
Det er ei hevdvunnen oppfatning at dei gamle grekarane “fann opp” politikk.[1] Den store britiske statsvitaren og historikaren Samuel Finer hevdar meir presist at dei ”revolusjonerte politisk teori og praksis.”[2] I følgje Finer kom dei med fire viktige innovasjonar i så måte: dei lanserte idéen om 1) statsborgaren (til forskjell frå undersåtten); 2) demokratiet; 3) at dei styrande var ansvarlege overfor dei styrte; og 4) skiljet mellom vedtakande, utøvande og dømmande makt.[3] Likevel viste det seg det greske demokratiet seg som ei historisk blindgate.
Den klassiske bystaten med sitt demokratiske sjølvstyre vart knust av makedonarane i 322 f.Kr. og oppstod aldri igjen.[4] ”Sanninga er at den greske demokratiske polis både i tid og rom var berre ein liten flekk på verdas fem tusenår med ulike regjeringsformer.”[5] Finer hevdar dessutan at europeiske progressive fram til 1800-talet såg på Sparta, og ikkje Aten som modellen blant dei greske bystatane. Som vi skal sjå, var dessutan den elitære romerske republikken eit større føredøme enn dei greske bystatane, særleg for liberale i Frankrike og USA.
I tillegg kom moderne politiske ideal til å skilja seg monaleg frå det gamle Hellas sine. I motsetnad til den liberale teorien som nærte dei franske og amerikanske revolusjonane, skilte ikkje grekarane mellom staten og det sivile samfunnet. For det andre var det greske demokratiet eit direkte demokrati tilpassa små bystatar. Før utviklinga av det representative demokratiet (med England i spissen) meinte derfor dei fleste teoretikarar i moderne tid at demokrati ikkje var mogleg i territorialstatar. For det tredje meinte dei fleste greske tenkarane at statsstyret burde overlatast til nokre få utvalde eller spesielt kvalifiserte (jamfør Platons tanke om filosofkongen), noko som passar dårleg med nyare tids demokratioppfatting.[6]
Den greske bystaten som modell for den moderne nasjonalstaten
Men som modell for den moderne nasjonalstaten, forstått som uttrykk for prinsippet om ein nasjon – ein stat, fekk likevel den greske bystaten stor tyding. For å kvalifisera som statsborgar måtte ein grekar vera fri, mann og fødd i den aktuelle bystaten.[7] Naturalisering, det vil seia tildeling av borgarskap til innflyttarar, var mogleg, men sjeldant. I Aten var borgarskap arveleg og knytta til lokale busetjingar kalla deme (eint. demos), som hadde sjølvstyre og sine eigne gudar.[8] Som vi har sett, var det i den greske verda under eitt dessutan ei sterk kjensle av fellesskap overfor utanforståande, ”barbarane”, og spesielt persarane. Eit kjent sitat, som Herodot tillegg Perikles, definerer gresk identitet som “vårt felles brorskap[…], vårt felles språk, alteret og offera som vi alle tar del i, våre felles karaktertrekk.”[9] Dette var alt tankegods som vart tatt til inntekt for idéen om nasjonen som den naturlege ramma for den moderne staten, og som dermed nærte moderne nasjonalisme. (Men som vi også såg, oppfatta grekarane seg dessutan som verdsborgarar i kraft av si universelle fornuft.)

Det var den engelske bankmannen og historikaren George Grote (1794-1871) som lanserte den greske polis som generell politisk modell for Europa i sitt store verk History of Greece (1846-56). Dei tolv banda vart raskt anerkjent som den beste Hellas-historia på noko språk, og stod uimotsagt i eit halvt hundre år. Grotes History utløyste ei grunnleggande nytenking omkring Europas opphav. Frå nå av såg mange ikkje lenger Betlehem, men Aten som den europeiske sivilisasjonens vogge.[10]
Dessutan medverka Grotes verk sterkt til at britane vart overtydde om at det var den atenske bystaten som var den eigenlege forgjengaren til det moderne demokratiet, ikkje den romerske republikken slik progressive franske og amerikanske krinsar meinte. “Viktorianske liberale forstod på Grote at opprettinga av det atenske demokratiet var den største politiske bedrifta i menneskas historie til då. Grekarane var våre forfedre; deia føredøme viste at kulturelle og poltiske framsteg kunne og burde gå hand i hand.”[11]
Det gamle Hellas som modell for moderne internasjonal politikk

Men også i mellomstatlege forhold kom det gamle Hellas til å bli ein modell for det moderne Europa, og spesielt for Realisme-skolen innan studiet av internasjonal politikk. Grekarane delte som nemnt ein hellensk identitet og slutta seg saman under felles leiarskap av Aten og Sparta for å møta persiske åtak. Men elles vakta bystatane nøye om sjølvstendet sitt, forfølgde sine “nasjonale” interesser, førte krig mot einannan, gjekk inn i og ut av alliansar og forbund i eit stadig maktbalansespel med den greske verdas to stormakter, Aten og Sparta, som motpolar. Historikaren Thukydids verk om Peloponnesarkrigen vert i dag oppfatta som ein Realisme-klassikar på linje med Machiavellis Fyrsten og Hobbes’ Leviathan.[12]
Aten kom til å dominera det delisk-attiske forbundet i den grad at nokre historikarar talar om eit atensk “imperium.” Dei gamle grekarane utvikla likevel aldri nokon imperialistisk ideologi. Bystatanes sjølvstende saman med stadige trugsmål utanfrå (frå persisk eller anna gresk hald) oppmuntra i staden til konføderale eller føderale samansluttingar mellom bystatane. Det deliske forbundet starta som ei samanslutting av likestilte, for det meste demokratiske bystatar. Det peloponnesiske forbundet av overvegande oligarkiske bystatar var også egalitært, sjølv om Sparta dominerte klart. Dei forbunda som kom nærast ein føderasjon i moderne forstand var truleg den første og andre boiotiske forbundet (respektive ca. 447-386 og 379-338 f.Kr.) og dei aitoliske og akhaiske forbunda (ca. 290/250-189 f.Kr.).
Dei lærde stridest om dei gamle grekarane dermed også fann opp den første overnasjonale føderasjonen i europeisk historie. Larsen meiner det, mens Samuel Finer og Daniel Elazar hevdar at forbunda ikkje var noko meir enn konføderasjonar (det vil seia at medlemmene hadde ”nasjonal” suverenitet og dermed vetorett).[13] Faktum er likevel at det akhaiske forbundet på 1700- og 1800-talet vart nemnt som eit føderalt førebilete for så vel det britiske imperiet som for USA.[14]
På denne bakgrunn hevdar eg i mi doktoravhandling at bidraget frå det gamle Hellas til moderne europeisk politikk mest var å fremja det eg kallar nasjonal-liberal tenking. Dette er ein ideologi som fremjar oppfattinga av den suverene, demokratiske nasjonalstaten som den grunnleggjande, nærast naturgjevne byggeklossen i politikken. Blant anna på grunn av den greske formidlingshistoria som eg har omtalt her og i tidlegare innlegg, har denne tankegangen stått særleg sterkt i Nord-Europa. Sett på spissen meiner eg dette (saman med mange andre faktorar) har medverka til at skepsisen mot europeisk integrasjon er større i det protestantiske, gresk-orienterte nord enn i det katolske, romersk-orienterte sør i Europa.
…….
Dette er det tredje innlegget i serien om Hellas og Europa før og nå. I det fjerde og siste innlegget vil eg gå nærare inn på forskjellen på det antikke og moderne Hellas i lys av den nåverande eurokrisa.
Noter:
[1]Sjå t.d. Forrest, G. (1986), “Greece: The History of the Archaic Period”, i Boardman, J., Griffin J. and Murray O. (red.) (1986), The Oxford History of Greece and the Hellenistic World (Oxford: Oxford University Press), ss. 13-46.
[2] Finer, S.E. (1997), The History of Government, 3 vols. (Oxford: Oxford University Press), s. 316.
[3] Finer 1997: ss. 90, 355.
[4] Men mange byar i den seinare hellenske verda heldt lokaldemokratiet i hevd.
[5] Finer 1997: s. 86.
[6] Jones, A.H.M. (1978), Athenian Democracy (Oxford: Basil Blackwell).Jordan W.C. (2002), Europe in the High Middle Ages (London: Penguin): s. 41.
[7] Finley. M.I. (1963), The Ancient Greeks (Harmondsworth: Penguin Books): s. 57.
[8] Finer 1997: ss. 343-344.
[9] Herodot History, VII, 144.
[10] Den Boer, P. (1995), ”Europe to 1914: The Making of an Idea”, in K. Wilson and J. v.d. Dussen (eds.), The History of the the Idea of Europe (London: Routledge).: s. 74.
[11] Gress, D. (1998), From Plato to Nato. The Idea of the West and Its Opponents (London, The Free Press): s. 86.
[12] Jackson, R. and Sørensen G. (1999), Introduction to International Relations (Oxford: Oxford University Press): ss. 70-72.
[13] Larsen J.A.O. (1961), Greek Federal States (Oxford: Clarendon Press); Finer 1997: ss. 372-80; Elazar, D. (1987), Exploring Federalism. (repr. 1991, Tuscaloosa: University of Alabama Press): ss. 120-121.
[14] Pinder, J. (1991), “The federal idea and the British liberal tradition”, i Andrea Bosco, The Federal Idea. The History of Federalism from Enlightenment to 1945, i. (London and New York: Lothian Foundation Press) ss. 99-118: her s. 113; Pagden, A. (1995), Lords of all the World: Ideologies of Empire in Spain, Britain and France c. 1500-c.1800 (New Haven, Conn.: Yale University press): s. 127.