Kvifor Russland kjenner seg truga av Vesten–og kva vi kan læra av det

Russiske styresmakter framstiller Russlands forsøk på erobring av Ukraina som svar på Vestens aggressive ekspansjon austover. Då det vart klart at også Russlands viktigaste granne og «bror», Ukraina, var på veg inn i den vestlege leiren måtte Kreml setja foten ned, forstår vi. Av omsyn til eigen tryggleik kunne Russland ikkje tillata Ukraina å gå…

Europearen Edvard Munch

I høve 150-årsjubileet for Edvard Munchs fødsel las eg i sommar Atle Næss sin Munch-biografi frå 2004. Ei velskriven og veldokumentert bok som eg varmt kan tilrå. Her framgår det tydeleg kor europeisk Munch var. Han reiste og oppheldt seg mykje ute i Europa, og spesielt i Frankrike og Tyskland. Det var også her han hadde sine…

Den gode bistandsviljen

NRK-dokumentaren "Den gode viljen" har skapt ny bistandsdebatt i Noreg. Med rette og på ein god måte, synest eg. Serien er nyansert og balansert, og får fint fram dei dilemma bistand til utvikling frå rike til fattige land medfører. Nyleg avslutta eg ein jobb i UD der eg i tre år arbeidde til dagleg med…

Norge med i EU om ti år

I en «ikke helt usannsynlig» folkeavstemning om medlemskap i Europaunionen mandag 25. september 2022 vil «et forholdsvis klart ja-flertall stemme for at Norge bør bli medlem av Europaunionen fra nyttår 2023, samme dag som Albania endelig blir en del av fellesskapet. Vi vil neppe se oss tilbake." Dette glade budskap stammer fra Kjetil Wiedswangs Europaveien.…

Europautgreiinga: Fakta om Noregs demokratiske underskot overfor EU

Europautgreiinga, ein 911 siders mursteinsrapport som gjennomgår alle sider ved Noregs forhold til Den europeiske unionen, vart lagt fram 17. januar på Litteraturhuset i Oslo (sjå info og tilgang til videoopptak her). Utvalet som har utarbeidd verket, kalla "Utenfor og innenfor: Norges avtaler med EU," har bestått mest av forskarar. Leiaren var professor Fredrik Sejersted…

Ei juleforteljing frå diplomatiet

Søren Chr. SommerfeltSøren Chr. Sommerfelt (1916-2003) var diplomat for Noreg i førti år. Han var ambassadør i Geneve, Bonn, Washington og Roma.  Etter oppnådd pensjonsalder gav han ut boka "Sendemann. Utenrikspolitisk seilas - minner og betraktninger" (Schibsted 1997). Etter å ha vore Trygve Lies medarbeidar under opprettinga av FN vart han send som ambassadesekretær og…

Norske nettstader om Europa

Dei siste dagane har eg prøvd å orientera meg om norsk informasjon og kommentar om EU og Europa på nett.  Her er dei beste eg har funne, med mine merknader: Europabloggen.no: Stadig oppdatert og velinformert blogg ved norske journalistar busett i Brussel og Berlin. Veldig gode lenker, både til norske og internasjonale nettstader om Europa. Min…

EU-krisa held fram

Rating-byråa Moody's, Fitch og Standard & Poor's er ikkje imponerte over utfallet av EU-toppmøtet sist veke. Dei meiner møtet ikkje kom med effektive nye tiltak mot krisa EUs økonomiske og monetære union er på veg mot. Marknadane har også reagert negativt. Nyheitstenesta EUobserver var ikkje sein med å stadfesta at det kan bli mykje offentleg…