Russiske styresmakter framstiller Russlands forsøk på erobring av Ukraina som svar på Vestens aggressive ekspansjon austover. Då det vart klart at også Russlands viktigaste granne og «bror», Ukraina, var på veg inn i den vestlege leiren måtte Kreml setja foten ned, forstår vi. Av omsyn til eigen tryggleik kunne Russland ikkje tillata Ukraina å gå…
Russlands nye utanrikspolitiske konsept
Russland fekk 31. mars i år eit nytt utanrikspolitisk konsept, godkjent av president Putin. Dette er ein oppdatert, offisiell versjon av putinismen som Den russiske føderasjonens politiske ideologi. Han målber ikkje berre Russlands utanrikspolitikk, men også Putin-regimets russlandsidé. Konseptet er dermed eit interessant uttrykk for kor sært Russland faktisk er blitt under Putin. Artikkel 4…
Russland sluttar ingenstad
President Putin og hans propagandamaskin har lukkast med å gjennomsyra den russiske offentlegheita med ei kjensle av å vera krenka og trakka på av Vesten. Putin ønskjer – og har i stor grad oppnådd – å innstilla det russiske samfunnet på «evig krig» mot Vesten. Sentralt i propagandaen står førestillinga om eit russisk rike utan…
Kva er nytt med Russlands invasjon av Ukraina?
Eg høyrde nettopp på siste Debatt i P2, der temaet var om vi går mot ein ny verdsorden. Programmet skriv seg inn i rekka av alarmistiske og til dels forvirra ordskifte om verda etter Russlands store invasjon av Ukraina (rett nok gjorde Halvor Tjønn som vanleg ein solid figur). Det er akkurat som om alt…
Bernt Hagtvet og freden i Westfalen
Bernt Hagtvet ønskjer i Dag og Tid 22.-26. april «velkomen til den vedunderlege nye verdssorden» som Russland og Kina fremjar. I ingressen spør han: «Er dette framtida? Diktaturlanda slår seg saman, Orwells framtidsdystopi slår til, og freden i Westfalen i 1648 er vår eiga framtid». Eg har ingen problem med Hagtvets åtvaring mot verda Putin…
Ukraina-krigens best tenkelege utfall
Mange uroar seg over framtida etter Russlands krig mot Ukraina. Utfallet kan bli verkeleg ille. Samstundes kan det vera nyttig å tenka på eit «best case scenario». Det kan tena som målsetting for kva utfall som på sikt vil vera det beste, ikkje berre for Ukraina og Russland, men også for oss i Vesten. Av…
Den gode bistandsviljen
NRK-dokumentaren "Den gode viljen" har skapt ny bistandsdebatt i Noreg. Med rette og på ein god måte, synest eg. Serien er nyansert og balansert, og får fint fram dei dilemma bistand til utvikling frå rike til fattige land medfører. Nyleg avslutta eg ein jobb i UD der eg i tre år arbeidde til dagleg med…
Kina i Afrika: Nykolonialisme eller ny økonomisk verdsorden?
25. november heldt eg eit føredrag om temaet over for eit studentnettverk for Afrika på NTNU i Trondheim. Under følgjer presentasjonen og talemanuset eg brukte. Les gjerne presentasjonen først. Presentasjon: Tigers and Lions. Is Asia helping Africa take off economically? Kinas engasjement i Afrika avspeglar den raske utviklinga i Kina sidan Maos død. Landet har hatt…
Untergang des Abendlandes avlyst
Tittelen på Oswald Spenglers berømte bok frå 1918, Der Untergang des Abendlandes, blir stadig meir aktuell. Vesten er visst først nå er i ferd med å gå under for alvor. Det er Kina og andre nye stormakter som held på å ta over, sjølvsagt. Til og med Afrika er på veg opp. USA stagnerer i…