
Aftenpostens Frank Rossavik skriv i ein kommentar i dag 26.02.22 at «Sovjetunionen i 1990 fikk muntlige løfter fra vestlige stormaktsledere om at Nato ikke skulle ta opp nye medlemmer i øst.» Som belegg for dette viser han til «kritisk journalistikk», som i han i nettutgåva av Aftenposten lenkar til ein artikkel i Der Spiegel.
Det tyske nyheitsmagasinet gjengir eit utdrag frå eit britisk referat frå eit møte mellom dei tyske, amerikanske, britiske og franske utanriksdepartementas politiske direktørar i Bonn 6. mars 1991. Den tyske politiske direktøren, Chrobog, er der sitert på at «We made it clear during the 2+4 negotiations that we would not extend NATO beyond the Elbe [her må han ha sagt «Oder»]. We could not therefore offer membership of NATO to Poland and the others».
Artikkelen i Der Spiegel har lenker til ein annan artikkel der ein siterer løfter frå vestlege leiarar, mellom anna Storbritannias dåverande statsminister John Major, i same retning. Der Spiegel understrekar at Vesten aldri gav noko rettsleg bindande løfte, men konkluderer som mellom anna Gorbatsjov har meint at «ein braut med ånda i avtalane».
Dette stemmer ikkje særleg godt overeins med det ein kan lesa i Mary E. Sarottes bok Not One Inch. America, Russia and the Making for the Post-Cold War Stalemate frå november 2021, som er “(t)he most engaging and carefully documented account of this period in East-West diplomacy currently available» i følgje Andrew Moravscik i Foreign Affairs.
Moskva såg ingen grunn til at Nato skulle bestå etter at den kalde krigen var slutt, Warszawa-pakta nedlagt, dei sentral- og austeuropeiske landa frie og Sovjetunionen/Russland på demokratisk kurs. I staden trong ein ei euroatlantisk tryggingsordning og det Gorbatsjov kalla ein «felles europeisk heim» frå Atlanterhavet til Ural. Mange i både Europa og USA var samde i dette.
Men USAs president Georg H.W. Bush (1989-93) var ein realpolitikar som ikkje lét seg riva med av jubelen etter murens fall. For han var det ikkje aktuelt at USA skulle trekka seg ut av Europa. Han var fast bestemt på at Nato, under overoppsyn av USA, måtte bestå som ein garanti for stabilitet i den uføreseielege, nye situasjonen som var oppstått. Presidentens tryggingsrådgjevar Brent Scowcroft og nestleiaren hans, Robert Gates, meinte historisk erfaring tilsa at uansett kva Gorbatsjov sa ville Moskva før eller seinare igjen slå inn på ein ekspansjonistisk kurs, særleg i Europa.
Bush konkluderte tidleg i 1990 også at eit samla Tyskland måtte vera fullt med i Nato. Dermed blei ikkje Nato nedlagt, men tvert om utvida inn i Sovjetunionens tidlegare maktsfære, først til grensa mellom Tyskland og Polen, så vidare austover og sørover.
Seinare russisk harme over dette har utkrystallisert seg særleg i ein påstand om at Gorbatsjov blei «lurt», eller i alle fall at Nato-utvidingane har vore i strid med «anda» i den historiske to pluss fire-avtalen om tysk gjenforeining frå 1990. Framståande representantar for Vesten skal då ha lova Gorbatsjov at Nato ikkje skulle utvidast inn på territoriet til den dåverande Warszawapakta. Det skal ha vore føresetnaden for at Sovjetunionen gjekk med på den tyske gjenforeininga. Det var først Jeltsin som hevda dette i 1993, og argumentet er blitt regelmessig gjentatt både frå russisk og vestleg side sidan det.
Standardinnvendinga mot denne oppfatninga er blitt å visa til Gorbatsjovs memoarar, der han hevdar at Nato-utviding utover eit gjenforeint Tyskland ikkje stod på dagsorden i 1990. Som Sarotte peikar på, er problemet med dette at Ungarn, Tsjekkoslovakia og Polen byrja å visa interesse for både Nato- og EU-medlemskap så snart den kalde krigen var slutt. Ungarns utanriksminister Gyula Horn var truleg først ute då han tok opp tilnærming til Nato i eit møte med den amerikanske forsvarsministeren, Lawrence Eagleburger, 20. februar 1990. Polens og Tsjekkoslovakias utanriksministrar vitja Natos hovudkvarter i Brussel i slutten av mars, og Ungarns statsminister i juni. Seinare i 1990 kom også rumenske og bulgarske regjeringsrepresentantar til Brussel for å ha samtalar i Nato. Som Gorbatsjov sjølv stadfesta i samtalar mellom anna med Frankrikes president Mitterrand, var sovjetiske styresmakter fullt klar over dette.
Sentralt i striden om kva Vesten lova om Nato-utviding står ulike oppfatningar av kva USAs dåverande utanriksminister James Baker sa i møte med Gorbatsjov og hans utanriksminister Eduard Sjevardnadze i Moskva 9. februar 1990. I den russiske versjonen, som byggjer på sovjetiske arkiv og Gorbatsjovs memoarar, gav Baker då «assurances that NATO’s jurisdiction would not shift one inch eastward from its present position». Ifølgje Baker sjølv og eit notat han sende til den vesttyske forbundskanslaren Helmut Kohl rett etterpå formulerte han dette som eit hypotetisk spørsmål: Kunne noko slikt få Moskva til å godta tysk gjenforeining? Alle er samde om at Gorbatsjov svara at inga utviding av Nato var akseptabel. Ifølgje den russiske versjonen skal Baker ha replisert at «we agree with that».
Bakers nå berømte ord om not one inch, anten dei var meint som ein lovnad eller eit hypotetisk spørsmål (fornufta talar for det siste, ettersom det var altfor tidleg for Baker – og andre – å lova noko som helst), var i tråd med den vesttyske utanriksministeren, Hans-Dietrich Genscher, si dåverande haldning. Genscher hadde fått forbundskanslar Helmut Kohl med på at tysk gjenforeining kunne skje utan at austtysk territorium blei ein del av Nato.
Det gav Kohl og Genscher også uttrykk for i møte med Gorbatsjov og Sjevardnadze rett etter at Baker hadde reist, 10. februar 1990. Men Kohl fekk samstundes Gorbatsjov til å godta at det skulle vera opp til det tyske folket om det ville gjenforeina Tyskland, utan vilkår og utan å seia noko om dei internasjonale sidene av dette. Det var eit historisk gjennombrot.
President Bush meinte at Baker hadde gått for langt i Moskva. Han gav utanriksministeren sin beskjed om å gjera klart at heile Tyskland skulle bli med i alliansen, men om nødvendig med ein spesiell status for Aust-Tyskland. Baker innsåg at han ikkje burde ha brukt ordet «jurisdiksjon» i Kreml, men «styrkar». Det ville ha signalisert at Nato-traktaten, ikkje minst artikkel 5 om kollektivt forsvar, skulle gjelda på austtysk territorium, men også at ein var villig til å renonsera på troppestasjonering, utplassering av våpen og bygging av militær infrastruktur frå Natos side her. Ordet jurisdiksjon var elles meiningslaust i denne samanhengen, fordi Nato som organisasjon ikkje har noko slikt.
Før eit amerikansk-sovjetisk toppmøte i Washington D.C. 31. mai -1. juni 1990 blei Bush og Kohl samde om å bruka ein idé Mitterrand først lanserte, nemleg å visa til Helsinki-sluttakta av 1975. Der heiter det at alle land sjølve kan velja kva allianse dei vil vera med i. På toppmøtet sa Gorbatsjov seg samd i dette. Det var nok eit gjennombrot. «Helsinki-prinsippet» blei seinare stadfesta i Paris-erklæringa (Charter of Paris for a New Europe), som alle KSSEs (seinare OSSEs) medlemsland, inkludert Russland, slutta seg til på eit møte i Paris 19.-21. november 1990.
To pluss fire-traktaten om tysk gjenforeining blei underteikna 12. september 1990 i Moskva. Traktaten stadfesta at heile det gjenforeinte Tyskland skulle vera del av Nato. Som ein konsesjon til Sovjetunionen bestemte traktaten likevel at ingen atomvåpen skulle stasjonerast på tidlegare DDR-territorium. Dette området blei dermed, som det einaste i Europa, erklært atomvåpenfritt for all tid i ein folkerettsleg avtale. Etter avtalen skulle dessutan ingen utanlandske Nato-styrkar stasjonerast eller utplasserast på austtysk jord. Sovjetunionen fekk frist til slutten av 1994 med å trekka seg ut av Tyskland.
Sarotte framhevar likevel at etter sterkt amerikansk og britisk press natta før underteikninga fekk avtalen eit særskilt underteikna tillegg. Det presiserte at det er opp til tyske styresmakter å avgjera kva utplasserast («deployed») betyr i praksis. Nato-styrkar har dermed høve til å kryssa kald krig-grensa mellom Vest- og Aust-Tyskland og opphalda seg mellombels på tidlegare DDR-jord så lenge tyske styresmakter godkjenner det. Dette blei gjort for å opna for at Polen seinare kunne bli medlem av Nato.
Her skreiv altså Sovjetunionen ved utanriksminister Sjevardnadze under på ein folkerettsleg avtale som ikkje berre opna for at heile det gjenforeinte Tyskland skulle bli med i Nato, men som også la til rette for at det kunne koma nye Nato-land lenger aust. Sarotte minner om at Jevgenyj Primakov med sorg erkjente dette i sine memoarar. Sovjetunionen hadde dermed skriftleg godkjent at Natos ekspansjon austover byrja med den tyske gjenforeininga 3. oktober 1990. Ein nærliggande grunn er, som Kohl meinte, at Sovjetunionen faktisk ønskte heile det gjenforeinte Tyskland i Nato og USA i Europa som garanti mot framtidig ekspansjon frå ei revansjistisk, ny tysk stormakt.
Det er mogleg at ein frå tysk side underto pluss fire-forhandlingane forsikra om at Nato-utviding mot aust ut over det gjenforeinte Tysklands territorium ikkje var aktuelt, slik Chrobog er sitert på. Men i si bok frå 1992, 329 Tage, om den tyske gjenforeininga nemner ikkje Kohls spesialrådgjevar Horst Teltschik dette med eit ord. Teltschik var med då Kohl møtte Gorbatsjov og Sjevardnadze i Moskva 10. februar 1990. Den tyske regjeringa kunne då heller ikkje lova noko på vegner av Nato, like lite som andre einskildland. Den underskrivne avtalen opnar som nemnt uansett for vidare Nato-utviding mot aust. Dermed er det også urimeleg å hevda at dei seinare utvidingane «bryt med anda» i to pluss fire-avtalen.
Oppdatert 12. juli 2023. For nærare detaljar og forløpet etter 1990 viser eg til min artikkel
«Kvifor Russland kjenner seg truga av Vesten – og kva vi kan læra av det«.