Den gode bistandsviljen

Frå "Den gode viljen". Foto: NRK
Foto: NRK

NRK-dokumentaren «Den gode viljen» har skapt ny bistandsdebatt i Noreg. Med rette og på ein god måte, synest eg. Serien er nyansert og balansert, og får fint fram dei dilemma bistand til utvikling frå rike til fattige land medfører. Nyleg avslutta eg ein jobb i UD der eg i tre år arbeidde til dagleg med desse problemstillingane. Desssutan hadde eg nærkontakt med realitetane på mottakarsida i mine fire år (2005-2009) som ambassadør til Nigeria, Benin, Togo og Ghana.

Min konklusjon når det gjeld bistand etter desse sju åra er kort oppsummert følgjande:

Eg trur bistand i eit langt tidsperspektiv har overvegande positive effektar. Sunn fornuft tilseier at det er fleire vellukka enn mislukka prosjekt. Dessutan er det så vidt eg har oppfatta flest empiriske studiar som tydar på at bistand gir høgare økonomisk vekst i mottakarlanda. Men dette varierer sjølvsagt etter kor store land det er snakk om, kva slags andre inntekter dei har, kor mykje konflikt det er i landet, kva styresett det er, og så vidare.

På eit meir overordna nivå meiner eg også bistand og utviklingssamarbeid medverkar til læring og diffusjon av modernitetens «beste praksis», og dermed til materiell framgang og global integrasjon. Det er det som gjer det relevant å skriva om dette i ein historisk orientert blogg om Europa og europeisk kultur. Men så ser vi også ein islamistisk reaksjon som protesterer nettopp mot denne moderniteten, som føreset Vesten som ein universalmodell. Det skal eg koma tilbake til i eit anna innlegg.

Men bistand har også mange problematiske sider, spesielt at han lett skapar feil incentivstruktur dersom han blir for dominerande. Transaksjonskostnadane er svært høge. Dessutan er store politiske og økonomiske ulikskapar eit alvorleg dilemma – det er eit faktum at i mange (dei fleste?) utviklingsland bryr makthavarane og dei rike seg mindre om dei makteslause og fattige enn vi som gjevarar. Vår bistand kan i slike tilfelle ikkje berre undergrava demokratisk ansvarlegheit og dermed godt styresett, men også i realiteten utgjera ei subsidiering av korrupsjon. Makteliten stel landets eigne pengar som burde gått til fattigdomsbekjemping og vi steppar inn og gjer jobben deira. Dermed slepp kanskje makthavarane lettare unna enn om vi ikkje hadde gjort det. Men det er jo her «den gode viljen» kjem inn: har vi ikkje ei moralsk plikt til å hjelpa uskuldige offer uansett?

Men uavhengig av kor mange paradoks, dilemma og miserar bistand i praksis måtte føra med seg, slik «Den gode viljen» og mange andre einskildoppslag i media viser, har eg lita tru på at vi vil redusera bistanden monaleg. Vi ser det som eit moralsk imperativ å dela vår rikdom uansett effekt. Vi norske er dessutan for opptekne av vårt eige omdømme i verda til at vi vil la bistanden falla noko særleg under ein prosent av brutto nasjonalprodukt. Både vi og andre forventar at vi gir rikeleg bistand. Dermed gjer vi det. Okke som.

Så enkelt er det. Utfordringa er og blir å gjera det beste utav det.

Afrika og Europa

Ein gong eg sat og venta på seine politikarar i ein møtesal i Nigerias hovudstad Abuja, kom eg i prat med sidemannen. Han var i svart uniform og det viste seg at han var politilege med grad tilsvarande major. Arbeidsstaden var det føderale politihovudkvarteret i nærleiken. Etter at eg hadde presentert meg som norsk ambassadør, spurte han kva eg syntest om utviklinga i Nigeria. Eg prøvde å svara diplomatisk. Då smelte han til: «Nigerias ulukke er at britane trekte seg ut (i 1960). Historia viser at dei sterkaste sivilisasjonane overlever. Vi afrikanarar greier ikkje overgangen til eit moderne samfunn på eiga hand. Europa burde ha blitt i Afrika.»

Ingen «big man» i Afrika er presis; dess viktigare ein er, dess seinare kjem ein. Dessutan heitte det jo at «you Europeans have watches, we Africans have time». Så politilegen og eg fekk god tid til diskutera hans høgst politisk ukorrekte påstand. Eg prøvde å antyda at gjort var gjort og at dessutan er nasjonal suverenitet både prinsipielt og praktisk ein føresetnad for modernisering (demokratisk ansvarlegheit, nasjonalt eigarskap og alt det der). Men min historiefilosofisk anlagte nye venn heldt på sitt.

Det var faktisk ikkje første gong eg høyrde slike eller liknande utsegner i Afrika. Aldri offisielt, sjølvsagt, men i fortrulege samtalar – og i nettkommentarar. Offisielt er linja at Europa og Vesten er rota til det meste av det som er gale i Afrika. Først gjennom slavehandelen, så gjennom koloniveldet/imperialismen og utbyttinga som høyrde med det, og etter frigjeringa gjennom underutvikling og avhengigheit (nå kjem heldigvis Kina til unnsetning).

Sjølv har eg kome til at Afrikas utfordringar hovudsakleg har geografiske årsaker. Politiske, økonomiske, sosiale, historiske, klimatiske osv. problem skuldast mest grunnleggande geografisk posisjon: eit separat, enormt kontinent med konstant ekstremver. Det var i det meir tempererte Eurasia det skjedde: livleg kommunikasjon mellom ulike sivilisasjonar førte med seg handel, idéutveksling, utvikling av jordbruk, teknologi, vitskap. I løpet av middelalderen byrja Europa å ta leiinga.

Afrika hadde eit dårlegare utgangspunkt:

”…except in Egypt and other favoured regions, Africa’s ancient rocks, poor soil, fickle rainfall, abundant insects, and unique prevalence of disease composed an environment hostile to agricultural communities” (John Iliffe: Africans. The History of a Continent, Cambridge University Press 2007,  s. 1.)

 

Det lite produktive jordbruket medførte i sin tur låg folketettheit og få byar (historisk har byane vore utviklingssentra). Dette saman med det store ørkenbeltet nord på kontinentet hindra lenge afrikansk medverknad i den livlege kommersielle og intellektuelle utvekslinga i Eurasia. I den grad ein var med (i middelalderen, før europearanes ankomst), var det gjennom islam og slave- og gullhandel. Afrikanarar sør for Sahara oppfann aldri verken skriftspråk eller hjulet (noko av det mest avanserte, var produksjon av superhardt stål, men i liten skala). Men dette skuldast altså ikkje rase eller intelligens, men geografi.

Framleis utgjer lang veg til havet, vanskeleg navigerbare elvar og et tøft klima objektive skranker for mange afrikanarars deltaking i verdensøkonomien.  Dessutan inndelte kolonimaktene kontinentet i økonomisk lite formålstenlege einingar som i dei fleste tilfelle dessutan braut drastisk med lokal tradisjon. Etter uavhengigheita var det med denne bakgrunnen vanskeleg å oppnå stabilitet og utvikling. Mellom anna medverka rivalisering mellom etniske grupper og supermakter til krig og konflikt frå det seine 1960-tallet og utover.

I den grad ein kan tenkja seg dette, trur eg også at utan Europas inntog i Afrika ville dei fleste afrikanarar i dag hatt det mykje verre. Som eg har vore inne på før i denne bloggen, var ikkje det førkoloniale Afrika nokon Edens hage. Levealderen var kort, barne- og mødredødelegheit høg, det var mykje sjukdom, krig og konflikt, og utbreidd slavehandel og slavehald, blant både afrikanarar og arabarar. Det var tradisjonar som vi aldre ville ha tolerert i dag. Afrikansk levealder byrja først å stiga etter introduksjonen av vestleg medisin.

Dermed har eg ikkje sagt at det ikkje er verdifulle sider ved Afrika som har gått tapt, eller at alt europearane gjorde var bra. Tvert i mot. Men det må gå an å sjå like kritisk på afrikanske og andre samfunn som på det europeiske. Arabarar tok til dømes minst like mange afrikanske slavar som europearane, og europearane avskaffa slavehald lenge før arabarane og afrikanarane. Afrika var og er rett og slett langt mindre budd på det moderne, europeisk prega samfunnet enn Europa og Asia.

Min venn politilegen hadde nok rett i historisk sett har nokre kulturar (for ikkje å bruka det belasta ordet «sivilisasjonar») hatt større gjennomslag enn andre og at i eit langsiktig perspektiv treng ikkje det vera berre ille. Men eg har vanskeleg for å tru at han ville ha ønska at europearane hadde overtatt Afrika så fullstendig som dei gjorde med Amerika og Australia.  

Men Afrika er uansett framleis sterkt prega av Europa. Og ennå gir ingen meir bistand, handlar meir med eller investerer meir i Afrika enn Europa under eitt.  Svaret på utfordringane er ikkje å prøva å skru klokka tilbake til verken ein innbilt ideell naturtilstand eller til kolonitida, men større deltaking i den internasjonale arbeidsdelinga. Men ansvaret for det har først og fremst Afrika sjølv. Og akkurat nå ser det jo bra ut; afrikansk økonomi er i sterk vekst. Store delar av Europa derimot slit både med låg vekst og høg arbeidsløyse. Kanskje det er Afrika og Asia, og ikkje Europa, som har framtida for seg? (Slapp av, det trur eg ikkje!)

«Europa er forbode!»

I mitt tidlegare tenesteland Nigeria har det vokse fram ei muslimsk sekt som driv terroristverksemd og går under namnet «Boko Haram«. Haram (eller haraam) er eit arabisk ord som betyr «forbode av Gud»,  «synd», eller «heilagbrøde».  Å eta svinekjøtt eller å driva utruskap er haram. Det framgår av Koranen. «Boko» er eit hausaord (hausafolket bur i det nordlege Nigeria og i nærliggande delar av Sahel-beltet) som visstnok har utgangspunkt i det engelske «book», men som er blitt synonymt med «vestleg utdanning», «vestleg lærdom» eller «vestleg sivilisasjon».  Sidan «boko» i denne forstand historisk, og særleg i afrikansk kontekst, har utgangspunkt i Europa, kan Boko Haram forståast som «Europa er forbode!»

Sjølv kallar visst Boko Haram-rørsla seg for «Folk som har forplikta seg til å forkynna Profetens læresetningar og til jihad». Boko Haram sin dagsorden er å fjerna all europeisk/vestleg/sekulær påverknad og gjera Nigeria til eit puritansk islamistisk samfunn i tråd med Boko Harams tolking av Koranen, uansett om halvparten av nigerianarane er kristne. Landet skal følgja sharia-lovene, banda til Vesten kuttast, demokratiet avskaffast (som vestleg idé, sjølvsagt) og det skal slåast hardt ned på korrupsjon. Rørsla er knytta til ei rekke valdelege aksjonar i Nigeria den siste tida.

I 2011 skal Boko Haram ha vore ansvarleg for om lag 500 menneskes død. Blant desse var den 30 år gamle norske juristen Ingrid Midtgaard, som vart drepen under eit sjølvmordsåtak på FN-bygningen i hovudstaden Abuja 26. august. Midtgaard jobba for FNs program for narkotika og kriminalitet (UNODC). Eg hadde som norsk ambassadør sjølv nokre år tidlegare gått inn for at UNODC i Abuja burde få norske juniorekspertar, så eg kjenner eit visst medansvar. FN vart truleg angripe som representant for ein vestleg moderniseringsmodell. I seinare tid har Boko Haram tatt ansvaret for bombeåtak også på kristne kyrkjer. Men truleg er minst like mange muslimar som kristne drepne.

Slik religiøst grunngjeven, systematisk vald mot offentlege styresmakter er noko nytt i Nigeria (og i Afrika), i alle fall i eit slikt omfang. Men det er ikkje nytt at det oppstår puritanske jihad-rørsler i nordaust-Nigeria. I 1802 byrja fulanien Usman dan Fodio eit opprør mot den dåverande dekadansen i dei dåverande hausastatane i området. Han erobra etter kvart desse statane og også delar av det nåverande nordlege Kamerun. Han grunnla også kalifatet (nå sultanatet) i Sokoto. Sultanen her blir framleis sett som den fremste muslimske leiaren i Nigeria.

Men Boko Haram protesterer også mot den muslimske eliten. inkludert sultanen, som dei meiner er korrupt og korrumpert, berre opptatt av pengar og makt. Og her har dei eit poeng. Nigerias største «problem» er oljerikdommen, som dei oljeproduserande landsdelane ute ved kysten får størst inntekter av. Resten  blir fordelt ut over landet via føderalregjeringa i Abuja. Det meste av dei fordelte pengane blir verande hos regionale og lokale elitar og deira klientar. Lite dryp på klokkaren. Politiske og religiøse leiarar lever på ein stor fot, mens dei fattige massane må klara seg som best dei kan.

Det er ei klar årsak til misnøye. Mange er nok også opprørte av religiøse grunnar, påverka av internasjonal islamsk fundamentalisme og kanskje trent og oppmuntra av terrorgrupper andre stader i Sahel-beltet. Nokre kan dessutan rett og slett vera kriminelle. Bankran har vore ein del av verksemda som er tillagt Boko Haram.

Sektleiar Muhammad Yusuf i politiets varetekt

Men truleg ligg det meir bak.  Ein må spørja kvifor dette fenomenet har oppstått akkurat nå. Den første blodige samanstøyten mellom Boko Haram og politiet skjedde sommaren 2009, rett før eg forlot Abuja.  Då vart den dåverande leiaren, Muhammad Yusuf, regelrett avretta av politiet etter å ha blitt tatt til fange (slikt er vanleg i Nigeria). Mange andre av sektmedlemmene vart drepne.

Mange, inkludert underteikna, trudde dermed at Boko Haram var eliminert.  Men så i 2010 og spesielt 2011 kom nye aksjonar. For første gong skjedde det sjølvmordsangrep i Abuja. Det er nærliggande å tru at dette hadde med politikk å gjera. Den muslimske presidenten i Nigeria, Umaru Yar’adua, døydde i mai 2010, og den kristne visepresidenten Goodluck Jonathan frå delstaten Bayelsa i sør tok over. I april 2011 klarte Jonathan å bli vald til president, trass i at ei uskriven lov tilsa at det framleis var ein muslim frå nord som skulle hatt makta fram til 2015.

Å vera president i Nigeria gir tilgang til ufattelege rikdommar. Jonathan har nok måtta betala dyrt, ikkje minst til eliten i nord, for å få deira støtte. Men i eit land der det meste dreiar seg om pengar, vil det alltid vera nokon som meiner seg forfordelt. I tillegg har det alltid vore spenning mellom nord og sør, muslimar og kristne, og mellom ulike folkegrupper i Nigeria. Det var dette den såkalla Biafra-krigen dreia seg om. Det er dermed ikkje usannsynleg at Boko Haram blir sponsa av misnøgde elitar i nord som vil undergrava Jonathan og i alle fall gjera det uråd for han å bli gjenvald i 2015.

Kva har så dette med Europa å gjera? Vel, Nigeria er som stat eit produkt av europeisk kolonialisme og byggjer på ein vestleg modell. Mykje av korrupsjonen kan dessutan hevdast å vera eit resultat av vestleg driven oljeutvinning, som har medverka sterkt til å undergrave det tradisjonelle afrikanske samfunnet og afrikanske verdiar. Goodluck Jonathan er som kristen ein representant for vestleg kultur.

Men på den andre sida er det ingen veg tilbake til det førkoloniale samfunnet. Det var då heller ikkje statisk, men i stadig endring. Mellom anna var islam på marsj sørover mot Guineabukta då europeiske misjonærar og koloniherrar etablerte seg ute ved kysten og bevega seg nordover. Det var stor sjanse for at heile Vest-Afrika ville ha blitt muslimsk om ikkje ei motrørsle hadde kome. Dessutan hadde det tradisjonelle samfunnet mange sider ved seg som vi i dag finn heilt uakseptable.

I praksis protesterer Boko Haram og tilsvarande fundamentalistar ikkje berre mot ei (vestleg/europeisk) kulturform, men også mot det vi forstår med modernitet. Det er vanskeleg å tenka seg utvikling i tydinga brei velstandsvekst og fattigdomsreduksjon utan vestleggjering/europeisering, industrialisering og sekularisering i ein viss forstand. Reflekterte muslimar aksepterer dette.

Problemet er at det nigerianske samfunnet ennå ikkje har klart å tilpassa seg den vestlege modellen. Ein har til fulle tatt inn over seg materialismen, egoismen og pengejaget, men i langt mindre grad ideala om rettferd, solidaritet og likskap. Dette gir Boko Haram høve til å rekruttera blant sosialt misnøgde, uavhengig av kva drivkrefter som elles ligg bak. Eg har inga oppskrift på kva ein kan gjera med dette. Men det har heller ikkje Boko Haram.  Løysinga er ikkje mindre europeisering, dvs. modernisering, i Nigeria, men meir.

Kina i Afrika: Nykolonialisme eller ny økonomisk verdsorden?

Kinesisk byggeverksemd i Afrika

25. november heldt eg eit føredrag om temaet over for eit studentnettverk for Afrika på NTNU i Trondheim.  Under følgjer presentasjonen og talemanuset eg brukte. Les gjerne presentasjonen først.

Presentasjon: Tigers and Lions. Is Asia helping Africa take off economically?

  • Kinas engasjement i Afrika avspeglar den raske utviklinga i Kina sidan Maos død. Landet har hatt over ti prosent årleg økonomisk vekst dei siste tjue åra. Også India satsar i Afrika, men Kinas handel med og investeringar i Afrika er over dobbelt så stor som Indias, og veks raskare.
  • Kinas engasjement i Afrika veks langt raskare enn OECD-landas.  Dermed aukar Kinas innverknad på afrikansk politikk og økonomi både absolutt og relativt.
  • Samla sett er likevel Europas og USAs del av den totale bistanden til, handelen med og investeringane i Afrika framleis monaleg større enn både Kinas og andre nye aktørars. I alle fall som bistandsgjevar i vanleg forstand vil såkalla tradisjonelle aktørar under eitt også vera klart størst i overskodeleg framtid.
  • Det er grunn til å tru at utviklinga i Kinas og andre vekstøkonomiar har medverka monaleg til den økonomiske framgangen i Afrika dei siste åra.
  • Ein hovudgrunn til den afrikanske økonomiske veksten er auka asiatisk etterspørsel etter afrikanske råvarer og innanlandsk forbruk. Stigande råvareprisar fører til større eksportinntekter for mange afrikanske land. Men også investeringar og bistand frå nye aktørar medverkar til vekst i Afrika.
  • Kinas satsar breitt og langsiktig i Afrika. Beijing meiner Afrika har eit stort, unytta potensial på mange område som kinesiske investeringar, lån, teknisk ekspertise og forretningsmetodar kan vera med og utvikla til gjensidig fordel. Slagordet er ”vinn-vinn”.
  • Økonomiske interesser er den viktigaste drivkrafta bak den kinesiske satsinga i Afrika. Afrikas store førekomstar av strategiske råvarer, og spesielt olje, er særleg viktig.  Om lag ein tredel av Kinas oljeimport kjem frå Afrika, hovudsakeleg frå Angola, Nigeria og Sudan. Meir enn 80 prosent av koboltimporten kjem frå Afrika. Også afrikansk tømmer og krom er viktig for Kina.
  • Når det gjeld investeringar, er utbygging av fysisk infrastruktur (vegar, jernbane, hamner, flyplassar, telekommunikasjon, vasskraftverk, bygningar, idrettsstadia osv.) og tilrettelegging for næringsutvikling sentrale innsatsområde for Kina i Afrika. Men kinesarane fremjar i ein viss grad også arbeidsintensiv småindustri i Afrika, ikkje minst gjennom særskilte økonomiske frisoner oppretta etter kinesisk førebilete. I tillegg satsar kinesarar på produksjon av matvarer for eksport i Afrika.
  • Men Afrika er også politisk viktig for Kina. Delvis gjeld det å fremja eitt Kina-politikken, det vil seia å unngå at afrikanske land godkjenner Taiwan. Og delvis gjeld det å byggja ”sør-sør-solidaritet” med kinesiske interesser i internasjonale fora, til dømes i FN, WTO, G20 og i klimaforhandlingane.
  • Det kinesiske engasjementet blir i stor grad møtt med opne armar i Afrika. Afrikanske regjeringar er spesielt positive, men også mange vanlege afrikanarar set pris på Kina.
  • Men nokre stader, og spesielt i Zambia, har kinesisk verksemd blitt ei politisk stridssak. Kinesiske selskap er tungt inne i Zambia, og særleg i gruvedrift. Mange tilfelle av dårlege arbeidsvilkår og arbeidskonfliktar.
  • Som frivillige organisasjonar, media og forsking peikar på, er det lite tvil om at kinesarar framleis har vore involverte i tvilsam verksemd i Afrika, til dømes korrupsjon, ulovleg hogst, jakt og fiske. Når det gjeld krav til arbeidsmiljø, samfunnsansvar og miljøomsyn er det grunn til å tru at kinesisk praksis framleis ligg monaleg etter internasjonal standard. Kinesiske selskap følgjer ikkje vanlege internasjonale reglar for anbud, byggeleiing og generell kvalitetssikring. Eitt problem med dette er at konkurransen blir svekka, inkludert frå norske leverandørar. Kina er dessutan ein våpenleverandør til konfliktområde i Afrika, som Kongo (DRC), Zimbabwe og Sudan/Darfur.
  • Men vestlege aktørar er ofte blitt kritiserte for liknande forhold. Store delar av også vestleg støtte (bistand, lån, investeringar osv.) går til afrikanske land som ligg etter når det gjeld demokrati, menneskerettar, korrupsjon, miljø, arbeidsstandardar osv. USA og Europa eksporterer også våpen i stor stil til Afrika.
  • Trass i at kinesisk konkurranse til dels går ut over afrikansk produksjon, har vi også grunn å tru at kinesiske investeringar skaper arbeidsplassar for afrikanarar. Kinesiske (og indiske) firma produserer dessutan i større skala,  på fleire område og høgare i verdikjeda enn afrikanske bedrifter hittil har gjort. I tillegg medverkar kinesiske styresmakter som nemnt til større investeringar i fysisk infrastruktur enn før, noko som gir synlege resultat på bakken. Særleg utbygging av samferdsel er kritisk på eit kontinent med dårleg transportnett, spreidd busetjing og mange kystlause land. Det same gjeld satsing på kraftproduksjon.
  • Også med omsyn til kåra for demokrati, menneskerettar og godt styresett i Afrika skal ein vera varsam med å trekka for raske konklusjonar. Kina er slett ingen stor pådrivar for demokrati og menneskerettar, men det ser heller ikkje ut til at det veksande kinesiske engasjementet i Afrika fører til dårlegare styresett eller meir korrupsjon.
  • Når det gjeld opphoping av ny gjeld til Kina, har vi heller ikkje haldepunkt for å fastlå at kinesisk långjeving skaper ny afrikansk avhengigheit. Mykje av gjelda blir etter kvart avskriven.
  • Dessutan synest kinesiske styresmakter nå å koma kritikarar i møte på ein del område:
    • Ikkje minst er dei blitt meir opptekne av å motarbeida korrupsjon og av å ta miljø- og samfunnsansvar. Til dømes nyttar den kinesiske eksport- og importbanken (Exim Bank) nå europeiske konsulentselskap som finske Pöyry til å utarbeida miljøkonsekvensanalysar for mest alle sine prosjekt i Afrika.
    • Kina har underskrive Paris-erklæringa om bistandseffektivitet, og deltar i ei arbeidsgruppe om utviklingspolitikk med OECD/DAC.  Press frå øvste kinesiske hald kan ha vore utslagsgjevande for at Sudans regjering godtok ein AU/FN-fredsstyrke for Darfur i 2007. Noreg har nå ein god dialog med Kina om utviklinga i Sudan, der kinesiske selskap har investert tungt i oljeproduksjon. Kina har i aukande grad medverka til fredsoperasjonar i Afrika, og deltar også i den internasjonale marineinnsatsen mot sjørøveri utanfor Somalia.
  • Frå norsk side opprettheld vi nivået på engasjementet vårt i Afrika, og satsar til dels komplementært med Kina. Vårt samarbeid med afrikanske partnarar om godt styresett, demokrati, menneskerettar, helse, utdanning, kvinner og barn, miljø, klima og rein energi blir berre endå viktigare sett i lys av nye aktørars satsing på infrastruktur, næringsutvikling og handel.
  • Erik Solheim 26.08.2010: ”Jeg vet ikke hvor mange ganger jeg har hørt frivillige organisasjoner og andre uttrykke bekymring om Kina i Afrika. Er dette et problem? Det er snakk om land som helt frivillig utsetter seg for dette. Ja, Kina gjør mange ting utfra sin egeninteresse, men troverdigheten i forestillingen om at vi europeere kommer til Afrika med en bistand blottet for egeninteresser, er ikke videre stor. Etter min oppfatning er det Kina gjør i Afrika i all hovedsak bra. Det betyr ikke at vi ikke skal ha en dialog med kineserne og kritisere dem der vi er uenige.”
  • Oppsummering/konklusjon:
    • Langvarig økonomisk vekst i Afrika
    • Kina og andre utviklingsland bidrar. Reflekterer at ny økonomisk verdsorden utviklar seg.
    • Sårbar vekst i stor grad basert på råvarer og forbruk. Afrika er på veg, men har langt igjen. Treng breiare og djupare vekst, industrialisering, større produktivitet og fleire arbeidsplassar.
    • Framleis svært avhengige av utviklinga i verdsøkonomien, og nå spesielt av Kina (vis siste lysark).
    • Ny økonomisk krise i verda vil ramma både Kina og Afrika.

Afrika reiser seg

Forsida til The Economist 3. desember 2011

The Economist av 3. desember 2011 har som hovudoppslag ”Africa rising”. Leiarartikkelen kan lesast her. Gjennomgangstonen er optimistisk, men det er også ei rekke atterhald. Å gjera opp status kan bli ein diskusjon om ein skal leggja mest vekt på gode eller mindre gode utviklingstrekk. Det er opplagt at det har gått atskilleg betre i Afrika dei siste 15-20 åra, og svært mange av Economist sine poeng er gode og riktige. Likevel observerer eg følgjande:

  •  The Economist skriv: ” Even allowing for the knock-on effect of the northern hemisphere’s slowdown, the IMF expects Africa to grow by 6% this year and nearly 6% in 2012, about the same as Asia”. Men i IMFs siste Regional Economic Outlook for SSA heiter det at IMF forventar gjennomsnittsveksten i SSA i 2011 å bli 5,25% og i 2012 5,75%. Og så heiter det: “In particular, our projection for 2012 is highly contingent on global economic growth being sustained at about 4 per cent” (mine uthevingar). I utdjupingsartikkelen presiserer Economist IMFs vekstanslag for 2012 til 5,75%, men skriv feilaktig at denne prognosen gjeld “[e)ven after revising downward its 2012 forecast because of a slowdown in the northern hemisphere.” IMF skriv tvert om at “If growth in advanced economies slows further and curtails global demand, the region’s ongoing expansion is likely to face significant headwinds, with South Africa and others that are more globally integrated likely to be affected the most”. Det er litt påfallande at Economist kjem med eit slikt oppslag om Afrika på eit tidspunkt då det er stor fare for eit stort tilbakeslag i global økonomi som uunngåeleg vil ramma også Afrika.
  • I leiarartikkelen skriv Economist at “In 2000-08 around a quarter of Africa’s growth came from higher revenues from natural resources.” I utdjupingsartikkelen heiter det derimot at “Overall, though, only about a third of Africa’s recent growth is due to commodities.” Kjelder er ikkje oppgitt, så desse påstandane er vanskelege å sjekka. Men Economist sitt poeng er at inntekter frå råvareeksport er mindre viktige enn før for veksten i Afrika, noko som er bra. Men den figuren som The Economist sjølv viser støttar ikkje opp om påstanden. I African Economic Outlook 2011 av Afrikabanken m.fl. heiter det at “Africa’s recovery in 2010 and into 2011 has been largely driven by export volumes and commodity prices” (s. 23).
  • Eit viktig poeng i vedlagte notat er nettopp at veksten i Afrika i stor grad har vore driven av høgare inntekter frå tradisjonell råvareeksport som er tatt ut i forbruk (derfor ”middelklasse”-vekst) heller enn investert i infrastruktur og i produksjonskapasitet høgare i verdikjeda (meir arbeidsintensiv, men også meir produktiv produksjon innan industri, tenester og landbruk). The Economist viser til at afrikansk produktivitet har auka, men skriv lite og ingenting om utviklinga når det gjeld industri (manufacturing), som er avgjerande for langsiktig utvikling. I African Economic Outlook heiter det at ”When compared to developing countries in Asia, Africa’s manufacturing sectors continue to lag behind. (….) There are a number of reasons for the relatively weak industrial activity in Africa. Infrastructure bottlenecks, unreliable power supply and red tape continue to be major constraints in many countries. Africa’s manufacturing firms are also facing fierce import competition, notably from emerging countries such as China. Furthermore, in resource-rich countries, the competiveness of non-mining sectors is weakened if commodity exports drive up the real exchange rate relative to that of their competitors (an effect known as Dutch-disease)” (ss. 24-25).
  • The Economist viser til at inflasjonen i Afrika har falle (frå 22% på nittitalet til 8% det siste tiåret). Men IMFs siste Regional Economic Outlook peikar nettopp på nå stigande inflasjon, spesielt i det austlege Afrika, som eit urovekkande trekk. IMF anslar snittinflasjonen i Afrika i slutten av 2011 til 9,4%. IMF skriv under overskrifta ”Countries growing close to ’speed limits’”: “All indications are that many economies in the region are currently expanding at or near their highest rates of growth in many years. And with growth having been sustained at these elevated levels for several years now, supply constraints are emerging in a large number of these countries – mainly because investment levels remain low in many cases. Under these circumstances, it is important to recognize that the scope for further significant increases in demand growth without encountering supply bottlenecks or further increasing inflation is likely limited” (s. 11).
  • The Economist har som gjennomgåande linje at folketilvekst (og migrasjon) er bra for økonomien, og det framkjem også her. Men dersom ein les nøye, ser ein at det også er mange atterhald som går på at dei stadig fleire unge i Afrika må få meiningsfullt arbeid, elles kan dei bli eit uroelement (jmf Nord-Afrika). Som Economist peikar på, er den svake utviklinga i den afrikanske utdanningssektoren og mangel på kvalifisert arbeidskraft ei alvorleg utfordring, særleg ettersom ein treng arbeidsintensiv industrialisering.

Konklusjon: Det globale økonomiske tilbakeslaget som truleg kjem vil visa i kva grad framgangen i Afrika framleis er avhengig av globale oppgangstider (evt. av kinesisk etterspørsel) og i kva grad han er blitt sjølvdriven/har ”tatt av”.