NRK-dokumentaren "Den gode viljen" har skapt ny bistandsdebatt i Noreg. Med rette og på ein god måte, synest eg. Serien er nyansert og balansert, og får fint fram dei dilemma bistand til utvikling frå rike til fattige land medfører. Nyleg avslutta eg ein jobb i UD der eg i tre år arbeidde til dagleg med…
Hellas og Europa før og nå, del I: Det greske opphavet til det geografiske og universelle Europa
Hellas er eit sjarmerande land som kanskje går konkurs innan eit år, EU-redningspakkar eller ei. Med det vi nå veit om gresk økonomi og politikk, må vi lura på korleis Hellas så lett kom med i EU i 1981 og euroen i 2002. Eg trur ein viktig del av svaret er at Hellas er oppfatta…
Afrika og Europa
Ein gong eg sat og venta på seine politikarar i ein møtesal i Nigerias hovudstad Abuja, kom eg i prat med sidemannen. Han var i svart uniform og det viste seg at han var politilege med grad tilsvarande major. Arbeidsstaden var det føderale politihovudkvarteret i nærleiken. Etter at eg hadde presentert meg som norsk ambassadør, spurte han…
«Europa er forbode!»
I mitt tidlegare tenesteland Nigeria har det vokse fram ei muslimsk sekt som driv terroristverksemd og går under namnet "Boko Haram". Haram (eller haraam) er eit arabisk ord som betyr "forbode av Gud", "synd", eller "heilagbrøde". Å eta svinekjøtt eller å driva utruskap er haram. Det framgår av Koranen. "Boko" er eit hausaord (hausafolket bur i det…
Kina i Afrika: Nykolonialisme eller ny økonomisk verdsorden?
25. november heldt eg eit føredrag om temaet over for eit studentnettverk for Afrika på NTNU i Trondheim. Under følgjer presentasjonen og talemanuset eg brukte. Les gjerne presentasjonen først. Presentasjon: Tigers and Lions. Is Asia helping Africa take off economically? Kinas engasjement i Afrika avspeglar den raske utviklinga i Kina sidan Maos død. Landet har hatt…
Afrika reiser seg
The Economist av 3. desember 2011 har som hovudoppslag ”Africa rising”. Leiarartikkelen kan lesast her. Gjennomgangstonen er optimistisk, men det er også ei rekke atterhald. Å gjera opp status kan bli ein diskusjon om ein skal leggja mest vekt på gode eller mindre gode utviklingstrekk. Det er opplagt at det har gått atskilleg betre i Afrika dei siste…