Vi deler ikkje verdiar med ein fascist, sjølv om han sit i Det kvite huset. Statsminister Jonas Gahr Støre uttalte nyleg at forholdet mellom Noreg og USA framleis byggjer på eit verdifellesskap. Det fekk meg til å tenke på den pensjonerte marinegeneralen John Kelly, som var stabssjef for president Donald Trump frå 2017 til 2019. Han sa…
Kva er nytt med Russlands invasjon av Ukraina?
Eg høyrde nettopp på siste Debatt i P2, der temaet var om vi går mot ein ny verdsorden. Programmet skriv seg inn i rekka av alarmistiske og til dels forvirra ordskifte om verda etter Russlands store invasjon av Ukraina (rett nok gjorde Halvor Tjønn som vanleg ein solid figur). Det er akkurat som om alt…
Konferansen om framtidas Europa og EUs demokratiske legitimitet
10. mars 2021 vedtok presidentane for Europaparlamentet, Det europeiske rådet og Europakommisjonen å setja i gang ein ny «konferanse om framtidas Europa». Dette skal bli ein demokratisk «nedanfrå-og opp»-eksersis som skal munna ut i konkrete forslag som helst skal presenterast under det franske EU-formannskapet i første halvår 2022. Forslag til traktatendring er ikkje nemnt, men…
Hellas og Europa før og nå, del III: Det greske bidraget til moderne europeisk politikk
Det er ei hevdvunnen oppfatning at dei gamle grekarane “fann opp” politikk.[1] Den store britiske statsvitaren og historikaren Samuel Finer hevdar meir presist at dei ”revolusjonerte politisk teori og praksis.”[2] I følgje Finer kom dei med fire viktige innovasjonar i så måte: dei lanserte idéen om 1) statsborgaren (til forskjell frå undersåtten); 2) demokratiet;…
Hellas og Europa før og nå, del II: Det greske bidraget til europeisk identitet
Dei gamle grekaranes bidrag til utforminga av moderne europeisk og vestleg identitet er langt større enn vi til dagleg innser, om enn indirekte. Den greske arven innan arkitektur, biologi, etikk, filosofi, fysikk, historieskriving, jus, kunst, litteratur, logikk, matematikk, medisin, musikk, politikk og psykologi har påverka moderne europeiske verdiar, normer og idéar på ein heilt grunnleggjande…
Hellas og Europa før og nå, del I: Det greske opphavet til det geografiske og universelle Europa
Hellas er eit sjarmerande land som kanskje går konkurs innan eit år, EU-redningspakkar eller ei. Med det vi nå veit om gresk økonomi og politikk, må vi lura på korleis Hellas så lett kom med i EU i 1981 og euroen i 2002. Eg trur ein viktig del av svaret er at Hellas er oppfatta…
Untergang des Abendlandes avlyst
Tittelen på Oswald Spenglers berømte bok frå 1918, Der Untergang des Abendlandes, blir stadig meir aktuell. Vesten er visst først nå er i ferd med å gå under for alvor. Det er Kina og andre nye stormakter som held på å ta over, sjølvsagt. Til og med Afrika er på veg opp. USA stagnerer i…