Vårt problem med å forstå Russland

Professor Øyvind Økland ved Høgskulen i Volda spør i eit innlegg i Dagsavisen 31. mars om det er propaganda eller trekk ved den russiske «folkesjela» som forklarar at det store fleirtalet av russarar støttar president Putins invasjon av Ukraina. I sitt forsøk på svar viser han til kulturforsking som tilseier at «russere har større maktavstand…

Russaranes ansvar

Dette er eit svar til Eriksens og Nystuens kommentarar i Aftenposten. Avisa lovde å trykka svaret, men sidan det ennå ikkje har skjedd, legg eg det ut her. I kommentarar til mitt innlegg i Aftenposten 16. mars åtvarar Arne Thodok Eriksen (22. mars) og Gro Nystuen (23. mars) mot å legga kollektiv skuld på det…

Putins kamp mot Vesten

"Russerne er ikke kollektivt skyldige i Putins krig", var overskrifta over eit innlegg av sju norske russlandsekspertar i Aftenposten nyleg. Ja, det er klart Putin er den hovudansvarlege. Men han hentar dessverre legitimitet for invasjonen av Ukraina i ein imperialistisk nasjonalisme med lange historiske røter og brei oppslutnad i det russiske samfunnet. I så måte…

Natos austutviding: Russland vart ikkje lurt

USA, Sovjetunionen, Vest-Tyskland, Frankrike, Aust-Tyskland og Storbritannia sine utanriksministrar på underteikningsmøtet for to pluss fire-traktaten 12. september 1990. Foto: dpa/akg-images. Aftenpostens Frank Rossavik skriv i ein kommentar i dag 26.02.22 at "Sovjetunionen i 1990 fikk muntlige løfter fra vestlige stormaktsledere om at Nato ikke skulle ta opp nye medlemmer i øst." Som belegg for dette…