I tre innlegg har eg vist korleis arvegods frå det klassiske Hellas har påverka det moderne Europa. Men geopolitiske endringar gjorde at grekarane seinare fjerna seg frå den antikke arven og ikkje var med då det nye, vestleg sentrerte Europa voks fram. Sidan sjølvstendet omkring 1830 har Hellas gått ein lang og krokut veg tilbake til det liberale Europa dei gamle grekarane inspirerte. Med EU-medlemskapen i 1981 nådde ein på mange måtar politisk i mål, men gjeldskrisa nå viser at det økonomisk er langt igjen før Hellas er på nivå med Vest-Europa. I dette innlegget drøftar eg vekselverknaden mellom Europa og Hellas fram til i dag. Min påstand er at utan påverknaden frå Vest-Europa hadde ikkje det moderne Hellas eksistert, men utan påverknaden frå det historiske Hellas hadde heller ikkje det moderne Vest-Europa vore det same.  

Brotet med det klassiske Hellas eg har skildra i tidlegare innlegg kom med med Alexander den stores erobring i 323 f.Kr. Alexanders ekspansjon innleia den hellenistiske perioden, då store delar av Midtausten vart hellenisert. Grekarane fekk eit vidare, meir kosmopolitisk utsyn. Denne perioden varte fram til neste historiske overgang, i 146 f.Kr., då den romerske republikken la under seg det greske fastlandet. Som vi har sett, førte det til at romarane overtok store delar av den greske kulturarven. Men samstundes vart den greske eliten romanisert.

Vendinga mot aust

Neste viktige geopolitiske endring var det vestromerske rikets undergang på firehundretalet. Då var rikshovudstaden alt flytta frå Roma til det greske Konstantinopel (tidlegare kalla Bysants). Her endra det gjenverande, austlege Romarriket seg etter kvart til det som opplysingstidas historikarar kom til å kalla Det bysantiske riket.  Bruken av latin fall etter kvart bort og gresk vart offisielt språk.

Lang tids dogmestrid og maktkamp mellom kyrkjeoverhovuda i Roma og Konstantinopel førte dessutan til eit skisma i 1074. Krosstoga, og særleg den «frankiske» okkupasjonen av Bysants frå 1204 til 1261, auka avstanden mellom det vestlege, latinsk-katolske og det austlege, gresk-ortodokse Europa ytterlegare. Keisaren måtte bruka store ressursar til å verja seg mot stadig nye bølgjer av persiske, slaviske, bulgarske, og etter kvart arabisk-islamske og tyrkisk-islamske åtak. Det bysantinske riket vart stadig mindre universalistisk og romersk, og meir nasjonalt og gresk, prega.

Konstantinopel som fødselshjelpar for Europa

Med sine kraftige forsvarsverk og strategiske posisjon var Konstantinopel gjennom tusen år ein klippe mot austlege åtak mot Europa

Men jamvel om det gresk-romerske riket fjerna seg meir og meir frå det nye Europa som var i ferd med å veksa fram i vest, var det også fødselshjelpar for framtidas vestverd på fire vis:

  1. Konstantinopel var ein klippe som verna mot arabiske, seljukiske, mongolske og ottomanske invasjonar frå aust. Dette gav Vest-Europa ly til å utvikla seg i middelalderen.
  2. Konstantinopel var arnestaden for den ortodokse kristendommen som spreidde seg nordvest- og nordover, inn i Aust-Europa. Dermed vart dei framveksande bulgarske og slaviske statane der, og framfor alt Russland, kristne og etter kvart også monaleg påverka av den moderne vestlege sivilisasjonen.
  3. Bysants førte på denne måten også den gresk-romerske arven til Aust-Europa og Russland og medverka via Italia dessutan til renessansen i Vest-Europa. Verken førkristen kunst eller lærdom vart forboden; mange klassiske meisterverk overlevde takka vera samvitsfull oppbevaring i Bysants; romarretten heldt fram som grunnlaget for rettsvesenet og rettslæra, og gresk filosofi for åndslivet. Riksinnbyggarane kalla seg framleis for romarar (gr. rhomaio),  og keisaren framstilte seg som verdas rettmessige allherskar. Den politiske arven etter Romarriket gav Konstantinopel heilt til fallet i 1453 ein særleg prestisje i middelalderens Europa.
  4. Konstantinopel vart ei så viktig kjelde til vestleg (hovudsakleg norditaliensk) velstand gjennom handel og plyndring at det medverka til å utvikla kapitalismen og den frie bystaten og dermed også demokratiet i det framveksande Vest-Europa. Italienske kystbyar (nokre, framfor alt Venezia, opphavleg under bysantinsk overherredømme) blomstra som knutepunkt for fjernhandel med det bysantinske og muslimske aust og det europeiske nord. Også dette medverka til den italienske renessansen, som i sin tur førebudde grunnen for dei seinare vitskaplege og filosofiske revolusjonane.

Men Det bysantinske riket vart også ein fødselshjelpar for Russland. Etter at Konstantinopel fall for ottomanane gjorde storfyrsten av Moskva arvekrav på romersk og bysantinsk tradisjon. Kravet låg bak Ivan den Stores giftarmål med Sofia, niese til den siste gresk-romerske keisaren. Barnebarnet deira, Ivan IV (betre kjent som Ivan den grusomme) vart krona til «tsar», eit ord avleidd av Cæsar, keisar. Han innførte bysantinske hoffseremoniar i Moskva, som han byrja å kalla «det tredje Roma», overtok den austromerske tradisjonen for keisarleg kontroll over kyrkja (cæsaropapisme) og brukte den russisk-ortodokse kyrkja aktivt til nasjonsbygging. Det russiske alfabetet er avleidd av det gamle greske alfabetet.

Tyrkokratiet

Tyrkaranes beleiring av Konstantinopel. Maleri av Jean Chartier, Siège de Constantinople (15. århundre). Bibliothèque nationale de France Manuscript Français 2691 folio CCXLVI v

Det tredje store brotet i grekaranes historie kom med dei ottomanske tyrkaranes erobring av Konstantinopel i 1453. Dette var Romarrikets endelege undergang, etter halvanna tusen års eksistens. Men grekarane fekk høve til å halda fram å dyrka sin religion og sin identitet under ottomansk styre.

Dei heldt også fram å kalla seg romarar. Stadnamnet Rûm (Roma) vart framleis brukt om områda der dei fleste grekarane budde, anten det var i Anatolia eller på det greske fastlandet. I den første fasen etter erobringa av Konstantinopel understreka elles også sultanen sitt krav om å bli sett som arvtakar til den romerske keisarkrona ved å kalla seg Kaisar-i-Rûm og riket sitt mamâlik-i-Rûm. Den kristne “nasjonen” som levde i det ottomanske riket vart kalla millet-i-Rûm.

Men i praksis vart grekarane under tyrkisk herredømme (gr. tourkokratia) endå meir isolerte frå Vest-Europa. Dei fekk ikkje del i verken renessansen, reformasjonen, sekstenhundretalets vitskaplege revolusjon, opplysingstida eller den franske og den industrielle revolusjonen. Avsondringa frå vestleg kristendom førte også til at den gresk-ortodokse kyrkja vart svært konservativ og grekarar flest desto meir anti-vestlege.

Også vilkårleg og korrupt ottomansk styre og ein svak rettsstat sette varige spor i gresk mentalitet, særleg når det gjeld holdningar til staten og styresmaktene.  Éin viktig måte å verja seg mot offentlege overgrep var å byggja personlege nettverk med personar høgt på strå. Dette vart kopla til ein utbreidd mistillit til folk som ikkje tilhøyrte eins eigen storfamilie. Omgrepa rousfeti,  gjensidige tenester som oljar samfunnsmaskineriet, og mesa, kontaktar som får dagleglivet til å gå rundt, fekk innhald under tyrkokratiet.

Desse holdningane følgde med på lasset etter det fjerde store brotet i gresk historie, frigjeringa frå tyrkokratiet på 1820-talet (stormaktene godtok Hellas som sjølvstendig stat i 1830). Etter innføringa av konstitusjonelt monarki i 1843 vart parlamentarikarar navet i klientnettverka. Til gjengjeld for sine røyster forventa røystarane at deira representantar skulle skaffa dei og familiane deira jobbar, gjerne i den stadig meir oppblåste offentlege sektoren, og dessutan tala deira sak overfor byråkratiet. Den private sektoren vart verande underutvikla.

Ny vending mot vest

Diktaren og lorden Byron stig i land i Missolonghi i 1821 for å hjelpa grekarane i deira frigjeringskamp. Maleri av Theodoros Vryzakis (1861)

Men frigjeringa førte også til  stadig nærare band mellom Hellas og Vest-Europa. Romantiske filhellenarar som Lord Byron støtta den greske oppstanden mot ottomanane, delvis ved sjølv å reisa til Hellas og delvis ved å mobilisera opinionen i vest. Desse vestlege intellektuelle gjorde samstundes sine greske motpartar merksame på Hellas» klassiske stordomstid og kveikte dermed ein sekulariserande gresk nasjonalisme.  Stormaktene England, Frankrike og Russland støtta utfrå kvar sine interesser den unge nasjonens fridomskamp. Mest avgjerande var øydelgginga av ein stor tyrkisk-egyptisk flåte i slaget ved Navarino i 1827. Den første greske kongen, Otho, var frå Bayern. Den andre, Georg, var dansk. Med England i spissen var dei også vernemakter for gresk sjølvstende fram til Det ottomanske rikets fall i 1922. På denne måten kan ein seia at det moderne Vest-Europa betalte tilbake noko av si gjeld til grekarane.

Med frigjeringa oppstod eit nytt traume i gresk politikk: skulle ein satsa på det vesle eller det store Hellas? På antikkens “nasjonale” Hellas eller på hellenismens, romartidas og bysantinismens kosmopolitiske Hellas? Dei tidlege greske nasjonalistane søkte inspirasjon utelukkande i det klassiske Hellas. Dei vart rasande då den austerrikske historikaren J.P. Fallmerayer på 1830-talet uttrykte tvil om at moderne grekarar stamma direkte frå dei gamle grekarane. Dei hadde berre forakt til overs for den bysantinske perioden.

Det var først mot midten av 1800-talet at Konstantinos Paparrigopolous, professor i historie ved universitetet i Aten, framheva element av kontinuitet mellom antikken, middelalderen og moderne gresk historie. På slutten av hundreåret var denne omtolkinga alment akseptert. Den bysantinske perioden vart rehabilitert i den grad at å gjenreisa ”den store idéen” (megali idea) om Hellas var blitt dei fleste greske nasjonalistars mål. Det innebar at alle delar av Det nære austen med gresk fleirtal skulle bli del av eit nytt gresk rike med Konstantinopel som hovudstad.

Som kjent skjedde ikkje dette. For å gjera ei lang historie kort: Etter mykje krig, folkeforflytting, kupp og stormaktspolitikk vart utfallet ein mindre, men nokså homogen gresk nasjonalstat med Aten som hovudstad. Igjen vart den klassiske, demokratiske greske bystaten idealet. Likevel måtte det ein borgarkrig mellom demokratar og kommunistar, NATO-medlemskap, nye kupp og til slutt EU-medlemskap til før Hellas eintydig kunne seiast politisk å tilhøyra det moderne Europa og Vesten, det vil seia at demokratiet, rettsstaten og menneskerettane vart grunnfesta.

1981: Inn i EU

Andreas Papandreou

Det var det konservative, vestorienterte og proeuropeiske Nea Demokratia som la løpet som førte Hellas inn i EU 1. januar 1981. Det greske sosialistpartiet (PASOK) var mot, og partiet har framleis ein nasjonalistisk, euroskeptisk fløy. Då PASOK tok over makta etter ein stor valsiger hausten 1981, godtok likevel den nye statsministeren, Andreas Papandreou, EU-medlemskapen. Etter kvart er PASOK blitt like proeuropeisk som noko sosialdemokratisk parti i Europa. Store økonomiske overføringar frå EU, særleg til greske landdistrikt, der PASOK står sterkt, har nok medverka monaleg til denne reorienteringa.

Elles har også den gresk-ortodokse kyrkja, som har sett seg som beskyttar av gresk identitet, vore skeptisk til det vestlege og gudlause EU. Men kyrkja snudde etter 2002, då det vart klart at fleire andre overvegande ortodokse land (Kypros, Bulgaria, Romania) ville bli medlem. Kyrkja understreka likevel, som pave Johannes Paul II, at EU i større grad måtte bli eit kristent europeisk prosjekt.

Hellas innførte euroen i 2002, sannsynlegvis på gale premissar, det vil seia med feil statistikk om kvalifisering i høve til EUs konvergenskriteria. Med euroen kunne landet nyta godt av låge renter på lån, og ein lånefinansiert boom byrja. Mykje gjekk til å byggja ut forsvarsevna mot Tyrkia. Finanskrisa 2008-2009 ramma særleg dei konjunkturkjenslege turisme- og skipsfartssektorane. Landets inntekter fall og gjeldsgraden auka ytterlegare. 9. mars 2012 gjekk Hellas i realiteten konkurs. Den største statsbankerotten i historia tillot landet å avskriva 152 milliardar euro av ei total gjeld på 350 milliardar.

Usikker framtid

Athenes/Minervas/visdommens ugle på gresk euromynt. «Det er først når ein kultur går mot slutten at filosofien byrjar å mala sitt dystre bilete. Biletet kan gi forståing, men ikkje nytt liv. Først i skumringa spreier Minervas ugle sine venger og flyg» (Hegel)

Den store utfordringa nå er sjølvsagt å få i gang økonomisk vekst igjen. Det krev at Hellas moderniserer både politikken og økonomien sin. Over svært lang tid har politiske klientnettverk ført til ein oppblåst offentleg sektor og omfattande byråkrati, reguleringar og avgifter som hindrar fri konkurranse. Dette har fremja korrupsjon, hindra verdiskaping og ført til skeive incentivstrukturar. Tilkarringsverksemd (eng. rent-seeking), når individ, organisasjonar eller bedrifter prøver å tena pengar ved å manipulera dei økonomiske og/eller juridiske rammevilkåra heller enn gjennom handel eller produksjon av varer og tenester, er blitt svært utbreidd. Fokus er på omfordeling, ikkje verdiskaping; på staten, ikkje på marknaden. Om lag ein av fire grekarar er offentleg tilsette. Hellas har den nest mest korrupte offentlege sektoren i EU (etter Bulgaria). Økonomar har rekna ut at om alle beskytta profesjonar i Hellas vart opna, ville gresk BNP stiga med 13,2 prosentpoeng. Og så vidare.

To store spørsmål gjenstår nå: Vil Hellas koma seg gjennom krisa utan å måtta gi avkall på euroen? Og viktigare: Klarar Hellas å bli ein moderne, konkurransedyktig økonomi? Akkurat nå ser det stygt ut på begge punkt. Men sikkert er det at Hellas, som Portugal, Spania og Italia, ikkje klarar nokon av delane utan kraftig drahjelp frå resten av EU, og spesielt Tyskland. Dette krev i sin tur meir europeisk integrasjon. Den gjensidige påverknaden mellom Hellas og Europa held fram.

 Litteratur:

C. M. Woodhouse: Modern Greece. A Short History. London: Faber & Faber 1991.

Richard Clogg: A Concise History of Greece. Second Edition. Cambridge: Cambridge University Press 2000.

George Ostrogorsky: History of the Byzantine State. New Brunswick, N.J.: Rutgers University Press 1968.

Judith Herrin: The Formation of Christendom. London: Phoenix Press 1987.

Daniel Philpott og Timothy Samuel Shah: «Faith, freedom and federation: the role of religious ideas and institutions in European political convergence.» I Timothy A. Byrnes og Peter J. Katzenstein (red.), Religion in an Expanding Europe.Cambridge: Cambridge University Press 2006.

Takis Michas: «Putting Politics above Markets: Historical Background to the Greek Debt Crisis«, Working Paper, Cato Institute, Washington D.C., 15. august 2011.

Tore Nedrebø: Past and Present Sources of European Union. A Comparative, Historical-Institutionalist Analysis. Doktoravhandling, Institutt for samanliknande politikk, Universitetet i Bergen 2010.

Wikipedia, The Economist og Financial Times.

 

Ein tanke på “Hellas og Europa før og nå, del IV: Det moderne Hellas, EU og eurokrisa

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s