Dei førti dagane på Musa Dagh

Eg er nettopp ferdig med å lesa den mektige romanen De førti dagene på Musa Dagh av Franz Werfel. Den inneheld den dramatiske historia om sju armenske landsbyar på til saman fem tusen menneske i det nordaustlege hjørnet av Middelhavet, på grensa mellom Tyrkia og Syria, som i 1915 rømte opp på fjellet Musa Dagh (Moses' berg)…

Europautgreiinga: Fakta om Noregs demokratiske underskot overfor EU

Europautgreiinga, ein 911 siders mursteinsrapport som gjennomgår alle sider ved Noregs forhold til Den europeiske unionen, vart lagt fram 17. januar på Litteraturhuset i Oslo (sjå info og tilgang til videoopptak her). Utvalet som har utarbeidd verket, kalla "Utenfor og innenfor: Norges avtaler med EU," har bestått mest av forskarar. Leiaren var professor Fredrik Sejersted…

EU og «folket»

Ein vanleg kritikk av EU er at det er eit eliteprosjekt, utan reell folkeleg støtte. EU manglar dermed legitimitet, heiter det. Argumentet blir framført med ekstra styrke nå under eurokrisa. Men sjeldan kjem kritikarane med empirisk belegg for påstanden, som gjerne blir framført bastant og unyansert. Noko av problemet er at meiningsmålingar er mest nærliggande…

Norske nettstader om Europa

Dei siste dagane har eg prøvd å orientera meg om norsk informasjon og kommentar om EU og Europa på nett.  Her er dei beste eg har funne, med mine merknader: Europabloggen.no: Stadig oppdatert og velinformert blogg ved norske journalistar busett i Brussel og Berlin. Veldig gode lenker, både til norske og internasjonale nettstader om Europa. Min…

EU-krisa held fram

Rating-byråa Moody's, Fitch og Standard & Poor's er ikkje imponerte over utfallet av EU-toppmøtet sist veke. Dei meiner møtet ikkje kom med effektive nye tiltak mot krisa EUs økonomiske og monetære union er på veg mot. Marknadane har også reagert negativt. Nyheitstenesta EUobserver var ikkje sein med å stadfesta at det kan bli mykje offentleg…

Bybelte-Europa eller Riks-Europa? Stein Rokkan og Europas historie

Stein Rokkans idé om «Bybelte-Europa» har prega mange norske statsvitarars oppfatning av europeisk historie. Men nærare undersøking svekkar Rokkans framstilling. Han overvurderte byanes tyding og undervurderte Det heilage romerske riket og europeisk stormaktspolitikk i sin analyse av det moderne Europas framvekst. (For English version, click here) Professor i sosiologi Stein Rokkan (1921–1979) var ein av Noregs…