Onsdag 4.november heldt eg eit foredrag for Senioruniversitetet i Bergen om eit bokprosjekt eg har jobba med dei siste tre åra. Om lag 370 personar over 65 år var til stades. Under følger manuset og lysbilda eg brukte.

Takk for invitasjonen! Det er hyggeleg å vere tilbake i Bergen. Eg har budd her i til saman bortimot åtte år, seks som student. Hovudfag og doktorgrad ved Institutt for samanliknande politikk.

Sjeldan luksus å kunne snakke fritt så lenge om det ein er mest opptatt av. Det er faktisk første gong eg presenterer dette prosjektet offentleg. […Eg skal] fortelje om eit personleg prosjekt eg begynte med etter 24. februar 2022. Det var kort etter at eg hadde pensjonert meg frå UD. Eg hadde god tid og trong eit nytt fokus.

Sjølv om eg studerte også russisk på universitetet jobba eg aldri med Russland i utanrikstenesta, men mest med Europa, Afrika og Asia. Derfor hadde eg bare følgt sånn passe med på utviklinga i Russland og i storpolitikken. Den russiske invasjonen av Ukraina kom derfor som eit sjokk på meg. Kva hadde skjedd? Hadde eg sove i timen? Kva betydde det? For Europa? For framtida til det frie samfunnet?

Eg begynte å skrive lange artiklar i avisene og på nett om kva som hadde skjedd i Russland mens eg hadde sove. Etter kvart fann eg ut at eit utfyllande svar kravde ei heil bok. Eg måtte gå djupt inn i historia, som eg hadde gjort i doktoravhandlinga frå 2010 og boka frå 1995.

Ikkje så farleg om eg fekk boka utgitt. Kunne vere eit hobby- og antidemens-prosjekt som eg kunne kose meg med i fleire år, kanskje heilt til det amerikanske presidentvalet i november 2028. Då vil vi vite meir sikkert om framtida til det eg kallar det frie samfunnet.

Men eigentleg synest eg at bildet er nokså klart alt nå. Eg er dessutan snart ferdig med eit første utkast. Boka ligg an til å bli over 600 sider med fotnotar og alt. Må vurdere om eg skal gå til ein forleggar over nyttår, eller vente.

Det skal ikkje vere ei fagbok, men populærvitskapleg verk, blanding av samfunnsfag og historie.

Arbeidstittelen er «Unntaket Europa. Det frie samfunnets vekst – og fall?». I det legg eg at det frie samfunnet oppstod i Europa, som dermed blei eit globalt unntak. Herifrå spreidde det seg til resten av verda og er blitt idealet for dei fleste land. Men mange teikn tyder nå på at den liberale modellen står for fall. Med boka vil eg finne ut kor sannsynleg det er at det vil skje.

Dette foredraget er, som boka,  delt i ti bolkar: 1) Ei innleiing med bakgrunn og problemstilling; 2) Gjennomgang av relevant samfunnsforsking og forklaring av mitt perspektiv og min påstand. Resten er ei historisk drøfting for å belegge påstanden: 3) den eurasiske bakgrunnen; 4) arven frå Aten (ca 400-100 f.Kr.); 5) arven frå Roma (ca. 100 f.Kr.-500 e.Kr.; ) 6) arven frå Jerusalem (0-400 e.Kr.); 7) arven frå Aachen (500-1500); 8) arven frå Amsterdam, London, Paris, Madrid og Wien (1500-1945); 9) arven frå Washington og Brussel (1945-2025). Til tiande og sist kjem ei drøfting av framtidsutsiktene for det frie samfunnet og Europa, med forsøksvise konklusjonar. […]

KI-generert bilde av Frédéric Auguste Bartholdi sin statue Liberty enlightening the world (1886).

1 Bakgrunn og problemstilling

Utgangspunktet mitt er at det frie, opne samfunnet – vår liberale samfunnsmodell – er under angrep, frå både ytre og indre fiendar. Ifølge organisasjonen Freedom House har politiske rettar og sivile fridomar vore i tilbakegang globalt heilt sidan 2006.

Parallelt med det globale demokratiske tilbakeslaget innan land har den liberale verdsordninga blitt stadig sterkare utfordra. Ordninga bygger på FN-pakta frå 1945, som forbyr maktbruk mot andre statar bortsett frå i sjølvforsvar og med mandat frå FNs tryggingsråd. Den bygger òg på andre multilaterale avtalar og institusjonar som skal sikre fredeleg samarbeid mellom statar. Prinsippa er statleg suverenitet, respekt for folkeretten, menneskerettar, frihandel og internasjonalt samarbeid. Forholdet mellom statar skal regulerast av felles reglar, ikkje av maktpolitikk og stormaktene sine skiftande interesser.

Undergravinga av det frie samfunnet skjer som sagt både utanfrå og innanfrå. Utanfrå først og fremst av Russland og Kina, men vi skal ikkje gløyme islamsk fundamentalisme, Iran og Nord-Korea. Innanfrå av illiberale populistar til venstre og høgre, ikkje minst Trump og hans Maga-rørsle.

Mest i USA, men òg her i Europa fører Illiberale woke- og antiwoke-rørsler identitets- og kulturkrig mot ein annan. Vi ser det òg i Norge. Slik ytterleggåande ideologi på både høgre- og venstresida har etter mitt syn bidratt sterkt til å undergrave både det frie samfunnet generelt og Vesten som verdifellesskap og global maktfaktor. Det har til dels skjedd i eit innbyrdes forsterkande, dialektisk samspel mellom woke- og antiwoke-krefter.

Vi har sett utslag av dette i den amerikanske valkampen i det siste, der det demokratiske partiet har stilt med meir venstreradikale kandidatar enn før som svar på høgreradikalismen i det republikanske partiet. (Kommentar lagt til 5.11.26: Valdagsmålingar viser at dei mest «progressive» demokratiske kandidatane fekk ein markant lågare del av røystene i valet enn meir moderate kandidatar, sjølv om dei fleste vann. I Florida derimot tapte sosialisten Angie Nixon. Demokratane ville truleg ha vunne også der om dei hadde stilt med ein mindre radikal kandidat. T.N.)

Pga. Trumps illiberale politikk både i og utanfor USA framstår det frie samfunnets opphav, Europa, nå som det liberale demokratiet og den liberale verdsordningas siste skanse. Eller i alle fall det sikraste ankerfestet og det beste håpet.

Nå som USA held på å svikte så totalt bør vi faktisk kanskje kreve å få fridomsstatuen tilbake. Liberty Enlightening the World  blei bygd i Frankrike og betalt av det franske folket, etter ein stor innsamlingsaksjon. Demontert, frakta over havet og reist på nytt ved innseglinga til New York i 1885, innvigd året etter. Jernkonstruksjonen inni ved Gustave Eiffel, mannen bak Eiffel-tårnet. Symbol på fridom og demokrati, og på vennskapen mellom det amerikanske og det franske folket.

Spørsmåla eg stiller i boka, er: Kor robust er det frie samfunnet, i Europa og globalt? Er det sterkt nok til å stå mot presset? Er Europa sjølv i stand til å redde den liberale modellen om det blir nødvendig? Eller vil frammarsjen til høgrepopulistiske krefter bli eit vendepunkt for det liberale demokratiet også her, jf. det som skjer Tyskland og Frankrike? Er det frie samfunnet dømt til – i beste fall – vedvarande konflikt og konkurranse med autoritære krefter, eller – i verste fall – til vidare nedgang og kanskje kollaps?

Eller kan det tvert om vere slik, som den amerikanske statsvitaren Francis Fukuyama hevda då sovjetkommunismen fall for snart 40 år sidan, at det ikkje finst noko truverdig alternativ til det liberale demokratiet? Er historia, forstått som politisk idéhistorie, slutt? Er det vi opplever nå bare er eit mellombels tilbakeslag før det frie samfunnet igjen kjem på offensiven?

Boka er eit forsøk på å finne peikepinnar til svar på desse spørsmåla ved å studere kvifor og korleis det frie samfunnet oppstod i «Unntaket Europa». Problemstillinga er derfor: Kva var det som gjorde Europa eksepsjonelt, og kva lærdommar kan vi trekke av dét om framtida til det frie samfunnet?

Men først: Kva er det frie samfunnet? Eg brukar uttrykket som synonym for liberalt demokrati og den liberale verdsordenen. Eit fritt samfunn er enkelt sagt eit samfunn der fridom er den høgaste verdien.

Ti kjenneteikn: Personleg fridom garantert av menneskerettar; likeverd og sosial rettferd; pluralisme og borgardygd; representativt demokrati og open offentlegheit; effektiv, rasjonell og avgrensa statsmakt; rettsstat; regulert marknadsøkonomi; fri erkjenning; nasjonal suverenitet; liberal internasjonalisme bygd på folkerett.

Denne grafen er den beste illustrasjonen på kva eg meiner med «Unntaket Europa». Den viser det store gapet – «the great divergence» – som oppstod mellom levestandarden i Nordvest-Europa, med England i spissen, USA og resten av verda, her vist med Kina som eksempel, frå slutten av 1700-talet. Dette var Europas og Vestens take-off. Grafen viser økonomisk utvikling, men min påstand er at den økonomiske utviklinga skuldast framveksten av eit fritt samfunn i Europa med røter heilt tilbake i antikken.

2 Forskingsstand, perspektiv og påstand

Diskusjonen om korleis det liberale demokratiet og kapitalismen oppstod, og kvifor i Europa og Vesten, kan kallast alle samfunnsfaglege debattars mor. Altså den største og breiaste debatten innan samfunnsfaga i det heile. Ut av den har det oppstått det som er kalla moderniseringsteori og utviklingsteori. Debatten har spesielt dreia seg om vektinga mellom materielle (økonomiske eller fysiske) eller immaterielle (kulturelle, åndelege, ideologiske, politiske) drivkrefter. I boka skiljer eg  først og fremst mellom det eg kallar endogene (indre-europeiske) og eksogene (ikkje-europeiske) forklaringsvariablar.

Tre forskingstradisjonar er aktuelle:

  1. Marxistiske og postkoloniale tolkingar. Sentrale namn: Marx, Engels, Immanuel Wallerstein, Andre Gunder Frank, Eric Williams, Frantz Fanon, Walter Rodney,  Samir Amin, Edward Said. Marx la vekta på produksjonsforhold og klassekamp; Wallerstein på ei verdsøkonomisk arbeidsdeling mellom kjerne og periferi; postkolonialismen på kolonial makt, også i språk og kunnskap. Framhevar eksogene og materielle faktorar, makt, utbytting og dominans. Europa- og kapitalisme-kritisk, venstreorientert.
  2. Gografisk-økologiske tolkingar. Jared Diamond, Jeffrey Sachs, Kenneth Pomeranz, Terje Tvedt. Legg mest vekt på eksogene og materielle faktorar som klima, økologi, geologi, topografi og tilgang til naturressursar.

Marxistiske, postkoloniale og geografisk-økologiske teoriar har felles at dei forklarar Europa og Vestens makt- og velstandseksplosjon på 1800- og 1900-talet med strukturelle og materielle faktorar. Desse faktorane har ikkje anna med Europas indre utvikling og særpreg å gjere enn kanskje eit særskilt europeisk makt- og profittjag, eit spesielt undertrykkande samfunnssystem, makelaust gunstige naturforhold og/eller kvit strukturell makt.

Det var framfor alt ikkje noko ved europeisk kultur, religion eller filosofi som var overlegent i forhold til resten, snarare tvert om. Vesten vann i lotteriet fordi materielle forhold i, og ikkje minst utanfor, Europa tilfeldigvis låg spesielt til rette for det under dei geopolitiske og strukturelle omstenda som rådde på slutten av 1700-talet.

Slike teoriar forklarar altså ikkje eigentleg kvifor frie samfunn vaks fram i Vesten, men heller kvifor det oppstod store økonomiske forskjellar i verda som gjorde Resten ufri, undertrykt og fattig.

Eit anna synspunkt mange av forfattarane i desse forskingstradisjonane har felles er at Europa i mesteparten av si historie ikkje var spesielt avansert, men økonomisk og vitskapleg faktisk låg etter resten av verda, ikkje minst Kina, India og islamske område, heilt til den industrielle revolusjonen.

Når Europa og Vesten likevel fekk overtaket, skuldast det historiske tilfeldigheiter. Spesielt skal ekstraordinære inntekter frå den atlantiske slavehandelen, frå europeiske koloniar, frå plyndring av søramerikansk sølv og frå den amerikanske slaveøkonomien ha vore viktige.

Utan denne kapitalen som finansieringskjelde, og i tillegg utan det eurasiske handelssystemet som Kina, India og islamske område alt hadde etablert, utan marknadane i Asia og Afrika, og utan dei store kolreservane som England tilfeldigvis rådde over, ville den industrielle revolusjonen ikkje ha skjedd i Europa, men kanskje i Kina og India, heiter det. Verda av i dag ville ha sett heilt annleis ut.

Liberale og nyinstitusjonalistiske tolkingar. Max Weber, Douglass North, Daron Acemoglu, Simon Johnson og James A. Robinson. Francis Fukuyama, Samuel Huntington. Tre variantar av «nyinstitusjonalismen»: økonomiske, sosiologiske og historiske, men overlapping. To norske blant framståande historiske institusjonalistar: Johan P. Olsen (logic of appropriateness) og Stein Rokkan (stats- og nasjonsbygging).

Det dei har felles: Legg mest vekt på endogene forklaringsvariablar, både materielle og immaterielle. Oppfattar mangfald, maktspreiing og konkurranse mellom statar og institusjonar som det viktigaste kjenneteiknet ved Europas historie.

I dette perspektivet var det særprega institusjonelle landskapet som vaks fram i Europa hovudgrunnen til at det frie samfunnet oppstod her: uavhengige, suverene byar og statar; ei sjølvstendig kyrkje; maktdeling mellom kongemakt og adel, etter kvart også bønder, borgarskap og arbeidarar, og mellom utøvande, lovgjevande og dømmande makt; stadig meir demokratisk kollektivt styresett; konkurrerande politiske parti; ein fri marknadsøkonomi; eit uavhengig sivilsamfunn med sjølvstyrte korporasjonar, som kommunar, laug, brorskap, kloster osv.; grunnlovsfesta menneskerettar; rasjonalistisk vitskap, fri forsking og frie universitet; og så vidare.

Ikkje minst var privat eigedomsrett og økonomisk konkurranse regulert av ein upartisk rettsstat avgjerande for den moderne kapitalismen, den industrielle revolusjonen og det store velstandsspranget som starta i Europa.

Særleg interessant for meg: Nyinstitusjonalistar som legg særleg vekt på kulturelle, idéhistoriske og psykologiske teoriar. I tradisjonen etter Webers Protestantismens etikk og kapitalismens ånd. Eric L. Jones, David S. Landes, Gregory Clark, Deirdre McCloskey, Avner Greif, Joel Mokyr, Joseph Henrich (Stein Rokkan).

Mitt perspektiv og min påstand

Mitt perspektiv er historisk-kulturelt og nyinstitusjonalistisk. Det betyr at eg høyrer til i den primært «endogene» leiren, som framhevar indre-europeiske faktorar. Eg legg særleg vekt på rolla til institusjonar, kultur, idear og kunnskap for framveksten av Unntaket Europa.

Det betyr òg at eg godtar maktspreiing og konkurranse som ein viktig del av forklaringa. Men der eg skil meg ut, er at eg legg vekt på ikkje bare fridom i form av statleg og anna mangfald i Europa som sjølvstendig forklaringsfaktor, men òg på historisk skapt europeisk fellesskap på tvers av tid og rom. Den avgjerande grunnen til at det frie samfunnet oppstod i Europa er etter mitt syn samspelet mellom fridom og orden, konkurranse og samarbeid, mangfald og einskap, brot og kontinuitet. Dét er det mest karakteristiske ved Europas historie.

Den overordna påstanden min er altså at ikkje bare fridom, men òg einskap var avgjerande for framveksten og den vedvarande styrken til det frie samfunnet i Europa. Eg meiner utviklinga i Europa har vore minst like prega av fellesskap og overnasjonalitet som av mangfald og nasjonalitet. Og trass i at det har vore minst like mykje brot, endring, dynamikk og revolusjon i europeisk historie som i historia til andre delar av verda, har spesielt den kulturelle og åndelege kontinuiteten vore stor.

For å forstå korleis dette utfalda seg historisk skal vi nå ut på ei reise gjennom 3000 års historie. Med sjumilsstøvlar skal vi springe frå det gamle Midausten, Aten, Roma og Jerusalem via den europeiske mellomalderen til reformasjonen, opplysningstida og det moderne demokratiet. Til slutt skal vi konkludere om framtida for det frie samfunnet på grunnlag av lærdommane vi har plukka opp undervegs. Fordi tidshorisonten er så lang, må eg sjølvsagt snakke i store bokstavar og stikkords form.

3 Den eurasiske bakgrunnen

Kor finn vi det historiske opphavet til Unntaket Europa og til det frie, moderne samfunnet slik eg har definert det? Det vanlegaste svaret har vore «i Jerusalem, Aten og Roma». Den franske sosiologen Ernest Rénan skreiv: «Europa er gresk i si tenking og kunst, romersk i si rettsoppfatning, og jødisk-kristent i sin religion». Filosofen Paul Valéry, også frå Frankrike, meinte at Europa finst alle stader der «namn som Cæsar, Cajus, Trajan og Vergil, Moses og Paulus og Aristoteles, Platon og Euklid har hatt samtidig betydning og autoritet». Han la til at «alle menneske og land som er blitt suksessivt romaniserte og kristna og som har fått tankane sine disiplinerte av grekarane er absolutt europeiske».

Nokre historikarar, inspirerte av tysk nasjonalromantisk historieskriving, meiner òg å ha funne eit særskilt germansk bidrag til utviklinga av Europa. Dette synet hevda for eksempel den sveitsiske historikaren Gonzague de Reynold, som i 1944 spurte: «Korleis blei Europa bygd og kva er arkitekturen?» Han svarte: «På ein forhistorisk grunnmur, som sjølv kviler på eit geografisk terreng, kan ein i løpet av tidsaldrar og hundreår sjå reise seg ein gresk førsteetasje, ein romersk etasje, ein germansk etasje, og så eit kristent tak som kviler på, fullfører og dekker dei».

Hegel for sin del meinte verdshistoria (eller «verdsånda» – Weltgeist) utfalda seg frå «det orientalske despotiet» i aust mot stadig større fridom og fornuft i vest, i særskilte gresk-heidenske, romersk-katolske og germansk-protestantiske stadiar.

Brotsverka til Hitler og nazistane, saman med frammarsjen til høgrepopulismen i seinare tid, har gjort det til nærast tabu blant etterkrigshistorikarar å hevde at «germanarane» i seinantikken var pionerar for nasjonal fridom og sette eit eige, varig preg på europeisk historie. Det faktiske grunnlaget for eit slikt syn er uansett diskutabelt. Det eg likevel finn grunnlag for, er at germanske og andre folkegrupper i seinantikken praktiserte ei form for «tidleg demokrati» som sette viktige spor etter seg.

Uansett er ideen om at germanske «nasjonar» oppstod alt i seinantikken og blei hovuddrivkrafta for nasjonal fridom i Europa ikkje bare anakronistisk, men òg over-idealistisk og over-eurosentrisk. Det er først og fremst to grunnar til det.

For det første har geografien i Eurasia spela ei viktig rolle i Europas historie, slik den geografisk-økologiske forskingstradisjonen framhevar. Alt Aristoteles, og seinare Hume og Montesquieu, peika på at fjell, elver, hav og andre naturlege barrierar har bidratt til å halde Europa politisk oppsplitta i mange statar. Dette fremja konkurranse, sjølvstende og, ifølge Hume, også vitskapleg og kulturell utvikling. Geografiske hindringar gjorde det dessutan vanskeleg for både europeiske stormakter og inntrengarar frå steppene i aust, som mongolane, å samle heile Europa i eitt rike.

Men geografi og klima kan bare delvis forklare Europas utvikling. Mange landegrenser og statsdanningar er resultat av menneskeleg handling og historiske tilfeldigheiter. Dessutan: sjølv om Europa hadde naturgitte fordelar som la til rette for handel, landbruk og industri, gav dette ikkje i seg sjølv eit økonomisk overtak over resten av verda. Det er kanskje riktig at område i Asia og Midtausten var noko rikare enn det meste av Europa i alle fall til rundt år 1500 (men som vi såg i grafen, var forskjellane ikkje store). Geografi og klima har derfor vore ein viktig rammefaktor, men utgjer ikkje ei tilstrekkeleg forklaring på Unntaket Europa.

Geografien har dessutan ikkje bare fremja politisk oppsplitting i Europa, men òg samhald og samhandling. Som ein relativt avgrensa region med korte avstandar, mykje kyst og mange og lange, navigérbare elver, hadde Europa gode vilkår for handel, mobilitet og spreiing av kunnskap. Samtidig var moglegheitene for utvandring ut av regionen lenge avgrensa, slik at menneske, kapital og idear i stor grad sirkulerte innanfor Europa.

Dette skapte konkurranse mellom statane om denne arbeidskrafta, kapitalen og kunnskapen, men også eit tett fellesskap på tvers av grenser. Geografisk nærleik fører normalt til meir handel og utveksling, og Europas kombinasjon av korte avstandar, stor folketette og gode transportvegar fremja derfor både økonomisk integrasjon og kulturelt samkvem.

For det andre undervurderer ei germansk-nasjonal forståing av Europas historie kor sterkt Europa er forma av impulsar frå andre delar av verda, og ikkje minst Eurasia, som vi er ein del av. Som oldtidshistorikaren Josephine Quinn understrekar, er det samband, ikkje sivilisasjonar som skaper historie  («connections, not civilisations»). Sivilisasjonar blir til gjennom utveksling av menneske, idear, varer og kunnskap på tvers av politiske og fysiske grenser.

Europa kan i denne samanhengen sjåast som ein «eks-sentrisk kultur», som den franske mellomalderhistorikaren Remi Brague kallar det. Med det meiner han ein kultur som har funne sitt sentrum utanfor seg sjølv, i fjerne land og i fjern fortid (spesielt i oldtidas Israel, Hellas og Romarrike) og som stadig dyrkar framande impulsar. Ingen annan sivilisasjon har vore så lite sjølvsentrert og så opptatt av andre som Europa, hevdar Brague.

Mange av dei kulturelle, religiøse og politiske føresetnadene for det frie samfunnet har dermed røter i eldre sivilisasjonar i Mesopotamia, Egypt og det austlege Middelhavsområdet. Det gjeld mellom anna utviklinga av statsmakt, marknader, handel, vitskap, teknologisk innovasjon, lovregulert styresett og moral og etikk. Det siste gjeld spesielt når vi tenker på det gamle testamentets Israel. Europas historie er derfor ikkje historia om ein lukka region eller om evige, naturgitte nasjonar, men om eit mangfaldig og mangefasettert samfunn forma gjennom langvarig kontakt og utveksling med andre delar av verda.

Sjølv om eg omtalar Unntaket Europa som opphavet til det frie samfunnet, påstår eg derfor ikkje at Europa har vore åleine om liberale idear og drivkrefter. For eksempel oppstod idear om maktdeling og kollektivt styresett ikkje bare i Hellas. Råd, forsamlingar og republikanske styreformer fanst Vest-Asia, India og fønikiske byar som Kartago før det atenske demokratiet oppstod. Tidlege former for demokrati har faktisk oppstått over heile verda der maktforhold og samfunnsforhold har nødvendiggjort samarbeid mellom herskarar og undersåttar, stormenn og småfolk.

Likevel var dei fleste oldtidsrika i det gamle Midausten sentraliserte og autokratiske. Dei var «orientalske despoti», som først Aristoteles og seinare Montesquieu og Wittfogel slo fast. Persarriket kombinerte omfattande lokalt sjølvstyre med sterk sentralmakt, men mangla både likskap for lova og institusjonelle grenser for kongemakta. Tilsvarande utvikla eldre mesopotamiske statar avanserte byråkrati som gav herskarane kontroll over ressursar og undersåttar. Skriftspråk, effektiv skattlegging, intensivt jordbruk og byråkratiske institusjonar gjorde det mogleg å styre store territorium utan å forhandle med råd og forsamlingar. Dette mønsteret prega både Mesopotamia, seinare islamske rike i Midtausten og dei tidlege kinesiske statane, som gradvis bygde opp sterke sentraliserte statsapparat og til slutt samla Kina under Qin-dynastiet (221-206 f.Kr.). Kina er som kjent framleis eit sentralisert einevelde.

Den dominerande politiske tradisjonen i Midtausten og Kina var dermed imperialistisk og autokratisk: herskaren blei oppfatta som legitim leiar for store fleirkulturelle rike og stod i praksis over lova. Dette stod i sterk kontrast til ideane om politisk fridom og demokrati som oppstod i det gamle Hellas. Tradisjonar frå det gamle testamentets Israel, som understreka at også herskaren er underlagd ei høgare lov, gav òg eit viktig bidrag til seinare fridoms- og rettsstatsidear i Europa.

4 Arven frå Aten

Om vi ser bort frå slavehaldet og kvinneundertrykkinga oppstod det første tilnærma frie samfunnet i vår moderne forstand i det klassiske Hellas. Dei greske bystatane og dei hellenistiske rika gjekk etter kvart under. Men den greske arven blei formidla til moderne tid gjennom Romarriket, Bysants, den islamske verda og den europeiske mellomalderen. Dermed kom han til å sette eit varig preg på europeisk kultur, vitskap, filosofi, kunst og politikk. Særleg innan logikk, filosofi, historieskriving, matematikk og politikk skapte hellenarane tidlause verk som seinare generasjonar stadig har vendt tilbake til. Derfor er antikkens Hellas eit nødvendig utgangspunkt for å forstå europeisk identitet og utvikling.

Eg vil framheve fem måtar det klassiske Hellas (ca. 500-323 f.Kr.) og den påfølgande hellenismen (323-30 f.Kr.) bidrog til det moderne frie samfunnet.

For det første utvikla grekarane eit ideal om ein fri borgar i ein fri stat som romarane tok til seg og førte vidare til mellomalderen og moderne tid.

For det andre skapte dei politiske institusjonar og begrep som blei viktige referansepunkt for seinare europeisk politisk tenking. Til dømes har som kjent ordet demokrati gresk opphav.

For det tredje la grekarane grunnlaget for fornuftsbasert filosofi, som sette eit endå meir fundamentalt preg på europeisk kultur enn den politiske arven.

For det fjerde oppstod sjølve begrepet «Europa» i det gamle Hellas – jamfør myten om sjefsguden Zevs som bortførte Europa frå den fønikiske kysten til Kreta. Europa har altså eit mytologisk opphav, men for dei gamle grekarane var det først og fremst eit geografisk begrep for verda vest for Hellesponten, eventuelt vest og nord for Hellas.

For det femte og siste vidareutvikla den hellenistiske perioden den greske arven i ei meir individualistisk og kosmopolitisk retning. Den var dermed med på å bane veg for romersk og kristen universalisme. I arverika etter Aleksander den store, og spesielt i Aleksandria i Egypt, oppstod det dessutan ein svært avansert naturvitskap og teknologi, spesielt innan matematikk og mekanikk.

5 Arven frå Roma

Romarane dominerte middelhavsverda og store delar av Europa i godt over eit halvt tusenår. Etter at den siste vestromerske keisaren, den unge Romulus Augustulus, blei avsett i 476 evt., levde den austlege delen av Romarriket vidare i nesten tusen år til, fram til Konstantinopels fall i 1453.

På sitt største, i 117 e.Kr, på slutten av keisar Trajan si regjeringstid (jf. kartet), dekte riket om lag fem millionar kvadratkilometer og hadde truleg mellom 60 og 75 millionar innbyggarar. Det strekte seg då frå Britannia i nordvest til Mesopotamia i søraust, og omfatta landområda rundt heile Middelhavet.

Dei fleste av Europas innbyggarar levde då under romersk herredømme. Romarriket var på denne tida truleg den største statsdanninga i verda, større enn det samtidige Han-riket i Kina. Kanskje budde så mykje som ein femdel av menneska på jorda innanfor dei romerske grensene.

Den lange levetida og store utstrekninga til Romarriket gjorde at det sette djupe og varige spor etter seg i områda det dominerte, og spesielt i Europa. Eg framhevar fire måtar arven etter dei gamle romarane har bidratt til framveksten av det moderne, frie samfunnet i Europa.

Den første er omfamninga deira av republikansk fridom som politisk ideal. Den var inspirert av grekarane.

Den andre er utviklinga av eit avansert rettssystem som vår rettsstat i stor grad fremdeles bygger på.

Den tredje er romaniseringa av store delar av middelhavsområdet og delar av Europa nord for Alpane. Det innebar formidling av den gresk-romerske kulturelle og filosofiske arven. Den vitskaplege arven blei meir formidla av dei greskspråklege austromarane – og muslimske lærde.

Det siste og kanskje samla sett viktigaste bidraget er romaranes omvending til kristendommen. Den gjorde Jesu lære til Europas grunnleggande moralske kompass og kyrkja – etter kvart – til ei effektiv motvekt mot altomfattande politisk makt.

6 Arven frå Jerusalem

Dagens frie samfunn og Europa er utenkeleg utan innflytelsen frå kristendommen. Kristen moral gjennomsyrar vestleg og faktisk global etikk og kultur i ein grad som vi i dag har vanskeleg for å fatte. Eg vil framheve  seks måtar den kristne arven frå Jerusalem har prega europeiske og vestlege verdiar, som i stor grad er blitt universelle.

Den første er bodskapen om menneskeleg likeverd, nestekjærleik, miskunn og andre sentrale idéar i Jesu lære slik læra blei tolka og formidla av Paulus.

Den andre er syntesen mellom gresk-hellenistisk filosofi og kristendom som oppstod i dei første par-tre hundreåra etter Kristi fødsel. Den blei ein føresetnad for at kristne kom til å omfamne og formidle den antikke rasjonalismen til mellomalderen og moderne tid.

Den tredje har med utviklinga i forholdet mellom kristendommen og Romarriket, kyrkja og staten, paven og keisaren, åndeleg og verdsleg makt å gjere. På lang sikt blei dette skilde, relativt autonome sfærar, sjølv om vegen dit var meir krunglete enn han ofte er blitt framstilt som.

For det fjerde praktiserte, fremja og formidla romarkyrkja ikkje bare den demokratiske ideen om at alle menneske er likeverdige, men òg demokratiske idear om val og representasjon som i stor grad påverka også verdsleg politisk praksis i mellomalderen og moderne tid. Både pavar og biskopar er i prinsippet alltid blitt valde, og viktige spørsmål om liv og lære er alltid blitt drøfta i kyrkjemøte med utsendingar frå regionale bispedømme.

For det femte kom teologisk og politisk strid i samspel med ytre krefter, og spesielt islam, til å dele kristenheita mellom aust og vest. Det førte til store forskjellar i den politiske og økonomiske utviklinga i Vest- og Aust-Europa.

Den sjette og siste arven er negativ: etter at ho blei ein del av Romarriket, kom kyrkja til å fremje intoleranse og undertrykking av dei som tenkte annleis, om dei var «kjettarar», jødar, homoseksuelle eller andre minoritetar. Kyrkja tolererte òg lenge slaveri.

7 Arven frå Aachen

Eg kallar arven frå mellomalderen arven frå Aachen fordi det var hovudstaden i Karl den stores rike. Karolingarriket var kjerneområdet til føydalismen og  den dynamiske effekten den skapte i mellomalderens Europa. Riket bandt òg saman Europa nord og sør for Alpane, med Roma som åndeleg hovudstad og Aachen som verdsleg. Grensene for karolingarriket fall då i praksis saman med grensene til den vesteuropeiske, latinske kristenheita.

Tradisjonelt har mellomalderen vore framstilt som ein mørk overgangsfase med stagnasjon mellom antikken og moderne tid. Nyare historikarar hevdar tvert imot at mellomalderen var avgjerande for framveksten av Europa og dermed for det moderne frie samfunnet. I denne perioden blei det skapt ein felles europeisk kultur samtidig som Europa utvikla stort og dynamisk mangfald, både politisk og økonomisk.

Kristendommen fekk ei samlande rolle, men kyrkja bidrog òg til å ta vare på den gresk-romerske arven og hindra at samfunnet blei heilt dominert av politisk makt. Saman med germanske tingtradisjonar, eit kontraktbasert lensvesen, autonome byar, stenderforsamlingar, universitet og andre korporasjonar og saman med utviklinga av lov og rett skapte dette institusjonar som fremja maktdeling, rettsvern og sjølvstende for ulike samfunnsgrupper. Gjenopplivinga av romarretten var ein heilt sentral del av dette. Gjenoppdaginga av Aristoteles’ bok om politikk blei også svært viktig for utviklinga av europeisk politisk tenking. Begge delar skjedde i høgmellomalderen.

Mellomalderen blei dessutan ein periode med omfattande utveksling av kunnskap med den muslimske verda, India og Kina. Her er det likevel viktig å merke seg at det var dei «eksentriske» europearane som var meir interesserte i å lære og bruke kunnskapen dei fekk av andre enn omvendt.

Det intellektuelle fellesskapet som vaks fram med latin som felles skriftspråk og vidareføringa av antikkens rasjonalisme, la grunnlaget for vitskapleg utvikling, sekularisering og liberal eller republikansk tenking.

Samtidig gav den politiske oppsplittinga av Europa, kyrkja si rolle som motmakt og gunstige geopolitiske forhold vår verdsdel høve til å utvikle eit relativt fritt og dynamisk samfunn. Den europeiske mellomalderen skapte i stor grad dei institusjonane og ideane som ligg til grunn for moderne fridom og felles europeisk identitet.

Eg har oppsummert også «arven frå Aachen» i nokre få, stikkordsmessige punkt.

Det første gjeld dei germanske folkegruppene som bidrog til undergangen av Vestromarriket. Dei grunnla ikkje dei moderne nasjonane, slik tysk historieskriving på 1800-talet ville ha det til. Men dei hadde ein tradisjon for tidleg demokrati i form av ting og andre stormannsforsamlingar som blei vidareført og som bidrog til at kongemakta blei avgrensa og representativt, kollektivt styre oppstod i Europa.

For det andre førte kristninga av Europa til at europearane fekk ein felles identitet som medlemmer av ei overordna Kristenheit (Christianitas, res publica christiana). Å vere europear og romersk-kristen var to sider av same sak. I austromarriket var «Europa» derimot ennå bare eit geografisk begrep.

For det tredje bidrog keisarriket til Karl den store og seinare det tysk-romerske riket og habsburgarrika både til utviklinga av denne identiteten og  til integrasjon mellom nord og sør, vest og aust i det latinske Europa.

Dessutan bidrog mellomalderen til det moderne frie samfunnet og Europa ved at kyrkja fremja verdiar som likeverd, rettferd, utdanning og rettsstat, at føydalsamfunnet utvikla kontraktsbasert styre og maktdeling, at romarretten vart gjenoppliva, og at frie byar og republikkar som Sveits og Venezia skapte både teoretiske og praktiske alternativ til det eineveldige kongedømmet av Guds nåde.

Det siste punktet er at humanistane i renessansen gjenoppdaga den breiare antikke arven og dermed bidrog til at den ville sette eit sterkt preg også på det moderne samfunnet i Europa og Vesten.

Slik skapte samspelet mellom kyrkja, politiske og korporative institusjonar og intellektuelle tradisjonar gradvis både europeisk fellesskap og føresetnader for eit fritt samfunn. Det meste av dette var unikt for Europa.

8 Arven frå Amsterdam, London, Paris, Madrid og Wien

Måleriet er Eugene Delacroix, La liberté guidant le peuple.

Det moderne frie samfunnet vaks først fram i Nordvest-Europa, først i Nederland (Amsterdam), så i England (London/Manchester). Men også Paris, Madrid og Wien kom til å sette viktige spor etter seg i det moderne Europa, Paris gjennom den franske revolusjonen og Napoleon, Madrid og Wien som senter for eit multinasjonalt/overnasjonalt/katolsk keisarrike. Innan ein flatesirkel med radius på ca. 800 km og med Paris som origo – med andre ord i det karolingiske kjerne-Europa – tok ei rekke moderne nøkkelinstitusjonar og -idear form. Det gjaldt marknadsøkonomi, vitskap, industri, nasjonalstat, liberalt demokrati, menneskerettar, rettsstat, velferdsstat og den moderne folkeretten.

Desse ideane spreidde seg seinare til resten av Europa, europeiske busetjarområde og koloniar og dermed til store delar av verda. Det moderne Europa blei dermed òg drivkrafta bak kolonialisme, imperialisme og stadig meir øydeleggande krigar.

Utviklinga mot større fridom var dermed verken rettlinja eller eintydig, og 1900-talet viste korleis moderne statar og avansert teknologi også kunne legge grunnlag for nye og meir ekstreme former for autoritært styre (fascisme, nazisme, kommunisme) og for stadig meir effektiv dreping av menneske.

Eg har delt mi framstilling av moderniseringa av Europa i eigne bolkar om religion, kultur/identitet, økonomi og politikk. Men eg framhevar samtidig kor sterkt grenseoverskridande samkvem og arven frå antikken og mellomalderen – altså europeisk fellesskap på tvers av rom og tid – påverka utviklinga på alle desse områda.

Religion: Europa frå trustvang til samvitsfridom

Reformasjonen splitta Kristenheita og gjorde Europa konfesjonelt mangfaldig. Lutherdommen styrkte statsmakta og bana veg for nasjonal sentralisering og ekskluderande nasjonalisme. Kalvinismen derimot bidrog til utviklinga av republikanisme, føderalisme og motstand mot tyranni. Religionskrigane førte til enorme øydeleggingar, men skapte etter kvart grunnlag for toleranse, samvitsfridom og religionsfridom. Samtidig fremja både reformasjonen og motreformasjonen utdanning, lesekunne og kunnskapsspreiing. Det blei avgjerande for den økonomiske og industrielle veksten som kom seinare.

Identitet: Europa frå kristent rike til verdsleg sivilisasjon

Trass i politisk og konfesjonell oppsplitting overlevde det europeiske fellesskapet og den felles europeiske identiteten, men tok meir form som ein verdsleg sivilisasjon. I opplysningstida blei denne sivilisasjonen kjenneteikna av aukande politisk fridom, vitskap, framsteg og rettsstat, men òg av imperialisme og byrjande kolonialisme. Den nasjonale identiteten som etter kvart oppstod fremja nasjonalt sjølvstyre og demokrati, men utvikla òg autoritære og intolerante former.

Den europeiske integrasjonen etter 1945 kunne dessutan bygge på lange tradisjonar for folkerett, universalisme, føderalisme og samarbeid i det karolingiske kjerne-Europa, vidareført av habsburgarane. Europeisk identitet, kristen universalisme og lojalitet til den overnasjonale kyrkja stod sterkast i dette primært katolske området. Derfor blei dei kristendemokratiske partia spydspissen for det overnasjonalt prega EU. Spenninga mellom nasjonalsinn og europatanke har prega heile det moderne Europas utvikling, og gjer det framleis.

Økonomi: Europa frå eksistensminimum til velstand

Den moderne kapitalismen vaks fram i ei langvarig europeisk utvikling av relativt fri flyt av varer, tenester, kapital, kunnskap og arbeidskraft, basert på relativt føreseielege rammevilkår i form av autonome institusjonar som rettsstaten og meir rasjonell, liberal og demokratisk politikk.

Nederland blei den første moderne, kapitalistiske økonomien. England bygde vidare på dette og blei fødestaden til den industrielle revolusjonen. Den vitskaplege revolusjonen og ein open, konkurranseprega, felleseuropeisk kunnskapskultur var avgjerande for teknologisk innovasjon.

Kolonialisme, slavehandel og tilgang til naturressursar utanfor Europa bidrog til økonomisk vekst, men kan ikkje åleine forklare det økonomiske gjennombrotet. Velstandseksplosjonen og «the great divergence» sprang først og fremst ut av det indre-europeiske samspelet og konkurransen mellom suverene statar med relativt autonome institusjonar og grenseoverskridande teknologisk innovasjon og økonomi.

Politikk: Frå kongedømme av Guds nåde til liberalt demokrati

Den politiske arven frå Aten og Roma, som var vidareført i mellomalderen og renessansen, spela ei viktig rolle også i utviklinga av moderne liberalisme, rettsstat og folkestyre. Reformasjonen, dei nederlandske og engelske revolusjonane og opplysningstida utfordra eineveldet av Guds nåde og la grunnlaget for moderne liberalisme. Dei amerikanske og franske revolusjonane gjorde så folkesuverenitet og individuelle rettar til politiske grunnprinsipp.

På 1800-talet vaks demokratiet fram gjennom kamp for stemmerett, nasjonalt sjølvstyre og sosial likskap. Utviklinga møtte sterk antiliberal motstand frå konservative autokratar som keisar Vilhelm 2 og frå fascistar som Mussolini og Hitler. Men takk vere amerikansk støtte fekk det liberale demokratiet eit historisk gjennombrot etter 1945.

9 Arven frå Washington, D.C. og Brussel

Bildet av det amerikanske og europeiske flagget er KI-generert

Etter det avgjerande amerikanske bidraget i andre verdskrigen er det ikkje så rart at det liberale demokratiet fekk eit sterkare amerikansk og individualistisk preg enn det opphavleg hadde i Europa. Med USA som drivkraft og ankerfeste vaks det òg fram ein liberal verdsorden. Sentrale institusjonar i denne ordenen som FN, Verdsbanken og IMF ligg i New York og Washington, D.C.  Den eigenlege hovudstaden for Nato er òg Washington, sjølv om det administrative hovudkvarteret no ligg i Brussel.

Brussel er som kjent elles hovudsenteret for EU, som lenge har vore det liberale demokratiet og den liberale verdsordenens andre ankerfeste, men som nå igjen må aksle hovudansvaret. Derfor kallar eg denne bolken arven frå Washington, D.C. og Brussel, og reknar han frå 1945 til 2025, då Donald Trump igjen tok over som amerikansk president.

Eg meiner 2025 vil bli  ståande som eit historisk tidsskilje både fordi vi då verkeleg gjekk inn i ei meir uføreseieleg verd utan USA som verdspoliti og fordi EU  frå då av fekk meir ansvar for framtida til det liberale demokratiet «by default».

Den amerikanske abdikasjonen har samtidig gjort Europa viktigare som modell og drivkraft for den framtidige verdsordenen. Det er for eksempel derfor Canada nå søker seg mot Europa.

Avkoloniseringa etter andre verdskrigen førte til ei sterk utbreiing av demokratiske ideal, og dermed til det som er kalla den andre demokratibølga (den første var 1828–1926). Men mange av dei nye statane utvikla seg raskt til diktatur.

Ei tredje demokratibølge begynte likevel på 1970-talet, i Hellas, Portugal og Spania, og fekk særleg stor kraft etter 1989. Sidan sovjetkommunismens fall er den liberaldemokratiske nasjonalstaten blitt den dominerande politiske modellen i heile Europa og i det meste av verda.

KI-generert bilde av Viktor Orban, tidlegare statsminister i Ungarn.

Men som eg sa i innleiinga, har autoritære og populistiske bevegelsar etter ca. 2000 utfordra demokratiet. Dei fleste demokratia har likevel vist stor motstandskraft. Nylege eksempel: Polen, Ungarn, Serbia, Brasil, og sist i natt i USA. Demokratiet står i dag faktisk «verdshistorisk» sterkt og autokratiet tilsvarande svakt, hevdar for eksempel dei framståande amerikanske samfunnsforskarane Levitsky og Way.

Dei peikar på at rundt halvparten av verdas land i 2022 var valdemokrati eller liberale demokrati, mot mindre enn ei firedel i 1973. Det er bare litt under toppnivået på 54 prosent i 2017. Levitsky og Way meiner dette skuldast to ting: 1) at aukande velstand og demokrati forsterkar kvarandre gjensidig, og 2) autoritær veikskap – at autoritære statar er særs sårbare for økonomisk ustabilitet, finansielle kriser, korrupsjon, mangelfull offentleg tenesteyting og avgrensa evne til å omfordele ressursar.

Levitsky og Way og andre demokratiforskarar kritiserer metodane til demokratimålingar som Freedom House, som dei meiner fører til overdrive negative utslag. Dei meiner at slike forskingsinstitusjonar er interesserte i å tolke data så pessimistisk som råd fordi dei lever av frivillige bidrag. Dei peikar òg på sosialpsykologisk forsking som viser at vi menneske er disponerte til å legge større vekt på dårlege enn gode nyheiter.

10 Framtida for det frie samfunnet og den liberale verdsordenen

Den historiske drøftinga mi i boka stadfestar at det unike samspelet mellom fridom og orden, mangfald og einskap i Europa har vore avgjerande for den moderne velstands- og velferdsrevolusjonen. Gjennomgangen viser at det liberale demokratiets særlege historiske styrke ligg i institusjonar som avgrensar maktmisbruk, som fremjar politisk og økonomisk konkurranse og som gjer det mogleg å avdekke og korrigere feil, men som òg opnar for fri flyt på tvers av grenser både i og utanfor Europa.

Nyare samfunnsforsking gir belegg for denne historiske lærdommen. Den viser ganske eintydig at det er demokrati som over tid best fremjar økonomisk vekst, innovasjon, folkehelse og livskvalitet. Ein sentral, nyare studie finn at demokratisering over tid gir 10- 20 prosent høgare BNP per innbyggar.

Slike funn gir sjølvsagt ingen garanti for at det liberale demokratiet vil overleve. Ingen veit noko sikkert om framtida. Uventa ting skjer alltid. Folk flest er dessutan mest opptatt av praktiske utfordringar her og nå, ikkje historiske og samfunnsvitskaplege lærdommar.

Tizian: Bortføringa av Europa (1562)

Og utfordringa her og nå er at Europa står i ei veksande krise av deindustrialisering, svak vekst, skeivt fordelt rikdom, stigande prisar, ei aldrande befolkning, og aukande forsvars- og velferdsutgifter. Det har ført til veksande sosial misnøye, valdelege demonstrasjonar, og populistiske parti som styrkar seg.

Men samtidig har Europa sterke institusjonar, høg levestandard og, ikkje minst, eit stort uutnytta potensial. Nøkkelen til framgang – Europas hemmelege våpen – er meir europeisk integrasjon, samarbeid og samordning – kort sagt meir Europa. Ein analyse gjort for Europaparlamentet frå 2023 anslo at ytterlegare integrasjon og samarbeid kan gi samla gevinstar på over 2800 milliardar euro årleg innan 2032. Det svarar til om lag 15 prosent av EUs samla verdiskaping i 2025, eller over 6200 euro per innbyggar. Draghi- og Letta-rapportane peikar i same retning.

Men å ta ut dette potensialet krev større felles handlekraft, meir samarbeid og samordning og større integrasjon. Meiningsmålingar viser store fleirtal for dette på tvers av EU, men motkreftene er mektige, dei nasjonale særinteressene mange og vetoretten vid.

Krisa i USA er først og fremst politisk, og skuldast primært og mest akutt éin person: Donald J. Trump. Trass i eit enormt og veksande budsjettunderskot verkar den amerikanske økonomien derimot relativt robust. Amerika går dessutan som kjent no i spissen for ei kanskje større og i alle fall raskare teknologisk omvelting enn den industrielle revolusjonen: innføring av kunstig intelligens. Og USA er fremdeles verdas overlegent sterkaste militærmakt.

Den amerikanske verdsdominansen er likevel på hell. Å stå for over ein tredel av verdas militærutgifter med bare ein firedel av verdas verdiskaping er ikkje berekraftig.

Dessutan abdiserer som kjent Trump nå frivillig frå hegemoniet i den verdsordenen USA skapte etter 1945. Alliansane og partnarskapa som har vore avgjerande for amerikansk makt gir han rett og slett blaffen i. Den irrasjonelle «America First»-politikken hans er eit fatalt svik mot resten av verda og fører til eit tillitstap som det blir bortimot umogleg å reparere. Dermed er det ugjenkalleleg slutt på ein verdsorden basert på det Geir Lundestad kalla «empire by invitation».

Men også Kina står overfor store utfordringar: alvorleg demografisk tilbakegang, aldring og svakare vekst. Kina har dessutan eit enormt problem: eit autoritært styre som har endå større vanskar med å fornye seg enn dagens fastkjørte liberale demokrati.

Det gjeld sjølvsagt i endå større grad Russland, som på grunn av krigen i Ukraina er i ferd med å spele heilt fallitt. Verken Kina eller Russland tilbyr dessutan noko overbevisande langsiktig alternativ til det liberale demokratiet. Tvert i mot vil ingen av dei klare å ta igjen Vesten økonomisk utan demokratisering.

Populistar har heller ingen truverdige og berekraftige svar, som blant anna Trump sin politikk viser og det amerikanske mellomvalet i går stadfesta.

Samla sett står dei liberale demokratia framleis økonomisk, teknologisk og militært sterkt. Sjølv om dei er i vanskar, har konkurrentane det verre. Eg trur dessutan Nato vil overleve Trump, men med større likevekt og mindre tillit mellom USA og Europa.

Dersom det ikkje bryt ut ein storkrig eller ei ny finansiell nedsmelting er eg derfor relativt optimistisk. Men Vesten – i den grad dét fremdeles vil vere eit meiningsfylt begrep – må rekne med mindre relativ makt og større internasjonal konkurranse. Det er ei heilt naturleg og eigentleg positiv utvikling som skuldast at heile verda nærmar seg vårt velstandsnivå.

Europa vil bli meir sjølvstendig, men kan ikkje erstatte USA som ankerfeste for ein liberal verdsorden. Verdsordninga blir derfor i alle fall i ein overgangsfase meir multipolar, meir maktbasert og meir uføreseieleg. Vi får fleire krigar, meir ustabil politikk og meir kritiske, meir krevjande og mindre tålmodige og mindre lojale veljarar.

Mykje talar likevel for Francis Fukuyama si tese om at den politiske idéhistoria på éin måte er slutt. Ingen andre modellar for nasjonalt styresett er så universelt overbevisande som det liberale demokratiet.

Men det betyr ikkje at kriser og konfliktar vil forsvinne. Det frie samfunnet har ei innebygd uro og spenning mellom fridom og velstand på den eine sida og tryggheit og likskap på den andre. Dei store omveltingane vi nå opplever gjer denne uroa ekstra stor. Ho blir dessutan multiplisert av sosiale media. Dét har utløyst det uvanleg store behovet vi ser i samfunnet i dag for trygg identitet, tilhøyrigheit og anerkjenning, og har i sin tur ført til større polarisering, meir ekstreme reaksjonar og meir populisme enn før.

Demokratiets styrke er evna til å handtere slike motsetningar gjennom fredeleg konfliktløysing og reform basert på fornuft og læring. Men dét er på lang sikt. På kort sikt må vi vente større svingingar og meir konflikt enn før. Slik sett er ikkje historia slutt som «one damned thing after another», som Arnold Toynbee skal ha sagt.

Men heller ikkje ideologisk kan vi etter mi meining sette sluttstrek. Det liberale demokratiet kan vere endepunktet i diskusjonen om kva som er det beste styresettet innan statar, men frivillig samarbeid mellom suverene nasjonalstatar kan ikkje vere den endelege ordninga av forholdet mellom statar. Globaliseringa vil halde fram, og for å møte veksande felles utfordringar som klimakrisa og kunstig intelligens må vi styrke overnasjonale institusjonar og folkeretten, og internasjonalt samarbeid og samordning. Den neste store historiske utfordringa er derfor å utvikle meir liberalt og demokratisk styresett utover nasjonalstaten.

Europa har kome lengst med dette, og har òg størst eigeninteresse i å styrke det på globalt nivå. Europa må igjen gå i spissen, både som modell og med reformer som kan styrke sin eigen einskap.

Den naturlege og logiske konklusjonen på ei historie prega av einskap i mangfald vil etter mitt syn vere eit føderalt Europa, som konstitusjonelt sikrar nettopp det – einskap i mangfald – og som samtidig gir oss europearar større samla suverenitet: Europas foreinte statar.

Takk for merksemda!

Legg att eit svar