Mange uroar seg over framtida etter Russlands krig mot Ukraina. Utfallet kan bli verkeleg ille. Samstundes kan det vera nyttig å tenka på eit «best case scenario». Det kan tena som målsetting for kva utfall som på sikt vil vera det beste, ikkje berre for Ukraina og Russland, men også for oss i Vesten.

Slik krigen går nå, verkar dessutan utsiktene for eit slikt scenario langt lysare enn vi først kunne drøyma om. Det går faktisk i dag an å tenka at krigen vil føra til noko som vil få dei hardt prøva, men ufatteleg modige ukrainarane til å framstå som endå større heltar enn dei alt gjer.
Det overordna målet må vera at Russland skal bli eit «normalt» europeisk land. Det inneber eit demokratisk og liberalt Russland som samarbeider og integrerer, ikkje konkurrerer, med resten av Europa, inkludert Ukraina. Dette vil leggja til rette for fred, stabilitet og velstandsutvikling ikkje berre i Europa, men i store delar av Eurasia. Eit slikt Russland kan etter kvart bli medlem av EU. Utan Russlands undergravande verksemd kan også resten av verda blir meir fredeleg og føreseieleg. Krigen kan i så fall enda med å styrka, ikkje svekka, den liberale, regelstyrte verdsordenen.
For å oppnå dette langsiktige målet, bør følgjande skje på kortare sikt:
- Russland taper eintydig krigen og står igjen med lite eller ingenting av dei ukrainske landområda dei har okkupert sidan 2014.
- Dette blir eit så stort prestisjenederlag for Russland at president Putin blir tvinga til å gå av eller trekker seg frivillig. Putin kan til og med bli utlevert til Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det fortener både han og krinsen rundt han.
- Sanninga om krigen og den reelle stoda i Russland går opp for tilstrekkeleg mange russarar til at det kleptokratiske og totalitære KGB-regimet Putin har bygd opp knekk saman. Det skjer ein demokratisk revolusjon, og russarane søkjer etter ein ny, sterk leiar, men med demokratisk sinnelag.
- Dette fører Aleksej Navalnyj frå fengselet til Kreml, fordi han står for det rette, er kjent og karismatisk, har integritet og veit kva han vil. Navalnyj uttrykte tidleg i si offentlege karriere tradisjonelt russisk-nasjonalistiske synspunkt, men har tatt sterkt avstand frå invasjonen av Ukraina og innser tydelegvis nå at vestvending, demokratisering og liberalisering er einaste vegen å gå for Russland.
- Dermed skjønar Navalnyj vonleg også at Russland må ta eit omfattande oppgjer med si stormaktsnasjonalistiske fortid. Dette for å utbreia ein offentleg aksept av at Russland verken er, bør vera eller kan bli ei supermakt igjen. Men det kan vera ei stormakt i Europa, på linje med Tyskland, Frankrike og Storbritannia.
Kva som bør skje med Nato i eit slikt scenario, er ope. Dersom vi får tilstrekkeleg grunn til å tru at eit reformert Russland gravlegg sitt tradisjonelle fiendebilde av Vesten, ikkje lenger utgjer noko trugsmål mot oss og helst samarbeider om å fremja fred, stabilitet og liberale verdiar i verda, kan Nato leggast ned eller omgjerast, med Russland som medlem, til ein forsvarsallianse mot Kina. Prøvesteinen på dette vil vera ei omfattande nedbygging av russisk militær slagkraft, og ikkje minst av atomvåpna.
Ein stor risikofaktor i dette scenarioet er kva som vil skje med Den russiske føderasjonen. Truleg vil tidlegare erobra og koloniserte delar av landet ønskja å bryta ut, slik som Tsjetsjenia gjorde i 1991. Jeltsins og Putins krigar der medverka etter kvart sterkt til å føra Russland tilbake på eit autoritært spor.
Å unngå at det skjer igjen vil vera kanskje den største utfordringa for eit demokratisk og liberalt Russland. Det er også derfor at det vil vera så viktig med eit ordentleg oppgjer med Russlands imperialistiske fortid. Oppsida ved dette er at ei eventuell avskaling kan gjera det lettare for Russland å bli ein «normal» nasjonalstat med ein moderne, nasjonal-liberal identitet.
På den andre sida vil ei klok, føderalistisk linje frå Moskva kanskje kunna redda det meste av Den russiske føderasjonen. I alle fall vil vidareføring av det nåverande russiske territoriet mest mogleg intakt truleg vera det som vil skapa minst uro og som vi i Vesten vil vera best tente med. Men Russland må ikkje og kan ikkje haldast samla med makt. Så pass bør russarane ha lært etter denne krigen.
Uansett er det viktigaste akkurat nå å hjelpa Ukraina med klart og tydeleg å slå tilbake Russland. Det er den avgjerande føresetnaden for at krigen trass alt kan føra til noko godt. Kanskje til og med det best tenkelege utfall.
Denne artikkelen vart først publisert i Aftenposten 9. mai 2022.
[…] 2022) omtalt det på sikt å få eit demokratisk Russland inn EU og kanskje til og med i Nato som «krigens best tenkelege utfall». Men eg understreka at dette er eit drøymescenario som først og fremst krev ein lang og […]