I sitt svar til meg (Dag og Tid 19.06.26) unngår Halvor Tjønn heilt å gå inn på mi hovudinnvending mot den opphavlege artikkelen hans i DT om Tyskland som ny “hegemonimakt” i Europa. Den var at Tyskland verken kan eller vil innta noka slik rolle. Det Berlin satsar på og vil bidra til, er at eit meir samla Europa skal bli i stand forsvare seg mot Russland og hevde seg overfor Kina og resten av verda utan å vere avhengig av USA.

Keisar Napoleon 3. av Frankrike kapitulerer overfor kong Vilhelm 1. og kronprins Frederik av Preussen 2. september 1870 etter slaget ved Sedan. Kjelde: Library of Congress/Wikipedia Commons http://lccn.loc.gov/2012648880
I staden brukar Tjønn mykje plass på å forsvare skremmebildet sitt av eit historisk aggressivt Tyskland. Han synest det er “ein kraftig påstand” at eg skreiv at “Eit samla Tyskland kan strengt teke seiast å ha utgjort ei offensiv stormakt i berre 36 år”, noko han feilaktig gjengir som “i 36 år av dei godt over 1000 åra det har eksistert noko som me kan kalla ein tysk nasjon”.
Så spør han meg om ei rekke konkrete “tyske” krigar var defensive. Dei fleste han nemner skjedde før Tyskland vart samla. Då blir spørsmålet kva den tyske “nasjonen” var før 1871. Var til dømes Preussen “Tyskland”? Var Det tysk-romerske riket “Tyskland”? I alle fall for Preussen sin del meiner eg svaret må vere nei.
Dei fleste krigane Tjønn nemner må uansett oppfattast som indre “tyske” oppgjer, ikkje åtak på andre uavhengige land, særleg dersom ein aksepterer den anakronistiske forståinga hans av “den tusenårige tyske nasjonen”. Trettiårskrigen 1618-48 byrja som eit indre, bøhmisk-protestantisk opprør mot keisaren i riket som Bøhmen var del av, men vart europeisert då Sverige og Frankrike intervenerte. Preussen erobra Schlesien frå Austerrike i 1740–45 som del av den austerrikske arvefølgjekrigen. Krigen mellom Preussen og Austerrike i 1866 handla om leiarskapen i det tyskspråklege Europa, ikkje om europeisk hegemoni. Den dansk-tyske krigen same år starta med at Danmark prøvde å innlemme hertugdømmet Slesvig i kongeriket, i strid med London-avtalen frå 1852. I 1870 var det Frankrike som først erklærte krig. Etter at Bismarck hadde teke Alsace og Lorraine, var hans viktigaste mål å bevare fred og stabilitet i Europa. Først då han gjekk av i 1890, vart Tyskland under keisar Vilhelm 2. ei offensiv stormakt.
Tjønn påstår elles at han brukar nemninga hegemonimakt deskriptivt, ikkje negativt. Problemet med det er at dei fleste nok oppfattar omgrepet som negativt i seg sjølv, og knyter det til dominans, undertrykking og ufridom, særleg når det dreiar seg om Tyskland. Det hadde vore noko anna om Tjønn hadde brukt eit mindre lada ord, som tysk “leiarskap” i Europa.
Denne innlegget stod på trykk i Dag og Tid 26. juni 2026, side 35. Nettversjonen kan lesast her.