andre franske og britiske skip som etter kvart dukkar opp. Dei vart førte til Port Said i Egypt.

Dei førti dagane på Musa Dagh, som først kom ut på tysk i 1933, byggjer altså på ei sann historie. I røynda gjekk det 53 dagar før redninga kom, men den jødisk-austerrikske Franz Werfel skreiv det om til førti dagar for mellom anna å kalla fram bibelske minne om Moses» førti dagar på berget og dei førti dagane med syndflod. Werfels skildring av dei fem tusen armenaranes lagnad og det armenske folkemordet viste seg også å bli eit profetisk varsel om den jødiske holocaust under andre verdskrig.
Men sjølv om det gjekk godt til slutt med dei fleste Musa Dagh-flyktningane, framstår ikkje romanen som noko einsidig heltehistorie. Det er mange nyansar av både psykologisk, politisk og religiøs karakter. Den intellektuelle og forfina rikmannen Gabriel Bagradian er riven mellom sin identitet som europear og som armenar. Han viser seg som ein handlingas mann først når han stiller seg i spissen for sine landsmenn, men oppnår sine sigrar som militærførar på grunn av sin europeiske rasjonalitet og planleggingsevne (i tillegg til erfaringa frå Balkan-krigen i 1912). Identitetskonflikten slår også ut i hans motstridande kjensler for den praktisk udugelege franske sosietetskvinna han er gift med og den unge armenske jenta Iskuhi. Alle tre får livet sitt ødelagt av dei førti dramatiske dagane på Musa Dagh, og går tilsynelatande ei ulukkeleg framtid i møte, trass i redninga. Bagradians son Stephan har då alt dukka under. Vi forstår at hans franske oppvekst hadde gjort det uråd for han å overleva den brutale påkjenninga i det asiatiske «barbariet». Gabriel skjønar han har mista alt og blir frivillig igjen på Musa Dagh. Kva som då skjer, kan ein tenkja seg.
Det er altså til slutt Europa (ved franske og britiske krigsskip) som kjem dei sju armenske landsbyane på Musa Dagh til unnsetnad i det som må ha vore kanskje den første humanitære intervensjonen i verdshistoria. Det er også ein representant for det europeiske «sivilsamfunnet», den protestantiske pastoren, orientalisten og humanisten Johannes Lepsius, som framstår som den einaste som bryr seg om armenaranes lagnad. Hans forsøk på å overtala det tyske utanriksdepartementet til å ta affære strandar på stormaktspolitikk, men han klarar å samla inn store pengemidlar til armenaranes sak. Det er også interessant at Lepsius blir avvist av Den høge porten, men får hjelp til å overlevera pengane frå ei gruppe islamske tradisjonalistar. Dei tar avstand til regimets ungtyrkiske nasjonalisme til fordel for tanken på ein overnasjonal islamsk umma, der kristne og jødar kan utøva sin religion så lenge dei betaler skatt og elles held seg til dei gitte spelereglane. I prinsippet var det slik det gamle osmanske riket fungerte.Tyrkia nektar hardnakka å godta at det var snakk om eit «folkemord» på armenane i 1915-1916. Fleire gonger har tyrkiske styresmakter hindra at Hollywood har laga storfilm om Werfel si bok, som vart ein internasjonal bestseljar. Den amerikanske historikaren Donald Quataert understrekar då også at berre armenarar i det austlege Anatolia vart fordrivne. Armenarar som levde på Balkan eller i det vestlege Anatolia vart ikkje fordrivne. Grunnen skal ha vore at Den høge porten meinte armenarane der sympatiserte med Russland, som kryssa grensa inn i Aust-Anatolia i 1914.
Quataert peikar også på talrike regjeringsdokument som gir ordre om å ta godt vare på dei fordrivne under marsjen austover. Likevel medgir han at osmanske offiserar, soldatar og sivile embetsmenn myrda enorme mengder armenske sivile, kvinner, barn og eldre like så godt som vaksne menn. Om lag 600,000 menneske omkom på denne måten.
Quataert meiner dermed at tyrkisk nasjonalisme ikkje var årsaka til massakrane. Likeså meiner han at nasjonalisme ikkje var grunnen til at Det osmanske riket gjekk under i 1922. Det store fleirtalet av innbyggjarane, armenarar, bulgarar, serbarar, arabiske, kurdiske, tyrkiske osv. så vel som både kristne og muslimar, ville etter hans meining har føretrekt at det gamle multinasjonale og multireligiøse riket hadde overlevd.
Nasjonalistrørslene vart drivne fram av eit fåtal som søkte politiske og økonomiske fordelar dei ikkje kunne oppnå i Det osmanske riket. Avgjerande vart at dei oppnådde støtte frå dei vestlege stormaktene. Frankrike og Storbritanna overtok då også etter kvart kontrollen over store, tidlegare osmanske område, spesielt i Midtausten. Dersom dette er rett, gir det eit litt anna perspektiv på Europas rolle under i det osmanske sluttspelet enn Franz Werfels.
I 2006 trekte Quataert seg elles som styreformann for det amerikanske Institute of Turkish Studies. Det skjedde etter at Tyrkias ambassadør hadde truga med å stansa pengestøtta fordi Quataert hadde uttalt at det framleis måtte forskast på «folkemordet» på armenarane.
Men den revisjonistiske israelske historikaren Efraim Karsh tar klar avstand frå den «politisk korrekte» oppfatninga at alle problem i Midtausten er vestmaktene si skuld. Han hevdar at Den høge portens dekret om å ta god vare på armenarane under deportasjonane i 1915-16 var spel for galleriet. I følgje Karsh vart dessutan også mange armenarar på Balkan (Trakia) og Vest-Anatolia, inkludert Istanbul, fordrivne og drepne. Alle mista dessutan sine offisielle stillingar. Karsh siterer anslag på omkomne på opptil 950,000.
I følgje Karsh var det dessutan den osmanske regjeringa sjølv som var skuld i oppløysinga av riket i 1922. Trass i innstendige oppmodingar til nøytralitet frå ententemaktene Storbritannia, Frankrike og Russland valde Den høge porten å gå inn i første verdskrig på tysk side. Drivkrafta var ein tyrkisk-nasjonalistisk-islamistisk draum om eit revitalisert imperium. Derfor knuste den britiske hæren Det osmanske riket og eit nytt statssystem oppstod i Midtausten.
Kjelder:
Franz Werfel: De førti dagene på Musa Dagh. Den norske bokklubben, 1965
Donald Quataert: The Ottoman Empire, 1700-1922. Cambridge University Press, 2000.
Efraim Karsh: Islamic Imperialism, A History. Yale University Press, 2006.
Wikipedia og BBC: sjå lenker i artikkelen.
2 tankar på “Dei førti dagane på Musa Dagh”