Untergang des Abendlandes.  

Vi deler ikkje verdiar med ein fascist, sjølv om han sit i Det kvite huset.  Statsminister Jonas Gahr Støre uttalte nyleg at forholdet mellom Noreg og USA framleis byggjer på eit verdifellesskap. Det fekk meg til å tenke på den pensjonerte marinegeneralen John Kelly, som var stabssjef for president Donald Trump frå 2017 til 2019. Han sa…

Noregs tryggleik og omdømme krev auka Ukraina-støtte

Som Halvor Tjønn viser i Dag og Tid 18. oktober, har det ikkje vore nokon god haust for Ukraina. Russland vinn sakte, men sikkert terreng i aust, og den ukrainske inntrenginga i den russiske Kursk-regionen synest å ha hatt liten effekt. Samstundes er ukrainske soldatar utslitne, utan at regjeringa i Kyiv klarar å mobilisere på langt…

-Russlands krig mot Ukraina må stansast, han stoppar ikkje av seg sjølv

Russlands krig i Ukraina er først og fremst Vladimir Putins prosjekt, og han sit trygt. Etter utskiftinga av Sjojgu som forsvarsminister har han dessutan festa sitt personlege grep om militæret. Russisk offentleg opinion støttar krigen. Hittil har russarar flest dessutan tent på invasjonen av Ukraina: det er full sysselsetjing, realinntektene stig, økonomien blomstrar. Økonomisk sett…

Antiamerikansk relativisme

Dag og Tids journalist Morten A. Strøksnes svara 8. september på min kritikk av hans artikkel "Washingtons mann i Brussel". Du kan lesa innlegget hans her. Mitt tilsvar til hans svar, som står i dagens utgåve av Dag og Tid, følgjer under. Hovudpoenget i min kritikk av artikkelen til Morten A. Strøksnes om amerikansk utanrikspolitikk…

Kvifor Russland kjenner seg truga av Vesten–og kva vi kan læra av det

Russiske styresmakter framstiller Russlands forsøk på erobring av Ukraina som svar på Vestens aggressive ekspansjon austover. Då det vart klart at også Russlands viktigaste granne og «bror», Ukraina, var på veg inn i den vestlege leiren måtte Kreml setja foten ned, forstår vi. Av omsyn til eigen tryggleik kunne Russland ikkje tillata Ukraina å gå…

Russlands nye utanrikspolitiske konsept

Russland fekk 31. mars i år eit nytt utanrikspolitisk konsept, godkjent av president Putin. Dette er ein oppdatert, offisiell versjon av putinismen som Den russiske føderasjonens politiske ideologi. Han målber ikkje berre Russlands utanrikspolitikk, men også Putin-regimets russlandsidé. Konseptet er dermed eit interessant uttrykk for kor sært Russland faktisk er blitt under Putin. Artikkel 4…

Russland sluttar ingenstad

President Putin og hans propagandamaskin har lukkast med å gjennomsyra den russiske offentlegheita med ei kjensle av å vera krenka og trakka på av Vesten. Putin ønskjer – og har i stor grad oppnådd – å innstilla det russiske samfunnet på «evig krig» mot Vesten. Sentralt i propagandaen står førestillinga om eit russisk rike utan…

Ukraina-krigens best tenkelege utfall

Mange uroar seg over framtida etter Russlands krig mot Ukraina. Utfallet kan bli verkeleg ille. Samstundes kan det vera nyttig å tenka på  eit «best case scenario». Det kan tena som målsetting for kva utfall som på sikt vil vera det beste, ikkje berre for Ukraina og Russland, men også for oss i Vesten. Av…

Vårt problem med å forstå Russland

Professor Øyvind Økland ved Høgskulen i Volda spør i eit innlegg i Dagsavisen 31. mars om det er propaganda eller trekk ved den russiske «folkesjela» som forklarar at det store fleirtalet av russarar støttar president Putins invasjon av Ukraina. I sitt forsøk på svar viser han til kulturforsking som tilseier at «russere har større maktavstand…