
Morgenbladet trykte dette innlegget 10. desember 2022. Ettersom det ligg bak ein betalingsmur, gjengir eg det her:
Dagen før utdelinga av Nobels fredspris til menneskerettsorganisasjonar frå Belarus, Russland og Ukraina vel Morgenbladets journalist Sten Inge Jørgensen å antyda at det er på tide at Vesten tvingar Ukraina til forhandlingsbordet ved å truga med å kutta ned på våpenhjelpa (Morgenbladet 9. desember 2022, betalingsmur). Mens dei fleste nå ser at Russland er på vikande front og Putin har tona ned si rasling med atomsabelen, framstår Jørgensen som defaitistisk på Ukrainas vegner.
Eg har tidlegare hatt stor respekt for Jørgensens analysar av europeisk, inkludert russisk, politikk. Men i det siste har eg byrja å stussa, særleg etter å ha nærlese boka En europeisk tragedie,som han gav ut i haust saman med den russiske eksilskribenten Leonid Ragozin.
Historieforteljinga der er påfallande Russland-sentrisk og prorussisk. Forfattarane legg ulike mykje større vekt på russiske interesser enn dei andre austeuropeiske landas interesser, underdriv den imperialistiske og autoritære tradisjonen i Russland, og overdriv USA og Vestens ansvar for den negative utviklinga etter ca. 1995, inkludert for invasjonen av Ukraina.
Gjentar myte
Jørgensen og Ragozin (J&R) hevdar i boka at det er Vesten som må bera hovudansvaret for at «det store mulighetsvinduet» for russisk demokrati og vestvending small igjen tidleg på 1990-talet. Hovuddrivaren var Nato-utvidinga austover. Dei gjentar myten om at Russland i 1990 skal ha fått eit løfte om at Nato ikkje skulle utvidast austover, trass i at mellom anna Gorbatsjov seinare har avkrefta dette. Russland opplevde «å bli innsirklet av fiendtlige krefter (….) Frykten for en ny Napoleon eller Hitler stikker dypt hos russerne. De ønsker seg en buffersone som kan ta den første støyten».
Russlands okkupasjon av Krym og Donetsk/Luhansk i 2014 framstiller J&R som ein opportunistisk avleiingsmanøver av ein Putin som var pressa på heimebane. I 2022 var det USA og Ukraina sjølv som dreiv Russland over vippepunktet inn i fullskalainvasjonen. Putin bestemte seg først i «siste øyeblikk». Det var til og med to utsegner frå Ukrainas president Zelenskyj i dei siste vekene før invasjonen som «kanskje kan ha trigget Putins endelige beslutning».
Hovudproblemet var likevel amerikansk ekspansjonisme og stormaktsspel, meiner J&R. Dersom Europas tryggingsutfordringar hadde blitt handtert av europearane aleine kunne kanskje åtaket ha vore unngått, spekulerer dei.
Nå er det ifølgje J&R først og fremst opp til EU å rydda opp. USA, som held på å bli overtatt av populistiske høgrekrefter, der Trump kan bli president igjen og som dessutan er mest opptatt av Kina, kan vi ikkje lita på lenger. Den overordna målsettinga må vera å integrera Russland i europeiske strukturar, og spesielt i EU.
Naivt om russarars europeiske sinnelag
Som eit dramatisk startsignal for ei slik kursomlegging føreslår J&R at EU og Nato skal koma med ei erklæring retta direkte til det russiske folket, over hovudet på Putin, om at Europa og Vesten er «ukomplett» utan Russland. Erklæringa skal også tilby EU- (og Nato-?) medlemskap til Russland, så vel som til Ukraina og Belarus, dersom 1) Russland trekker alle sine styrkar frå Ukraina, 2) betaler ei stor krigserstatning til Ukraina, 3) utan vilkår samarbeider med eit internasjonalt tribunal for krigsbrotsverk i Ukraina; og 4) oppfyller vanlege medlemskapsvilkår. Som ein forsoningsgest bør EU rekka ut handa til russarane ved samstundes å erklæra russisk som offisielt EU-språk.
Forfattarane trur at «fra det øyeblikket en erklæring som dette kom, ville mye av kontrollen over maskineriet som driver Russlands transformasjon og retur til den europeiske familien være i EUs hender. (….) Slik vil EU innta en posisjon hvor de kan dyrke frem et nytt Russland».
Dette høyrest så naivt ut at eg må spørja om det er seriøst meint. Integrering av eit demokratisk Russland i europeiske strukturar, inkludert EU, er i prinsippet ønskverdig. Men realistisk sett er russisk EU-medlemskap nærast utenkeleg. J&R overvurderer truleg russarars europeiske sinnelag og tar altfor lett på dei praktiske utfordringane både for Russland og ikkje minst EU det ville medføra.
Inntil vidare må vi støtta Ukraina i å ta tilbake så mykje som råd av dei russisk-okkuperte delane av landet, slik at ukrainarane når den tid kjem kan forhandla ut frå styrke. Kor mykje må primært vera opp til dei å bestemma. Konkret kva det skal forhandlast om og korleis løysinga bør sjå ut er det rett og slett for tidleg å spekulera om nå. Slike spekulasjonar svekker berre Ukraina. Det gjer også Jørgensens prorussiske defaitisme.
Eg har også lagt ut innlegget på Facebook. Les det og kommentarar her.