Det liberale Europa har møtt den nye amerikanske tryggingsstrategien (National Security Strategy 2025, NSS) med sjokkert vantru. Det verste sett frå ein moderat europeisk synsstad er 1) at NSS så tydeleg signaliserer at USA vil blande seg inn i europeisk politikk til fordel for høgrepopulistiske («patriotiske») parti, spesielt i kampen mot EU, og 2) at NSS framstiller faren for europeisk «sivilisatorisk utsletting» på grunn av innvandring, forbod mot hat-ytringar og fallande (kvite?) fødselstal som eit større eksistensielt trugsmål mot Europa enn det russiske forsøket på å legge Ukraina under seg. Faktisk blir verken Russland eller Kina omtala som trugsmål i det heile. Det liberale Europa og EU framstår som den store, stygge ulven.  

Dokumentet stadfestar at Trump-administrasjonen ikkje berre har forlate, men erklærer ideologisk krig mot liberal, verdibasert internasjonalisme, multilateralt samarbeid, frihandel og globalisering. I staden hyllar NSS nasjonal suverenitet, sjølvberging og profitt, militærmakt, og den sterkaste sin rett. EU-motstanden er i tråd med dette tankegodset, men òg med interessene til amerikanske «tekoligarkar», som ser EU-kommisjonen som sin største fiende og som ligg langflate for president Trump.

Ønsket om «å atterreise amerikansk dominans (preeminence)på den vestlege halvkula» og den realpolitiske tonen elles i NSS blir i Kreml utan tvil teke til inntekt for Putins draum om ei verd inndelt i interessesfærar, med Russland som dominerande stormakt i Europa. Ingenting er farlegare for det frie europeiske samfunnet.

På den andre sida inneheld NSS ubehagelege sanningar om dei store utfordringane Europa står overfor. Som strategien peikar på, har for det første Europas del av verdas verdiskaping falle kraftig frå 1990 til i dag. Men dét har også USA sin del, om ikkje så mykje. Det skuldast i stor grad at økonomien til andre land, spesielt Kina og India, har vakse tilsvarande meir. Det er bra, sjølv om ein kan diskutere måten det har skjedd på i Kina. Men Europa treng absolutt eit enormt krafttak for å oppnå større økonomisk vekst og dynamikk. Den einaste realistiske måten å få til det på, er likevel å satse på EU og den indre marknaden.

For det andre er heller ikkje strategiens varskurop om at Europa er truga av «sivilisatorisk utsletting» og treng å få tilbake sin «sivilisatoriske sjølvtillit» teke heilt ut av lause lufta. Det er derfor styresmakter i Europa, og ikkje minst i Norden, i seinare tid har lansert ei rekke initiativ for å styrke medvitet om eigen kultur og historie.

Ursula von der Leyen fekk såleis vedteke «Promoting our European Way of Life» som ein strategisk prioritet då ho tok over som leiar av Europakommisjonen i 2019. Den danske regjeringa vil børste støv av det klassiske danningssidealet og styrke dei humanistiske faga i skulen. Den svenske regjeringa arbeider med ein nasjonal kulturkanon for å løfte fram verk som utgjer ein del av Sveriges kulturelle referanseramme, for å styrke nasjonal identitet og det felles verdigrunnlaget.

I Noreg uttala kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i desember 2024 ifølge NRK at «de norske læreplanene kunne vært i hvilket som helst annet land. Det er lite der som viser at vi er en nasjon og et felles folk. Og det er det viktig at ungene lærer.» Nordtun gav hausten 2025 Utdanningsdirektoratet i oppgåve å utarbeide rettleiande innhaldslister for kultur og historie i skulen, med mål om å skape felles referanserammer og motverke utanforskap.

Dette er framifrå så lenge vi hugsar at nasjonane våre og det frie samfunnet er utenkelege utan den felleseuropeiske bakgrunnen.

For det tredje er det korrekt, som NSS peikar på, at europeiske allierte har eit klart konvensjonelt militært overtak på Russland. Ein stor del av problemet er som kjent at det europeiske forsvaret er fragmentert og avhengig av amerikansk støtte og utstyr. Det treng tid på å vekse og omstille seg for å møte eit meir akutt trugsmål frå Russland.

Vi bør likevel også merke oss at NSS, trass i den europaskeptiske hovudbodskapen, inneheld signal som går i motsett retning. Vi kan mellom anna lese at USA «vil støtte våre allierte i å verne om fridomen og tryggleiken i Europa», at «Europa blir verande strategisk og kulturelt avgjerande» for USA, at USA ønskjer å «gjere Ukraina i stand til å overleve som funksjonsdyktig stat», støttar «ekte demokrati, ytringsfridom og heilhjarta feiring av dei europeiske nasjonanes individuelle [!] eigenart og historie», og vil «gjere Europa i stand til å stå på eigne bein og handle som ei gruppe av samordna (aligned) suverene nasjonar, mellom anna ved å ta hovudansvar for sitt eige forsvar, utan å bli dominert av noko motstandarmakt.»

Generelt stadfestar elles NSS berre det vi visste frå før om Trump-administrasjonens syn på verda. Det kan faktisk vere ein fordel at den rådande tryggingspolitiske tenkinga i Europas viktigaste allierte land no føreligg svart på kvitt i eit kort og omsveipslaust notat. Det kan i seg sjølv styrke europeisk «sjølvmedvit», slik at paradigmeskiftet som er i gang i Europa går raskare og dei europeiske tilbakemeldingane til både USA og Russland blir tøffare.

At president Trump er djupt uføreseieleg og synest å ha ein ukjend, personleg agenda i høve til Russland er i røynda eit større problem for Europa enn NSS. Ting tyder på at han ikkje ein gong har lese strategien. NSS må oppfattast som berre eit førebels, sprikande kompromiss mellom stridande fløyer i administrasjonen hans. Kanskje til og med som nok eit Steve Bannon-inspirert forsøk frå Trump på å «flood the zone with shit».

Ingen veit dermed kvar haren hoppar. Ei ny meiningsmåling viser at dei fleste amerikanarar støttar ein meir tradisjonell amerikansk utanrikspolitikk, med store fleirtal for både Nato og våpenhjelp til Ukraina. Forutan demokratane er mange republikanarar i Kongressen skeptiske til Trumps egosentriske ultranasjonalisme. Aftenposten rapporterte 13.12. at Representantanes hus har vedteke eit utkast til forsvarsbudsjett for 2026 som aukar støtta til Europa og Nato. Grepet Trump hadde om det republikanske partiet held på å svekkast. Hans approval ratings er på eit lågmål, og det demokratiske partiet har medvind i meiningsmålingane.

Striden står slik sett ikkje mellom Europa og USA. Det dreiar seg om ein kamp mellom moderate og illiberale på begge sider av Atlanteren.

Likevel må vi ta den nye strategien på største alvor. Han utgjer ein marsjordre til heile det mektige amerikanske utanlandsapparatet. Den positive omtalen av «patriotiske» parti og målsettinga om at USA vil «dyrke motstand mot Europas noverande kurs innan dei europeiske nasjonane» kan til dømes bety at den amerikanske ambassaden i Oslo vil søke å påverke norsk politikk til fordel for Framstegspartiet. Og kva med Senterpartiet? Det er jo også eit «patriotisk» anti-EU-parti som hyllar nasjonalstaten, sjølvstyre og sjølvberging. Både FrP og Sp kan måtte velje mellom eit illiberalt USA og eit liberalt Europa.

Uansett er det viktigaste for det liberale Europa no, med eller utan USA, å sørge for at Russland taper krigen mot Ukraina. I eit lengre perspektiv må siktemålet vere ikkje å bygge ned EU, men tvert om å styrke det, med Noreg og Storbritannia som nære partnarar. Det er først og fremst ved å stå endå tettare saman at Europa kan bli den sterke, sjølvstendige og pålitelege partnaren USA ønskjer seg – og treng i konkurransen med Kina.

Men det krev at Europa får større medvit om, og vilje og evne til, å forsvare identiteten, verdiane og interessene sine, nettopp slik NSS oppmodar til. Spesielt må EUs vedtaksevne styrkast. Eigentleg trengst no eit radikalt nytt initiativ i retning av Europas foreinte statar, gjerne starta av ein indre EU-kjerne. «Amerika først» må møtast med «EU først». Elles er ikkje berre europeisk sivilisasjon, men det frie samfunnet generelt, i verkeleg fare.

Dette er ein lengre versjon av eit lesarbrev frå meg med same tittel som den nynorske vekeavisa Dag og Tid publiserte 19. desember 2025.

Kommenter innlegget