Ingen «big man» i Afrika er presis; dess viktigare ein er, dess seinare kjem ein. Dessutan heitte det jo at «you Europeans have watches, we Africans have time». Så politilegen og eg fekk god tid til diskutera hans høgst politisk ukorrekte påstand. Eg prøvde å antyda at gjort var gjort og at dessutan er nasjonal suverenitet både prinsipielt og praktisk ein føresetnad for modernisering (demokratisk ansvarlegheit, nasjonalt eigarskap og alt det der). Men min historiefilosofisk anlagte nye venn heldt på sitt.
Det var faktisk ikkje første gong eg høyrde slike eller liknande utsegner i Afrika. Aldri offisielt, sjølvsagt, men i fortrulege samtalar – og i nettkommentarar. Offisielt er linja at Europa og Vesten er rota til det meste av det som er gale i Afrika. Først gjennom slavehandelen, så gjennom koloniveldet/imperialismen og utbyttinga som høyrde med det, og etter frigjeringa gjennom underutvikling og avhengigheit (nå kjem heldigvis Kina til unnsetning).
Sjølv har eg kome til at Afrikas utfordringar hovudsakleg har geografiske årsaker. Politiske, økonomiske, sosiale, historiske, klimatiske osv. problem skuldast mest grunnleggande geografisk posisjon: eit separat, enormt kontinent med konstant ekstremver. Det var i det meir tempererte Eurasia det skjedde: livleg kommunikasjon mellom ulike sivilisasjonar førte med seg handel, idéutveksling, utvikling av jordbruk, teknologi, vitskap. I løpet av middelalderen byrja Europa å ta leiinga.
Afrika hadde eit dårlegare utgangspunkt:
”…except in Egypt and other favoured regions, Africa’s ancient rocks, poor soil, fickle rainfall, abundant insects, and unique prevalence of disease composed an environment hostile to agricultural communities” (John Iliffe: Africans. The History of a Continent, Cambridge University Press 2007, s. 1.)
Det lite produktive jordbruket medførte i sin tur låg folketettheit og få byar (historisk har byane vore utviklingssentra). Dette saman med det store ørkenbeltet nord på kontinentet hindra lenge afrikansk medverknad i den livlege kommersielle og intellektuelle utvekslinga i Eurasia. I den grad ein var med (i middelalderen, før europearanes ankomst), var det gjennom islam og slave- og gullhandel. Afrikanarar sør for Sahara oppfann aldri verken skriftspråk eller hjulet (noko av det mest avanserte, var produksjon av superhardt stål, men i liten skala). Men dette skuldast altså ikkje rase eller intelligens, men geografi.
Framleis utgjer lang veg til havet, vanskeleg navigerbare elvar og et tøft klima objektive skranker for mange afrikanarars deltaking i verdensøkonomien. Dessutan inndelte kolonimaktene kontinentet i økonomisk lite formålstenlege einingar som i dei fleste tilfelle dessutan braut drastisk med lokal tradisjon. Etter uavhengigheita var det med denne bakgrunnen vanskeleg å oppnå stabilitet og utvikling. Mellom anna medverka rivalisering mellom etniske grupper og supermakter til krig og konflikt frå det seine 1960-tallet og utover.
I den grad ein kan tenkja seg dette, trur eg også at utan Europas inntog i Afrika ville dei fleste afrikanarar i dag hatt det mykje verre. Som eg har vore inne på før i denne bloggen, var ikkje det førkoloniale Afrika nokon Edens hage. Levealderen var kort, barne- og mødredødelegheit høg, det var mykje sjukdom, krig og konflikt, og utbreidd slavehandel og slavehald, blant både afrikanarar og arabarar. Det var tradisjonar som vi aldre ville ha tolerert i dag. Afrikansk levealder byrja først å stiga etter introduksjonen av vestleg medisin.
Dermed har eg ikkje sagt at det ikkje er verdifulle sider ved Afrika som har gått tapt, eller at alt europearane gjorde var bra. Tvert i mot. Men det må gå an å sjå like kritisk på afrikanske og andre samfunn som på det europeiske. Arabarar tok til dømes minst like mange afrikanske slavar som europearane, og europearane avskaffa slavehald lenge før arabarane og afrikanarane. Afrika var og er rett og slett langt mindre budd på det moderne, europeisk prega samfunnet enn Europa og Asia.
Min venn politilegen hadde nok rett i historisk sett har nokre kulturar (for ikkje å bruka det belasta ordet «sivilisasjonar») hatt større gjennomslag enn andre og at i eit langsiktig perspektiv treng ikkje det vera berre ille. Men eg har vanskeleg for å tru at han ville ha ønska at europearane hadde overtatt Afrika så fullstendig som dei gjorde med Amerika og Australia.
Men Afrika er uansett framleis sterkt prega av Europa. Og ennå gir ingen meir bistand, handlar meir med eller investerer meir i Afrika enn Europa under eitt. Svaret på utfordringane er ikkje å prøva å skru klokka tilbake til verken ein innbilt ideell naturtilstand eller til kolonitida, men større deltaking i den internasjonale arbeidsdelinga. Men ansvaret for det har først og fremst Afrika sjølv. Og akkurat nå ser det jo bra ut; afrikansk økonomi er i sterk vekst. Store delar av Europa derimot slit både med låg vekst og høg arbeidsløyse. Kanskje det er Afrika og Asia, og ikkje Europa, som har framtida for seg? (Slapp av, det trur eg ikkje!)