Russiske styresmakter framstiller Russlands forsøk på erobring av Ukraina som svar på Vestens aggressive ekspansjon austover. Då det vart klart at også Russlands viktigaste granne og «bror», Ukraina, var på veg inn i den vestlege leiren måtte Kreml setja foten ned, forstår vi. Av omsyn til eigen tryggleik kunne Russland ikkje tillata Ukraina å gå…
Russlands nye utanrikspolitiske konsept
Russland fekk 31. mars i år eit nytt utanrikspolitisk konsept, godkjent av president Putin. Dette er ein oppdatert, offisiell versjon av putinismen som Den russiske føderasjonens politiske ideologi. Han målber ikkje berre Russlands utanrikspolitikk, men også Putin-regimets russlandsidé. Konseptet er dermed eit interessant uttrykk for kor sært Russland faktisk er blitt under Putin. Artikkel 4…
Russland sluttar ingenstad
President Putin og hans propagandamaskin har lukkast med å gjennomsyra den russiske offentlegheita med ei kjensle av å vera krenka og trakka på av Vesten. Putin ønskjer – og har i stor grad oppnådd – å innstilla det russiske samfunnet på «evig krig» mot Vesten. Sentralt i propagandaen står førestillinga om eit russisk rike utan…
Kva er nytt med Russlands invasjon av Ukraina?
Eg høyrde nettopp på siste Debatt i P2, der temaet var om vi går mot ein ny verdsorden. Programmet skriv seg inn i rekka av alarmistiske og til dels forvirra ordskifte om verda etter Russlands store invasjon av Ukraina (rett nok gjorde Halvor Tjønn som vanleg ein solid figur). Det er akkurat som om alt…
Ein kritisk gjennomgang av boka En europeisk tragedie
I Morgenbladet 16. desember 2022 hadde eg eit innlegg med overskrifta «Prorussisk defaitisme i Morgenbladet» der eg kritiserer synspunkta til avisas journalist Sten Inge Jørgensen på Russlands krig mot Ukraina. Synspunkta uttrykker han både i Morgenbladets spalter (sjå spesielt denne) og, saman med den russiske frilansjournalisten Leonid Ragozin, i boka En europeisk tragedie. Hvordan Vesten…
Natos austutviding: Russland vart ikkje lurt
USA, Sovjetunionen, Vest-Tyskland, Frankrike, Aust-Tyskland og Storbritannia sine utanriksministrar på underteikningsmøtet for to pluss fire-traktaten 12. september 1990. Foto: dpa/akg-images. Aftenpostens Frank Rossavik skriv i ein kommentar i dag 26.02.22 at "Sovjetunionen i 1990 fikk muntlige løfter fra vestlige stormaktsledere om at Nato ikke skulle ta opp nye medlemmer i øst." Som belegg for dette…
EU og «folket»
Ein vanleg kritikk av EU er at det er eit eliteprosjekt, utan reell folkeleg støtte. EU manglar dermed legitimitet, heiter det. Argumentet blir framført med ekstra styrke nå under eurokrisa. Men sjeldan kjem kritikarane med empirisk belegg for påstanden, som gjerne blir framført bastant og unyansert. Noko av problemet er at meiningsmålingar er mest nærliggande…
Norske nettstader om Europa
Dei siste dagane har eg prøvd å orientera meg om norsk informasjon og kommentar om EU og Europa på nett. Her er dei beste eg har funne, med mine merknader: Europabloggen.no: Stadig oppdatert og velinformert blogg ved norske journalistar busett i Brussel og Berlin. Veldig gode lenker, både til norske og internasjonale nettstader om Europa. Min…
EU-krisa held fram
Rating-byråa Moody's, Fitch og Standard & Poor's er ikkje imponerte over utfallet av EU-toppmøtet sist veke. Dei meiner møtet ikkje kom med effektive nye tiltak mot krisa EUs økonomiske og monetære union er på veg mot. Marknadane har også reagert negativt. Nyheitstenesta EUobserver var ikkje sein med å stadfesta at det kan bli mykje offentleg…
Nytt EU-tog utan Storbritannia: Euroen er bombe i lasta
EU har lagt bak seg nok eit krisetoppmøte. Det er historisk at det store fleirtalet medlemsland steig på eit nytt høghastigheitstog med Tyskland og Frankrike som lokomotiv, mens Storbritannia stod igjen på perrongen. Men euroen er med som ei bombe i bagasjevogna. Om bomba går av, vil truleg visa seg om kort tid. I så fall sporar…