Halvor Tjønn skriv vanlegvis heilt framifrå analysar av internasjonal politikk. Men i Dag og Tid 29. mai gjer han det kunststykket å mane fram ein utdatert skrekkvisjon – om at Tyskland med si store forsvarssatsing no igjen er i ferd med å bli den nye «hegemonimakta» i Europa – utan med eitt ord å nemne EU eller det vidare europeiske samarbeidet som lenge har utgjort grunnmuren i tysk strategisk tenking.

Bundeswehr-Fotos, CC BY 2.0 https://creativecommons.org/licenses/by/2.0, via Wikimedia Commons

Skremmebiletet til Tjønn byggjer på ei populær, men misvisande historisk forteljing om at «i fleire hundre år handla europeisk politikk om å demme opp for Tyskland» og anna han skriv i innleiinga til artikkelen. Som historikaren Tjønn garantert veit, har det geografiske området vi i dag kallar Tyskland det aller meste av si historie ikkje berre vore splitta og svakt, men òg ei slagmark for stormaktene rundt. Eit samla Tyskland kan strengt teke seiast å ha utgjort ei offensiv stormakt i berre 36 år: mellom 1890 og 1918 og mellom 1937 og 1945.  Historikarar diskuterer dessutan framleis kor mykje av ansvaret for utbrotet av første verdskrigen Det tyske riket eigentleg hadde.

Det er rett, som Tjønn nemner, at mange europeiske politikarar, ikkje minst Storbritannias statsminister Margaret Thatcher og Frankrikes president François Mitterrand, gav uttrykk for frykt for den tyske gjenforeininga i 1990. Også her i Noreg var det få som trudde på forbundskanslar Helmut Kohl når han insisterte på Thomas Mann sine ord om eit europeisk Tyskland, ikkje eit tysk Europa. Det som skjedde, var at dei overtydde europearane Kohl og Mitterrand nytta høvet til å ta den europeiske integrasjonen eit langt steg vidare med inngåinga av Maastricht-traktaten. Noko liknande ser ut til å bli utfallet ved det historiske tidsskiljet Tyskland og Europa no står i.

Grunnen til det er at Tyskland heller ikkje i dag nærer nokon som helst ambisjon om å bli ei hegemonimakt eller stormakt i tradisjonell forstand. Utan atomvåpen er det uansett ikkje mogleg. No som Russland krigar i Ukraina og president Trump har sett Nato i spel, ser Berlin tvert om på EU og Europa som ei endå viktigare ramme enn før. Tysk tenking er i så måte i stor grad på linje med president Macrons agitasjon for europeisk strategisk autonomi. Dette inneber ikkje at EU skal erstatte Nato, men at unionen og andre former for europeisk samarbeid må kunne handle meir uavhengig og med større styrke i forsvaret av Europa. I denne stoda må vi leggje bort anakronistiske fordommar mot Tyskland og vone, ikkje frykte, at Berlin vil ta større leiarskap i Europa enn før. Hugs det Radosław Sikorski, som då var og no igjen er utanriksminister i Polen, landet med størst historisk agg mot Tyskland, sa i ein tale i Berlin i november 2011: «Eg fryktar tysk makt mindre enn eg byrjar å frykte tysk passivitet». Vendt til tyskarane heldt han fram: «De har blitt den uunnverlege nasjonen i Europa. De må ikkje svikte i å leie – ikkje for å dominere, men for å leie i reform».

Denne artikkelen vart trykt i Dag og Tid 12. juni 2026 og finst på nett her.

Kommenter innlegget