Sarkozy som Napoleon

Sofie Gran Aspunvik samanliknar i dagens Aftenposten Frankrikes president Nicolas Sarkozy med den franske generalen og keisaren Napoleon Bonaparte (1769-1821). Sarkozy, som førre veke erklærte at han stiller til gjenval som president, er «Bonaparte i dress».  Med tanke på det tette samarbeidet mellom Sarkozy og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel i europapolitikken siterer ho ei EU-skeptisk britisk avis: «det er gode odds for at Merkozys visjon for Europa vil ende slik som Napoleons gjorde.»
Sarkozy som Napoleon. Det finst mange titals slike bilde på nettet.

Å peika på parallellar mellom Sarkozy og Napoleon er ikkje spesielt originalt (sjå t.d. dette). Det er heller ikkje noko nytt å finna bonapartiske spor i fransk utanriks- og europapolitikk. Men slike samanlikningar skjer oftast utan særleg god forståing for Napoleons historiske tyding og for dei lange linjer i fransk europatenking. Det vil eg derfor gå litt inn på her.

Napoleon Bonaparte var etter mitt syn ein overgangsfigur mellom middelaldersk og moderne fransk europatenking og mellom monarkistisk og republikansk universalisme. Han vart først møtt med begeistring i store delar av Europa som moderniserar og frigjerar frå l’ancien regime (den gamle orden). Men hans brutale okkupasjon utløyste etter kvart konkurrerande nasjonalismar som Europa først byrja å leggja bak seg etter andre verdskrigen.

Vi kan starta med delinga av Karl den Stores rike på åttehundretalet. Saksarkongen Otto gjenoppretta Det heilage romerske riket i den austlege etterfølgjarstaten, Francia orientalis, i 962. Men kongane i det vestlege etterfølgjarrike (Francia occidentalis, det framtidige Frankrike) reiste etter kvart også krav på denne arven og dermed på førarskapen i kristenheita. Den tradisjonelle franske kongetittelen rex christianissimus (den særs kristne kongen) uttrykker denne universelle pretensjonen. Mellom anna Ludvig 14. manøvrerte fleire gonger for å bli vald til keisar i Det heilage romerske riket (men habsburgarane trekte som vanleg det lengste strået).

Napoleon gjekk inn i denne tradisjonen. Mellom 1800 og 1809 etablerte han med sitt kontinentalsystem eller Grand Empire den mest effektive europeiske unionen sidan Karl den Store. Men Napoleon ville vera ein opplyst einevalds- og allherskar. Gjennom sitt system tvinga den kortvaksne korsikanaren kontinental-Europa til ei massiv modernisering i tråd med opplysingstidas universelle idear. Reformene hans medførte ei administrativ og rettsleg standardisering Europa ikkje hadde opplevd sidan romarrikets dagar.  Som døme får det her halda å nemna innføringa av det metriske systemet og utbreiinga av den napoleonske rettskodeksen.

Samstundes fremja Napoleon ein integrert kontinental økonomi med Frankrike som nav. Embargoen mot handel med Storbritannia som han innførte var meint å undergrava det internasjonale grunnlaget for britisk handels- og marineleiarskap. Det skulle også ytterlegare oppmuntra det naget mange kontinentaleuropearar nærte til britisk makt (jamfør Sarkozys pådrivarrolle i å utestenga Storbritannia frå EUs fiskalpakt på toppmøtet før jul).

Samstundes bygde han ut Paris som rikshovudstad med Roma som førebilde. Keisar Justinians Corpus juris var ein viktig inspirasjon for Code napoléon.  Napoleon brukte romerske førelegg for sine titlar som konsul (1799) og keisar (1804), og dessutan til dømes for ørnene på hærfanane sine. Han erklærte sonen sin som «Konge av Roma» og Roma som sitt rikes nest viktigaste by. Han etterlikna Karl den Store ved å invitera paven til Paris for å delta i si kroning til keisar (men i medviten kontrast til Charlemagne passa han på å setja krona på sitt eige hovud). Han søkte legitimitet og romersk-universell aura blant europeiske kongehus ved å gifta seg med ei habsburgprinsesse. Frykt for at Napoleon skulle tilrana seg krona førte til at habsburgkeisaren Leopold II la ned det tusenårige heilage romerske riket i 1806.

Roma hadde alltid vore ein modell for franske (og for andre europeiske) politiske tenkarar. Dei franske revolusjonære hylla den intense patriotismen og rettskafne nøysemda dei identifiserte med den romerske republikken. Robespierre siterte Cicero si rettferdiggjering av mordet på Cæsar for å forsvara septembermassakren i 1792: “Republikken drap dei for ikkje å falla i deira hender». Då Napoleon oppløyste den revolusjonære regjeringa og tok makta i 1799, vart han skulda for å vera ein ny Cæsar. Det var for å imøtegå denne skuldinga at han tok tittelen ‘konsul,’ som var tittelen til den fremste folkevalde i den romerske republikken.

Då Napoleon fem år seinare krona seg til franskmennenes keisar framheva han verdslege romerske trekk ved kroninga. Liksom Augustus hadde gjort i år 27 f.Kr., understreka han at han var keisar i tråd med folkets vilje og fagnad og at hans misjon var å tilføra lov, klårleik og orden til eit Europa som var splitta av strid og motsetnader. Det var derfor paven berre var vitne på Napoleon plasserte keisarkrona på eige hovud.

I memoarane sine rettferdiggjorde Napoleon seg med at han hadde prøvd å verkeleggjera Abbé Saint-Pierre sin tanke om “eit europeisk forbund” eller “felles fedreland”. Han sa at han såg fram til dagen då sonen hans, Kongen av Roma, ville  “gjenforeina Europa i uløyselege føderale band” og vona at det amerikanske systemet ville blir innført i “den store europeiske familien». Han insisterte på at hans eige mål hadde vore å oppnå dette med fredelege midlar. Berre England sin motstand hadde tvinga han til å søkja å oppretta ein europeisk forbundsstat gjennom krig.

Industrialisering, revolusjon og napoleonsk okkupasjon utløyste ein nasjonalistisk og romantisk-historistisk reaksjon i store delar av Europa. Saman med framveksten av historiefaget som sjølvstendig akademisk disiplin medverka dette til at «Europa» vart ein omstridd idé. Europatanken vart viktigare, men det vart inga semje om kva idéen innebar. Ulike grupper hadde ulike idéar om kva Europa hadde vore og skulle vera.

Dei romerske modellane som både dei franske revolusjonære og Napoleon mana fram medverka til at britar og tyskarar tok det gamle Hellas som sitt førebilde. I Storbritannia samanlikna folk sin strid mot Napoleon med dei gamle grekaranes strid mot persarane. Dei var overtydde om at den endelege britiske sigeren mot høge odds, liksom grekaranes siger, skuldast den overlegne moralen og engasjementet til eit fritt folk.

Det som er blitt kalla «Hellas tyranni over Tyskland» byrja alt i 1770-åra.  Men napoleonsk okkupasjon forsterka tyskaranes identifisering med dei gamle grekarane. I sine Talar til det tyske folk sette Fichte likskapsteikn mellom dei franske okkupantane og  imperialistiske romarar i det første hundreåret e.Kr., og mellom den greske motstanden mot romersk ekspansjon og sine tyske landsmenn. Ein intens, mest religiøs filhellenisme fekk dei fleste tyske tenkarar og diktarar til å sjå seg sjølve som greske offer for romersk imperialisme.

Tysk forskarars hovudinteresse i Hellas vart å oppdaga grunnane til den greske nedgangen for å unngå ein liknande lagnad for Tyskland. Tyske historikarar utforska spesielt årsakene til at dei greske bystatanes ikkje slo seg saman mot ytre fiendar. Dette fokuset førte ofte til forakt for gresk demokrati, ettersom gamle greske filosofar, og spesielt Platon, hadde meint at demokrati var eit hinder for effektiv styring og dermed for siger. Dermed vart Sparta modell-polisen for tyske nasjonalistar. Jamfør til dømes den pro-spartiske tendensen hos tyske klassisistar som Julius Beloch i 1890-åra og Helmut Berve på 1930-talet. Berve lovpriste naziregimet som “den sanne arvtakaren etter Sparta og den eigenlege lekamleggjeringa av Hellas.”

Dette er nok ein del av bakgrunnen for at europeiske nasjonalistar har hatt ein tendens til å tenka seg europeisk samarbeid som eit laust gresk bystatsforbund, ein konføderasjon som først og fremst skal stå saman mot ytre fiendar. Fransk europatenking har vore prega av ei spenning mellom ein slik gaullistisk modell (med Frankrike i ei førande rolle) og eit meir romersk-sentralistisk-universalistisk førebilete som tenderer mot føderalisme. Sarkozy har sjølv snakka om behovet for eit føderalt Europa, men tenker tydelegvis likevel i retning av ein mellomstatleg variant. Mot dette står den meir overnasjonale tyske forbundsstatsmodellen, som somme kanskje vil føra tilbake til forbundet som dei fire opphavlege tyske stammane i følgje mytene skal ha inngått.

Uansett historiske førelegg må dagens EU først og fremst vera i stand til å møta nåtidas og framtidas utfordringar. Og då trur eg Sarkozy (og Merkel) trass alt er meir på hogget enn konkurrenten François Hollande. Napoleon ville nok hatt stor sans for Merkozys visjon, men deltaking i prosjektet er i dag trass alt frivillig, om enn krevjande. Det er ein avgjerande forskjell mellom den gong og nå, og gir monaleg betre sjansar til å lukkast.
(Stoffet til dette innlegget er henta frå mi doktoravhandling. Der finn du også kjeldetilvisingar.)

One thought on “Sarkozy som Napoleon

  1. […] At dei gamle grekaranes knytta dygd til klima vart dessutan ein viktig inspirasjon til den moderne, romantiske forkjærleiken for det barbariske, kalde, ville og frie nord, altså i praksis det germanske Nord-Europa. Martin Bernal hevdar at forkjærleiken til 1800-talets romantikarar og rasistar galdt “mest alltid det skoddete og berglendte nord i Europa, som vart oppfatta som den sanne kjelda til menneskeleg dygd.”[21] Han peikar på at nasjonalromantikken og rasismen var mindre påfallande i 1700-talets Frankrike enn i England og Tyskland. Ved sida av den rasjonalistiske og kosmopolitiske tradisjonen frå opplysingstida var ein viktig årsak til dette at franskmennene framleis var langt meir opptatt av Roma enn britane og tyskarane. Sistnemnde vende seg i aukande grad mot det antikke Hellas (sjå vidare om dette i mitt tidlegare innlegg om Sarkozy som Napoleon). […]

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s