Frå Amerika først til EU først

Det liberale Europa har møtt den nye amerikanske tryggingsstrategien (National Security Strategy 2025, NSS) med sjokkert vantru. Det verste sett frå ein moderat europeisk synsstad er 1) at NSS så tydeleg signaliserer at USA vil blande seg inn i europeisk politikk til fordel for høgrepopulistiske («patriotiske») parti, spesielt i kampen mot EU, og 2) at…

Ein kritisk gjennomgang av boka En europeisk tragedie

I Morgenbladet 16. desember 2022 hadde eg eit innlegg med overskrifta «Prorussisk defaitisme i Morgenbladet» der eg kritiserer synspunkta til avisas journalist Sten Inge Jørgensen på Russlands krig mot Ukraina. Synspunkta uttrykker han både i Morgenbladets spalter (sjå spesielt denne) og, saman med den russiske frilansjournalisten Leonid Ragozin, i boka En europeisk tragedie. Hvordan Vesten…

Prorussisk defaitisme i Morgenbladet

Morgenbladet trykte dette innlegget 10. desember 2022. Ettersom det ligg bak ein betalingsmur, gjengir eg det her: Dagen før utdelinga av Nobels fredspris til menneskerettsorganisasjonar frå Belarus, Russland og Ukraina vel Morgenbladets journalist Sten Inge Jørgensen å antyda at det er på tide at Vesten tvingar Ukraina til forhandlingsbordet ved å truga med å kutta…

Bernt Hagtvet og freden i Westfalen

Bernt Hagtvet ønskjer i Dag og Tid 22.-26. april «velkomen til den vedunderlege nye verdssorden» som Russland og Kina fremjar. I ingressen spør han: «Er dette framtida? Diktaturlanda slår seg saman, Orwells framtidsdystopi slår til, og freden i Westfalen i 1648 er vår eiga framtid».  Eg har ingen problem med Hagtvets åtvaring mot verda Putin…

Natos austutviding: Russland vart ikkje lurt

USA, Sovjetunionen, Vest-Tyskland, Frankrike, Aust-Tyskland og Storbritannia sine utanriksministrar på underteikningsmøtet for to pluss fire-traktaten 12. september 1990. Foto: dpa/akg-images. Aftenpostens Frank Rossavik skriv i ein kommentar i dag 26.02.22 at "Sovjetunionen i 1990 fikk muntlige løfter fra vestlige stormaktsledere om at Nato ikke skulle ta opp nye medlemmer i øst." Som belegg for dette…

Ein verdig fredsprisvinnar

«EU ingen verdig vinner» er parolen til «Fredsprisinitiativet 2012» og det alternative fakkeltoget søndag 9. desember, som Noregs fredsråd har tatt initiativ til. Tre tidlegare fredsprisvinnarar, blant anna Desmond Tutu, støttar initiativet. Til og med Redd Barnas Ungdom skal gå i tog mot EU. Kritikken mot fredspristildelinga går på at EU er eit politisk prosjekt med…

Europautgreiinga: Fakta om Noregs demokratiske underskot overfor EU

Europautgreiinga, ein 911 siders mursteinsrapport som gjennomgår alle sider ved Noregs forhold til Den europeiske unionen, vart lagt fram 17. januar på Litteraturhuset i Oslo (sjå info og tilgang til videoopptak her). Utvalet som har utarbeidd verket, kalla "Utenfor og innenfor: Norges avtaler med EU," har bestått mest av forskarar. Leiaren var professor Fredrik Sejersted…

Ei juleforteljing frå diplomatiet

Søren Chr. SommerfeltSøren Chr. Sommerfelt (1916-2003) var diplomat for Noreg i førti år. Han var ambassadør i Geneve, Bonn, Washington og Roma.  Etter oppnådd pensjonsalder gav han ut boka "Sendemann. Utenrikspolitisk seilas - minner og betraktninger" (Schibsted 1997). Etter å ha vore Trygve Lies medarbeidar under opprettinga av FN vart han send som ambassadesekretær og…