Ein kritisk gjennomgang av boka En europeisk tragedie

I Morgenbladet 16. desember 2022 hadde eg eit innlegg med overskrifta «Prorussisk defaitisme i Morgenbladet» der eg kritiserer synspunkta til avisas journalist Sten Inge Jørgensen på Russlands krig mot Ukraina. Synspunkta uttrykker han både i Morgenbladets spalter (sjå spesielt denne) og, saman med den russiske frilansjournalisten Leonid Ragozin, i boka En europeisk tragedie. Hvordan Vesten og Russland ble fiender – og kan finne sammen igjen, som kom ut på Aschehoug forlag i haust. Eg meiner Jørgensen og Ragozins analyse er Russland-sentrert og einsidig prorussisk, at forslaga dei kjem med er naive, og at dei dermed ber ved til Putins bål. Diskusjonen mellom Jørgensen og meg gjekk i fleire rundar i Morgenbladets spalter. I dette blogginnlegget vil eg utdjupa min kritikk av boka i større detalj enn det som er plass til i korte avisartiklar.

Bokas metode

En europeisk tragedie er ikkje ei vitskapleg fagbok, men eit journalistisk verk. Det betyr mellom anna at ho ikkje har noko eksplisitt teoretisk perspektiv. Forfattaranes vektlegging av geopolitisk spel mellom USA og Russland og av Russland som stormakt talar likevel for at dei er påverka av den nyrealistiske skuleretninga innan faget internasjonal politikk. Det er for så vidt ein respektabel, om utfordrande, posisjon å innta, men Jørgensen og Ragozin (heretter J&R) hadde tent på å vera klarare om dette.

Eksplisitt tilslutnad til til dømes John Mearsheimers nyerealistiske tenkemåte hadde likevel kravd meir konsekvens i argumentasjonen. Då hadde ikkje Jørgensen kunna påstått at han er mot at land kan ha innverknadssfærarar rundt seg, slik han gjorde i eitt av svara sine til meg i Morgenbladet.

Den journalistiske tilnærminga betyr at boka er meir lesarvennleg enn ei fagbok, men også impresjonistisk, anekdotisk og personleg prega. Teksten dansar mellom eigne kommentarar, mikro- og makronivå, fortid og nåtid, referansar til eigne opplevingar og familiehistorie, og sitat av tidlegare intervjuobjekt og frå faglitteratur. Eit klassisk retorisk grep er å mala eit skremmebilde av formeintlege meiningsmotstandarar. Sjølv om forfattarane føregjev kjølig, analytisk distanse, legg denne metoden til rette for tendensiøs framstilling.

J&R uttrykker sympati med Ukrainas sak og understrekar Putins skuld i krigen, men tendensen på og mellom linjene er Russland-sentrisk og prorussisk. Mykje plass blir brukt på å finna formildande omstende rundt Russlands/Putins handlingar og på å snu flasketuten mot Vesten, spesielt USA. Det blir mykje «whataboutism», relativisme og «på den eine sida og på den andre sida», insinuasjonar og antydningar, utan at forfattarane sjølve klart tonar flagg.

Noko av formålet med dette er truleg å kunna møta motargument med at «det var ikkje det vi meinte». Men det kan også vera å skapa frykt, tvil og forvirring blant lesarane.

Bokas formål

J&R opnar boka lovande med å slå fast at «Putin og klikken rundt ham har kidnappet den russiske staten, startet en skruppelløs krig mot broderfolket i Ukraina og gjort vanlige russere til sine medskyldige. Denne utgaven av Russland bør både tape krigen og betale for den» (s. 7).

Men i neste andedrag spør dei: «Men vil Russland tape? Er det egentlig mulig å bekjempe en kjernefysisk stormakt, som er i stand til å utslette menneskeheten? Hva innebærer i så fall nederlaget? Og er egentlig Vesten, som selv sliter med å beholde sin integritet etter det politiske gjennombruddet for populister fra ytre høyre, på høyde med situasjonen?» (s. 7). Her slår altså J&R heilt i utgangspunktet an defaitistiske og relativistiske tonar ved å antyda at det kan vera uråd for Ukraina å vinna krigen og at Vesten eigenleg ikkje er så mykje betre enn Russland. Dette blir også gjennomgangstonen i boka, ispedd mange krokodilletårer for Ukraina.

Bokas problemstilling er, prisverdig nok, korleis «vi», her konkret meint som vi i Vesten, kan medverka til å fullføra «det europeiske prosjektet» ved å trekka også Russland «og naturligvis Ukraina» med i «folden» (s. 20). Samstundes understrekar J&R at «for begge forfatterne av denne boken er det helt avgjørende at en russisk integrasjon i Europa ikke kan komme på tale før Russland har trukket seg ut av Ukraina, og Putins regime er erstattet av demokratiske krefter» (s. 20).

J&R ønskjer for dette formål å «begynne en åpen og konstruktiv debatt om hva Russland er, og hva det ikke er, hvor vi unngår de ideologiske klisjeene som dunster av kaldkrigsmentalitet og forgangne tider, som grumser til og forgifter ordskiftet». Vi må «skape et nytt språk som vi kan bruke til å snakke om Russland og Europa på…» (s. 10).

J&R insinuerer her at mange, vi må tru dei fleste, som skriv og snakkar om Russlands rolle i Europa, underforstått også om landets invasjon av Ukraina, er ideologiske kalde krigarar som sit fast i fortidas førestillingar om Russland. Det er slike som «grumser til og forgifter ordskiftet». Dermed definerer J&R alt i utgangspunktet folk som ikkje er samde med dei som tvilsame, truleg reaksjonære og høgreorienterte typar, og plasserer seg sjølve som gode berarar av opplysning i ein moralsk meir høgverdig og objektiv sfære. Det blir ikkje open og konstruktiv debatt av slikt.

Bokas premissar

1: Russarar flest er eigenleg gode demokratar

Boka byggjer på to sentrale premissar. Den første er at Russland historisk og kulturelt er eit europeisk land og at russarar flest, som andre europearar, eigenleg er gode demokratar som ønskjer å leva i fred og fridom. Russland er faktisk nå «nærmere Vesten både kulturelt og livstilsmessig enn noensinne tidligere i historien» (s. 8). «Denne bokens budskap [er] at russerne hører med i det større europeiske fellesskapet» (s. 17).

Russarane viste i følgje J&R sitt demokratiske sinnelag både i 1917, då fleire russiske veljarar røysta på det moderate sosialistisk-revolusjonære partiet enn på bolsjevikane, og gjennom sine store demonstrasjonar mot Moskvas militære intervensjon i Vilnius i januar 1991. Då Sovjetunionen kollapsa på slutten av 1991, «var det en utbredt oppfatning i Moskva at det var de russiske demokratene som hadde bekjempet kommunismen og hjulpet andre nasjoner til frihet» (s. 197). Her blir presidentane Gorbatsjov og Jeltsin og vestleg politikk levna lite ære. Det er elles litt rart at ikkje J&R her peikar på ei rekke andre, store offentlege demonstrasjonar for demokrati og fridom i Russland, som dei i 2011-2012 mot valfusk og Putins retur til Kreml.

Kvifor har så meiningsmålingar og offentlege ytringar i Russland vist at store delar av folket støttar invasjonen av Ukraina og kjøper Putins historieforteljing og monopolisering av makt? Forfattarane svarar at ei traumatisk russisk historie, særleg i det 20. hundreåret, har gjort dei fleste russarar til konformistar. Dei er offer, og tilpassar seg for å overleva. Og kvifor har store fleirtal av russarar røysta for Putin i val? «[A]ppellen lå i hans handlekraft – ikke i det å være «sterk» i seg selv» (s. 17).

I En europeisk tragedie er det få spor etter den store litteraturen som nå føreligg om den lange, særeigne russiske tradisjonen for autoritær statleg sentralisme og om lengten etter «det heilage Russland» som stormakt (sjå bokliste nederst). J&Rs polemiserer tvert om mot at dette skulle prega russisk mentalitet. Her kan det vera på sin plass å sitera Putin sjølv, som Aage Storm Borchgrevink gjer i si solide bok av hausten, Krigsherren i Kreml:

Uansett hvor trist og grusomt det høres ut, tror jeg at en vending mot en ny periode med totalitært styre er mulig i vårt land. Faren kommer verken fra ordensmakten, sikkerhetstjenesten, politiet eller hæren. Faren kommer fra mentaliteten, folkets mentalitet, vår egen mentalitet. For oss alle – også for meg, nå og da – virker det som om å skape orden med jernhånd vil være opptakten til et bedre, mer behagelig og tryggere liv. I virkeligheten vil tryggheten raskt forsvinne, for jernhånden vil begynne å kvele oss (Borchgrevink 2022, s. 54, ref. Lee Myers 2015, ss. 76-77).

2: Vesten har mykje av skulda for at Russland likevel ikkje er demokratisk

Den andre sentrale premissen er at Vesten har eit stort ansvar for mykje av det som har gått gale i Russland, spesielt etter Sovjetunionens oppløysing i 1991. Det er stadig snakk om feil, mistak, tabbar og middelmådige, visjonslause leiarar, men det blir aldri sagt konkret kva Vesten burde ha gjort annleis. J&R skriv til og med ein stad at «Den vedvarende og nå forsterkede isoleringen fra Vesten bidrar dessverre bare til å forlenge levetiden til Putins regime» (s. 8). Det kan dermed her verka som om forfattarane meiner sanksjonane mot Russland etter den folkerettsstridige overtakinga av Donbass og Krym i 2014 var kontraproduktive. Dette blir typisk nok hengande i lufta. Seinare kritiserer J&R likevel Vestens reaksjonar etter 2014 for ikkje å ha gått langt nok.   

Samstundes set altså J&R relativiserande likskapsteikn mellom Russland og Vesten. Russland og Vesten lid av same sjukdom (høgrepopulisme), han er berre verre i Russland. Vi snakkar altså om gradsforskjell, ikkje kvalitativ forskjell, sjølv om Russland under Putin er blitt stadig meir av eit diktatur. «Grovt sett er [Russland] delt etter lignende politiske skillelinjer som sine vestlige naboer – kosmopolitiske liberalere som ønsker mer globalisering og liberalisering, står mot konservative nativister som promoterer isolasjon og autoritarianisme» (s. 8). «Det du ser i Russland, er det Vesten kunne blitt dersom Trump og hans medsammensvorne ikke hadde blitt konfrontert med veletablerte konstitusjonelle mekanismer» (s. 220).

Vesten er dessutan i ei «eksistensiell» krise som skuldast «mangel på robusthet, selvtillit og visjoner». Eit teikn på det er at vestlege styresmakter syndar «grovt mot det vi har vært vant til å betrakte som «vestlige verdier»» (s. 8). «Russland er Dorian Grays fremstilling av Vestens selvbilde – et uflatterende og ekkelt portrett av dets mørkere side, som det skjuler bak den glansede fasaden» (s. 9). «Det er kort sagt kontraproduktivt å forsøke å forklare Russland, dets aggressive og suicidale fremferd inkludert, uavhengig av en europeisk og bredere vestlig kontekst. Sykdommen finnes i familien, selv om det sykeste familiemedlemmet for tiden er utfryst» (s. 9). Seinare omtalar J&R «myten om at Vesten er et sunt og sterkt fellesskap» (ss. 19-20).

Dette skriv dei altså i ei bok som er utgitt etter at Vesten i over eit halvt år hadde stått stadig meir samla om å støtta Ukraina mot Russlands folkerettsstridige invasjon, nettopp på grunn av våre verdiar og trass i store kostnader for både det offentlege og folk flest i Vesten.

Brunskvetting på formeintlege motstandarar

Utover i forordet forsterkar J&R si brunskvetting på sine formeintlege motstandarar. Desse blir framstilte som russofobe, orientalistiske (utan at J&R brukar desse orda) og rasistiske (eit ord dei brukar): «Krigen ga vind i seilene til de som mente at russerne er «annerledes» enn oss.» (s. 14). «Denne oppfatningen bidrar til å nære forestillinger om at russere er kulturelt disponert for å ønske seg sterke ledere. I det samme mytologiske universet finner vi en annen utbredt forestilling om at russerne er mer asiatiske enn europeiske. […] Flere eksperter på russisk kultur trekker ennå i dag asiakortet når de skal beskrive noe i Russland de oppfatter som irrasjonelt. Et eksempel er Peter Normann Waage…» (s. 15).

Likevel omtalar J&R sjølve i boka russarar generelt som «konformister», «kollektivt orienterte» (s. 320) og mindre tolerante enn innbyggjarar i Vesten (s. 333). Ein stad heiter det til og med at «Russland forholder seg til Vesten som en bøllete og opprørsk tenåring» (s. 332), og ein annan stad at russarane etter kommunismens fall var «som kultofre flest fullstendig utrent i kritisk tenking» (s. 214).

Bokas historiske narrativ

Russland og «Asia»

Som nemnt legg forfattarane særleg vekt på russaranes erfaringar i det 20. hundreåret og antydar at å peika på innverknad frå tradisjonar frå lengre tilbake i historia er rasistisk. Vidare skriv dei: «De rasistiske forestillingene om det «asiatiske Russland» næres ofte av misforståelser knyttet til landets geografi og demografi» (ss. 16-17).

Når det gjeld geografi viser J&R her til at tre firedelar av russarane bur i den europeiske delen av Russland, som om det i seg sjølv skulle bety noko, og når det gjeld demografi til at «Helt siden den tatar-mongolske invasjonen på 1400-tallet har alle politiske, kulturelle og økonomiske trender i landet – så vel som alle eksistensielle trusler – også kommet fra vest» (s. 17). (Her burde det ha stått «Etter den tatar-mongolske invasjonen». Det tatar-mongolske herredømmet, som er den mest konkrete grunnen til at mange ser «asiatiske» tradisjonar i Russland, varte frå ca. 1237 til 1480.)

Når J&R avviser asiatisk, dvs. mongolsk, innverknad på russisk tradisjon og haldningar er dei, som Iver B. Neumann skriv i si melding av En europeisk tragedie i Morgenbladet, «på tynn is. Historikere, og særlig middelalderhistorikere, diskuterer løpende ikke om Russland har en arv fra mongolene og en asiatisk side, men hvor viktig den er». Neumann omtalar J&Rs åtak på Waage som «bokens styggeste feilskjær».

Etter å ha gått gjennom ulike tolkingar av det mongolske herredømmets tyding for det seinare Russland, konkluderer den britiske historikaren Orlando Figes i si nye bok om russisk historie at verknaden var omfattande («immense»), umiddelbar og heilt konkret (Figes 2022, s. 65). Påverknaden på styreforma oppsummerer Figes slik: «The Russian autocratic tradition had many roots , but the Mongol legacy did more than most to fix the basic nature of its politics» (ibid., s. 68).

Figes peikar her særleg på at den mongolsk-kinesiske oppfatninga om at khanen/tsaren eig alt land i sitt rike styrka ein liknande arv frå Kyiv/Kiev-riket: «Now, more than before, the power of the state was invested in the person of the tsar as the lord or sovereign owner of the land. […] It was a system of dependency upon the ruler that has lasted to this day. Putin’s oligarchs are totally dependent on his will» (ibid., ss. 68-69).

Figes understrekar elles mellom anna den historiske tydinga av dei to-tre hundreåra (1580-åra til 1861) med liveigenskap i Russland. Opptil 90 prosent av bøndene, altså langt den største delen av folket, var i denne perioden i praksis slavar.

«Russland forholder seg til Vesten som en opprørsk og bøllete tenåring»

J&R på si side framhevar heller den tyske innverknaden på Russland: «Det russiske imperiet var faktisk et slavisk-tysk fellesforetak, kan man hevde» (s. 49). «Ikke overraskende var samspillet mellom tyskere og russere ofte preget av at tyskerne følte seg sivilisatorisk og moralsk overlegne, mens russerne led av et knugende mindreverdighetskompleks.  (….) Dette psykologiske mønsteret fortsetter å dominere forholdet mellom Russland og Vesten i dag» (ss. 49-50).

Også her kan ein få inntrykk av at Vesten har gjort urett mot Russland. Som nemnt heiter det likevel seinare, nedlatande: «I virkeligheten er det snarere slik at Russland forholder seg til Vesten som en opprørsk og bøllete tenåring, mens Vesten er den ukjærlige forelderen. Russland er kulturelt sett helt avhengig av Vesten, uten denne forbindelsen vil landet befinne seg i et kulturelt og politisk svart hull» (ss. 332-333). Paradoksalt nok legg dei kort etter til at «Noe av det vestlige observatører og vanlige mediebrukere sliter mest med, er å forstå at også Russland har et selvbilde som en sivilisasjonskraft» (s. 335).

Når det gjeld den russiske revolusjonen, påstår J&R at «Det var slett ikke en ny sterk mann de [russiske veljarar i 1917] ønsket seg som erstatning for tsaren, men et system med større folkelig innflytelse. At Russland ikke var pre-determinert til å ha et autoritært styre, men kunne ha utviklet seg etter liknende linjer som andre europeiske demokratier dersom bolsjevikene ikke hadde kuppet makten, understøttes også av noen av de fremste faglige autoritetene på feltet» (s. 16). Ein fotnote som skal underbyggja dette viser til Francis Fukuyama, som knapt er ein autoritet på Russland, og til Antony Beevors bok av året om den russiske revolusjonen.

Når bolsjevikane likevel vann, antydar J&R at Vesten ber eit monaleg ansvar: «Sannheten er at bolsjevikenes seier i Russland var et resultat av paneuropeisk innsats, der folk fra de vestlige utkantene av Det russiske imperiet spilte en uforholdsmessig stor rolle» (s. 61).

Holodomor

Ragozin er i sitt einaste eigne kapittel i boka inne på holodomor (1932-33), som han kommenterer slik: «Noen har beskrevet denne hungeren som er folkemordspolitikk rettet utelukkende mot ukrainere, men den rammet også store deler av Russland og Kasakhstan» (s. 74). Det er ei Russland-vennleg tolking av dette omstridde temaet. Halvor Tjønn skriv i si bok av denne hausten, Krig i vår tid, dette om holodomor: «Svolten i Ukraina var ein katastrofe som blei sett i gang av herskarane av sovjetimperiet og var direkte retta mot ukrainske folket. Det handla om eit folkemord, ikkje om nokon «felles tragedie»» (Tjønn 2022, s. 40). Wikipedias omtale av holodomor viser dei mange ulike tolkingane av katastrofen, men Ragozin nemner altså berre sin russiskvennlege versjon.

I sitt einaste eigne kapitel unnskyldar også Jørgensen russarane når han om Sovjetunionen skriv: «At det i realiteten var det overnasjonale sovjetstyret som bestemte, og at russerne i like stor grad ble undertrykt som alle andre, ble tilsynelatende glemt» (s. 137). Dette er det nok svært mange som er usamde i.

Til dømes Tjønn skriv om sovjetperioden: «Når det gjeld nasjonalitet, heldt statsmakta fram med å vera umiskjenneleg russisk. Alle andre språk og etniske grupper blei underordna den russiske kulturen, akkurat som det hadde vore i tsartida» (Tjønn 2022, s. 67). Figes skriv at etter 1945 «a Great Russian chauvinism, boosted by the victory over Nazi Germany, was placed at the heart of Soviet ideology» (Figes 2022, s. 27).

Borchgrevink skriv om dette: «Å skape sovjetmennesket dreide seg ikke bare om å drepe og deportere, men også om å promotere russisk språk, historie og kultur for å gi hele imperiet en felles referanseramme. Mens etniske russere ble undertrykt på hovedsakelig politisk basis, ble andre folkeslag i Russland undertrykt som grupper og fortalt at de var mindreverdige» (Borchgrevink 2022, s. 34).

Oppfatninga av andre verdskrigen

Andre verdskrigen skildrar Ragozin ved å sitera intervjuobjekt som omtalar krigen som «en krig vunnet av folket» og Sovjetunionens supermaktstatus som «et produkt av en oppofrende kamp mot Hitlers aggresjon, ånden fra 9. mai og Jalta-Potsdam-systemet» (ss. 96, 97). Dette er heilt i tråd med sovjetisk og putinsk propaganda. Her er det ingenting om Stalins nådelause ofring av russiske soldatars liv, sjølv om det hemmelege politiet NKVDs tvang av soldatar inn i kjøttkverna faktisk er nemnt tidlegare (s. 49). Ei heller om at Sovjetunionen faktisk starta verdskrigen saman med Tyskland i 1939. Dei var allierte gjennom Molotov-Ribbentrop-pakta, og den eine angreip Polen frå aust og den andre frå vest. Eller at amerikansk materiellhjelp til Sovjetunionen, i stor grad frakta på norsk kjøl i konvoiar gjennom Barentshavet med enorme tapstal, var heilt avgjerande for at Sovjetunionen til slutt hamna på den sigrande sida. «Den røde armé dro til Berlin i amerikanske kjøretøy» (Borchgrevink 2022, s. 21).

Orlando Figes (2022, s. 284) er elles samd i at det først og fremst var det sovjetiske folket som vann over nazismen. Tvang og terrori var ein faktor i så måte, men ifølgje Figes var den viktigaste motivasjonen patriotisme. Sovjetborgarane, og i sær dei unge, kjempa for fedrelandet, eller snarare mødrelandet, rodina mat», heller enn for kommunismen, som Stalin sjølv medgav overfor Averell Harriman, som då var USAs ambassadør til Moskva. Det var nettopp patriotisme den sovjetiske krigspropagandaen målmedvite fremja. Stalin gjekk så langt som til å inngå ein allianse med den russisk-ortodokse kyrkja for dette formålet.

Etter krigen hadde USA «ikke minst» seg sjølv å takka for at landet kom til å framstå som den store fienden i Sovjetunionen: «Den nye USA-ledede vestlige alliansen fylte slik raskt Hitlers sko i sovjetborgernes offentlige fantasi. Det skyldtes ikke minst USAs tilbøyelighet til å akseptere og rekruttere tidligere nazistiske samarbeidspartnere fra steder som Ukraina og Baltikum for å bidra i kampen mot sovjeterne under den kalde krigen» (s. 109).

Den store nytteverdien eit slikt fiendebilde hadde for å sikra kommunistanes makt er knapt nok antyda. Symptomatisk er det også at Sovjetunionens okkupasjon og dominans av Baltikum og store delar av Sentral- og Aust-Europa etter krigen ikkje er omtalt i boka. Åtaket på og anneksjonen av delar av Finland er ikkje nemnt. Tvert om skildrar altså Ragozin Sovjetunionen som «et internasjonalistisk og totalitært postimperialistisk prosjekt» (s. 39, mi utheving). Han legg til: «Faktisk mener mange av [russerne], spesielt russiske nasjonalister, at sovjeterne terroriserte etniske russere mer enn andre» (s. 39, Ragozins utheving).

Natos austutviding: det store syndefallet

Når ein les Ein europeisk tragedie er det vanskeleg ikkje å få inntrykk av at det først og fremst var  Vestens feil at «det store mulighetsvinduet» for russisk demokrati og vestvending lukka seg tidleg på 1990-talet. Utan å skriva det rett ut, synest J&R  å meina at Nato-utvidinga austover var det store syndefallet: Russland opplevde «å bli innsirklet av fiendtlige krefter». Dette handla «dypest sett» om geografi og ikkje ideologi: «Frykten for en ny Napoleon eller Hitler stikker dypt hos russerne. De ønsker seg en buffersone som kan ta den første støyten» (s. 274). «Den mistenksomheten russerne betraktet alliansens utvidelse med for 20 år siden, slo etter hvert ut i full blomst som en selvoppfyllende profeti» (s. 246).

Her bør ein merka seg at J&R skriv om «russerne», ikkje om regimet, kommunistane, nasjonalistane, Putin eller tryggingsapparatet (siloviki), som ville vera meir korrekt. Til dømes tidlegare general og presidentkandidat Aleksander Lebed oppfatta ikkje planane om Nato-utviding som ei utfordring for Russland i det heile. Då USAs dåverande viseutranriksminister Strobe Talbott under eit møte i Washington D.C. i 1996 spurte Lebed kva han syntest om Nato-utviding, svara han: «Russarane har reelle problem, dei treng ikkje fantasiproblem» (Talbott 2003, s. 296).

President Jeltsins utanriksminister frå 1990 til 1996, Andrej Kozyrev, meinte USA under president Clinton burde ha hjelpt og konsultert Russland langt meir, særleg når det galdt Nato-utviding. Men i sine memoarar anerkjenner han også at Nato vart grunnlagt på prinsippa demokrati, individets fridom og eit uavhengig rettsvesen. Han framhevar at det var derfor tidlegare kommunistland ønskte å bli medlem. Det var også derfor autoritære russiske politikarar ønskte å undergrava Nato. «Had there been no NATO enlargement, they would have found another pretext for anti-American and anti-Western propaganda. Even if NATO had dissolved itself, there would still be a Pentagon and a CIA that could be held up as the enemy» (Kozyrev 2019, s. 334).

Jørgensen skriv likevel på sin karakteristisk suffisante måte: «I dag kan vi slå fast at Vesten dessverre ikke var oppgaven moden. Russernes skjebne ble rett og slett ikke oppfattet som viktig nok. Denne unnfallenheten la mye av grunnlaget for fremveksten av Vladimir Putins regime, som skulle utvikle seg i monstrøs retning 20 år senere» (s. 120). «Sett fra vår tid fremstår det som et skjebnesvangert feilgrep at Vesten knapt hjalp russerne med annet enn finansiell nødhjelp, som svært ofte ble stjålet og ført ut av landet, samtidig som de amerikanske økonomiske rådgiverne rykket inn med sine nyliberalistiske ideer og fordypet krisen» (s. 134). «Ingen fortalte russerne at også de kunne bli et fullverdig medlem i det større fellesskapet hvis de ønsket» (ss. 135-136).

Not One Inch

Dette er feil, og viser at Jørgensen har skrantande kunnskap om russisk politikk og økonomi så vel som om forholdet mellom USA og Russland på den tida. Det verkar som om han i all hovudsak baserer seg på den amerikanske forskaren Mary Sarotte si undersøking av Natos utvidingsprosess austover, Not one inch (2021). Denne er grundig og nyansert, men Jørgensen tolkar og siterer Sarottes bok ganske einsidig. Han skriv:

Her fremgår det at amerikanerne gjennom sin insistering på østutvidelser i NATO maksimerte presset på Russland på et tidspunkt da landet befant seg i en svært sårbar fase. En av Sarottes hovedkonklusjoner er at dersom vi vil forstå hvordan Putin kom til makten, hører NATO-utvidelsene med. Russernes innvending gir da også en slags mening. (…) Jeltsins desperate behov for økonomisk bistand ble brukt som brekkstang for å dempe de russiske protestene, forklarer Sarotte. USA strakk seg også langt for at Jeltsin kunne holde seg ved makten. De mer ekstreme politiske kreftene som amerikanerne forsøkte å stagge, gjorde likevel et ikke overraskende comeback da de etter hvert kunne begynne å rope at den gamle erkefienden hadde spist seg helt inn til Russlands grenser. Hvorfor gjorde man ikke i stedet sitt ytterste for å sikre at også Russland kunne ta del i en ny, felleseuropeisk sikkerhetsarkitektur? Det manglet ikke på advarsler. (….) Selv George F. Kennan (….) har ment at utvidelsen var det største strategiske feilgrepet som ble begått på 1990-tallet. (….) Ingen fortalte russerne at også de kunne bli et fullverdig medlem i det større fellesskapet hvis de ønsket. Det er veldokumentert at russerne tidlig på 1990-tallet var åpne for å tenke seg en integrasjon med resten av Europa. Ifølge analytikere som Ivan Kurilla hadde ikke Vesten trengt å gjøre mer enn å vise en viss imøtekommenhet (ss. 134-136).  

Eitt av spørsmåla Sarotte er meir nyansert om enn Jørgensen, gjeld kor vidt Sovjetunionens siste president, Mikhail Gorbatsjov, i 1990 fekk lovnadar om at Nato ikkje skulle utvidast austover, inn på området til den tidlegare Warszawa-pakta. Sarotte viser til at Warszawa-pakt-land som Ungarn, Tsjekkoslovakia og Polen alt kort etter Berlin-murens fall 9. november 1989 hadde byrja å visa interesse for både Nato- og EU-medlemskap. Dette vart dermed eit samtaletema både i Vesten og mellom vestlege og russiske leiarar. Ei rekke vestlege politikarar, inkludert president George H.W. Bush og utanriksminister James Baker, forsikra Gorbatsjov om at Vesten ikkje ville utnytta situasjonen på tvers av sovjetiske tryggingsinteresser og at ein ønskte utstrekt samarbeid med eit demokratisk og fredeleg Sovjetunionen.

Særleg den forbundstyske utanriksministeren Hans Dietrich Genscher, som var fødd i Aust-Tyskland, var lenge redd for at snakk om Nato-utviding skulle hindra tysk attforeining. Som dokument frigjevne av det amerikanske tryggingsarkivet viser, skal nokre, som Storbritannias statsminister John Major, så seint som i mars 1991, ha sagt til Gorbatsjov at Nato-utviding ikkje var aktuelt («nothing of the sort will happen»).

Sarotte fortel, som det også framgår av dei nemnde dokumenta, at USAs utanriksminister James Baker i eit møte i Moskva i februar 1990 spurte Gorbatsjov om han føretrekte eit sameint Tyskland utanfor eller innanfor Nato, det siste med «assurances that NATO’s jurisdiction would not shift one inch eastward from its present position». Gorbatsjov skal då ha svart at inga utviding av Nato var akseptabel. Ifølgje Sarotte, som viser til Gorbatsjovs memorarar, sa Baker så at «we agree with that». På ein pressekonferanse etterpå skal Baker ha sagt noko liknande.

Bakers utsegn var i tråd med Genscher si haldning. Ikkje berre han, men også forbundskanslar Kohl meinte på dette tidspunktet at tysk attforeining var viktigare enn at tidlegare DDR skulle bli ein del av Nato. Dette gav dei også uttrykk for i møte med sine motpartar i Moskva (Sjevardnadse og Gorbatsjov) rett etter at Baker hadde reist, 10. februar 1990. Men Kohl fekk samstundes Gorbatsjov med å på at det skulle vera opp til det tyske folket om det ville gjenforeina Tyskland, utan vilkår og utan å seia noko om dei internasjonale sidene av dette.

President George H. W. Bush meinte etterpå at Baker hadde gått for langt. Bush gav ifølgje Sarotte Baker beskjed om å gjera klart at heile Tyskland skulle bli del av alliansen, men om nødvendig med ein spesiell status for Aust-Tyskland. Kohl skjøna etter sitt møte med Gorbatsjov at dette var oppnåeleg, og gav Genscher skriftleg ordre om å slutta å stilla spørsmål ved Natos framtid.

Bush, Kohl og Natos generalsekretær Manfred Wörner samarbeidde tett for å førebu eit amerikansk-russisk toppmøte i Washington D.C. 31.5.-1.6.1990. 17. mai heldt likevel Wörner ein tale der han brukte misvisande ord. Han sa ifølgje Sarotte (som siterer Natos arkiv) at «the very fact» at alliansen var villig til «not to deploy NATO troops beyond the territory of the Federal Republic gives the Soviet Union firm security guarantees». Bush og Kohl vart samde om å bruka ein idé Frankrikes president Mitterrand først lanserte, å visa til at Helsinki-sluttakta av 1975, der det heiter at alle land sjølv kan velja kva allianse dei vil vera med i. Dette vart kjent som Helsinki-prinsippet, som Gorbatsjov sa seg samd i på Washington-toppmøtet. Prinsippet vart stadfesta av Paris-erklæringa («Charter of Paris for a New Europe»), som alle KSSEs (seinare OSSE) medlemsland, inkludert Russland, slutta seg til under eit møte i Paris 19.-21. november 1990.

To pluss fire-traktaten som vart underteikna 12. september 1990 av Forbundsrepublikken Tyskland og Den tyske demokratiske republikken i tillegg til sigermaktene frå andre verdskrigen, Sovjetunionen, Storbritannia, Frankrike og USA, la til grunn at heile det gjenforeinte Tyskland skulle vera medlem av Nato. Som ein konsesjon til Sovjetunionen erklærte traktaten at ingen atomvåpen skulle stasjonerast på tidlegare DDR-territorium. Dette området vart dermed, som det einaste i Europa, erklært atomvåpenfritt for all tid i ein folkerettsleg avtale. Sovjetunionen fekk frist til slutten av 1994 med å trekka seg ut av Tyskland.

Dessutan skulle ingen utanlandske Nato-styrkar utplasserast permanent på austtysk jord. Men det skulle vera opp til tyske styresmakter å avgjera til ei kvar tid kva utplasserast («deployed») skulle bety i praksis. Det var ifølgje Sarotte (2021, s. 104) underforstått at Nato-styrkar kunne reisa gjennom tidlegare DDR-territorium på veg til oppdrag eller stasjonering i eventuelle nye Nato-land i aust. Det vart faktisk underteikna ein særskilt protokoll om dette, som eit tillegg til traktaten.

Her skreiv altså Sovjetunionen under på ein internasjonal avtale som ikkje berre opna for at heile det gjenforeinte Tyskland kunne bli med i Nato, men også for at det kunne koma nye Nato-land lenger aust. Russlands utanriksminister frå 1996 til 1998, den revansjistiske Jevgenij Primakov (statsminster 1998-1999), medgav dette i sine memoarar (Sarotte 2021, s. 246). I tillegg fekk Sovjetunionen 12 milliardar DM (9 som gåve, 3 som billig lån) frå Tyskland. Desse pengane forsvann sporlaust straks dei hadde vore innom den sovjetiske statskassa.

Dermed kunne Natos austutviding byrja med den tyske gjenforeininga 3. oktober 1990. Som Sarotte stadfestar, hadde Nato med USA i spissen stått på prinsippet i Nato-traktatens artikkel 10 om at einkvar europeisk stat «in a position to further the principles of this Treaty and to contribute to the security of the North Atlantic area» kan bli invitert til å tiltre Nato.

Dette utelukka ikkje a priori Russland. På heile 1990-talet, og spesielt i første halvdel, vart mange ulike måtar å trekka Sovjetunionen eller Russland med i euroatlantiske tryggingsstrukturar drøfta. Alle vestlege leiarar, og ikkje minst amerikanske presidentar, skjøna at ein nå hadde eit historisk høve til å oppnå eit heilt og udelt Europa. Ein felles «europeisk heim» var også kongstanken til Gorbatsjov. Spørsmålet om kva som skulle skje med Nato vart likevel først sett på spissen i løpet av Bill Clintons åtte år som USAs president (1992-2000). Clinton førte fram til slutten av 1994 ein «Russia first»-politikk. Han var nøye med å understreka at Nato i prinsippet var ope for Russland og prøvde å koma Russland i møte på mange forskjellige måtar. Clinton vitja Moskva oftare enn nokon annan amerikanske president både før og etter.

Jamvel om den interne debatten i USA og tonegjevande Nato-land fall ned på at alliansen både burde bestå og utvidast, var det likevel lenge ope både når og korleis utvidinga skulle skje. På slutten av 1993 kom Clinton-administrasjonen opp med ein kompromiss-idé som skulle ta vare på alle interessantars ønske om samarbeid med og tilpassing til Nato: Partnarskap for fred. Nato oppretta PfP i 1994, og Russland slutta seg til i 1995. Tanken var at partnarskapet skulle vera eit forstadium og førebuing for eit eventuelt seinare Nato-medlemskap.

I 1996 vart elles Russland med i samarbeidet mellom demokratiske økonomiske stormakter, som vart omdøypt til G8, og dessutan av Europarådet. Men då hadde alt det nygammal-sovjetiske maktapparatet tatt kontroll i Moskva (Kozyrev 2019). I 1997 underskreiv så president Jeltsin «Russia-NATO Founding Act», der det mellom anna heiter at Nato og Russland «will build together a lasting and inclusive peace in the Euro-Atlantic area on the principles of democracy and cooperative security». I 1997 vart eit fast Nato-Russland-råd etablert i Brussel. Det vart oppgradert i 2001. Henry Kissinger var blant dei som i 1997 var skeptiske til den tilgangen til Natos øvste vedtaksstrukturar dette gav Russland.

Alt dette vart først endeleg avvikla etter Russlands okkupasjon av Krim/Krym og Donbass i 2014.

Nato måtte velja

Det er rett nok, som J&R skriv, at amerikanske russlandskjennarar som George F. Kennan og Jack Matlock (amerikansk ambassadør til Moskva 1987-1991), til og med Bill Perry (forsvarsminister 1994-1997 under Clinton), meinte at Nato-utviding utan Russland var feil. Dei er representative for dei mange både i USA og Europa som meinte at ein måtte koma Russland i møte, ikkje minst ved å godta landets krav om ei nøytral tryggingssone rundt seg.

Det var først og fremst dei nyleg frie landa i Sentral- og Aust-Europa sjølve som pressa på for å bli medlemmer av Nato. Spesielt køyrde Polens president og tidlegare Solidarnosc-leiar Lech Walesa og Tsjekkias president, den tidlegare dissidenten Vaclav Havel, hardt på for tidleg Nato-medlemskap for Polen, Tsjekkia og Ungarn.

Dei auka presset etter kvart som det skjedde mange ting som skapte tvil om det russiske demokratiet og om russisk utanrikspolitikk: Det reaksjonære kuppforsøket mot Jeltsin i 1993; den første krigen i Tsjetsjenia (1994-1996), som skremte dei nyleg sjølvstendige landa i Sentral- og Aust-Europa; revansjistisk innstilte nasjonalistar og kommunistar dominerte i Dumaen; Russland vart ramma av ustabilitet og russiske veljarar radikaliserte pga. feilslåtte reformer og hyperinflasjon, usemje mellom Nato og Russland om konfliktar i Jugoslavia (Bosnia 1992-1995, Kosovo 1998-1999), som Russland insisterte på at var innan deira interessesfære, det gamle maktapparatet frå sovjettida styrka seg stadig og hadde omkring 1995 fått president Jeltsin heilt over på si side, og så vidare.

I mellomvalet hausten 1994 vann republikanarane dessutan kontroll over begge husa i kongressen. Det republikanske partiet var då endå meir ihuga tilhengarar av å utvida Nato til Sentral- og Aust-Europa enn demokratane. Dette medverka til at president Clinton i større grad opna opp for snarleg Nato-utviding trass i russisk motstand. Han hadde då også det komande presidentvalet i 1996 i tankane.

Uansett nærma eit punkt seg då USA og Nato elles måtte velja kva som viktigast: omsynet til nyleg frie land i Sentral- og Aust-Europa eller til Russland. Ifølgje Sarotte var det i eit møte i Det kvite huset rett før jul 1994 at Clinton-administrasjonen bestemte seg. Polen, Tsjekkia og Ungarn vart medlemmer av Nato i 1999, Bulgaria, Estland, Latvia, Litauen, Slovakia, Slovenia og Romania i 2004.

Sarotte meiner USA av omsyn til Russland burde ha venta lenger med utvidinga av Nato, og heller satsa meir på Partnarskap for fred. Men ho medgir at dette blir ein hypotetisk diskusjon – ingen kan vita sikkert om Russland ville ha vore meir medgjerleg i eit slikt tilfelle. På meg verkar dette lite sannsynleg. Utviklinga i Russland følgde sin eigen logikk som Vesten ikkje kunne gjera stort med. Sentral- og austeuropearane hadde rett i at ein ikkje kunne stola på at Russland ville forbli demokratisk og fredeleg berre Vesten viste større tålmod og meir toleranse overfor russiske stormaktspretensjonar. Utviding av Nato var mindre eit val mellom Russland og sentral- og austeuropeiske land enn mellom ein regelbasert verdsorden med nasjonal suverenitet som hjørnestein og 1800-talets stormaktspolitikk. Då Bush den yngre var president og ukrainsk og georgisk Nato-medlemskap stod på dagsorden i 2008, gjekk han då også inn for dette først og fremst av prinsipielle grunnar: Suverene land skulle sjølv kunna velja kva allianse dei ville vera med i (Rice 2011, s. 671).

J&R går ikkje inn på nokon diskusjon om at USA og dei europeiske Nato-landa måtte velja. Dei spør seg heller aldri kvifor Nato og EU skulle ta meir omsyn til eit land med om lag 140 millionar innbyggjarar enn til land med til saman endå fleire innbyggjarar, som også var suverene og ønskte medlemskap av eigen, fri vilje og i tråd med Helsinki-avtalen frå 1975, og om alle lands rett til fritt å velja sine alliansar. Utan at det blir aldri sagt rett ut, skin det likevel gjennom at hovudgrunnen er Russlands atomvåpen og historiske status og sjølvbilde som stormakt. Mangelen på diskusjon omkring dette er etter mi meining bokas svakaste punkt.

Dét var nemleg nettopp problemet. For dei fleste russiske politikarar, inkludert Jeltsin (for ikkje å nemna det mektige byråkratiet og tryggingsapparatet) var det på nittitalet sjølvsagt at Russland, som etterfølgjar av Sovjetunionen, framleis måtte behandlast som ei supermakt som hadde krav på særskilte omsyn, ikkje minst til å ha ei Nato-fri tryggingssone rundt seg. Andrej Kozyrev peikar på at for det russiske tryggingsapparatet var Nato-motstand «the last line of defense of the privileged position they inherited in the state power structures… If [NATO] was no danger, there could be no justification for these defenders of the motherland to keep their exceptional powers. That is why maintaining the enemy image of NATO was – and remains – indispensable for the Russian military-security apparatus» (Kozyrev 2019, s. 213).

På grunn av dette, som ligg bak utdaterte førestillingar om eigen status og internasjonal politikk, diskvalifiserte Russland seg sjølv frå Nato- og EU-medlemskap. Det er dette den amerikanske russlandseksperten Angela Stent (2019) kallar «the imperial mindset», og som slo ut for fullt igjen då Putin kom tilbake som president i 2012. Manglane ved demokratiet, rettsstaten og menneskerettane i Russland var ein del av dette.

J&R vier elles mykje plass til vestlege invasjonar av Russland gjennom historia, men stiller ikkje kontrollspørsmål om kor ofte andre europeiske land er blitt angripne utanfrå samanlikna med Russland. Her trur eg fleire, ikkje minst Polen, kan konkurrera skarpt om rekorden. I staden blir det gjentatt at «Sett fra Russland er det Russland som presses, som er på defensiven» (s. 202).

I boka nemner dei heller aldri det grunnleggande faktum at Nato var og er ein forsvarsallianse, og såleis ikkje kan utgjera noko trugsmål mot eit Russland som oppfører seg fredeleg.

1999-2022: Mot invasjon av Ukraina

Vladimir Putin og hans visjonar

Vladimir Putin kom til makta siste dag av året 1999, og skaffa seg etter kvart ein nær eineveldig posisjon i russisk politikk. J&R går likevel ikkje inn på Putins rolle og tenking. I staden framhevar dei at Putin i sin første presidentperiode viste interesse for samarbeid med Vesten. Som fungerande president sa Putin i eit intervju med BBCs David Frost i mars 2000 at «Russland er ein del av europeisk kultur. Og eg kan ikkje førestilla meg landet mitt isolert frå Europa og det vi ofte kallar den siviliserte verda. Så det er vanskeleg for meg å sjå føre meg Nato som fienden.» På spørsmål om Russland kunne gå inn i Nato, svara han: «Eg ser ikkje kvifor ikkje. Eg ville ikkje utelukka ei slik mogelegheit» (sitert av McFaul 2019, s. 59).

Denne haldninga skuldast truleg mellom anna at Putin i denne perioden var spesielt opptatt av samarbeid mot internasjonal islamistisk terrorisme, som han meinte stod bak opprørarane i Tsjetsjenia. Etter 9/11 medverka han derfor til at USA kunne bruka basar i Sentral-Asia til operasjonar i Afghanistan. Han ønskte også amerikansk støtte til russisk medlemskap i WTO, som Russland etter kvart oppnådde.

I sin andre periode kom Putin likevel på nye tankar, som han uttrykte mest kraftfullt i sin antivestlege tale på tryggingskonferansen i München i 2007. Dette skuldast truleg ikkje minst at han meinte at «fargerevolusjonane», då autoritære leiarar som han sjølv vart avsette i Russlands naboland 2003-2005, var regisserte av USA for å undergrava Russland. Det amerikanske rakettskjoldet som då var på tale i Europa, retta mot Iran, var han også svært skeptisk mot.

Men alt i sitt «tusenårsmanifest» frå desember 1999 hadde Putin framstått som konservativ tilhengar av ein sterk, autoritær russisk stat. Her omtalte han dei liberale fridommane russarane hadde fått sidan 1991 som universelle verdiar, men la til at Russlands styrke låg i tradisjonelle russiske verdiar: patriotisme (herunder tru på Russlands stordom og status som stormakt), kollektivisme og underkasting under staten. Han understreka også at «Russland er og blir ei stormakt». Omverda måtte visa respekt for russiske interesser, særleg i område der Putin meinte Russland hadde historiske band, spesiell sensitivitet eller særlege tryggingsomsyn å ta.

I år 2000 fekk han gjeninnført den sovjetiske fedrelandssongen, med nokre talande tekstendringar. Russland vart omtalt som «vår heilage stat», og Putins alt då fikse idé om russisk, ukrainsk og belarussisk historisk einskap vart referert til som «den ævegamle unionen av broderfolk». Sakte, men sikkert tok han kontroll over media, og spesielt russisk fjernsyn. Dei før så mektige oligarkane fekk beskjed om å innordna seg staten eller mista pengane sine. I 2005 erklærte han at «Sovjetunionens fall var den største geopolitiske katastrofen i det 20. hundreåret».

Det var Putins vending bort frå demokratiet og liberale verdiar som etter kvart utelukka både EU- og Nato-medlemskap for Russland. J&R nemner lite om denne innanrikspolitiske russiske bakgrunnen. At Nato-toppmøtet i Bucuresti i 2008 stilte medlemskap for Ukraina og Georgia i utsikt framhevar dei derimot som ei ny vending i den «destruktive spiralen» fram mot russisk invasjon av Ukraina. På den eine sida var dette i tråd med vestlege veljarars førestilling om «demokrati, rettsstat og åpenhet», men på den andre hadde det «en geopolitisk dimensjon» som styrka «aggressive og isolasjonistiske krefter i Russland» (s. 246). Her blir det ikkje omtalt at Nato, mot USAs og dei sentral- og austeuropeiske medlemmenes vilje, ikkje vedtok nokon tidsplan for ukrainsk og georgisk medlemskap på toppmøtet. Spesielt Tyskland insisterte på dette, nettopp for ikkje å provosera Russland. Etter lange forhandlingar vart likevel kompromiss-formuleringa «Ukraine and Georgia will become members of NATO» vedtatt med akklamasjon (Rice 2011, s. 675).

Trass i dette førte Dmitrij Medvedev, då han «vikarierte» for Putin som president 2008-2012, Russland tilbake på eit samarbeidsorientert spor overfor Vesten. Medvedev gjekk entusiastisk med på president Obamas forslag om ein «reset» i forholdet mellom USA og Russland.

J&R omtalar likevel «reset»-perioden i negative ordelag: «….målsettingen om at USA virkelig hadde som mål å forbedre relasjonen til Russland kunne man absolutt sette spørsmålstegn ved» (s. 232). Grunnen J&R oppgir er at eit internt arbeidsdokument slo fast at USAs primære mål med «reset» ikkje var eit betre forhold til Russland i seg sjølv, men å fremja amerikanske tryggingspolitiske og økonomiske interesser, blant anna ved å styrka samhaldet i Nato. Dessutan nemner dei at 22 austeuropeiske samfunnstoppar i ein uttale åtvara USA mot gå på akkord med sine verdiar for å tekkast Russland.

Dette er svak argumentasjon, særleg sett i lys av dei mange og viktige resultata «reset» faktisk førte til. I løpet av Medvedevs år som president vart Russland og og USA samde om ein ny nedrustingsavtale (New START), nye sanksjonar mot Iran, utviding av Nato-landas nettverk av forsyningslinjer til Afghanistan via Turkmenistan, Usbekistan og Tajikistan, russisk WTO-medlemskap, auka investeringar og handel, og eit meir brukarvennleg visaregime. Ein unngjekk også nye konfliktar i Kaukasus og Sentral-Asia, og Russland godtok Natos intervensjon i Libya ved ikkje å nedleggja veto i FNs tryggingsråd (MacFaul 2019, s. 414).

Jørgensen forklarar/forsvarar elles Russlands nei til EUs austlege partnarskap i 2008 med at «partnerskapet etter deres mening var utformet for å trekke Russlands vestlige naboland bort fra Moskvas innflytelsessfære og nærmere EU» (s. 136), som om det skulle vera ein god grunn.

Frå ein nyheitskonferanse etter eit relativt vellukka toppmøte mellom Russland og EU i russiske Khabarovsk i mai 2009 trekker J&R fram berre Medvedevs kritiske kommentarar til den austlege partnarskapen (etter eit journalistspørsmål). Medvedev var då redd for at denne skulle rettast mot Russland (s. 234), noko alle EU-representantane til stades forsikra han om at det ikkje var. Javier Solana framheva tvert om at EU gjerne ville ha med Russland i mange av partnarskapsprosjekta. J&R nemner ikkje at Medvedevs innleiing på pressekonferansen var full av ros av det gode samarbeidet mellom Russland og EU.

Eurasianismen

Putins prestisjeprojekt etter at han kom tilbake som president i 2012, den eurasiske økonomiske unionen, presenterer J&R som eit pragmatisk, om enn russiskdominert, alternativ til EU (s. 234). Dei nemner ikkje at prosjektet avspegla ein nasjonalistisk, «eurasiatisk» ideologi med spor langt tilbake i russisk historie. Ideologien hadde nå igjen fått ein stor plass i mange russarars, inkludert i Putins, tankeverd. Den viktigaste profeten var den høgreradikale intellektuelle Aleksandr Dugin.

Tilhengarane av eurasianismen oppfatta Russland ikkje som ein nasjonalstat, men som ein eigen «sivilisasjonsstat» mellom Europa og Asia. Financial Times-journalisten Charles Clover kallar Dugins bok om Russlands geopolitiske framtid frå 1997 «ei oppskrift på verdsdominans». Ifølgje boka, som vart pensum på akademiet til den russiske hærens generalstab (Figes 2022, s. 336), er den einaste regelen i internasjonal politikk at makta rår. Russlands nye eurasiske imperium må byggast på motstand mot amerikansk dominans, atlantisk samarbeid og liberale verdiar. Boka framhevar at «den fremste oppgåva er finlandisering av Europa».  

Som Clover peikar på, har Putin sjølv nærast sitert ordrett frå Dugins bok ei rekke gonger. Til dømes omtalte han i ein artikkel i 2012 Russland som «sivilsasjonsstat». Han gjentok uttrykket i ein Dugin-inspirert tale året etter, der han også langa ut mot vestleg forfall og skildra sin visjon for eurasisk integrasjon. Den eurasiske unionen skulle ikkje berre vera økonomisk, men også «eit prosjekt for bevaring av nasjonanes identitet i det historiske eurasiske rommet i det nye hundreåret og ei ny verd. Eurasisk integrasjon er ei mogelegheit for heile det tidlegare sovjetområdet til å bli eit uavhengig senter for global utvikling, heller enn å forbli Europas eller Asias utkant.»

For å verkeleggjera Putins eurasiske prosjekt måtte Russland, Ukraina og Belarus først samlast i ein allrussisk, Moskva-dominert einskap. Denne «unionen av broderfolk» skulle vera kjernen i det nye Eurasia. Utan Ukraina var prosjektet daudfødt. Ukraina var den rikaste, mest avanserte og nest største sovjetrepublikken. Etter sjølvstendeterklæringa i 1991 hadde Ukraina, etter eurasianistanes – og Putins, meining også stole dei første fem hundreåra av den allrussiske historia (dvs. Kyiv/Kiev-riket). Også om målet berre skulle vera å styrka Russlands stormaktsstatus måtte såleis Putin få kontroll over Ukraina.

Høvet baud seg då den russlandsorienterte Viktor Janukovitsj vann presidentvalet i Ukraina i 2010. I 2013 avviste Janukovitsj den framforhandla frihandelsavtalen med Ukraina og gjekk i staden inn for at Ukraina skulle slutta seg til den nyleg oppretta eurasiske økonomiske unionen. Det var dette som utløyste Euromajdan-demonstrasjonane og den påfølgjande Majdan-revolusjonen i februar 2014. Ukraina vende seg då igjen mot Europa og bort frå Russland. Det var kort etter dette at Putins soldatar overtok Krim/Krym og delar av Donbas.

Det er mot denne bakgrunnen ein også må forstå Putins historiske essay om «Russarane og ukrainaranes historiske einskap» frå juli 2021, som J&R aldri nemner, og fullskalainvasjonen av Ukraina året etter. I essayet fornektar Putin eksistensen av Ukraina som eigen nasjon og stemplar landets sjølvstende som eit vestleg, antirussisk prosjekt. Som Dugin og dei russiske slavofilane på 1800-talet, og med ivrig støtte frå den russisk-ortodokse kyrkja, kallar Putin samstundes det demokratiske, liberale Europa som Ukraina søkjer seg mot dekadent og avfeldig. Dette «råtne Europa» strider i følgje i Putin med alt den mektige russiske sivilisasjonen eigenleg står for.

Majdan-revolusjonen

J&R framhevar gjennomgåande Kreml-perspektivet på både dei såkalla fargerevolusjonane i Georgia, Ukraina og Kirgisistan 2003-2005 og på Majdan- eller verdigheits-revolusjonen i Ukraina i 2014, det vil seia at dei var regissert av USA og, for Majdans vedkomande, av ukrainske ultranasjonalistar. «Det er lett å tenke seg at Vesten hadde en virksom hånd i de såkalte fargerevolusjonene, som søkte regimeskifter hvor Moskva-allierte ledere skulle byttes ut med mer vestvendte politikere. Slik så det i alle fall ut fra Kreml» (s. 229). «For Kremls propagandamakere var det ekstreme, ytre høyres synlige tilstedeværelse blant Majdan-demonstrantene en gullgruve. De gjenoppvekket frykten og paranoiaen som traumene fra det 20. århundret hadde skapt. Det var ikke vanskelig for dem å presentere det som skjedde i Ukraina som «fascisme» støttet av Vesten» (s. 261). Denne framstillingsmåten legg til rette for å tru at det er hald i Putins tolking av utviklinga.

J&R meiner dessutan at ukrainsk ultranasjonalisme stod i ein «symbiotisk relasjon» til russisk ultranasjonalisme. «Putins regime har alltid vært avhengig av den næringen som ultranasjonalister i Ukraina og andre nabolandet har foret det med» (ss. 248-249). Det er vidare tale om «styrken i de mørke kreftene som hadde interesse av konflikten» (s. 257). At det ukrainske høgrenasjonalistiske partiet Svoboda kalla seg sosialnasjonalistisk gir «overtydelige assosiasjoner til Hitlers nasjonalsosialisme» (s. 255). For ytterlegare å underbyggja inntrykket av ukrainsk nynazisme gjer dei eit poeng av at dei amerikanske representantane Nuland og McCain stilte opp på bilde saman med Svoboda-leiaren Ihor Tiahnybok «til tross for at de antisemittiske talene hans var lette å finne på internett» (s. 257). Her blir det underslått at Svoboda fekk berre 4,7 prosent av røystene i parlamentsvalet i 2014 og at det er historisk rekord for høgreradikale parti i Ukraina.

Majdan-revolusjonen medverka til at Russland straks etter tok kontroll over Krym/Krim og den austlege delen av Donetsk og Luhansk: «Ukrainas Majdan-revolusjon var nettopp hva Putin trengte» (s. 226). «Majdan-revolusjonen beredte grunnen for en blodig konflikt mellom Russland og Ukraina» (s. 239). Nettoeffekten av framstillinga er, igjen, å gi lesaren inntrykk av at Putins politikk vart driven fram av ytre krefter, som han berre reagerte på.

Om Euromajdan 20. februar 2014 skriv J&R vidare at «flere granskninger fra både ukrainske og utenlandske journalister tyder på at det var radikale elementer blant demonstrantene som avfyrte de første skuddene» (s. 258). Her er det ein fotonote som viser til ei nyheitssak ved Gabriel Gaithouse på BBC. Gaithouse seier rett nok i videoen at noko av skytinga kom frå demonstrantane, men ikkje at dei var dei første til å skyta. Status er vel at det ikkje er avklart kven som skaut først.

Fotnoten viser også til Maidan-aktivisten Ivan Bubentsjyk, som offentleg har tilstått å ha skote to politioffiserar bakfrå på plassen. Nettsøk viser likevel at det er tvil om Bubentsjyk her har sagt sanninga. Nettstaden J&R viser til er ikkje tilgjengeleg, men øvst i nærare søk kjem ein artikkel i den russiske avisa Pravda opp.

Fullskalainvasjonen

Når det gjeld den russiske fullskalainvasjonen av Ukraina 24. februar 2022 insinuerer J&R på same måte som før at det var USA og Ukraina sjølv som dreiv Russland over vippepunktet. Putin bestemte seg først i «siste øyeblikk» (s. 296). Det var  til og med to utsegner Ukrainas president Zelenskyj kom med i dei siste vekene før invasjonen som «kanskje kan ha trigget Putins endelige beslutning» (s. 297). «[…] at Putin bærer ansvaret er det ingen tvil om, men hvis man skal få en bredere og dypere forståelse av hva som brakte oss dit vi er i dag, kan man ikke se bort fra hvordan NATOs utvidelser eller ekstremister i Ukraina har bidratt til eskaleringen» (s. 355). Vendinga «ikke se bort fra» her er typisk for forfattaranes insinuasjonar kombinert med ei lettvint unngåing av å seia kva dei meiner.

Særleg viktig skal det ha vore at den nyvalde amerikanske president Bidens administrasjon byrja å støtta Ukraina meir aktivt enn president Trump hadde gjort. Dersom Europas tryggingsutfordringar hadde blitt handtert av europearane aleine kunne kanskje det russiske åtaket på Ukraina ha vore unngått, spekulerer J&R. Fleirtalet av ukrainarane ønskte seg uansett ikkje Nato-medlemskap. «…rundt 60 prosent av ukrainerne var mot å bli med i NATO det året [2008] (og i årene etterpå), mens bare 20 prosent ønsket det» (s. 158). Her «gløymer» dei å nemna at stemninga snudde etter Russlands innmarsj i Donbas og Krym/Krim i februar 2014. Før fullskalainvasjonen i 2022 støtta 55 prosent av ukrainarane ukrainsk Nato-medlemskap. I slutten av mars 2022 hadde talet stige til 72 prosent (Figes 2022, s. 350. Jf. også Steinfeld 2022, s. 20). Utviklinga i ukrainsk Nato-opinion kan studerast her.

J&R hoppar elles raskt bukk over det medvite uakseptable ultimatumet Putin stilte Nato hausten 2021. Alt tidleg på året hadde han då byrja å byggja opp store militære styrkar langs Ukrainas grenser. Den detaljerte oversikten over Putins langvarige førebuing av invasjon som Washington Post kom med i artikkelen «Road to War» 16. august 2022 (før bokas redaksjonsslutt) er likeså forbigått i stillheit. Her framgår det at det amerikanske militæret alt i oktober 2021 informerte president Biden om at Putin eintydig planla ein omfattande invasjon av Ukraina. Det einaste som var uklart, var den nøyaktige datoen. Allierte fekk vita om dette seinare i oktober og i november. I januar 2022 kom dei amerikanske åtvaringane også ut i offentlegheita.

Botemiddel: Russland inn i EU!

Etter så mykje inkompetanse, feilvurdering, mangel på visjonar og overstyring frå Washingthon D.C. meiner Jørgensen at det nå er «mer nødvendig enn noensinne at de [europeiske leiarar] klarer å utvikle en selvstendig russlandspolitikk. Ikke for å kompromisse med Putin, men for å være beredt dersom demokratiske krefter overtar i Moskva. Tabbene fra 1990-tallet må ikke gjentas» (s. 172).

Ifølgje J&R må EU, med Tyskland og Frankrike i spissen, rydda opp. USA, som held på å bli overtatt av populistiske høgrekrefter, der Trump kan bli president igjen og som dessutan er mest opptatt av Kina, kan vi ikkje lita på lenger. Den overordna målsettinga må vera å integrera Russland i europeiske strukturar, og spesielt i EU.

Som eit dramatisk startsignal for ei slik kursomlegging føreslår J&R at EU og Nato skal koma med ei erklæring retta direkte til det russiske folket, over hovudet på det nåverande regimet, om at Europa og Vesten er «ukomplett» utan Russland. Erklæringa skal også tilby EU- (og Nato-? – det er uklart) medlemskap til Russland, så vel som til Ukraina og Belarus, dersom 1) Russland trekker alle sine styrkar frå Ukraina, 2) betaler ei stor krigserstatning til Ukraina, 3) utan vilkår samarbeider med eit internasjonalt tribunal for krigsbrotverk i Ukraina; og 4) oppfyller vanlege medlemskapsvilkår. Som ein forsoningsgest bør EU rekka ut handa til russarane ved samstundes å erklæra russisk som offisielt EU-språk (s. 324).  

Forfattarane trur at «fra det øyeblikket en erklæring som dette kom, ville mye av kontrollen over maskineriet som driver Russlands transformasjon og retur til den europeiske familien være i EUs hender (….) Slik vil EU innta en posisjon hvor de kan dyrke frem et nytt Russland» (ss. 324-326).

Dette er så naivt at ein lurer på om det er alvorleg meint. Rett nok har eg sjølv (i Aftenposten 9. mai 2022) omtalt det på sikt å få eit demokratisk Russland inn EU og kanskje til og med i Nato som «krigens best tenkelege utfall». Men eg understreka at dette er eit drøymescenario som, etter eit solid russisk nederlag på slagmarka i Ukraina, krev ein lang og sjølvkritisk demokratiseringsprosess i Russland.

Det motsette av det EU treng

Sjølv om Russland skulle gå med på alle J&Rs krav og til og med blir eit «normalt» europeisk land med reelt demokrati, rettsstat og respekt for menneskerettane må vi dessutan vera klar over kor stor utfordring det ville bli for EU å ta opp eit slikt land. Dette tar J&R altfor lett på. Dei skriv til dømes at det er «svært usannsynlig at [Russland] ville fått flere stemmer enn makstaket i det mektigste EU-organet, Rådet», nemleg 29, som Tyskland, Frankrike og Italia (s. 338). Her overser dei at EUs traktatar legg til grunn at folketal skal takast omsyn til også når det gjeld røystevekt i Rådet, utan at det finst nokon offisiell utrekningsmåte.

Fordeling av røyster blir fastsett i kvar utvidingstraktat. Det er utenkeleg at Russland, med over dobbelt så mange innbyggjarar som Frankrike og Italia og mest ein firedel av eit utvida EUs samla folketal (avhengig av kva andre land som då ville ha blitt med), ville godta å sitja igjen utan fleire røyster enn dei. J&R gløymer også at folketal er avgjerande for medlemslandas representasjon i det folkevalde Europaparlamentet, som har fått stadig meir makt dei seinare åra. I tillegg ville sjølvsagt Russland få svært mange representantar i Kommisjonen (om enn berre ein kommisær), EU-domstolen og i andre EU-organ. Og då har eg ikkje nemnt dei store overføringane Russland ville ha krav på som EU-medlem.

Av historiske grunnar omtalt over må vi dessutan rekna med at russisk medlemskap ville styrka kreftene i EU som favoriserer ein tradisjonelt mellomstatleg samarbeidsmodell (herunder Polen og Ungarn), med mest mogleg vetorett for dei einskilde medlemslanda. Det er det motsette av det EU treng nå. EU må ta eit langt steg i føderal retning før det er i stand til å ta opp eit land som Russland. Utsiktene for det ser i dag diverre små ut.

På slutten av boka skriv J&R at «Vi tror det klokeste EU kan gjøre, er å erklære at medlemskap er åpent for alle europeiske land som oppfyller medlemskapskriteriene. Det ville være en gavepakke til liberale og demokratisk innstilte politikere….» (s. 350). At dei tydelegvis ikkje veit at dei dermed sparkar inn ei opa dør er eit oppsiktsvekkande, men også symptomatisk punktum for boka. EUs traktatar erklærer alt nå at eitkvart europeisk land kan søkja om medlemskap dersom det respekterer EUs demokratiske verdiar og forpliktar seg til å fremja dei. Men det er jo akkurat her problemet for Russland ligg.

Oppsummering og konklusjon

En europeisk tragedie synest for meg å ha to bodskapar: På den eine sida er russarar demokratiske og fredsæle, og det Russland dei eigenleg ønskjer fortener ein plass i EU og Nato. På den andre sida må Vesten ta omsyn til Russlands sjølvbilde som stormakt med atomvåpen, stor militærmakt, verdas største territorium. fast plass i FNs tryggingsråd og (derfor) interesser som fortener særskilt respekt. Den grunnleggande utfordringa for integrering av Russland i Europa er at desse bodskapane ikkje går i hop. Nato, EU og resten av verdsordenen som oppstod etter andre verdskrig har nasjonal suverenitet og at felles reglar gjeld likt for alle som grunnprinsipp. Tanken om interessesfærar og buffersoner er tilbakelagt. Og moderne folkerett set ikkje berre grenser for kva eit land kan gjera mot eit anna land, men også for kva styresmakter kan gjera i sitt eige land.

At dette ennå ikkje har gått inn i størsteparten av russarane, og spesielt eliten, sitt tankesett er etter mitt syn den eine hovudårsaka til at Nato- og EU-medlemskap ikkje vart aktuelt for Russland. Den andre var mangelfulle kår for demokratiet, retsstaten og menneskerettane. Stilt overfor eit ustabilt, atomrusta Russland med framleis sterke autoritære og antivestlege krefter som lett dreg med seg konformistiske russarar var og er det riktig å priorietera andre europeiske land med betre kvalifikasjonar for medlemskap. Noko anna ville bety knefall for utdatert stormaktspolitikk og at Sentral- og Aust-Europa ville ha blitt hengande i ei utrygg gråsone, avhengig av Russlands luner.

I den grad Sten Inge Jørgensen og Leonid Ragozin ikkje skjønar dette, vel eg av omsyn til dei å tru at dei ikkje har tenkt godt nok gjennom argumentasjonen sin og/eller ikkje har god nok kunnskap om det dei skriv om. «Ja, takk, begge deler!», det vil seia både Russland og andre sentral- og austeuropeiske land både i EU og Nato, var rett og slett ikkje mogleg slik utviklinga vart. Og det er først og fremst Russlands, og sidan år 2000 spesifikt Vladimir Putins, eiga skuld. Det var Russland som vende ryggen mot Vesten, ikkje omvendt.

Sist oppdatert 1. februar 2023.

Litteratur

(Eg har tatt med både bøker eg har sitert over og andre som er spesielt relevante for temaet.)

Belton, Catherine: Putin’s People. How the KGB Took Back Russia and Then Took on the West. William Collins 2020.

Borchgrevink, Aage Storm: Krigsherren i Kreml. Putin og hans tid. Kagge 2022.

Clover, Charles: Black Wind, White Snow. The Rise of Russia’s New Nationalism. Yale University Press 2016.

Gessen, Masha: Putin – mannen uten ansikt. Gyldendal 2012.

Gessen, Masha: The Future is History. How Totalitarianism Reclaimed Russia. Riverhead Books 2017.

Figes, Orlando: The Story of Russia. Bloomsbury 2022.

Kozyrev, Andrej: The Firebird. The Elusive Fate of Russian Democracy. University of Pittsburgh Press, 2019.

Kuzio, Taras: Russian Nationalism and the Russian-Ukrainian War. Autocracy-Orthodoxy-Nationality. Routledge 2022.

McFaul, Michael: From Cold War to Hot Peace. An American Ambassador in Putin’s Russia. Mariner Books 2019.

Medvedev, Sergei: The Return of the Russian Leviathan. Polity Press 2020.

Mezrich, Ben: Once Upon a Time in Russia. The Rise of the Oligarchs and the Greatest Wealth in History. William Heinemann 2016.  

Myers, Steven Lee: The New Tsar. The Rise and Reign of Vladimir Putin. Simon Schuster 2015.

Ostrovsky, Arkady: The Invention of Russia. The Rise of Putin and the Age of Fake News. Penguin 2017 (2015).

Plokhy, Serhii: Lost Kingdom. The Quest for Empire and the Making of the Russian Nation. From 1470 to the Present. Basic Books 2017.

Politkovskaya, Anna: Putin’s Russia. Harvill Press 2004.

Rice, Condoleezza: No Higher Honor. A Memoir of My Years in Washington. Crown, 2011.

Sarotte, Mary Elise: Not One Inch. America, Russia, and the Making of Post-Cold War Stalemate. Yale University Press, 2021.

Short, Philip: Putin. His Life and Times. Henry Holt & Co. 2022.

Skagestad, Odd Gunnar: Fra Lenin til Putin. Frekk forlag 2017.

Skagestad, Odd Gunnar: Russland etter Putin. Kolofon 2022.

Steinfeld, Hans-Wilhelm: Russland kriger. Når nåtiden møter fortiden. Orkana 2022.

Stent, Angela: Putin’s World. Russia Against the West and With the Rest. Twelve 2019.

Talbott, Strobe: The Russia Hand. A Memoir of Presidential Diplomacy. Random House 2003.

Tjønn, Halvor: Krig i vår tid. Ukraina, Russland, Europa og Noreg. Dreyer 2022.

Waage, Peter Normann: Russland er et annet sted. Cappelen 2012.

Prorussisk defaitisme i Morgenbladet

Morgenbladet trykte dette innlegget 10. desember 2022. Ettersom det ligg bak ein betalingsmur, gjengir eg det her:

Dagen før utdelinga av Nobels fredspris til menneskerettsorganisasjonar frå Belarus, Russland og Ukraina vel Morgenbladets journalist Sten Inge Jørgensen å antyda at det er på tide at Vesten tvingar Ukraina til forhandlingsbordet ved å truga med å kutta ned på våpenhjelpa (Morgenbladet 9. desember 2022, betalingsmur). Mens dei fleste nå ser at Russland er på vikande front og Putin har tona ned si rasling med atomsabelen, framstår Jørgensen som defaitistisk på Ukrainas vegner.   

Eg har tidlegare hatt stor respekt for Jørgensens analysar av europeisk, inkludert russisk, politikk. Men i det siste har eg byrja å stussa, særleg etter å ha nærlese boka En europeisk tragedie,som han gav ut i haust saman med den russiske eksilskribenten Leonid Ragozin.

Historieforteljinga der er påfallande Russland-sentrisk og prorussisk. Forfattarane legg ulike mykje større vekt på russiske interesser enn dei andre austeuropeiske landas interesser, underdriv den imperialistiske og autoritære tradisjonen i Russland, og overdriv USA og Vestens ansvar for den negative utviklinga etter ca. 1995, inkludert for invasjonen av Ukraina.

Gjentar myte

Jørgensen og Ragozin (J&R) hevdar i  boka at det er Vesten som må bera hovudansvaret for at «det store mulighetsvinduet» for russisk demokrati og vestvending small igjen tidleg på 1990-talet. Hovuddrivaren var Nato-utvidinga austover. Dei gjentar myten om at Russland i 1990 skal ha fått eit løfte om at Nato ikkje skulle utvidast austover, trass i at mellom anna Gorbatsjov seinare har avkrefta dette. Russland opplevde «å bli innsirklet av fiendtlige krefter (….) Frykten for en ny Napoleon eller Hitler stikker dypt hos russerne. De ønsker seg en buffersone som kan ta den første støyten».

Russlands okkupasjon av Krym og Donetsk/Luhansk i 2014 framstiller J&R som ein opportunistisk avleiingsmanøver av ein Putin som var pressa på heimebane. I 2022 var det USA og Ukraina sjølv som dreiv Russland over vippepunktet inn i fullskalainvasjonen. Putin bestemte seg først i «siste øyeblikk». Det var  til og med to utsegner frå Ukrainas president Zelenskyj i dei siste vekene før invasjonen som «kanskje kan ha trigget Putins endelige beslutning».

Hovudproblemet var likevel amerikansk ekspansjonisme og stormaktsspel, meiner J&R. Dersom Europas tryggingsutfordringar hadde blitt handtert av europearane aleine kunne kanskje åtaket ha vore unngått, spekulerer dei.

Nå er det ifølgje J&R først og fremst opp til EU å rydda opp. USA, som held på å bli overtatt av populistiske høgrekrefter, der Trump kan bli president igjen og som dessutan er mest opptatt av Kina, kan vi ikkje lita på lenger. Den overordna målsettinga må vera å integrera Russland i europeiske strukturar, og spesielt i EU.

Naivt om russarars europeiske sinnelag

Som eit dramatisk startsignal for ei slik kursomlegging føreslår J&R at EU og Nato skal koma med ei erklæring retta direkte til det russiske folket, over hovudet på Putin, om at Europa og Vesten er «ukomplett» utan Russland. Erklæringa skal også tilby EU- (og Nato-?) medlemskap til Russland, så vel som til Ukraina og Belarus, dersom 1) Russland trekker alle sine styrkar frå Ukraina, 2) betaler ei stor krigserstatning til Ukraina, 3) utan vilkår samarbeider med eit internasjonalt tribunal for krigsbrotsverk i Ukraina; og 4) oppfyller vanlege medlemskapsvilkår. Som ein forsoningsgest bør EU rekka ut handa til russarane ved samstundes å erklæra russisk som offisielt EU-språk. 

Forfattarane trur at «fra det øyeblikket en erklæring som dette kom, ville mye av kontrollen over maskineriet som driver Russlands transformasjon og retur til den europeiske familien være i EUs hender. (….) Slik vil EU innta en posisjon hvor de kan dyrke frem et nytt Russland».

Dette høyrest så naivt ut at eg må spørja om det er seriøst meint. Integrering av eit demokratisk Russland i europeiske strukturar, inkludert EU, er i prinsippet ønskverdig. Men realistisk sett er russisk EU-medlemskap nærast utenkeleg. J&R overvurderer truleg russarars europeiske sinnelag og tar altfor lett på dei praktiske utfordringane både for Russland og ikkje minst EU det ville medføra.

Inntil vidare må vi støtta Ukraina i å ta tilbake så mykje som råd av dei russisk-okkuperte delane av landet, slik at ukrainarane når den tid kjem kan forhandla ut frå styrke. Kor mykje må primært vera opp til dei å bestemma. Konkret kva det skal forhandlast om og korleis løysinga bør sjå ut er det rett og slett for tidleg å spekulera om nå. Slike spekulasjonar svekker berre Ukraina. Det gjer også Jørgensens prorussiske defaitisme.

Eg har også lagt ut innlegget på Facebook. Les det og kommentarar her.

Ukraina-krigens best tenkelege utfall

Mange uroar seg over framtida etter Russlands krig mot Ukraina. Utfallet kan bli verkeleg ille. Samstundes kan det vera nyttig å tenka på  eit «best case scenario». Det kan tena som målsetting for kva utfall som på sikt vil vera det beste, ikkje berre for Ukraina og Russland, men også for oss i Vesten.

Av Kyivcity.gov.ua, CC BY 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=115567933

Slik krigen går nå, verkar dessutan utsiktene for eit slikt scenario langt lysare enn vi først kunne drøyma om. Det går faktisk i dag an å tenka at krigen vil føra til noko som vil få dei hardt prøva, men ufatteleg modige ukrainarane til å framstå som endå større heltar enn dei alt gjer.

Det overordna målet må vera at Russland skal bli eit «normalt» europeisk land. Det inneber eit demokratisk og liberalt Russland som samarbeider og integrerer, ikkje konkurrerer, med resten av Europa, inkludert Ukraina. Dette vil leggja til rette for fred, stabilitet og velstandsutvikling ikkje berre i Europa, men i store delar av Eurasia. Eit slikt Russland kan etter kvart bli medlem av EU. Utan Russlands undergravande verksemd kan også resten av verda blir meir fredeleg og føreseieleg. Krigen kan i så fall enda med å styrka, ikkje svekka, den liberale, regelstyrte verdsordenen.

For å oppnå dette langsiktige målet, bør følgjande skje på kortare sikt:

  • Russland taper eintydig krigen og står igjen med lite eller ingenting av dei ukrainske landområda dei har okkupert sidan 2014.
  • Dette blir eit så stort prestisjenederlag for Russland at president Putin blir tvinga til å gå av eller trekker seg frivillig. Putin kan til og med bli utlevert til Den internasjonale straffedomstolen i Haag. Det fortener både han og krinsen rundt han.
  • Sanninga om krigen og den reelle stoda i Russland går opp for tilstrekkeleg mange russarar til at det kleptokratiske og totalitære KGB-regimet Putin har bygd opp knekk saman. Det skjer ein demokratisk revolusjon, og russarane søkjer etter ein ny, sterk leiar, men med demokratisk sinnelag.
  • Dette fører Aleksej Navalnyj frå fengselet til Kreml, fordi han står for det rette, er kjent og karismatisk, har integritet og veit kva han vil. Navalnyj uttrykte tidleg i si offentlege karriere tradisjonelt russisk-nasjonalistiske synspunkt, men har tatt sterkt avstand frå invasjonen av Ukraina og innser tydelegvis nå at vestvending, demokratisering og liberalisering er einaste vegen å gå for Russland.
  • Dermed skjønar Navalnyj vonleg også at Russland må ta eit omfattande oppgjer med si stormaktsnasjonalistiske fortid. Dette for å utbreia ein offentleg aksept av at Russland verken er, bør vera eller kan bli ei supermakt igjen. Men det kan vera ei stormakt i Europa, på linje med Tyskland, Frankrike og Storbritannia.

Kva som bør skje med Nato i eit slikt scenario, er ope. Dersom vi får tilstrekkeleg grunn til å tru at eit reformert Russland gravlegg sitt tradisjonelle fiendebilde av Vesten, ikkje lenger utgjer noko trugsmål mot oss og helst samarbeider om å fremja fred, stabilitet og liberale verdiar i verda, kan Nato leggast ned eller omgjerast, med Russland som medlem, til ein forsvarsallianse mot Kina. Prøvesteinen på dette vil vera ei omfattande nedbygging av russisk militær slagkraft, og ikkje minst av atomvåpna.

Ein stor risikofaktor i dette scenarioet er kva som vil skje med Den russiske føderasjonen. Truleg vil tidlegare erobra og koloniserte delar av landet ønskja å bryta ut, slik som Tsjetsjenia gjorde i 1991. Jeltsins og Putins krigar der medverka etter kvart sterkt til å føra Russland tilbake på eit autoritært spor.

Å unngå at det skjer igjen vil vera kanskje den største utfordringa for eit demokratisk og liberalt Russland. Det er også derfor at det vil vera så viktig med eit ordentleg oppgjer med Russlands imperialistiske fortid. Oppsida ved dette er at ei eventuell avskaling kan gjera det lettare for Russland å bli ein «normal» nasjonalstat med ein moderne, nasjonal-liberal identitet.

På den andre sida vil ei klok, føderalistisk linje frå Moskva kanskje kunna redda det meste av Den russiske føderasjonen. I alle fall vil vidareføring av det nåverande russiske territoriet mest mogleg intakt truleg vera det som vil skapa minst uro og som vi i Vesten vil vera best tente med. Men Russland må ikkje og kan ikkje haldast samla med makt. Så pass bør russarane ha lært etter denne krigen.

Uansett er det viktigaste akkurat nå å hjelpa Ukraina med klart og tydeleg å slå tilbake Russland. Det er den avgjerande føresetnaden for at krigen trass alt kan føra til noko godt. Kanskje til og med det best tenkelege utfall.

Denne artikkelen vart først publisert i Aftenposten 9. mai 2022.

Vårt problem med å forstå Russland

Professor Øyvind Økland ved Høgskulen i Volda spør i eit innlegg i Dagsavisen 31. mars om det er propaganda eller trekk ved den russiske «folkesjela» som forklarar at det store fleirtalet av russarar støttar president Putins invasjon av Ukraina. I sitt forsøk på svar viser han til kulturforsking som tilseier at «russere har større maktavstand enn mange andre land i Vesten» og at Russland er meir prega av «maskuline» verdiar enn til dømes Noreg. Økland er inne på noko viktig, men prøver ikkje å forklara sine funn. Dette er symptomatisk for ei utbreidd vegring mot å ta inn over seg kva som faktisk har skjedd med Russland og russarane. Vi vil jo så gjerne tru det beste om alle, og det som Russland nå gjer i Ukraina er så ufatteleg.

Vasilij-katedralen i Moskva, bak monumentet over Minin og Posjarskyj. Forsidebilde til Olga Kuzmina The «Russian World»: Russia’s Soft Power and Geopolitical Imagination — Washington: Center on Global Interests, 2015.

Vårt problem med å forstå russarane botnar i at russisk politisk kultur er vidt forskjellig frå vår. Russarane lever så å seia i ei anna verd. Mykje av norsk, europeisk og vestleg identitet er dei seinare tiåra blitt stadig meir prega av radikalt liberale, «postmoderne» verdiar (antiimperialisme, postkolonialisme, antirasisme, LHBT-likestilling osv.).

Derimot er altfor mange russarar, godt hjelpte av offentleg sensur og løgnaktig propaganda, blitt hengande igjen i det ein i beste fall kan kalla eit «moderne» verdssyn frå 1800- og første halvdel av 1900-talet, prega av autoritarisme, stormaktstenking, nasjonalisme, imperialisme og anna tankegods som vi nå oppfattar som høgreradikalt.

Årsaka til dette er forskjellar i grunnleggande samfunnstrekk som geografi, historisk erfaring, religion og økonomi. Propaganda fungerer berre når han kan spela på lag med slike faktorar. Putin har fått så stor makt fordi han sym som fisken i det tradisjonelle russiske politisk-kulturelle vatnet, som han samstundes piskar opp så godt han kan.

Geografien har lagt til rette for russisk imperialisme fordi Russland oppstod på det austeuropeiske slettelandet, som har få naturgjevne grenser. I perioden 1237-ca. 1480 var store delar av det framtidige Russland underlagt mongolsk herredømme, noko som styrka alt eksisterande tradisjonar for einevelde. Ei pregande historisk erfaring for russarane er den enorme russiske ekspansjonen som byrja etter det. Tsarriket okkuperte raskt og brutalt store landområde med etnisk og religiøst svært varierte folkesetnader, under streng kontroll av den eineveldige herskaren i Moskva. På 1600-talet ekspanderte Russland også gjennom det sibirske slettelandet aust for Ural, og nådde Stillehavskysten på slutten av hundreåret.

Den russiskortodokse kyrkja overtok samstundes den bysantinske tradisjonen for kvasireligiøs hylling av keisaren, framstilte Moskva som «Det tredje Roma» og fremja førestillinga om eit «Heilagt Russland» som skulle frelsa verda.

Ei rekke omstende gjorde at Russland vart verande fattig, med ein enorm, undertrykt, analfabetisk underklasse (slavehald i form av liveigenskap vart avskaffa først i 1861) og ein liten, rik overklasse. Den vesteuropeiske opplysningstida gjorde lite inntrykk. Den russiske revolusjonen førte til økonomisk, men slett ikkje politisk utjamning. Han knuste derimot den beskjedne middelklassen som kunne ha ytt motstand mot «proletariatets diktatur».

Sovjetunionen overtok tsarrikets enorme landområde og fekk på grunn av andre verdskrigen også kontroll over det meste av Baltikum, Sentral- og Aust-Europa. Stalins armear medverka avgjerande til å slå Hitler-Tyskland, men med ein menneskeforaktande bruk av vanlege folk som kanonføde. (Både Stalin og seinare Khrustsjov vedgjekk desutan at utan enorm amerikansk materiell støtte, mykje frakta på norsk kjøl, gjennom Lend-Lease-programmet ville Sovjetunionen ha tapt krigen.) Stalin sjølv gjekk i Ivan den grusommes fotspor som «den raude tsar».

Det var hans ansvar at millionar ukrainarar og russarar døydde av svolt på 1930-talet. Det sovjetiske kommunistpartiets «demokratiske sentralisme» vart eit skalkeskjul for einmanns- eller fåmannsvelde. Sensur stengte ute dei fleste impulsar frå det frie Vesten, som propagandaen framstilte som eit dødeleg trugsmål.

Tilløp til liberalisering og demokratisering skjedde berre ca. 1906–1914, i 1920 og så ca. 1985–1993. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 klarte ikkje russarane å finna ein ny, demokratisk nasjonal identitet tilpassa nye realitetar. Noko nemnande oppgjer med den russiske stormaktsnasjonalismen frå tsar- og sovjettida skjedde aldri.

Etter Jeltsins bombardering av parlamentet i Moskva i 1993 og invasjonen av Tsjetsjenia i 1994 sklei Russland derimot sakte, men sikkert tilbake i det gamle autoritære, nasjonalistiske og imperialistiske sporet. Mens den vestorienterte Gorbatsjov førestilte seg «ein felles europeisk heim» har eit stadig meir autokratisk og brun-raudt-kvitt Putin-regime, særleg etter 2012, propagandert ein reaksjonær og revisjonistisk russisk nasjonalisme-variant kalla «eurasianisme».

Denne ideologien har hatt den høgreradikale intellektuelle Aleksandr Dugin som viktigaste profet og ser Russland ikkje som ein «nasjonalstat», men som ein eigen «sivilisasjonsstat» mellom Europa og Asia. Financial Times-journalisten Charles Clover kallar Dugins bok om Russlands geopolitiske framtid frå 1997 «ei oppskrift på verdsdominans».

Ifølgje boka er den einaste regelen i internasjonal politikk at makta rår. Russlands nye eurasiske imperium må byggast på motstand mot amerikansk dominans, atlantisk samarbeid og liberale verdiar. Boka framhevar at «den fremste oppgåva er finlandisering av Europa».

Putin har nærast sitert frå Dugins bok ei rekke gonger. I ein tale i 2013 omtalte han til dømes Russland som «sivilsasjonsstat», langa ut mot vestleg forfall og skildra sin visjon for eurasisk integrasjon.

Den eurasiske unionen (som vart etablert året etter) skulle ikkje berre vera økonomisk, men også «eit prosjekt for bevaring av nasjonanes identitet i det historiske eurasiske rommet i det nye hundreåret og ei ny verd. Eurasisk integrasjon er ei mogelegheit for heile det tidlegare sovjetområdet til å bli eit uavhengig senter for global utvikling, heller enn å forbli Europas eller Asias utkant.»

Det er i lyset av denne visjonen ein må lesa Putins historiske essay om Ukraina frå i fjor. Han fornektar eksistensen av Ukraina som eigen nasjon og stemplar landets sjølvstende som eit vestleg, antirussisk prosjekt. Som Dugin og dei russiske slavofilane på 1800-talet, og med ivrig støtte frå den russisk-ortodokse kyrkja, kallar Putin samstundes det demokratiske, liberale Europa som Ukraina søkjer seg til dekadent og avfeldig.

Dette «råtne» (postmoderne) Europa strider ifølgje i Putin med alt den mektige russiske sivilisasjonen står for.

Men for å verkeleggjera Putins eurasiske prosjekt må Russland, Ukraina og Kviterussland først samlast i ein allrussisk, Moskva-dominert einskap. Denne «unionen av broderfolk» skal vera kjernen i det nye Eurasia.

Prosjektet er daudfødt utan Ukraina. Ukraina var ikkje berre den rikaste, mest avanserte og nest største sovjetrepublikken, men har nå også «stole» dei første fem hundreåra av den «allrussiske» historia (dvs. Kyiv/Kiev-riket), som er så viktige for Putins og dei fleste russarars russlandsidé. Derfor  han få kontroll over Ukraina, tilsynelatande for ein kvar pris.

Det er dette tankegodset som etter mitt syn best forklarar Russlands utanriks- og militærpolitiske kurs under Putin, inkludert allergien mot Nato-utviding og invasjonen av Ukraina.

Zbigniew Brzezinski skreiv med rette i «Foreign Affairs» i 1994 at «Utan Ukraina sluttar Russland å vera eit imperium, men med Ukraina underordna og undertrykt blir Russland automatisk eit imperium».

Men som Brzezinski la til: «Russland kan vera anten eit imperium eller eit demokrati, men ikkje begge deler på same tid».

……………………

Denne teksten er ein lett modifisert versjon av ein artikkel som stod på trykk i Dagsavisen 12. april 2022.

Kjelder (ikkje nemnt i Dagsavisen): Brzezinski 1994; Dugin 1997, Clover 2016; Figes 2022, Kotkin 2022; Kuzio 2022; Ostrovsky 2015/2017; Plokhy 2017; Putin 2013, 2021.

Russaranes ansvar

Dette er eit svar til Eriksens og Nystuens kommentarar i Aftenposten. Avisa lovde å trykka svaret, men sidan det ennå ikkje har skjedd, legg eg det ut her.

I kommentarar til mitt innlegg i Aftenposten 16. mars åtvarar Arne Thodok Eriksen (22. mars) og Gro Nystuen (23. mars) mot å legga kollektiv skuld på det russiske folket for invasjonen av Ukraina. Ja, skuld i juridisk forstand er individuell. Mitt poeng er at dei to av tre russarar som utgjer «Putins fleirtal» må tenka over sitt moralske og politiske ansvar for gong på gong å ha vald ein autokratisk, nasjonalistisk og imperialistisk anlagt president og heia fram hans aggressive, folkerettsstridige og krigsforbrytarske utanrikspolitikk. Sjølvsagt er dei over lang tid blitt tuta øyro fulle av løgnaktig propaganda, og aktiv opposisjon er risikabelt. Men eg har svært vanskeleg for å tru at så mange er «lurt» til å støtta Putin, eller at «feil» røystegjeving eller svar på spørsmål frå meiningsmålarar nødvendigvis får personlege følgjer, sjølv i Russland. Ikkje alle måtar å visa sivilt mot på er like farlege. Som Karl Jaspers skreiv i 1946, var erkjenning av nasjonal skuld eit vilkår for ei moralsk og politisk attføding av Tyskland. Det trengst òg for ei demokratisering av Russland etter krigen.

Putins kamp mot Vesten

«Russerne er ikke kollektivt skyldige i Putins krig», var overskrifta over eit innlegg av sju norske russlandsekspertar i Aftenposten nyleg. Ja, det er klart Putin er den hovudansvarlege. Men han hentar dessverre legitimitet for invasjonen av Ukraina i ein imperialistisk nasjonalisme med lange historiske røter og brei oppslutnad i det russiske samfunnet. I så måte er dagens russarar like kollektivt ansvarlege for Putins invasjonar som den tidas tyskarar var for Hitlers invasjonar før og under andre verdskrigen. Å fråskriva russarane kollektiv skuld kan hindra dei i ta eit oppgjer med nasjonalisme og krigsbrotverk etter krigen slik tyskarane har gjort. Og utan det blir Russland verande eit trugsmål mot Europa og verda.

Ilja Glazunovs maleri Det evige Russland (over), også kjent som Hundre seklar, frå 1988 samanfattar på mange måtar Putin-regimets russlandsidé. Professor Erik Egeberg skildra i 1990 (i eit forord til eit nyopplag av Erik Krags bok Kampen mot Vesten i russiske åndsliv frå 1932) bildet slik: «Fremst en rekke helgener med skinnende glorier, isprengt enkelte andre skikkelser som Gogol, Dostojevskij og Tolstoj, og bak dem en mektig strøm av berømte russere: Tsjajkovskij, Suvorov, Peter den Store, Sjaljapin osv. Bakerst reiser Moskvas Kreml seg, og på tårnene kneiser den gamle tvehodede russiske ørn, ikke sovjetstjernen. Og midt i det hele – et enormt krusifiks. (…). Lenin, Trotskij og Stalin, der er med alle sammen, men bare som en sidestrøm ytterst i randen.»

Det store fleirtalet av russarar har hittil støtta Putin og hans nasjonal-imperialistiske prosjekt:

  • Putin er like «demokratisk» vald som Hitler var – så mange russararar har røysta på han at hans valsigrar ikkje berre kan skuldast manipulasjon (53 prosent i 2000, 72 pst. i 2004, 64 pst. i 2012, og 77 pst. i 2018).
  • To tredelar av russarane meinte, som Putin nå, at oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 var eit tragisk feilgrep.  
  • Eit stabilt fleirtal på 82-84 prosent av spurte russarar har i følgje Levada-senteret sidan 2014 støtta okkupasjonen av Krim.
  • I 2014-15, på høgda av den russisk-ukrainske krigen, støtta i snitt 60 prosent av respondentane dei russiske «frivillige» (i realiteten nasjonalistiske leigesoldatar) som kjempa i Donbas.
  • 53 prosent støtta i 2021 utskiljinga av dei to «folkerepublikkane» Luhansk og Donetsk frå Ukraina. Berre 26 prosent meinte dei burde bli i Ukraina. 
  • Eit klart fleirtal av russarane støtta også den siste, store invasjonen av Ukraina – 58 prosent i følgje ei meiningsmåling offentleggjort 8. mars. Berre 23 prosent av dei spurte var mot.

Grunnproblemet er at russarane ikkje har klart å finna ein ny, demokratisk nasjonal identitet tilpassa nye realitetar etter at Russland, Ukraina og Belarus vart suverene statar. Noko større oppgjer med den russiske stormaktsnasjonalismen frå tsar- og sovjettida skjedde aldri. I staden har eit stadig meir autokratisk og brun-raudt-kvitt Putin-regime, særleg etter 2012, propagandert ein reaksjonær og revisjonistisk russisk nasjonalisme-variant kalla «eurasianisme».

Med den høgreradikale intellektuelle Aleksandr Dugin som viktigaste profet ser eurasianismen Russland ikkje som ein «nasjonalstat», men som ein eigen «sivilisasjonsstat» mellom Europa og Asia. Financial Times-journalisten Charles Clover kallar Dugins bok om Russlands geopolitiske framtid frå 1997 «ei oppskrift på verdsdominans». Ifølgje boka, som er blitt spesielt populær i dei russiske tryggingstenestene (Putins viktigaste maktgrunnlag), er den einaste regelen i internasjonal politikk at makta rår. Russlands nye eurasiske imperium må byggast på motstand mot amerikansk dominans, atlantisk samarbeid og liberale verdiar. Boka framhevar at «den fremste oppgåva er finlandisering av Europa».  

Som Clover peikar på, har Putin sjølv nærast sitert offentleg frå Dugins bok ei rekke gonger. Til dømes omtalte han i ein artikkel i 2012 Russland som «sivilsasjonsstat». Han gjentok uttrykket i ein Dugin-inspirert tale året etter, der han også langa ut mot vestleg forfall og skildra sin visjon for eurasisk integrasjon. Den eurasiske unionen skulle ikkje berre vera økonomisk, men også «eit prosjekt for bevaring av nasjonanes identitet i det historiske eurasiske rommet i det nye hundreåret og ei ny verd . Eurasisk integrasjon er ei mogelegheit for heile det tidlegare sovjetområdet til å bli eit uavhengig senter for global utvikling, heller enn å forbli Europas eller Asias utkant.»

Det er i lyset av denne visjonen ein må lesa Putins historiske essay om Ukraina frå i fjor. Han fornektar eksistensen av Ukraina som eigen nasjon og stemplar landets sjølvstende som eit vestleg, antirussisk prosjekt. Som Dugin og dei russiske slavofilane på 1800-talet, og med ivrig støtte frå den russisk-ortodokse kyrkja, kallar Putin samstundes det demokratiske, liberale Europa som Ukraina søkjer seg mot dekadent og avfeldig. Dette «råtne Europa» strider i følgje i Putin med alt den mektige russiske sivilisasjonen eigenleg står for.

Men for å verkeleggjera Putins eurasiske prosjekt må Russland, Ukraina og Belarus først samlast i ein allrussisk, Moskva-dominert einskap basert på tradisjonelle kristen-ortodokse verdiar (ofte tenkt som Det heilage Russland). Denne «ævegamle unionen av broderfolk», ei formulering Putin fekk inn i den reviderte fedrelandssongen alt i 2000, skal vera kjernen i det nye Eurasia. Rammene for ei slik ny, post-sovjetisk supermakt kom på plass i 2014 gjennom stiftinga av Den eurasiske økonomiske unionen. Eit anna viktig verktøy med same imperialistiske formål er elles den statsstøtta organisasjonen Den russiske verda, som fremjar fellesskap mellom etniske russarar og russisktalande overalt i verda.

President Putin innviar monumentet over Sankt Vladimir den store i Moskva i 2016 (over). Kyiv/Kiev-riket, som både Russland og Ukraina reknar som si første statsdanning, vart kristna gjennom dåpen av Vladimir i 988. Foto: https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0

Det er dette tankegodset som etter mitt syn best forklarar Russlands utanriks- og militærpolitiske kurs under Putin. Men prosjektet er daudfødt utan Ukraina. Ukraina var ikkje berre den største sovjetrepublikken etter den russiske, men har nå også «stole» dei første fem hundreåra av den «allrussiske» historia (dvs. Kyiv/Kiev-riket), som er så viktige for Putins russlandsidé. Derfor han få kontroll over Ukraina, tilsynelatande for einkvar pris.

Zbigniew Brzezinski skreiv med rette i Foreign Affairs i 1994: «Utan Ukraina sluttar Russland å vera eit imperium, men med Ukraina underordna og undertrykt blir Russland automatisk eit imperium». Men prosjektet er også uråd å gjennomføra med eit liberalt Russland. Som Brzezinski la til: «Russland kan vera anten eit imperium eller eit demokrati, men ikkje begge deler på same tid».

Derfor er Putins krig mot Ukraina også ein krig mot det demokratiske, liberale og progressive Europa, ja mot fridom og sjølvråderett i det heile. Ukrainaranes kamp er vår kamp. Russland må ikkje berre trekkja seg ut av Ukraina. Russarane må også kvitta seg med Putin, ta farvel med sin imperialistiske og nasjonalistiske arv og gjenreisa demokratiet. Først då får vi varig fred i Europa og ei meir stabil verd.

………………………………………………………………….

Kjelder: Brzezinski 1994; Egeberg i Krag 1932/1990; Dugin 1997, Clover 2016; Kotkin 2022; Kuzio 2022; Plokhy 2017; Putin 2011, 2012, 2013, 2021; Levada-senteret. For ein dokumentasjon av vanlege russarars eigne tankar om det forvirrande landet dei har levd i, tilrår eg Svetlana Aleksijevitsj» Slutten for det røde mennesket – tiden second hand, Kagge forlag, 2015.

Ein kortare versjon av denne artikkelen stod på trykk i Aftenposten 17. mars 2022.

Hellas og Europa før og nå, del IV: Det moderne Hellas, EU og eurokrisa

I tre innlegg har eg vist korleis arvegods frå det klassiske Hellas har påverka det moderne Europa. Men geopolitiske endringar gjorde at grekarane seinare fjerna seg frå den antikke arven og ikkje var med då det nye, vestleg sentrerte Europa voks fram. Sidan sjølvstendet omkring 1830 har Hellas gått ein lang og krokut veg tilbake til det liberale Europa dei gamle grekarane inspirerte. Med EU-medlemskapen i 1981 nådde ein på mange måtar politisk i mål, men gjeldskrisa nå viser at det økonomisk er langt igjen før Hellas er på nivå med Vest-Europa. I dette innlegget drøftar eg vekselverknaden mellom Europa og Hellas fram til i dag. Min påstand er at utan påverknaden frå Vest-Europa hadde ikkje det moderne Hellas eksistert, men utan påverknaden frå det historiske Hellas hadde heller ikkje det moderne Vest-Europa vore det same.  

Brotet med det klassiske Hellas eg har skildra i tidlegare innlegg kom med med Alexander den stores erobring i 323 f.Kr. Alexanders ekspansjon innleia den hellenistiske perioden, då store delar av Midtausten vart hellenisert. Grekarane fekk eit vidare, meir kosmopolitisk utsyn. Denne perioden varte fram til neste historiske overgang, i 146 f.Kr., då den romerske republikken la under seg det greske fastlandet. Som vi har sett, førte det til at romarane overtok store delar av den greske kulturarven. Men samstundes vart den greske eliten romanisert.

Vendinga mot aust

Neste viktige geopolitiske endring var det vestromerske rikets undergang på firehundretalet. Då var rikshovudstaden alt flytta frå Roma til det greske Konstantinopel (tidlegare kalla Bysants). Her endra det gjenverande, austlege Romarriket seg etter kvart til det som opplysingstidas historikarar kom til å kalla Det bysantiske riket.  Bruken av latin fall etter kvart bort og gresk vart offisielt språk.

Lang tids dogmestrid og maktkamp mellom kyrkjeoverhovuda i Roma og Konstantinopel førte dessutan til eit skisma i 1074. Krosstoga, og særleg den «frankiske» okkupasjonen av Bysants frå 1204 til 1261, auka avstanden mellom det vestlege, latinsk-katolske og det austlege, gresk-ortodokse Europa ytterlegare. Keisaren måtte bruka store ressursar til å verja seg mot stadig nye bølgjer av persiske, slaviske, bulgarske, og etter kvart arabisk-islamske og tyrkisk-islamske åtak. Det bysantinske riket vart stadig mindre universalistisk og romersk, og meir nasjonalt og gresk, prega.

Konstantinopel som fødselshjelpar for Europa

Med sine kraftige forsvarsverk og strategiske posisjon var Konstantinopel gjennom tusen år ein klippe mot austlege åtak mot Europa

Men jamvel om det gresk-romerske riket fjerna seg meir og meir frå det nye Europa som var i ferd med å veksa fram i vest, var det også fødselshjelpar for framtidas vestverd på fire vis:

  1. Konstantinopel var ein klippe som verna mot arabiske, seljukiske, mongolske og ottomanske invasjonar frå aust. Dette gav Vest-Europa ly til å utvikla seg i middelalderen.
  2. Konstantinopel var arnestaden for den ortodokse kristendommen som spreidde seg nordvest- og nordover, inn i Aust-Europa. Dermed vart dei framveksande bulgarske og slaviske statane der, og framfor alt Russland, kristne og etter kvart også monaleg påverka av den moderne vestlege sivilisasjonen.
  3. Bysants førte på denne måten også den gresk-romerske arven til Aust-Europa og Russland og medverka via Italia dessutan til renessansen i Vest-Europa. Verken førkristen kunst eller lærdom vart forboden; mange klassiske meisterverk overlevde takka vera samvitsfull oppbevaring i Bysants; romarretten heldt fram som grunnlaget for rettsvesenet og rettslæra, og gresk filosofi for åndslivet. Riksinnbyggarane kalla seg framleis for romarar (gr. rhomaio),  og keisaren framstilte seg som verdas rettmessige allherskar. Den politiske arven etter Romarriket gav Konstantinopel heilt til fallet i 1453 ein særleg prestisje i middelalderens Europa.
  4. Konstantinopel vart ei så viktig kjelde til vestleg (hovudsakleg norditaliensk) velstand gjennom handel og plyndring at det medverka til å utvikla kapitalismen og den frie bystaten og dermed også demokratiet i det framveksande Vest-Europa. Italienske kystbyar (nokre, framfor alt Venezia, opphavleg under bysantinsk overherredømme) blomstra som knutepunkt for fjernhandel med det bysantinske og muslimske aust og det europeiske nord. Også dette medverka til den italienske renessansen, som i sin tur førebudde grunnen for dei seinare vitskaplege og filosofiske revolusjonane.

Men Det bysantinske riket vart også ein fødselshjelpar for Russland. Etter at Konstantinopel fall for ottomanane gjorde storfyrsten av Moskva arvekrav på romersk og bysantinsk tradisjon. Kravet låg bak Ivan den Stores giftarmål med Sofia, niese til den siste gresk-romerske keisaren. Barnebarnet deira, Ivan IV (betre kjent som Ivan den grusomme) vart krona til «tsar», eit ord avleidd av Cæsar, keisar. Han innførte bysantinske hoffseremoniar i Moskva, som han byrja å kalla «det tredje Roma», overtok den austromerske tradisjonen for keisarleg kontroll over kyrkja (cæsaropapisme) og brukte den russisk-ortodokse kyrkja aktivt til nasjonsbygging. Det russiske alfabetet er avleidd av det gamle greske alfabetet.

Tyrkokratiet

Tyrkaranes beleiring av Konstantinopel. Maleri av Jean Chartier, Siège de Constantinople (15. århundre). Bibliothèque nationale de France Manuscript Français 2691 folio CCXLVI v

Det tredje store brotet i grekaranes historie kom med dei ottomanske tyrkaranes erobring av Konstantinopel i 1453. Dette var Romarrikets endelege undergang, etter halvanna tusen års eksistens. Men grekarane fekk høve til å halda fram å dyrka sin religion og sin identitet under ottomansk styre.

Dei heldt også fram å kalla seg romarar. Stadnamnet Rûm (Roma) vart framleis brukt om områda der dei fleste grekarane budde, anten det var i Anatolia eller på det greske fastlandet. I den første fasen etter erobringa av Konstantinopel understreka elles også sultanen sitt krav om å bli sett som arvtakar til den romerske keisarkrona ved å kalla seg Kaisar-i-Rûm og riket sitt mamâlik-i-Rûm. Den kristne “nasjonen” som levde i det ottomanske riket vart kalla millet-i-Rûm.

Men i praksis vart grekarane under tyrkisk herredømme (gr. tourkokratia) endå meir isolerte frå Vest-Europa. Dei fekk ikkje del i verken renessansen, reformasjonen, sekstenhundretalets vitskaplege revolusjon, opplysingstida eller den franske og den industrielle revolusjonen. Avsondringa frå vestleg kristendom førte også til at den gresk-ortodokse kyrkja vart svært konservativ og grekarar flest desto meir anti-vestlege.

Også vilkårleg og korrupt ottomansk styre og ein svak rettsstat sette varige spor i gresk mentalitet, særleg når det gjeld holdningar til staten og styresmaktene.  Éin viktig måte å verja seg mot offentlege overgrep var å byggja personlege nettverk med personar høgt på strå. Dette vart kopla til ein utbreidd mistillit til folk som ikkje tilhøyrte eins eigen storfamilie. Omgrepa rousfeti,  gjensidige tenester som oljar samfunnsmaskineriet, og mesa, kontaktar som får dagleglivet til å gå rundt, fekk innhald under tyrkokratiet.

Desse holdningane følgde med på lasset etter det fjerde store brotet i gresk historie, frigjeringa frå tyrkokratiet på 1820-talet (stormaktene godtok Hellas som sjølvstendig stat i 1830). Etter innføringa av konstitusjonelt monarki i 1843 vart parlamentarikarar navet i klientnettverka. Til gjengjeld for sine røyster forventa røystarane at deira representantar skulle skaffa dei og familiane deira jobbar, gjerne i den stadig meir oppblåste offentlege sektoren, og dessutan tala deira sak overfor byråkratiet. Den private sektoren vart verande underutvikla.

Ny vending mot vest

Diktaren og lorden Byron stig i land i Missolonghi i 1821 for å hjelpa grekarane i deira frigjeringskamp. Maleri av Theodoros Vryzakis (1861)

Men frigjeringa førte også til  stadig nærare band mellom Hellas og Vest-Europa. Romantiske filhellenarar som Lord Byron støtta den greske oppstanden mot ottomanane, delvis ved sjølv å reisa til Hellas og delvis ved å mobilisera opinionen i vest. Desse vestlege intellektuelle gjorde samstundes sine greske motpartar merksame på Hellas» klassiske stordomstid og kveikte dermed ein sekulariserande gresk nasjonalisme.  Stormaktene England, Frankrike og Russland støtta utfrå kvar sine interesser den unge nasjonens fridomskamp. Mest avgjerande var øydelgginga av ein stor tyrkisk-egyptisk flåte i slaget ved Navarino i 1827. Den første greske kongen, Otho, var frå Bayern. Den andre, Georg, var dansk. Med England i spissen var dei også vernemakter for gresk sjølvstende fram til Det ottomanske rikets fall i 1922. På denne måten kan ein seia at det moderne Vest-Europa betalte tilbake noko av si gjeld til grekarane.

Med frigjeringa oppstod eit nytt traume i gresk politikk: skulle ein satsa på det vesle eller det store Hellas? På antikkens “nasjonale” Hellas eller på hellenismens, romartidas og bysantinismens kosmopolitiske Hellas? Dei tidlege greske nasjonalistane søkte inspirasjon utelukkande i det klassiske Hellas. Dei vart rasande då den austerrikske historikaren J.P. Fallmerayer på 1830-talet uttrykte tvil om at moderne grekarar stamma direkte frå dei gamle grekarane. Dei hadde berre forakt til overs for den bysantinske perioden.

Det var først mot midten av 1800-talet at Konstantinos Paparrigopolous, professor i historie ved universitetet i Aten, framheva element av kontinuitet mellom antikken, middelalderen og moderne gresk historie. På slutten av hundreåret var denne omtolkinga alment akseptert. Den bysantinske perioden vart rehabilitert i den grad at å gjenreisa ”den store idéen” (megali idea) om Hellas var blitt dei fleste greske nasjonalistars mål. Det innebar at alle delar av Det nære austen med gresk fleirtal skulle bli del av eit nytt gresk rike med Konstantinopel som hovudstad.

Som kjent skjedde ikkje dette. For å gjera ei lang historie kort: Etter mykje krig, folkeforflytting, kupp og stormaktspolitikk vart utfallet ein mindre, men nokså homogen gresk nasjonalstat med Aten som hovudstad. Igjen vart den klassiske, demokratiske greske bystaten idealet. Likevel måtte det ein borgarkrig mellom demokratar og kommunistar, NATO-medlemskap, nye kupp og til slutt EU-medlemskap til før Hellas eintydig kunne seiast politisk å tilhøyra det moderne Europa og Vesten, det vil seia at demokratiet, rettsstaten og menneskerettane vart grunnfesta.

1981: Inn i EU

Andreas Papandreou

Det var det konservative, vestorienterte og proeuropeiske Nea Demokratia som la løpet som førte Hellas inn i EU 1. januar 1981. Det greske sosialistpartiet (PASOK) var mot, og partiet har framleis ein nasjonalistisk, euroskeptisk fløy. Då PASOK tok over makta etter ein stor valsiger hausten 1981, godtok likevel den nye statsministeren, Andreas Papandreou, EU-medlemskapen. Etter kvart er PASOK blitt like proeuropeisk som noko sosialdemokratisk parti i Europa. Store økonomiske overføringar frå EU, særleg til greske landdistrikt, der PASOK står sterkt, har nok medverka monaleg til denne reorienteringa.

Elles har også den gresk-ortodokse kyrkja, som har sett seg som beskyttar av gresk identitet, vore skeptisk til det vestlege og gudlause EU. Men kyrkja snudde etter 2002, då det vart klart at fleire andre overvegande ortodokse land (Kypros, Bulgaria, Romania) ville bli medlem. Kyrkja understreka likevel, som pave Johannes Paul II, at EU i større grad måtte bli eit kristent europeisk prosjekt.

Hellas innførte euroen i 2002, sannsynlegvis på gale premissar, det vil seia med feil statistikk om kvalifisering i høve til EUs konvergenskriteria. Med euroen kunne landet nyta godt av låge renter på lån, og ein lånefinansiert boom byrja. Mykje gjekk til å byggja ut forsvarsevna mot Tyrkia. Finanskrisa 2008-2009 ramma særleg dei konjunkturkjenslege turisme- og skipsfartssektorane. Landets inntekter fall og gjeldsgraden auka ytterlegare. 9. mars 2012 gjekk Hellas i realiteten konkurs. Den største statsbankerotten i historia tillot landet å avskriva 152 milliardar euro av ei total gjeld på 350 milliardar.

Usikker framtid

Athenes/Minervas/visdommens ugle på gresk euromynt. «Det er først når ein kultur går mot slutten at filosofien byrjar å mala sitt dystre bilete. Biletet kan gi forståing, men ikkje nytt liv. Først i skumringa spreier Minervas ugle sine venger og flyg» (Hegel)

Den store utfordringa nå er sjølvsagt å få i gang økonomisk vekst igjen. Det krev at Hellas moderniserer både politikken og økonomien sin. Over svært lang tid har politiske klientnettverk ført til ein oppblåst offentleg sektor og omfattande byråkrati, reguleringar og avgifter som hindrar fri konkurranse. Dette har fremja korrupsjon, hindra verdiskaping og ført til skeive incentivstrukturar. Tilkarringsverksemd (eng. rent-seeking), når individ, organisasjonar eller bedrifter prøver å tena pengar ved å manipulera dei økonomiske og/eller juridiske rammevilkåra heller enn gjennom handel eller produksjon av varer og tenester, er blitt svært utbreidd. Fokus er på omfordeling, ikkje verdiskaping; på staten, ikkje på marknaden. Om lag ein av fire grekarar er offentleg tilsette. Hellas har den nest mest korrupte offentlege sektoren i EU (etter Bulgaria). Økonomar har rekna ut at om alle beskytta profesjonar i Hellas vart opna, ville gresk BNP stiga med 13,2 prosentpoeng. Og så vidare.

To store spørsmål gjenstår nå: Vil Hellas koma seg gjennom krisa utan å måtta gi avkall på euroen? Og viktigare: Klarar Hellas å bli ein moderne, konkurransedyktig økonomi? Akkurat nå ser det stygt ut på begge punkt. Men sikkert er det at Hellas, som Portugal, Spania og Italia, ikkje klarar nokon av delane utan kraftig drahjelp frå resten av EU, og spesielt Tyskland. Dette krev i sin tur meir europeisk integrasjon. Den gjensidige påverknaden mellom Hellas og Europa held fram.

 Litteratur:

C. M. Woodhouse: Modern Greece. A Short History. London: Faber & Faber 1991.

Richard Clogg: A Concise History of Greece. Second Edition. Cambridge: Cambridge University Press 2000.

George Ostrogorsky: History of the Byzantine State. New Brunswick, N.J.: Rutgers University Press 1968.

Judith Herrin: The Formation of Christendom. London: Phoenix Press 1987.

Daniel Philpott og Timothy Samuel Shah: «Faith, freedom and federation: the role of religious ideas and institutions in European political convergence.» I Timothy A. Byrnes og Peter J. Katzenstein (red.), Religion in an Expanding Europe.Cambridge: Cambridge University Press 2006.

Takis Michas: «Putting Politics above Markets: Historical Background to the Greek Debt Crisis«, Working Paper, Cato Institute, Washington D.C., 15. august 2011.

Tore Nedrebø: Past and Present Sources of European Union. A Comparative, Historical-Institutionalist Analysis. Doktoravhandling, Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen 2010.

Wikipedia, The Economist og Financial Times.