
25. november heldt eg eit føredrag om temaet over for eit studentnettverk for Afrika på NTNU i Trondheim. Under følgjer presentasjonen og talemanuset eg brukte. Les gjerne presentasjonen først.
Presentasjon: Tigers and Lions. Is Asia helping Africa take off economically?
- Kinas engasjement i Afrika avspeglar den raske utviklinga i Kina sidan Maos død. Landet har hatt over ti prosent årleg økonomisk vekst dei siste tjue åra. Også India satsar i Afrika, men Kinas handel med og investeringar i Afrika er over dobbelt så stor som Indias, og veks raskare.
- Kinas engasjement i Afrika veks langt raskare enn OECD-landas. Dermed aukar Kinas innverknad på afrikansk politikk og økonomi både absolutt og relativt.
- Samla sett er likevel Europas og USAs del av den totale bistanden til, handelen med og investeringane i Afrika framleis monaleg større enn både Kinas og andre nye aktørars. I alle fall som bistandsgjevar i vanleg forstand vil såkalla tradisjonelle aktørar under eitt også vera klart størst i overskodeleg framtid.
- Det er grunn til å tru at utviklinga i Kinas og andre vekstøkonomiar har medverka monaleg til den økonomiske framgangen i Afrika dei siste åra.
- Ein hovudgrunn til den afrikanske økonomiske veksten er auka asiatisk etterspørsel etter afrikanske råvarer og innanlandsk forbruk. Stigande råvareprisar fører til større eksportinntekter for mange afrikanske land. Men også investeringar og bistand frå nye aktørar medverkar til vekst i Afrika.
- Kinas satsar breitt og langsiktig i Afrika. Beijing meiner Afrika har eit stort, unytta potensial på mange område som kinesiske investeringar, lån, teknisk ekspertise og forretningsmetodar kan vera med og utvikla til gjensidig fordel. Slagordet er ”vinn-vinn”.
- Økonomiske interesser er den viktigaste drivkrafta bak den kinesiske satsinga i Afrika. Afrikas store førekomstar av strategiske råvarer, og spesielt olje, er særleg viktig. Om lag ein tredel av Kinas oljeimport kjem frå Afrika, hovudsakeleg frå Angola, Nigeria og Sudan. Meir enn 80 prosent av koboltimporten kjem frå Afrika. Også afrikansk tømmer og krom er viktig for Kina.
- Når det gjeld investeringar, er utbygging av fysisk infrastruktur (vegar, jernbane, hamner, flyplassar, telekommunikasjon, vasskraftverk, bygningar, idrettsstadia osv.) og tilrettelegging for næringsutvikling sentrale innsatsområde for Kina i Afrika. Men kinesarane fremjar i ein viss grad også arbeidsintensiv småindustri i Afrika, ikkje minst gjennom særskilte økonomiske frisoner oppretta etter kinesisk førebilete. I tillegg satsar kinesarar på produksjon av matvarer for eksport i Afrika.
- Men Afrika er også politisk viktig for Kina. Delvis gjeld det å fremja eitt Kina-politikken, det vil seia å unngå at afrikanske land godkjenner Taiwan. Og delvis gjeld det å byggja ”sør-sør-solidaritet” med kinesiske interesser i internasjonale fora, til dømes i FN, WTO, G20 og i klimaforhandlingane.
- Det kinesiske engasjementet blir i stor grad møtt med opne armar i Afrika. Afrikanske regjeringar er spesielt positive, men også mange vanlege afrikanarar set pris på Kina.
- Men nokre stader, og spesielt i Zambia, har kinesisk verksemd blitt ei politisk stridssak. Kinesiske selskap er tungt inne i Zambia, og særleg i gruvedrift. Mange tilfelle av dårlege arbeidsvilkår og arbeidskonfliktar.
- Som frivillige organisasjonar, media og forsking peikar på, er det lite tvil om at kinesarar framleis har vore involverte i tvilsam verksemd i Afrika, til dømes korrupsjon, ulovleg hogst, jakt og fiske. Når det gjeld krav til arbeidsmiljø, samfunnsansvar og miljøomsyn er det grunn til å tru at kinesisk praksis framleis ligg monaleg etter internasjonal standard. Kinesiske selskap følgjer ikkje vanlege internasjonale reglar for anbud, byggeleiing og generell kvalitetssikring. Eitt problem med dette er at konkurransen blir svekka, inkludert frå norske leverandørar. Kina er dessutan ein våpenleverandør til konfliktområde i Afrika, som Kongo (DRC), Zimbabwe og Sudan/Darfur.
- Men vestlege aktørar er ofte blitt kritiserte for liknande forhold. Store delar av også vestleg støtte (bistand, lån, investeringar osv.) går til afrikanske land som ligg etter når det gjeld demokrati, menneskerettar, korrupsjon, miljø, arbeidsstandardar osv. USA og Europa eksporterer også våpen i stor stil til Afrika.
- Trass i at kinesisk konkurranse til dels går ut over afrikansk produksjon, har vi også grunn å tru at kinesiske investeringar skaper arbeidsplassar for afrikanarar. Kinesiske (og indiske) firma produserer dessutan i større skala, på fleire område og høgare i verdikjeda enn afrikanske bedrifter hittil har gjort. I tillegg medverkar kinesiske styresmakter som nemnt til større investeringar i fysisk infrastruktur enn før, noko som gir synlege resultat på bakken. Særleg utbygging av samferdsel er kritisk på eit kontinent med dårleg transportnett, spreidd busetjing og mange kystlause land. Det same gjeld satsing på kraftproduksjon.
- Også med omsyn til kåra for demokrati, menneskerettar og godt styresett i Afrika skal ein vera varsam med å trekka for raske konklusjonar. Kina er slett ingen stor pådrivar for demokrati og menneskerettar, men det ser heller ikkje ut til at det veksande kinesiske engasjementet i Afrika fører til dårlegare styresett eller meir korrupsjon.
- Når det gjeld opphoping av ny gjeld til Kina, har vi heller ikkje haldepunkt for å fastlå at kinesisk långjeving skaper ny afrikansk avhengigheit. Mykje av gjelda blir etter kvart avskriven.
- Dessutan synest kinesiske styresmakter nå å koma kritikarar i møte på ein del område:
- Ikkje minst er dei blitt meir opptekne av å motarbeida korrupsjon og av å ta miljø- og samfunnsansvar. Til dømes nyttar den kinesiske eksport- og importbanken (Exim Bank) nå europeiske konsulentselskap som finske Pöyry til å utarbeida miljøkonsekvensanalysar for mest alle sine prosjekt i Afrika.
- Kina har underskrive Paris-erklæringa om bistandseffektivitet, og deltar i ei arbeidsgruppe om utviklingspolitikk med OECD/DAC. Press frå øvste kinesiske hald kan ha vore utslagsgjevande for at Sudans regjering godtok ein AU/FN-fredsstyrke for Darfur i 2007. Noreg har nå ein god dialog med Kina om utviklinga i Sudan, der kinesiske selskap har investert tungt i oljeproduksjon. Kina har i aukande grad medverka til fredsoperasjonar i Afrika, og deltar også i den internasjonale marineinnsatsen mot sjørøveri utanfor Somalia.
- Frå norsk side opprettheld vi nivået på engasjementet vårt i Afrika, og satsar til dels komplementært med Kina. Vårt samarbeid med afrikanske partnarar om godt styresett, demokrati, menneskerettar, helse, utdanning, kvinner og barn, miljø, klima og rein energi blir berre endå viktigare sett i lys av nye aktørars satsing på infrastruktur, næringsutvikling og handel.
- Erik Solheim 26.08.2010: ”Jeg vet ikke hvor mange ganger jeg har hørt frivillige organisasjoner og andre uttrykke bekymring om Kina i Afrika. Er dette et problem? Det er snakk om land som helt frivillig utsetter seg for dette. Ja, Kina gjør mange ting utfra sin egeninteresse, men troverdigheten i forestillingen om at vi europeere kommer til Afrika med en bistand blottet for egeninteresser, er ikke videre stor. Etter min oppfatning er det Kina gjør i Afrika i all hovedsak bra. Det betyr ikke at vi ikke skal ha en dialog med kineserne og kritisere dem der vi er uenige.”
- Oppsummering/konklusjon:
- Langvarig økonomisk vekst i Afrika
- Kina og andre utviklingsland bidrar. Reflekterer at ny økonomisk verdsorden utviklar seg.
- Sårbar vekst i stor grad basert på råvarer og forbruk. Afrika er på veg, men har langt igjen. Treng breiare og djupare vekst, industrialisering, større produktivitet og fleire arbeidsplassar.
- Framleis svært avhengige av utviklinga i verdsøkonomien, og nå spesielt av Kina (vis siste lysark).
- Ny økonomisk krise i verda vil ramma både Kina og Afrika.