Russland, USA og Europa

Russiske styresmakter framstiller Russlands forsøk på erobring av Ukraina som svar på Vestens aggressive ekspansjon austover. Då det vart klart at også Russlands viktigaste granne og «bror», Ukraina, var på veg inn i den vestlege leiren måtte Kreml setja foten ned, forstår vi. Av omsyn til eigen tryggleik kunne Russland ikkje tillata Ukraina å gå over til Natos og EUs side. Men det er ikkje berre russisk propaganda som ser det slik. Til og med vår tidlegare statsminister, Kåre Willoch, uttrykte forståing for dette argumentet. I ei samtalebok som kom ut i 2018 sa Willoch følgjande om mogelegheita av ukrainsk Nato-medlemskap: 

«Ingen burde bli overrasket over at Russland kunne se det som en trussel, efter at de hadde mistet en stor del av sitt imperium. […] Det ville jo føre til at amerikanske styrker kunne plasseres 450 km fra Moskva, og slik at deres eneste betydningsfulle flåtebase i syd [Sevastopol på Krim] skulle havne i et NATO-land. Russiske politikere kan jo ikke handle ut fra noe annet enn det de selv ser og oppfatter som andres motiv og mål.»[1]

Mange andre seriøse kommentatorar både i USA og Europa har også meint at Vesten har teke for lite omsyn til russiske interesser etter den kalde krigens slutt, og at dette er hovudårsaka til konfrontasjonen vi nå står i. Spesielt var det eit mistak å utvida Nato mot Russlands uttrykkelege vilje, hevdar ein. I tillegg skal EUs ekspansjon mot aust, ikkje minst Ukraina, ha verka provoserande. Spesielt tilhengarar av såkalla realistisk (realpolitisk) teori innan faget internasjonal politikk har fremja slike synspunkt.  

Standardsvaret på dette er at Nato alltid har vore ein forsvarsallianse. Ikkje på noko tidspunkt har Nato hatt planar om å gå til åtak på Sovjetunionen, Russland eller deira allierte (utan som svar på eit russisk førsteslag). Som vi ser i dag, grip ikkje Nato ein gong direkte inn når Russland invaderer eit uavhengig, vestvendt europeisk land som er lova Nato-medlemskap og er kandidat til EU-medlemskap. 

Men Willoch hevda altså at «russiske politikere kan jo ikke handle ut fra noe annet enn det de selv ser og oppfatter som andres motiv og mål». Då må vi spørja kvifor så mange russarar meiner at Vesten er ute etter å ta knekken på dei. Det er det denne artikkelen skal handla om. 

Eg vil drøfta fem faktorar som påverkar Russlands oppfatning av Vesten: 1) internasjonal maktkamp og den tilhøyrande realpolitiske logikken; 2) regimets og spesielt tryggingsapparatets eigeninteresser; 3) russisk ideologi og tradisjon; 4) Putins personlege rolle; og 5) Vestens politikk overfor Russland. Til slutt oppsummerer eg og vurderer implikasjonar av analysen for Russlands veg vidare og for vestleg og norsk politikk overfor Russland. 

Internasjonal maktkamp

Eit første svar på spørsmålet vårt er at det russiske fiendebildet av Vesten er ein logisk konsekvens av nettopp realpolitisk tankegang. Denne oppfattar internasjonal politikk som eit anarki med konstant maktkamp mellom statar om overleving og hegemoni. Makta rår og den eines tap er den andres gevinst. Slik nullsumlogikk er lett å forstå, amoralsk og rasjonell. 

Ifølgje realistisk internasjonal teori[2] var verda relativt stabil under den kalde krigen fordi det var balanse mellom amerikansk og sovjetisk makt. Då Sovjetunionen gjekk under i 1991 og erstatta av eit svakt Russland fekk vi ei «unipolar» verd, med USA som ”hegemon”. Det var då heilt i tråd med teorien at Russland ville prøva å gjenvinna Sovjetunionens posisjon som stormaktskonkurrent til USA. 

Ei realpolitisk verdsoppfatning fører lett til at konkurrentar om makta oppfattar einannan som fiendar. Det skjer særleg i underlegne land som utfordrar ei dominerande stormakt, som Russland i dag. President Putin er utan tvil ein hardnakka stormaktspolitikar som ganske konsekvent lever opp til, og truleg er inspirert av, realistisk teori. 

Regimets eigeninteresser

Realpolitiske maktambisjonar er etter mitt syn ein nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg grunn til at Russland oppfattar det USA-leia Vesten som motstandar. Ei god nok forklaring meiner eg vi berre kan få om vi vurderer også innanrikspolitiske strukturar og aktørar, slik liberal internasjonal teori gjer.[3] Med omsyn til strukturar er regimetype og ideologi særleg viktige i Russlands tilfelle. Når det gjeld aktørar meiner eg eigeninteressene til det russiske tryggingsapparatet og Putin personleg er bestemmande. 

Liberal internasjonal teori tilseier at Putin-regimets autoritære karakter disponerer for ein aggressiv utanrikspolitikk, spesielt overfor demokratiske land fordi regimet er redd for ideologisk smitte. Ein ytre fiende er dessutan nyttig for å legitimera regimets makt overfor folket. Særleg gjeld dette når eit lands eller regimes overleving ikkje er truga utanfrå, men heller innanfrå, som er den reelle situasjonen i Russland. 

Dette gjev grunn til å meina at russiske styresmakter framstiller Vesten som motstandar for å legitimera Putin og hans regimes makt og rikdom. I si veldokumenterte bok Putin’s People. How the KGB Took Back Russia and Then Took on the West frå 2020 skildrar Financial Times-journalisten Catherine Belton korleis russiske etterretningskadrar, delvis i samarbeid med mafiaen i St. Petersburg.[4]

Ifølgje Belton var Putin truleg både i si tid som KGB-agent i Dresden (1985-90) og som tenestemann og politikar i St. Petersburg (1990-96)  engasjert i tvilsame finanstransaksjonar og pengekvitvasking for KGB-nettverk som opererte saman med mafiaen. St. Petersburg var på 1990-talet kjent som krimhovudstaden i Russland. Seinare er enorme summar flytta frå Russland til anonyme bankkontoar i utlandet, delvis for privat bruk og delvis til bruk i undergravingsverksemd («aktive operasjonar») mot vestlege institusjonar og politikarar. Ifølgje eit truverdig estimat frå eit team leia av den kjende økonomen Thomas Piketty vart 800 milliardar USD ført ut av Russland til utlandet mellom 1991 og 2016.[5]

I boka Russia’s Crony Capitalism: The Path from Market Economy to Cleptocracy frå 2019 omtalar den svenske økonomen og Russland-veteranen Anders Åslund Putins regime som eit “autoritært kleptokrati”.[6] Han viser også til den amerikanske statsvitaren Karen Dawishas bok Putin’s Cleptocracy frå 2014, som konkluderte med at Putins inste maktkrins best kan forståast som ”ein gjeng organiserte kriminelle”.[7]  Åslund meiner maktkrinsen rundt Putin har fire lag. Det inste består av venner frå det tidlegare KGB i St. Petersburg, som nå har tatt kontroll over tryggingstenestene,  statsapparatet og rettsvesenet. Leiarar av statsbedrifter utgjer det andre laget. Særleg i energisektoren har desse tilgang til enorme ressursar. Det tredje laget er private forretningsfolk som har vore venner med Putin sidan hans tid i St. Petersburg. Alle desse har blitt dollarmilliardærar gjennom fordelaktige avtalar med den russiske staten, hovudsakleg innkjøp utan konkurranse frå det statlege gasselskapet Gazprom. Den fjerde sirkelen er angloamerikanske skatteparadis, der selskap med anonyme eigarar har hatt tilnærma fritt spelerom.[8]

Særleg den inste krinsen av gamle KGB-kadrar har brukt Vesten, og spesielt Nato, som sin konstituerande «andre». Andrej Kozyrev, som var Jeltsins utanriksminister frå 1990 til 1996, peikar i sine memoarar på at for dei russiske tryggingstenestene var fiendskap til Nato «den siste forsvarslinja for den privilegerte posisjonen dei arva frå [dei sovjetiske] statsstrukturane… Dersom [Nato] ikkje hadde representert nokon fare, hadde det ikkje funnest nokon grunn til at desse forsvararane av moderlandet skulle behalda si ekstraordinære makt. Derfor var – og er – det å bevara fiendebildet av Nato uomgjengeleg for det russiske tryggingsapparatet».[9]

Likevel har det kome fram mange gonger at fleire russarar enn Kozyrev veit at dette fiendebildet er konstruert for politiske og økonomiske formål og ikkje har rot i røyndommen. Dåverande senator Joe Biden, som var skeptisk til Nato-utviding, drog på ein fact-finding mission til Moskva tidleg i 1997. Han møtte då både leiande politikarar og medlemmer av president Jeltsins tryggingsteam. Ingen av dei oppfatta utviding av Nato som eit trugsmål mot Russland. Dei likte det rett nok ikkje, men det var ingen panikk å spora.[10]

Også den tidlegare russiske generalen og presidentkandidaten Aleksandr Lebed var avslappa til planane om Nato-utviding. USAs dåverande viseutanriksminister Strobe Talbott  hadde eit langt møte med han i Washington D.C. i 1996. Då Lebed mot slutten av møtet ennå ikkje hadde kome inn på spørsmålet om Nato-utviding, spurte Talbott kva han meinte om det. Lebed svara: «Russarane har reelle problem, dei treng ikkje fantasiproblem».[11] Ennå i 1997 var den offisielle russiske haldninga at «Nato ikkje utgjer noko direkte trugsmål mot Russland», noko Putin sjølv sa seg samd i.[12] I 2001 ymta han til og med frampå om at Russland burde bli medlem av både Nato og EU.[13]

Som vi skal sjå, la også russarar flest bort fiendebildet av Vesten på det meste av 1990-talet. Problemet er at det er så lett for reaksjonære og autoritære krefter å mana det fram igjen. Det er her ideologi og tradisjon kjem inn som ein avgjerande faktor. 

Ideologi og tradisjon 

Vi veit ikkje om Putin og hans folk faktisk meiner det dei seier om faren frå Vesten. Det er vanskeleg å tru. Uansett er det sikkert at russisk tradisjon, ideologi og politisk kultur legg godt til rette for ei slik oppfatning. Førestillinga om Vesten som fiende finn gjenklang langt utanfor tryggingsapparatet og strekker seg langt tilbake i russisk historie. Ho har vore fødselshjelpar for den såkalla russiske idéen, som har stått sentralt i Moskvas stats- og nasjonsbygging og som framleis dominerer russisk politisk kultur, godt hjelpt av Putins propagandamaskin. 

Det mest karakteristiske trekket ved russisk politisk kultur er den autoritære og autoritetstru tradisjonen.[14]Historikaren Marshall Poe meiner at den djupaste rota til denne tradisjonen er Russlands særstilling som den første staten i verda som var i stand til å motstå erobring frå Europa.[15] Poe peikar på to årsaker til dette: 1) det russiske kjernelandet var ikkje tilgjengeleg for erobring sjøvegen og 2) det russiske folket har i det meste av si historie vore underlagt eit mektig, sentralisert einevelde (autokrati). Russland har historisk vore kjenneteikna av ei nøye kontrollert offentlegheit, ein regulert kommandoøkonomi, relativ kulturell isolasjon og ei omfattande militærmakt. At ein alltid kunne visa til ytre trugsmål er ei viktig årsak til at eliten i Moskva har klart å legitimera sitt maktmonopol og sin motstand mot demokratisering, skriv Poe. 

Russland har berre Nordishavet som naturleg grense og er derfor sårbart for invasjon frå alle andre kantar. Derfor har landets herskarar valt defensiv ekspansjon som forsvarsstrategi.[16] Ein har forsvart seg førebyggande ved å erobra granneland som invasjon kunne koma frå. Det er grunnen til at Russland sidan 1500-talet har vore verdas største land – det strekker seg over 11 av verdas 24 tidssoner. Samstundes har storleiken og den tilhøyrande store etniske og religiøse variasjonen gjort det nærast uråd å regjera Russland anna enn med jernhand. Men dei enorme avstandane, det varierande og til dels ekstreme klimaet og den spreidde busettinga (saman med mykje dårleg jordsmonn) har på same tid hindra økonomisk utvikling. Dessutan frykta tsarane framveksten av ein middelklasse som kunne utfordra makta deira. Det var ein viktig grunn til at dei lenge var skeptiske til marknadsøkonomi. 

Avstand og autokrati var også hovudgrunnen til at den europeiske renessansen, reformasjonen og opplysingstida i stor grad gjekk Russland hus forbi. Russisk kultur er heller blitt prega av ei førestilling om at Russland er noko heilt for seg sjølv, makelaust motstandsdyktig mot erobring og annan motgang, men også sårbart og både over- og underlegent i høve til Vesten, og med ein særskilt verdshistorisk misjon. Alt dette kjem saman i ein tradisjonell idé om Russland som Tim McDaniel har definert som «overtydinga om at Russland har hatt sin eigen uavhengige, sjølvberga og eineståande verdige kulturelle og historiske tradisjon som både skil det frå Vesten og sikrar det blomstring i framtida».[17]

Styrken til denne idéen seier mykje om kvifor russarane, uansett regime og tidsalder, har tendert til å ha eit manikeisk syn på verda, og særleg på Vesten. Det har handla om vi mot dei, venn mot fiende, lys mot mørke, godt mot vondt. Realpolitisk nullsumlogikk er dermed djupt forankra i russisk tradisjon og kultur. Det er også ei viktig årsak til at konspirasjonsteoriar har florert i Russland. 

Autokrati, ortodoksi, nasjonalitet

For tsar Nikolaj I (som regjerte 1825-55) var «ortodoksi, autokrati, nasjonalitet» kjernen i den russiske idéen. Denne treeininga stod for den ortodokse kyrkja, monarkiet og bondekommunen, og skulle vera det russiske alternativet til det fransk-europeiske liberté, égalité, fraternité. Programmet var inspirert av ei førestilling om at det russiske folket skilte seg frå europearane som spesielt trufast mot kyrkja og tsaren og ved ei eineståande evne til å ofra seg for moderlandet. «Nasjonalitet» (narodnost’) var uttrykk for slavofilanes hylling av det kollektive leveviset og den mystiske sjela dei tilla den russiske bonden, og som dei meinte stod i motsetnad til vestleg individualisme.[18] I følgje historikaren Orlando Figes handla dette om «ei messiansk oppfatning av Russland som eit ortodokst rike utan landegrenser, eit åndeleg imperium som knytte Moskva, det tredje Roma, til Konstantinopel og Jerusalem».[19]

Slavofilanes motstandarar, dei vestorienterte (zapadnikane)stod på si side for det ein kan kalla den europeiske idéen, med si hylling av einskildindividet, representativt styresett, religiøs toleranse, maktfordeling, rettsstat, marknadsøkonomi, etter kvart også menneskerettar,  demokrati, og liberal internasjonalisme. Zapadnikane fekk (som i dag) støtte frå berre eit mindretal, stort sett dei progressive, unge og intellektuelle i byane. Det store fleirtalet, og spesielt folk i mindre byar og på landet, var nasjonalsinna og provinsielle. 

Etter den russiske revolusjonen i 1917 framstilte Lenin verda på manikeisk vis som ein eksistensiell strid mellom kommunisme og kapitalisme, men med kommunistisk siger som uunngåeleg utfall. Stalin innsåg likevel at den internasjonale revolusjonen ville la venta på seg, og omdefinerte i 1928 Lenins internasjonalisme slik: «ein internasjonalist er ein som utan atterhald støttar Sovjetunionen».[20] Etter det vart sovjetisk ideologi stadig meir russisk-nasjonalistisk: Russland hadde ein spesiell, kommunistisk misjon i verda som skilte det frå Vesten og gav det rett til å herska over store tilgrensande område. 

Det var først då Gorbatsjov kom til makta at Sovjetunionen offisielt la bort marxistisk-leninistisk internasjonalisme og nærma seg det liberale, vestlege motstykket. 

Russisk offentleg opinion

Gorbatsjovs glasnost-politikk vart ein revolusjon for ytringsfridom og åndsliv i Sovjetunionen.[21] I hans regjeringstid gjekk den offentlege debatten stadig friare og media vart meir og meir uavhengige. Ei ny presselov i 1990 oppheva statens mediemonopol og avskaffa det meste av sensuren. Det kom til eit moralsk oppgjer med fortida, også med Stalins barbariske brotsverk og den russisk-sovjetiske imperialistiske arven. 

Under Gorbatsjov gjorde også sosiologiske meiningsmålingar sitt inntog i Russland. Tidlege spørjeundersøkingar viste stor støtte til liberalisering og vestorientering, i tråd med glasnost-ånda. Ifølgje målingar i 1989 gjekk stadig fleire inn for å innføra same politiske rettar som galdt i Vesten. I løpet av 1990 auka også støtta til den vestlege, liberale økonomiske modellen, inkludert inntekt etter innsats, privat eigedomsrett både i industri og landbruk, og sal av statsbedrifter til private. I september 1991, rett etter eit mislukka reaksjonært kupp mot Gorbatsjov, viste ei måling 74 prosent støtte til opning mot utanverda, 69 prosent til fleirpartisystem og 63 prosent til marknadsøkonomi. I ei måling i den europeiske delen av Sovjetunionen i 1990  var tre av fire ikkje vidare uroa over trugsmål frå vest. Stadig fleire sette spørsmålsteikn ved dei store forsvarsutgiftene og spesielt ved  atomvåpenarsenalet. Det var fleirtal for tysk gjenforeining, oppløysing av Warszawa-pakta og sovjetisk tilbaketrekking frå Sentral- og Aust-Europa.[22]

I ein artikkel frå 2000 analyserer to russiske professorar i samfunnsvitskap, German Diligenskij og Sergej Tjugrov, kva som skjedde med russaranes haldningar til Vesten og den vestlege modellen vidare utover 1990-talet.[23]Meiningsmålingane viste ei overvegande positiv innstilling til liberale politiske og økonomiske verdiar i første halvdel av tiåret, trass i ei økonomisk krise som mellom anna førte til eit kraftig (men mellombels) fall i levestandard. Eit klart fleirtal støtta Jeltsins og statsminister Jegor Gajdars radikale reformer, slik også ei folkerøysting i april 1993 viste.[24]Ennå i 1994 meinte tre av fire russarar at Russland burde integrerast i verdsøkonomien, og ikkje minst med Vesten. Tre år seinare valde framleis ein av to «ein stat med marknadsøkonomi, demokratiske institusjonar og respekt for menneskerettane» som modell for Russland. 

Diligenskij og Tjugrov meiner dette skuldast at russarane mest knytte den vestlege utviklingsmodellen til høg levestandard og effektiv økonomi. Dei peikar på at kommunistane og dei konservative (som dominerte i Statsdumaen) ikkje hadde nokon betre modell å by på. Derfor byrja dei å spela på den nasjonale audmjukinga mange russarar kjente over å måtta ta etter Vesten og over tapet av sovjetimperiet (Russland hadde «mista» ein firedel av Sovjetunionens landareal og halvparten av folket, i tillegg til vasallstatane i vest), og på harmen over dei 25-30 millionar etniske russarane og russisktalande som etter 1991 var hamna utanfor moderlandets grenser (flest – rundt 12 millionar – i Ukraina). Ein del var også skuffa fordi Vesten ikkje stilte opp med ein ny Marshall-plan for å hjelpa Russland fram mot ein fungerande marknadsøkonomi. 

«Vestlege» menneskerettar

Samstundes byrja mange respondentar å oppfatta «liberale rettar» som synonymt med uorden og uro i samfunnet, og meinte russiske styresmakter burde gripa inn overfor sine kritikarar for å fremja meir statsvennlege verdiar og haldningar. Dei fleste uttrykte uro over overdriven politisk fridom og ytringsfridom. Ein del oppfatta også menneskerettane og den etablerte verdsordenen som vestlege og derfor framande. Mange vart dessutan støytte over utbreiinga av til dømes pornografi og vald i media den nye ytringsfridommen førte med seg, og knytte liberalisme også til aukande kriminalitet og generelt moralsk forfall etter 1989. 

Den liberale regjeringa forsømte dessutan ikkje berre å forklara kva ho gjorde og kvifor, men skapte også forventningar om velstandsauke som ikkje vart innfridde, meiner Diligenskij og Tjugrov. Dei peikar på at regjeringas reformer hadde gjeve folket nye politiske rettar, men også at omfattande velferdsordningar fall bort (desse hadde vokse kraftig på slutten av 1980-talet og var ei hovudårsak til sterkt veksande offentleg gjeld i Gorbatsjovs regjeringstid[25]).

Ei måling frå 1998 viste likevel at «patriotisme» ennå ikkje stod høgt i kurs. Det var to til tre gonger fleire som prioriterte rettferd, menneskerettar, orden og tryggleik enn dei som heldt «patriotisme» som viktigast. Tre av fire spurte meinte økonomisk utvikling hadde mest å seia for Russlands prestisje i verda, mens berre ein av ti heldt på «styrka militærmakt». Berre ein av fire meinte likevel at «fridom og menneskerettar er viktige nok til å ofra stormaktsstatus».

I 1999 utgjorde «vestorienterte» og «nasjonale patriotar» to nokså jamstore minoritetsgrupper med støtte frå til saman om lag 30 prosent av vaksne russarar. Resten låg ein stad i mellom eller tok ikkje stilling. Ifølgje Diligenskij og Tjugrov oppfatta likevel dei fleste Russland som noko for seg sjølv og som avgrensa frå både aust og vest med kulturelle og psykologiske barrierar. 

Russaranes haldning til vestlege verdiar var tvitydig. I ei måling frå 1998 meinte mest halvparten av dei spurte at omgrepet «fridom» var verdifullt, mens berre ein av fire vurderte «demokrati» på same måte. Andre undersøkingar tyda på at russarar flest var positive til pressefridom, reisefridom og næringslivsfridom, men skeptiske til fleirpartisystem, streikerett og organisasjonsfridom. Fleirtalet syntest derfor å leggja noko anna i ordet fridom enn det som er gjengs i Vesten. Dei tolka «fridom» først og fremst som å kunna leva sitt personlege liv utan innblanding og utan å bry seg om andre. 

I 1998 skylte ei ny internasjonal finanskrise (“Asia-krisa”) inn over også Russland. Saman med stadige budsjettunderskot finansiert av aukande utanlandsgjeld førte det til statsbankerott og ny hyperinflasjon. Meiningsmålingane viste nå at russarane var blitt meir opptatt av offentleg velferd enn av politiske og sivile rettar. Dei fleste var framleis positive til marknadsøkonomi basert på privat eigedomsrett, men få ville godta privatisering av store industrikonsern, bankar, jernbane- og flyselskap og liknande. 

«Gjennomsnittsrussaren er overtydd om at alle problem landet står overfor bør løysast av styresmaktene og er skeptisk til ikkje-statlege organisasjonar», skriv Diligenskij og Tjugrov. Tilsvarande hadde russarane lita tru på rettsstaten og var meir opptekne av at politiske styresmakter måtte sørgja for rettferd og orden i samfunnet. Fleirtalet orienterte seg nå mot ein spesifikt «russisk» utviklingsveg fordi det gav høve til å kritisera både den vestlege og den sovjetiske modellen. 

Vesten som trugsmål

Diligenskij og Tjugrov understrekar at russaranes haldning til Vesten svinga sterkt i løpet av nittiåra. Mellom ein tredel og to tredelar av dei spurte meinte at Vesten alltid har vore fiendtleg innstilt til Russland, at levestandarden i Russland var låg fordi Vesten tente på det, at Russlands motstandarar var vestlege land som ønskte å løysa sine problem på kostnad av Russland, at Nato framleis var fiendtleg innstilt til Russland, og at Vesten framleis truga Russland militært. Folk med høg utdanning var ikkje noko unntak frå dette mønsteret, men unge var mindre vestkritiske enn gjennomsnittet.

Natos bombing av Serbia i Kosovo-konflikten i 1999 gjorde russarar flest drastisk meir vestkritiske. Frå ei måling til ei anna fall prosentdelen som sympatiserte med USA frå 57 til 14. I april 1999 sa 70 prosent av dei spurte at Natos militæroperasjon var eit direkte trugsmål mot Russland. Tilsvarande skjerpa også utbrotet av den andre krigen i Tsjetsjenia i august 1999 russaranes skepsis til Vesten. Dei meinte vestleg kritikk viste at Vesten ikkje forstod kva som stod på spel der og meinte, på bakgrunn av Natos eigen intervensjon i Serbia, at kritikken var dobbeltmoralsk. Respondentanes haldningar reflekterte i begge tilfelle nøye russiske styresmakters framstilling. 

Diligenskij og Tjugrov konkluderer at den viktigaste faktoren som påverkar russaranes oppfatning av Vesten er den indre sosioøkonomiske, politiske og kulturelle utviklinga i Russland. Vesten har likevel ein viss innverknad på russisk opinion. I så måte er ulike former for direkte vestleg assistanse mindre viktig enn det vestlege «toneleiet» eller «stilen». Den russiske nasjonalkjensla er høgst sårbar og svært sensitiv for innblanding eller signal frå Vesten. 

Forfattarane understrekar samstundes at russisk offentleg opinion er ustabil og lett blir påverka av styresmaktenes politiske linje. Basert på meiningsmålingane dei går gjennom i artikkelen meiner dei dette har samanheng med at gjennomsnittsrussaren, i alle fall på 1990-talet, såg på seg sjølv som passiv,  tilpassingsdyktig og, framfor alt, tolmodig. 

Den subjektive faktoren

Den fjerde faktoren eg vil peika på som påverkar Russlands haldning til Vesten er den subjektive, den som har å gjera med mektige einskildindivids historiske tyding. Dei store omveltingane i nyare russisk historie kan ikkje forklarast utan å ta høgde for Gorbatsjovs, Jeltsins og Putins individuelle personlegdomar, bakgrunn og innsats. 

Mikhail Gorbatsjov var den revolusjonære idealisten som klarte å bryta med det gamle, men ikkje visste kva han skulle erstatta det med.[26] Boris Jeltsin var ein ekte demokrat og reformator som var svært handlekraftig i kritiske situasjonar. Hans reformer la grunnlaget for den stabile staten og økonomien Putin fekk på plass mellom 2000 og 2003. Men Jeltsin var hemma av dårleg helse, og reaksjonær motstand og påverknad gjorde han stadig meir autoritær og vestkritisk.[27]

Vladimir Putin er med eit skarpt hovud, stor handlekraft, ein tøff oppvekst, sosialisering i det konspiratoriske KGB og fullstendig fråvær av skruplar blitt den mest diktatoriske og kyniske realpolitikaren i Kreml sidan Stalin.[28] Også fordi den russiske grunnlova av 1993 med seinare revisjonar gir presidenten eineståande vide fullmakter har hans personlege haldningar og interesser prega russisk politikk sterkt sidan han fekk makta. 

Som tidlegare nemnt kallar Anders Åslund Russland under Putin eit autoritært kleptokrati. Russlands president er i dag truleg verdas rikaste mann. Den amerikanske finansmannen Bill Browder anslo i 2015 formuen hans til 200 milliardar USD.[29] Åslund meinte i 2019 formuen utgjorde mellom 100 og 160 milliardar USD. Alt er plassert i utlandet, først og fremst i angloamerikanske skatteparadis, truleg på kontoar som står i namnet til nære venner og allierte av Putin.[30] I 2016 avslørte dei såkalla Panama Papers såleis at Putins kanskje beste venn, cellisten Leonid Roldugin, hadde to milliardar USD ståande i sitt namn. Dei kunne Roldugin umogleg ha tent sjølv.[31] Åslund viser til ei undersøking utført av Boris Nemtsov og Leonid Martinjuk i 2012, som fann at Putin då disponerte tjue palass, fire yachtar, 58 fly og ei samling armbandsur verd 600 000 USD.[32]  Ikkje minst er Putins familie blitt rikeleg tilgodesett.  Også Aleksej Navalnyj og hans støttespelarar har avslørt Putins kleptokrati i stor detalj.[33]

Putin-biografen Philip Short peikar si side på at det aldri er prova at Russlands statsoverhovud er spesielt rik. Short siterer kjelder som meiner at Putin ikkje bryr seg om å ha personleg formue fordi han har tilgang til alt han nokon gong kunne ønska seg gjennom den russiske staten og  sine oligark-allierte. Dessutan vil han aldri kunna gjera seg nytte av pengar han måtte ha i utlandet (Åslund seier til dette at den russiske eliten flyttar store midlar til utlandet fordi dei ikkje stolar på eigedomsretten i Russland – erfaring viser at den som har makta i Kreml kan ta frå dei alt når som helst).[34]

Belton, Åslund og andre understrekar Putins personlege rolle i utviklinga av dagens russiske kleptokrati. Men Putin har i tillegg vore ein meister i å spela på og utnytta russisk historie, tradisjon og politisk kultur for å legitimera seg og sitt regime. Spesielt godt har han lukkast med å framstilla seg sjølv som lekamleggjeringa av den russiske idéen. 

Det må bli ståande ope om Putin er driven mest av økonomiske eigeninteresser eller av politisk-ideologiske overtydingar. Vi har ikkje tilgang til Putins tankar, berre til ytringane og handlingane hans. Som Russland-ekspertane Fiona Hill og Clifford Gaddy gjer, er det likevel trygt å konkludera at for Putin er det å forsvara Russlands interesser praktisk tala blitt det same å forsvara hans eigne og systemet hans sine interesser.[35] I så måte synest han å vera ein høgst rasjonell, men også sjeldant omsynslaus aktør.

Tusenårsbodskapen

I det han ofte kallar «dei fordømte nittiåra» meiner Putin sjølve den russiske statens eksistens stod i fare. Den fremste målsettinga hans då han kom til makta var derfor å gjenreisa ein sterk stat. Det framgjekk av «tusenårsbodskapen» som han fekk publisert i slutten av desember 1999.[36] Med ein styrka stat skulle Russland igjen bli ei stormakt og ein internasjonalt respektert sivilisasjon, nasjonal suverenitet og tryggleik skulle forsvarast og innanlandsk stabilitet og einskap fremjast. Den nasjonale einskapen dette kravde måtte byggja på så vel universelle rettar og fridommar (sa han den gongen) som på «russaranes tradisjonelle verdiar». Som slike verdiar identifiserte Putin patriotisme, tru på Russlands storheit (dersjavnost’), truskap til staten (gosudarstvennitjestvo) og sosial solidaritet. For han utgjorde desse verdiane til saman den russiske, eller for å vera presis, den russlandske, idéen.[37]

Eit anna dokument, «Det nasjonale tryggingskonseptet», som Putin godkjende to veker seinare, varsla endå tydelegere kva som skulle koma. Det omtalte Russlands «interesser som stormakt og som viktig senter i ei multipolar verd» og fordømte «forsøk på dominans frå utvikla vestlege land … leia av USA, med sikte på å tvinga gjennom unilaterale løysingar (primært med bruk av militærmakt) på nøkkelspørsmål i internasjonal politikk».[38]

I tråd med tusenårsprogrammet gjekk den nyvalde presidenten straks i gang med å styrka den statlege «maktvertikalen». Han gjorde det ved å ta kontroll over uavhengige fjernsynsstasjonar, over oligarkane frå Jeltsin-tida, over mektige regionale guvernørar og over ei rekke republikkar som hadde fått ulik grad av sjølvstende gjennom avtalar med den russiske føderasjonen i Jeltsins tid (som konsesjonar for ikkje å prøva å bryta heilt ut, som Tsjetsjenia). Putin fekk også raskt overtalt viktige parti i Statsdumaen til å støtta seg. Sidan parlamentsvalet i 2003 har Putin-kontrollerte parti dessutan hatt solide fleirtal der. Seinare har han lagt under seg det russiske rettsvesenet. Han dominerer dermed i dag alle fire statsmaktene, altså inkludert media. I tillegg kjem stor grad av kontroll over sivilsamfunnet og økonomien. 

Putin innsåg at ein styrka økonomi var avgjerande for å realisera planane hans. Han henta derfor inn liberale, profesjonelle økonomar han kjente frå byadministrasjonen i St. Petersburg til å hjelpa seg. Dei kom på mange måtar til eit dekka bord, fordi Jeltsin etter statskonkursen i 1998 hadde sanert økonomien gjennom djupe reformer.[39] Putins økonomar kompletterte desse med nye strukturelle reformer i dei tre åra mellom 2000 og 2003. Spesielt var radikale kutt i subsidiar til statsbedrifter og i offentlege pensjonsordningar, forutan ein omfattande skattereform, viktige. Mellom anna innførte regjeringa ein flat inntektsskatt på 13 prosent, og selskapsskatten vart redusert frå 36 til 24 prosent. 

Saman med høge petroleumsprisar og ein stram finanspolitikk førte dette etter kvart til at enorme underskot på statsbudsjettet vart erstatta av store overskot. I august 2008 hadde den russiske sentralbanken verdas tredje største valuta- og gullreservar, 598 milliardar USD.[40] Den årlege økonomiske veksten 2000-2008 var på mest sju prosent i gjennomsnitt. Russaranes realinntekter steig samstundes med 10-12 prosent i året. Også pensjonane og velferdsytingane auka monaleg, inflasjonen fall og rubelen stabiliserte seg. Den private sektoren blømde, og stod på det meste, i 2003, for 70 prosent av bruttonasjonalproduktet. På eitt tidspunkt var Russlands økonomi verdas sjette største.[41]

Ifølgje Hill og Gaddy trudde tydelegvis Putin at berre Russland fekk orden i eige hus ville det automatisk kunna tre inn i Sovjetunionens gamle plass i det internasjonale samfunnet. Eit gjenreist Russland ville ikkje provosera nokon og burde ikkje bli oppfatta som eit trugsmål av nokon, meinte han. Tilsvarande ville ikkje Russland sjå på nokon andre som ein fare. Russland kunne tvert om bli Vestens viktigaste partnar, til dømes i kampen mot internasjonal terrorisme, der Putin meinte Russland gjorde ein innsats til fordel også for Vesten i Tsjetsjenia. Til gjengjeld måtte Vesten visa tilbørleg respekt for Russlands vitale nasjonale interesser.[42]

Dette var bakgrunnen for at Putin etter 9/11-åtaket i USA i 2001 opna russisk luftrom for amerikanske militærfly og medverka til at det amerikanske militæret kunne bruka basar i Kirgisistan og Usbekistan til operasjonar i Afghanistan. Våren 2000 overtalte han Statsdumaen til å ratifisera START II-avtalen om atomnedrusting med USA, og føreslo å byrja forhandlingar om START III. I 2002 skreiv Russland under ein ny avtale om reduksjon av strategiske våpen (SORT-avtalen). Same år vart også eit nytt Nato-Russland-råd oppretta. 

Utidig innblanding

Men det var også bakgrunnen for at Putin vart overraska då det russiske militærets brutale framferd mot sivile i Tsjetsjenia utløyste aukande vestleg kritikk, ikkje minst frå USAs visepresident Dick Cheney. Han meinte det var heilt avgjerande å slå ned det tsjetsjenske opprøret for å gjenreisa den russiske statsmakta, og oppfatta framgangen i så måte som ein sine første, store bragdar. Den omsynslause tilnærminga hans til separatistane hadde dessutan gjort han svært populær blant russarar flest og var det som sikra han valet til presidentembetet våren 2000. Det var kanskje nå Putin skjøna at å føra krig var eit sikkert middel til støtte frå russarar flest.[43]

Også aukande restriksjonar på organisasjons- og ytringsfridommen i Russland førte til vestleg kritikk, noko Putin igjen oppfatta som utidig innblanding.  Han antyda at Vesten stod bak det forferdelege terroriståtaket på ein skole i Beslan i Nord-Kaukasus i september 2004. «Fargerevolusjonane» 2003-2005, som førte til at autoritære leiarar som Putin sjølv vart avsette i Georgia, Ukraina og Kirgisistan, var regisserte av Vesten for å undergrava russiske interesser. Planen om eit amerikansk rakettskjold for Europa (som USA hevda var meint som forsvar mot Iran og Nord-Korea og som det i 2002 einsidig sa opp avtalen med Russland om antiballistiske rakettar på grunn av) vart framstilt som eit alvorleg trugsmål mot Russland. Vedtaket om å leggja infrastruktur for amerikansk rakettforsvar til Polen og Tsjekkia og å oppretta framskotne Nato-basar i Bulgaria og Romania var fiendtlege handlingar. 

Frå Putins ståstad verka vestlege styresmakter, ikkje-statlege organisasjonar og media berre å sjå dei negative sidene ved politikken hans. Han forsterka derfor kritikken av amerikansk unilateralisme og unipolar makt. Dette gav han fullt utløp for i sitt særs udiplomatiske oppgjer med den USA-leia Vesten på tryggingskonferansen i München i 2007. Putin gjekk her ut mot ein «unipolar modell» for verda, «unilaterale og ofte illegitime handlingar», «hyperbruk av makt …. som styrtar verda ned i ein avgrunn av permanente konfliktar», og «større og større forakt for folkerettslege grunnprinsipp».[44]  Talen viste at Putin nå kjente seg sterk nok til å utfordra vestleg utanrikspolitikk og den «unipolare» verda på brei front. Nå byrja også det russiske forsvarsbudsjettet å veksa, militæret vart prøvd reformert og atomarsenalet fornya og bygd ut. 

På same tid som Putin trappa opp sin retorikk mot Vesten la han om den økonomiske politikken frå satsing på marknaden til å gje staten ei stadig større rolle. Gjennom arrestasjonen og fengslinga av Russlands rikaste mann, Mikhail Khodorkovskij, i 2003 hadde Putin og staten fått hand om Russlands mest verdifulle private bedrift, oljeselskapet Jukos. Det vart nå dessutan slutt på strukturelle reformar av økonomien. Perioden 2008-12 vart prega av at statlege bedrifter leia av Putins venner og allierte tok over stadig større verdiar i private bedrifter. Åslund kallar det ein overgang til “vennskaps- og statskapitalisme”.[45] Økonomien er blitt stadig meir nasjonalisert og proteksjonismen har auka. Denne utviklinga heldt fram og vart ytterlegare styrka etter storinvasjonen av Ukraina 24. februar 2022, då kleptokratiet kunne forsyna seg frå vestlege bedrifter som trekte seg ut.[46]

På Nato-toppmøtet i Bucuresti i 2008 gjekk USAs president George W. Bush inn for å vedta handlingsplanar som ville ha garantert ukrainsk og georgisk Nato-medlemskap. Ei rekke europeiske land, med Tyskland og Frankrike i spissen, blokkerte forslaget av omsyn til Russland. I staden heitte det i slutt-teksten at dei to landa «vil bli Nato-medlemmer». Det var openbert at dette var ein konsesjon til Russland, ettersom toppmøtet vedtok handlingsplanar for Kroatia og Albania. Ukraina og Georgia stod igjen utan tryggingsgarantiar samstundes som Russland kunne bruka vedtaket som påskot for åtak. Russlands intervensjon i Georgia kort etter var truleg direkte knytt til Natos Bucuresti-vedtak.[47]

Intervensjonen skjedde rett etter at Putins venn frå St. Petersburg, juristen Dmitrij Medvedev, tok over som president. Medvedev gjekk med på USAs president Obamas ønske om endå ein omstart («reset») i det russisk-amerikanske forholdet og framstod på mange måtar som ein relativt vestorientert og liberal president. Det førte mellom anna til underteikning av ein ny START-avtale om atomnedrusting, og til at Russland (til Putins store irritasjon) ikkje la ned FN-veto mot Nato-intervensjonen i Libya våren 2011, at det støtta tiltak mot Irans atomprogram, utvida USAs mogelegheit til å bruka russisk luftrom på veg til Afghanistan, og styrka det bilaterale samarbeidet med USA på mange felt. Til gjengjeld lét USA Russland koma inn i WTO frå 2012. Det var også i Medvedevs presidentperiode (i 2010) at Noreg og Russland vart samde om ei delingslinje i Barentshavet. 

Bolotnaja-protestane

Den russiske vinteren 2011-12 vart prega av store demonstrasjonar mot Putins plan om ei ny rokering med Medvedev og mot fusk i valet til Statsdumaen i desember. Titusenvis russarar gjekk ut i gatene med slagord som «Russland utan Putin!». Dei største folkemøta fann stad på Bolotnaja-plassen i Moskva. Etter 2009 hadde økonomien byrja å stagnera på grunn av fallande petroleumsprisar og ein stadig meir fastlåst, statssentrert økonomisk politikk. Meiningsmålingane viste eit påtakeleg fall i Putins popularitet, frå jamt 75 prosent dei fire åra før til 65 prosent i mars 2011. Det var særleg yngre, vestorienterte delar av den veksande middelklassen i dei store byane som vart meir kritiske. 

Putin meinte å sjå USAs løynde hand bak alt dette. For å vera på den sikre sida sørga han for å manipulera også presidentvalet i mars 2012. Han oppnådde knappe 64 prosent av røystene trass i at han for første gong dreiv aktiv valkamp, 7-8 prosent mindre enn Medvedev i 2008 og han sjølv i 2004. Dette etter måten dårlege resultatet trudde Putin skuldast amerikansk støtte til andre presidentkandidatar.[48]  I Tsjetsjenia, som han få år tidlegare hadde ført ein brutal krig mot, gjekk 99,76 prosent av røystene til Putin. Men også utan manipulasjon ville han truleg fått godt over 50 prosent og dermed unngått ein andre valrunde. 

Trass i protestane, aukande undertrykking, omfattande korrupsjon, veksande byråkrati og ein stagnerande, framleis sterkt petroleumsavhengig økonomi syntest dermed det store fleirtalet russarar når det kom til stykket ikkje å kunna tenkja seg nokon annan leiar. Dei aller fleste hadde det trass alt framleis langt betre enn nokon gong tidlegare, landet var stabilt og Russland var igjen ei stormakt å rekna med. Gjennomsnittsinntekta i Russland vart 12-dobla mellom 2000 og 2013, frå 79 USD til 946 USD i månaden.[49] Uansett hadde berre eit lite mindretal gått ut i gatene, og protestane stilna av etter stadig meir brutale politiaksjonar utover 2012.

Likevel oppfatta Putin demonstrasjonane som eit alarmsignal. I slutten av 2013 viste framleis meiningsmålingar at 80 prosent av dei spurte ikkje ønska han som president etter 2012-18-perioden. Russisk opposisjon og vestlege media trekte stadig parallellar mellom fargerevolusjonane 2003-04, den arabiske våren frå 2010 og Bolotnoja-protestane i Moskva. Etnisk russiske nasjonalistar heva røystene mot stor innvandring til storbyane frå muslimske delar av Russland og Sentral-Asia. Opposisjonsleiaren Aleksej Navalnyj oppnådde 27 prosent av røystene i valet av ordførar i Moskva i september 2013. Folk vart meir misnøgde med si økonomiske stilling.[50] Økonomien stagnerte, veksten forsvann, petroleumsprisane vart halverte, ingen reformer vart gjennomførte og korrupsjonen vaks. 

Putin møtte dette på tre måtar. For det første slo styresmaktene endå sterkare ned på meiningsmotstandarar og kritikarar, som Putin framstilte som femtekolonistar (underforstått for USA). Opposisjonelle som ikkje lét seg pressa til samarbeid vart truga og straffa. Rettssystemet vart eit verktøy for undertrykking. Ei ny lov vart vedtatt som kravde at ikkje-statlege organisasjonar som fekk utanlandsk støtte eller inntekter skulle registrera seg som “utanlandske agentar”. 

Patriotisme og religion

For det andre appellerte Putin til russisk ideologi og tradisjon. Styresmaktene framstilte patriotisme og religion som Russlands moralske fundament og to sider av same sak.[51] Putin hadde i sin tusenårsbodskap uttrykt skepsis til å etablera ein ny russisk statsideologi, noko som dessutan var forbode etter den russiske grunnlova. Men nå verka det som om han hadde kome på andre tankar. Han meinte truleg at den russisk-ortodokse kyrkja kunne nyttast til å mobilisera for patriotiske formål og at religionen kunne vera ei nyttig erstatning for kommunismen som samfunnslim. Den russisk-ortodokse kyrkja under leiing av patriark Kirill spela villig med. Kirill skal vera tidlegare KGB-agent og god for fleire milliardar dollar.[52] Putin framstod nå som from kristen-ortodoks og omtalte menneskerettane som vestlege, til og med antirussiske.

Grunnlaget for denne retorikken var lagt alt i byrjinga av Putins tid som president. I 2000 hadde han fått gjeninnført nasjonalsongen frå sovjettida, men med endra ordlyd. I staden for Lenin vart nå Gud nemnd, omtale av kommunismen vart erstatta av «Russland er vår heilage stat», og «den ævegamle unionen av broderfolk» (som spela på idéen om historisk, austslavisk einskap mellom Russland, Ukraina og Belarus) vart lovprisa heile tre gonger. 

For å styrka den «russlandske» nasjonalkjensla hylla Putin etter 2012 dessutan historiske figurar frå både tsartida og sovjetperioden. Ivan den grufulle og Peter den store så vel som Stalin vart framstilte som nasjonalheltar. Målet var å skapa ei overordna forteljing om den unike russiske identiteten som folket kunne samla seg bak. Nøkkelomgrepet vart tradisjon. Statspropagandaen framheva i aukande grad den ortodokse kyrkja, familieverdiar og «patriotisk oppseding». I ein tale til Statsdumaen i desember 2012 framstilte Putin Russland som ein «sivilisasjonsstat»  bunden saman av det russiske folket, russisk språk og russisk kultur.[53]

I 2007 hadde regjeringa godkjent ei ny lærebok i historie for skulen som understreka kontinuiteten mellom tsar-Russland, Sovjetunionen og det nye, post-kommunistiske Russland. I 2013 vart det så utvikla  eit nytt «konsept for historieundervisning» på alle nivå. Kontinuiteten gjennom tidene vart understreka og patriotisme fremja endå sterkare enn før. Svarte flekkar på landets rulleblad, som Molotov-Ribbentrop-pakta (mellom Sovjetunionen og nazi-Tyskland), vart kvitvaska eller ikkje omtalt, mens militære sigrar vart hylla. Dei to store patriotiske krigane, mot Napoleon i 1812 og mot Hitler 1941-45, vart spesielt framheva. Konseptet lovpriste Russlands eineståande rolle i verdshistoria. Landets historielærarar vart samstundes minte om at for den ortodokse kyrkja var Moskva det tredje Roma.[54]

Denne historieforteljinga går igjen i temaparken «Mi historie», som opna i Moskva i 2015 (tjue slike parkar var då planlagde rundt i landet): Russland blomstrar når det er sameint under ein sterk leiar. Når det er splitta, står det i fare for invasjon frå framande makter, støtta av provestlege, indre fiendar. Desse fryktar eit mektig Russland og ønskjer å halda det svakt eller bryta det opp. Det viktigaste av alt er derfor å halda staten så sterk at han kan forsvara landets grenser. Romanov-tsaranes einevaldsmakt sikra framgang gjennom tre hundre år, inntil dei «liberale» i 1917, egga fram av sine vestlege allierte, fekk øydelagt det russiske riket. Folket vart splitta i borgarkrig, men Stalin samla dei og gjorde Russland sterkt igjen. Same syklus gjentok seg i 1991: dei liberale Gorbatsjov og Jeltsin var Vestens nikkedokker og fekk staten til å bryta saman, men Russlands stordom er blitt bygd opp på nytt under Putins sterke leiing.[55]

Konservativ kulturkrigar

Putin iscenesette samstundes seg sjølv som konservativ kulturkrigar. I 2015 var St. Petersburg vertskap for «Det første internasjonale konservative forumet». Nasjonalistar frå ytre høgre, nynazistar og antisemittar frå heile Europa deltok. Russland forsvarte nå tradisjonelle verdiar, støtta vestlege populistar, og stilte opp for autoritære statsleiarar (som al-Assad i Syria) mot demokratiske, påstått vestleg støtta opprør.[56] Verdiar basert på russisk historie vart nytta i ein utvida informasjonskrig mot Vesten. I ein tale i september 2013 hevda Putin: 

Vi ser korleis mange av dei euroatlantiske landa nå avviser røtene sine, inkludert kristne verdiar som utgjer grunnlaget for vestleg sivilisasjon. Dei fornektar moralske prinsipp og alle tradisjonelle identitetar: nasjonale, kulturelt-religiøse, til og med seksuelle. Dei gjennomfører ein politikk som likestiller store familiar og likekjønna ekteskap, tru på Gud med tru på Satan. Politisk korrektheit utartar nå i ein slik grad at folk seriøst snakkar om å oppretta politiske parti som går inn for pedofili.[57]

Vinterolympiaden i Sotsji i februar 2014 markerte på mange måtar Putins endelege siger over Bolotnoja-demonstrantane. Russland tok fleste medaljar. Dei russiske styresmaktene viste seg like gode til å gjennomføra store internasjonale arrangement som dei sovjetiske under sommar-OL i Moskva i 1980. Opnings- og avsluttingsseremoniane vart ei imponerande, globalt kringkasta feiring av den storslegne russiske historia, den rike russiske kulturen og Russlands internasjonale tyding, nasjonale kraft og generelle suksess.[58] Seinare har det vist seg at den store russiske medaljehausten skuldast omfattande doping og at bygginga av OL-anlegga var prega av ufatteleg korrupsjon.  

Euromajdan og starten på Ukraina-krigen

Levada-senterets meiningsmålingar byrja nå å visa tydeleg aukande støtte til Putin blant russiske veljarar. Russlands første intervensjon i Ukraina, rett etter Sotsji-OL, førte til at populariteten hans steig til tidlegare ukjente høgder. Det er derfor grunn til å tru at intervensjonen også var eit tredje svar frå Putin på den sosiale uroa som kom til uttrykk i Bolotnaja-protestane. 

Ukraina er uansett strategisk særs viktig sett i eit tradisjonelt imperialistisk russisk perspektiv. Ukraina var den rikaste, mest avanserte og nest største sovjetrepublikken, med det største  militær-industrielle komplekset og 45 millionar innbyggjarar. Rundt 80 prosent av russisk gasseksport til Europa gjekk i 2013 gjennom Ukraina. Dei fleste vestlege erobringstog mot Russland hadde marsjert gjennom Ukraina og Belarus. Slik Putin og dei fleste russarar såg det, var Kyiv-riket (Rus, ca. 880-1150) dessutan den første russiske staten og opphavet til både «den ævegamle unionen av broderfolk» og den ortodokse kristendommen i Russland. Eit uavhengig Ukraina som krev denne arven for seg undergrev truverdet til Putins russlandssentrerte historieforteljing og dermed også hans eigen legitimitet. 

Kontroll over Ukraina var også heilt avgjerande for Putins planlagde integrasjon i Eurasia. Denne skulle gjera Russland meir økonomisk uavhengig av Vesten og meir robust overfor eksterne sjokk som i 1998 og 2008. Men planen hadde også eit geopolitisk siktemål. I den nemnde talen i 2013 skildra Putin ein eurasisk union som ikkje berre skulle vera økonomisk, men også «eit prosjekt for bevaring av nasjonanes identitet i det historiske eurasiske rommet i det nye hundreåret og ei ny verd. Eurasisk integrasjon er ei mogelegheit for heile det tidlegare sovjetområdet til å bli eit uavhengig senter for global utvikling, heller enn å bli verande Europas eller Asias utkant.»[59] Året etter fekk visjonen konkret uttrykk i stiftinga av Den eurasiske økonomiske unionen. Armenia, Belarus, Kasakhstan, Kirgisistan og Russland var med, men ikkje Ukraina.

For Anders Åslund er Putin-kleptokratiet oppteke av Ukraina først og fremst fordi Putin «betre enn dei fleste forstår» at det nærskylde grannelandet er ei «naturleg slagmark» mellom det autoritære Russland og det demokratiske EU. «Dette er ein kamp mellom elitens umåtelege tilkarring og demokrati og rettsstat, og handlar ikkje om gjenreising av det russiske imperiet. Putin kan ha rett om han ser dette som det største trugsmålet mot regimet sitt i Russland». I si bok frå 2019 spådde Åslund at Russland som «klassisk makt i forfall» kunne koma til å utnytta militærmakta si mens det framleis var i stand til det. Med ein stagnerande økonomi trong Putin i tillegg endå «ein liten, sigerrik krig» (etter Georgia, Ukraina og Syria) for å halda seg ved makta. Åslund viser til at russaranes realinntekt fall med 17 prosent frå 2014 til 2017 og at levestandarden var på veg nedover.[60]

Euromajdan-opprøret i Ukraina 2013-2014 oppstod då Putin pressa den dåverande ukrainske presidenten, Viktor Janukovytsj, til å droppa ein ferdigforhandla assosieringsavtale med EU. Putin hadde innsett av avtalen ville gjera det uråd for Ukraina å delta i Den eurasiske økonomiske unionen. Protestane førte til slutt til at Janukovytsj rømte til Russland og at Ukraina likevel skreiv under avtalen med EU. Putin oppfatta dette som eit kupp regissert av USA og EU, retta mot vitale russiske interesser. 

Det var altså Ukrainas tilnærming til EU, ikkje til Nato, som gjorde at Russland først krenka ukrainsk suverenitet. Fram til Euromajdan-opprøret viste meiningsmålingar at dei færraste ukrainarar ville inn i Nato. President Janukovytsj hadde dessutan lagt saka til side. Stemninga snudde brått etter tapet av aust-Ukraina og Krym. 

Men Putin framstilte nå Nato og EU som eitt og det same, det vil seia som reiskap for amerikansk verdshegemoni. Vesten hadde kryssa ei raud linje ved å dytta Ukraina i retning EU, på same måte som då Nato hadde lova Ukraina og Georgia medlemskap i 2008. Verken Vesten eller Ukraina hadde tydelegvis lært leksa frå den russiske intervensjonen i Georgia seks år tidlegare. 

Suverene og ikkje-suverene land

I ein triumferande tale til Russlands ambassadørar seinare i 2014 erklærte Putin at den unipolare verda endeleg var over. Resten av verda gjekk nå vidare mot ei multipolar verd.[61] I denne verda var det to kategoriar land: dei som var fullt ut suverene og dei som berre delvis var det. Etter å ha redusert utanlandsgjelda si kraftig var Russland eitt av dei få heilt suverene og uavhengige landa, saman med USA og Kina. Dette var land som hadde tilstrekkeleg styrke i form av historie, kultur og identitet så vel som økonomisk og militært til å kunna forfølgja sine interesser heilt sjølvstendig. «Realisten» Putin meinte dessutan det var best å unngå permanente alliansar. Uavhengigheit og manøvreringsrom var essensen i suverenitet.[62]

Russland la nå endå større vekt på FN enn før. Moskva hadde vetorett i Tryggingsrådet og kunne dermed stansa alle amerikanske og vestlege resolusjonar der som ikkje var i tråd med regimets interesser. Også andre konsensusbaserte grupperingar som OSSE, APEC, G20, BRICS og Shanghai Cooperation Organization[63] var nyttige. Det russiske utanriksdepartementet byrja samstundes å gjenoppliva banda frå sovjettida til Afrika, Asia og Latin-Amerika, så vel som til Midt-Austen. Og ikkje minst byrja Russland å byggja ut sambandet med Kina.[64] Overfor Vesten innleia Russland ei «hybrid» krigføring, mellom anna med forsterka desinformasjon og fordekt innblanding i vestleg politikk, som i det amerikanske presidentvalet i 2016.

I ein tale i symboltunge Jalta på Krym i august 2014 skisserte Putin nærare kva Russland nå forventa frå Vesten.[65]Bodskapen hans var: La oss leva våre liv i fred. La oss byggja vår eiga verd i Russland. Ikkje trug oss eller bland dykk inn i våre nærområde. Vi vil ha ein ny Jalta-konferanse som deler verda inn i maktsfærar. Russlands sfære omfattar alle delar av Europa og  Eurasia som ein gong var del av Det russiske riket og Sovjetunionen. Innan dette rommet har Russland «privilegerte interesser» som går framom alle andres.[66]

Trass i Russlands iherdige forsøk på destabilisering vart den ukrainske viljen til å slutta seg til Vesten berre styrka etter 2014. Folket vart meir sameint, demokratiet konsolidert, landet førebudd på EU- og Nato-medlemskap og innsatsen mot korrupsjon intensivert. Samstundes vart det ukrainske militæret reformert med støtte frå Nato og Nato-land. Den vestlege responsen på den første russiske intervensjonen var først relativt spak, men vart skjerpa etter at separatistar i Donbass skaut ned eit malaysisk passasjerfly med ein rakett produsert og levert av Russland. 298 passasjerar omkom, to tredelar av dei nederlendarar. 

Vi må tru at den ukrainske konsolideringa saman med isolasjon, mykje lesing av historie og ytterlegare radikalisering under Covid-19-pandemien styrka  Putins overtyding om at Russland måtte ta full kontroll over Ukraina før det var altfor seint. Våren 2021 byrja den russiske hæren ein oppmarsj med til slutt 200 000 soldatar rundt Ukraina. Sommaren same år offentleggjorde Putin sin artikkel om «den historiske einskapen mellom russarar og ukrainarar».[67] I desember kom russisk UD med eit ultimatum til Nato om å inngå ein folkerettsleg avtale med tryggingsgarantiar for Russland som ville utelukka ukrainsk og georgisk Nato-medlemskap og fjerna all Nato-infrastruktur i Sentral- og Aust-Europa.[68] Som ventande var avviste Nato dette. Fullskalainvasjonen følgde 24. februar 2022. 

Oppdatert utanrikspolitisk konsept

Etter invasjonen har Kreml eskalert sin ideologiproduksjon. Putinismen er nærast blitt ein industri og er samstundes i stadig utvikling. Kreml oppmuntrar mangfald og bestiller innspel frå ulike hald så lenge bidragsytarane held seg innan den overordna forteljinga. Eitt nyleg resultat er innføring av obligatorisk undervisning om Russland, russisk historie og russiske verdiar ein gong i veka i skulen (Rozgovor o vazjnom – samtale om det viktige). Eit anna er eit obligatorisk «grunnkurs i russisk statsform», som vart innført på universiteta i 2023.[69]

Eit tredje uttrykk for det same er Russlands oppdaterte utanrikspolitiske konsept frå mars 2023.[70] Det omtalar Russland som «ein eineståande statssivilisasjon», «ei enorm eurasisk og eurostillehavsmakt» og som kjernen i «den russiske verda». «Eurasia» og «eurasisk» er nemnt heile 24 gonger, mot berre to gonger i det føregåande konseptet.[71] Eit anna viktig omgrep er «det nære utlandet», dvs. medlemmene av Samveldet av uavhengige statar (Armenia, Aserbajdsjan, Belarus, Kasakhstan, Kirgisistan, Russland, Tadsjikistan og Usbekistan), underforstått også Ukraina. Dette «nære utlandet» er nemnt først når konseptet listar opp politikken for ulike regionar. Interessant nok for Noreg følgjer deretter Arktis på prioriteringslista. Så kjem det eurasiske kontinentet, med særskilt omtale av Kina og India (implikasjonen er at desse landa også er fullt suverene «statssivilisasjonar»).

Tredje sist kjem «den europeiske regionen». Her heiter det at dei fleste europeiske statar fører ein aggressiv politikk mot Russland som mellom anna undergrev «tradisjonelle russiske åndelege og moralske verdiar». EU i seg sjølv blir ikkje nemnt meir enn ein gong (Putin mislikar overnasjonalitet og prøver å splitta EU)[72], og då som eitt av trugsmåla mot Russland. Ukraina er omtalt berre når det er tale om «antirussiske» reaksjonar på tiltak Russland har treft «for å forsvara sine vitale interesser». 

«USA og andre angelsaksiske statar»[73] kjem nest sist i lista, før Antarktis, men etter til dømes Afrika. Her omtalar Russland USA mellom anna som «hovudinspiratoren, tilretteleggjaren og utøvaren av den aggressive antirussiske politikken til det kollektive Vesten, kjelda til dei viktigaste risikoane for tryggleiken til den russiske føderasjonen, den internasjonale verda, [og] balansert, rettferdig og progressiv utvikling av menneskeheita». 

Liksom «Eurasia» omtalar konseptet global «rettferd» påfallande ofte. Det skal appellera til det «globale sør» og antikolonialistiske og antivestlege stemningar både der og andre stader.[74] Utanriksminister Sergej Lavrov har då også drive hektisk reiseverksemd til Afrika, Latin-Amerika og Asia i tida etter invasjonen.  

Russlands krig

Putinismen gjennomsyrar i dag russisk offentleg opinion. Russaranes breie oppslutning om krigen mot Ukraina viser at fullskalainvasjonen i februar 2022 utgjer Russlands, og ikkje berre Putins, krig.[75]

Trass i at det er stempla som «utanlandsk agent» gjennomfører Levada-senteret i Moskva framleis truverdige (men sjølvsagt diskutable) spørjeundersøkingar. Truleg kan det skje fordi det er nyttig for regimet å få uavhengig, vitskapleg fundert informasjon om kva russarar flest tenker. Ifølgje tidsseriar frå senteret steig prosentdelen russarar som meiner Russland bør frykta Nato-landa frå under 30 i 1997 til 60 i mai 2022. I april 1990 var 7 prosent negative og 75 prosent positive til USA, mens tilsvarande tal i februar 2023 var 73 og 14. Haldningane til EU og Ukraina følgde ei liknande utvikling, men med mindre utslag. Som vi har sett tidlegare, var det likevel store svingingar i haldningane over tid.[76]

Levada-senterets tidsseriar viser også at sidan 2008 (då Russland intervenerte i Georgia) oppfattar stadig færre russarar Russland som eit europeisk land og seg sjølve som europearar. I september 2008 meinte 52 prosent at Russland var europeisk, i august 2019 meinte 37 prosent dette, og i februar 2021 29 prosent. Prosentdelen som ikkje kjente seg som europearar steig frå 52 i 2008 til 63 i 2019 og 70 i 2021.[77]

I følgje målingar etter fullskalainvasjonen av Ukraina, også utførde av Levada-senteret, støttar om lag tre av fire russarar invasjonen «fullt ut» eller «for det meste», mens 15-20 prosent er sterkt negative.[78] Ni av ti av dei som støttar Putin støttar også «spesialoperasjonen». Det er likevel fleire motstandarar av fullskalainvasjonen og kritikarar av Putin i dag enn det var etter delinvasjonen i 2014. Motstandarane av krigen er mest yngre folk som bur i dei største byane. Dei som er generelt kritiske til Putin og hans regime og mest positive til Vesten er også dei som er mest mot krigen. 

Levada-senterets samtalar med fokusgrupper[79] tyder på at russarane støttar invasjonen først og fremst på grunnlag av to løgner: at dei russisktalande i Ukraina var truga og at ansvaret for det som skjer heilt og fullt ligg hos Russlands fiendar, dvs. Vesten. Dette er same myter som vart fremja for å rettferdiggjera den første invasjonen i 2014. Dei fleste i fokusgruppene, og spesielt eldre, var ikkje i tvil om at Vesten, leia av USA, lenge har prøvd å tvinga Russland i kne og omringa det med militærbasar. Krigen var uunngåeleg, påstår dei. Akkurat som styresmaktene hevdar. 

For å halda kontrollen over samfunnet ønskjer regimet likevel først og fremst passiv støtte, ikkje aktivt engasjement. Folkeleg aktivisme heller enn underkasting kunne til dømes føra til at etnisk russisk nasjonalisme tek overhand.[80]

Vestleg politikk

Vestleg politikk og korleis han blir oppfatta Russland er den femte og siste faktoren eg vil drøfta som mogleg årsak til det russiske fiendebildet av Vesten. Ifølgje russisk propaganda ligg jo skulda for at vi har hamna der vi er eine og aleine på Vesten. 

Moskva såg ingen grunn til at Nato skulle bestå etter at den kalde krigen var slutt, Warszawa-pakta nedlagt, dei sentral- og austeuropeiske landa frie og Sovjetunionen/Russland på demokratisk kurs. I staden trong ein ei euroatlantisk tryggingsordning og det Gorbatsjov kalla ein «felles europeisk heim» frå Atlanterhavet til Ural. Mange i både Europa og USA var samde i dette.

Men USAs president Georg H.W. Bush (1989-93) var ein «realist» som ikkje lét seg riva med av jubelen etter murens fall.[81] For han var det ikkje aktuelt at USA skulle trekka seg ut av Europa. Han var fast bestemt på at Nato, under overoppsyn av USA, måtte bestå som ein garanti for stabilitet i den uføreseielege, nye situasjonen som var oppstått. Presidentens tryggingsrådgjevar Brent Scowcroft og nestleiaren hans, Robert Gates, meinte historisk erfaring tilsa at uansett kva Gorbatsjov sa ville Moskva før eller seinare igjen slå inn på ein ekspansjonistisk kurs, særleg i Europa.[82]

Bush konkluderte tidleg i 1990 også at eit samla Tyskland måtte vera fullt med i Nato. Dermed vart ikkje Nato nedlagt, men tvert om utvida inn i Sovjetunionens tidlegare maktsfære, først til grensa mellom Tyskland og Polen, så vidare austover og sørover.

Myten om Vestens falske lovnader  

Seinare russisk harme over dette har utkrystallisert seg særleg i ein påstand om at Gorbatsjov vart «lurt», eller i alle fall at Nato-utvidingane har vore i strid med «anda» i den historiske to pluss fire-avtalen om tysk gjenforeining frå 1990. Framståande representantar for Vesten skal då ha lova Gorbatsjov at Nato ikkje skulle utvidast inn på territoriet til den dåverande Warszawa-pakta. Det skal ha vore føresetnaden for at Sovjetunionen gjekk med på den tyske gjenforeininga. Det var Jeltsin som først hevda dette, i 1993, og skuldinga er blitt regelmessig gjentatt både frå russisk og vestleg side sidan det. 

Standardinnvendinga mot denne oppfatninga er blitt å visa til Gorbatsjovs memoarar, der han hevdar at Nato-utviding utover eit gjenforeint Tyskland ikkje stod på dagsorden i 1990. Som Mary Sarotte[83] peikar på, er problemet med dette at Ungarn, Tsjekkoslovakia og Polen byrja å visa interesse for både Nato- og EU-medlemskap så snart den kalde krigen var slutt. Ungarns utanriksminister Gyula Horn var truleg først ute då han tok opp ungarsk tilnærming til Nato i eit møte med den amerikanske forsvarsministeren, Lawrence Eagleburger, 20. februar 1990. Polens og Tsjekkoslovakias utanriksministrar vitja Natos hovudkvarter i Brussel i slutten av mars, og Ungarns statsminister i juni. Seinare i 1990 kom også rumenske og bulgarske regjeringsrepresentantar til Brussel for å ha samtalar i Nato. Som Gorbatsjov sjølv stadfesta i samtalar mellom anna med Frankrikes president Mitterrand, var sovjetiske styresmakter fullt klar over dette. 

Sentralt i striden om kva Vesten lova om Nato-utviding står ulike oppfatningar av kva USAs dåverande utanriksminister James Baker sa i møte med Gorbatsjov og hans utanriksminister Eduard Sjevardnadze i Moskva 9. februar 1990. I den russiske versjonen, som byggjer på sovjetiske arkiv og Gorbatsjovs memoarar, gav Baker då «assurances that NATO’s jurisdiction would not shift one inch eastward from its present position». Ifølgje Baker sjølv og eit notat han sende til den vesttyske forbundskanslaren Helmut Kohl rett etterpå formulerte han dette som eit hypotetisk spørsmål: Kunne noko slikt få Moskva til å godta tysk gjenforeining? Alle er samde om at Gorbatsjov svara at inga utviding av Nato var akseptabel. Ifølgje den russiske versjonen skal Baker ha replisert at «we agree with that». 

Not one inch

Bakers nå berømte ord om not one inch, anten dei var meint som ein lovnad eller eit hypotetisk spørsmål (fornufta talar for det siste, ettersom det var altfor tidleg for både Baker og andre å lova noko som helst – det hadde han heller ikkje fullmakter til), var i tråd med den vesttyske utanriksministeren, Hans-Dietrich Genscher, si dåverande haldning. Genscher hadde fått forbundskanslar Helmut Kohl med på at tysk gjenforeining kunne skje utan at austtysk territorium vart ein del av Nato. 

Det gav Kohl og Genscher også uttrykk for i møte med Gorbatsjov og Sjevardnadze rett etter at Baker hadde reist, 10. februar 1990. Men Kohl fekk samstundes Gorbatsjov til å godta at det skulle vera opp til det tyske folket om det ville gjenforeina Tyskland, utan vilkår og utan å seia noko om dei internasjonale sidene av dette. Det var eit historisk gjennombrot. 

President Bush meinte at Baker hadde gått for langt i Moskva. Han gav utanriksministeren sin beskjed om å gjera klart at heile Tyskland skulle bli med i alliansen, men om nødvendig med ein spesiell status for Aust-Tyskland. Baker innsåg at han ikkje burde ha brukt ordet «jurisdiksjon» i Kreml, men «styrkar». Det ville ha signalisert at Nato-traktaten, ikkje minst artikkel 5 om kollektivt forsvar, skulle gjelda på austtysk territorium, men også at ein var villig til å renonsera på troppestasjonering, utplassering av våpen og bygging av militær infrastruktur frå Natos side her. Ordet jurisdiksjon var elles meiningslaust i denne samanhengen, fordi Nato som organisasjon ikkje har noko slikt. 

Før eit amerikansk-sovjetisk toppmøte i Washington D.C. 31. mai -1. juni 1990 vart Bush og Kohl samde om å bruka ein idé Mitterrand først lanserte, nemleg å visa til Helsinki-sluttakta av 1975. Der heiter det at alle land sjølve kan velja kva allianse dei vil vera med i. På toppmøtet sa Gorbatsjov seg samd i dette. Det var nok eit gjennombrot. «Helsinki-prinsippet» vart seinare stadfesta i Paris-erklæringa (Charter of Paris for a New Europe), som alle KSSEs (seinare OSSEs) medlemsland, inkludert Russland, slutta seg til på eit møte i Paris 19.-21. november 1990. 

To pluss fire-traktaten om tysk gjenforeining vart underteikna 12. september 1990 i Moskva. Traktaten stadfesta at heile det gjenforeinte Tyskland skulle vera del av Nato. Som ein konsesjon til Sovjetunionen bestemte traktaten likevel at ingen atomvåpen skulle stasjonerast på tidlegare DDR-territorium. Dette området vart dermed, som det einaste i Europa, erklært atomvåpenfritt for all tid i ein folkerettsleg avtale. Etter avtalen skulle dessutan ingen utanlandske Nato-styrkar stasjonerast eller utplasserast på austtysk jord. Sovjetunionen fekk frist til slutten av 1994 med å trekkja seg ut av Tyskland. 

Sarotte framhevar likevel at etter sterkt amerikansk og britisk press natta før underteikninga fekk avtalen eit særskilt underteikna tillegg. Det presiserte at det er opp til tyske styresmakter å avgjera kva utplasserast («deployed») betyr i praksis. Nato-styrkar har dermed høve til å kryssa kald krig-grensa mellom Vest- og Aust-Tyskland og opphalda seg mellombels på tidlegare DDR-jord så lenge tyske styresmakter godkjenner det. Dette vart gjort for å opna for at Polen seinare kunne bli medlem av Nato. 

Her skreiv altså Sovjetunionen ved utanriksminister Sjevardnadze under på ein folkerettsleg avtale som ikkje berre opna for at heile det gjenforeinte Tyskland skulle bli med i Nato, men som også la til rette for at det kunne koma nye Nato-land lenger aust. Sarotte minner om at Jevgenyj Primakov med sorg erkjente dette i sine memoarar.[84]Sovjetunionen hadde dermed skriftleg godkjent at Natos ekspansjon austover byrja med den tyske gjenforeininga 3. oktober 1990. 

Ein nærliggande grunn er, som Kohl meinte, at Sovjetunionen faktisk ønskte heile det gjenforeinte Tyskland i Nato og USA i Europa som garanti mot framtidig ekspansjon frå ei revansjistisk, ny tysk stormakt.[85] Likevel vart påstanden om brotne løfte eit fast innslag i den seinare russiske desinformasjonen overfor Vesten. 

Russia first

Likevel var ingenting avgjort om kva som skulle skje med resten av Sentral- og Aust-Europa. Amerikansk UD og tryggingsstaben til president Bush så vel som vesteuropeiske leiarar var på dette tidspunktet skeptiske til utviding av Nato utover Aust-Tyskland. For dei var det viktigaste å støtta Gorbatsjovs stadig meir einsame kamp for å redda Sovjetunionen fordi dei frykta at det sovjetiske atomvåpenarsenalet skulle koma på avvegar. Dei ønskte atomnedrusting mens Gorbatsjov framleis sat ved roret. Dette gav mange av dei også uttrykk for offentleg og i samtalar med sovjetiske styresmakter. Det er mot denne bakgrunnen ein må forstå «lovnader» som den Storbritannias statsminister John Major skal ha kome med i mars 1991 overfor Gorbatsjov: Nato-utviding (utover Tyskland) var ikkje aktuelt («nothing of the sort will happen»). 

Men også Moskva visste at i slike saker var det først og fremst USA som bestemte. Internt i Washington D.C. tok forsvarsminister Dick Cheney alt tidleg i 1991 til orde for å utvida Nato med Polen, Tsjekkoslovakia og Ungarn. Likevel vart mange alternativ drøfta. Gorbatsjov gjekk inn for å gjera Konferansen om sikkerheit og samarbeid i Europa (KSSE), der Russland hadde veto, om til ein paneuropeisk tryggingsorganisasjon som skulle erstatta Nato. 

I røynda var det dei dei sentral- og austeuropeiske landa som pressa på både for Nato- og EU-medlemskap, ikkje Nato og EU som aggressivt tvinga seg inn i Sovjetunionens tidlegare maktsfære. Utviklinga i Sovjetunionen styrka etter kvart polske, tsjekkoslovakiske og ungarske krav om Nato-medlemskap. Særleg skremde sovjetiske tryggingsstyrkars brutale framferd mot demonstrantar for litauisk sjølvstende på «den blodige søndagen» i Vilnius 13. januar 1991. Då vart 13 personar drepne og fleire hundre skadde. Det halvhjarta kuppforsøket mot Gorbatsjov i august same år skapte endå meir usikkerheit. Etter dette viste det seg uråd å redda Sovjetunionen. Litauen og Georgia hadde erklært sjølvstende alt før kuppforsøket. Etterpå følgde ni andre sovjetrepublikkar etter. Ukraina var blant dei. 

I løpet av 1991 vart det klart at det ikkje fanst noko truverdig, gjensidig akseptabelt alternativ til Nato som euroatlantisk tryggingsordning. For likevel inntil vidare å unngå utviding og dermed å provosera Moskva oppretta Nato i november 1991 eit nordatlantisk samarbeidsråd (North Atlantic Cooperation Council, NACC). Det var i første omgang tenkt om eit samarbeids- og rådføringsforum med tidlegare warszawapaktland og dei baltiske republikkane. Jeltsin gjorde det klart at eit snart sjølvstendig Russland også ønskte å vera med i NACC. Han meinte rådet burde danna grunnlag for eit Nato-basert tryggingssystem frå Vancouver til Vladivostok. Kanskje var det eit slikt system han hadde i tankane då han i desember 1991 skal ha sendt eit brev til Nato-hovudkvarteret i Brussel om at Russland på sikt ønskte å bli full medlem av Nato.[86]

Bill Clinton, som tok over som USAs president i januar 1993, prioriterte som sin forgjengar Bush forholdet til Moskva framfor sentraleuropeiske ønske om Nato-medlemskap. Slagordet var Russia first. Clinton vitja Russland oftare enn nokon annan amerikansk president både før og etter. Som dei fleste andre vestlege leiarar var han ein liberal internasjonalist som strekte seg så langt han kunne for å få eit demokratisk Russland med som støttespelar i den rettsbaserte verdsordninga som hadde vokse fram etter andre verdskrigen. 

Partnarskap for fred

Clinton var nøye med å understreka at Nato i prinsippet var ope også for Russland. Men han innsåg at det var lite realistisk. NACC-samarbeidet viste seg dessutan ganske raskt å bli nokså innhaldslaust. 

Clinton prøvde derfor å koma Moskva i møte på andre måtar. I slutten av 1993 lanserte Washington ein ny idé som skulle ta vare på både Russlands og sentral- og austeuropeiske lands ønske om samarbeid med og tilpassing til Nato: Partnarskap for fred (Partnership for Peace, PfP). Det var eit bilateralt samarbeidsprogram mellom Nato og militæret i postkommunistiske land om mellom anna opplæring, øving, krisehandtering, fredsbevaring og sivilt-militært samarbeid.  

I eit møte om PfP med Jeltsin og Kozyrev i Moskva 22. oktober 1993 forsikra Clintons utanriksminister Warren Christopher at ingenting kom til å bli gjort for å ekskludera Russland frå «full deltaking i Europas framtidige tryggleik». Han understreka at på grunn av PfP var det ikkje aktuelt å ta opp nye Nato-medlemmer på kort sikt. Jeltsin gav då uttrykk for at PfP var ein «strålande» idé. Han fekk kanskje ikkje med seg at Christopher la til at USA sjølvsagt kom til å vurdera utviding av Nato på lengre sikt. Også dette er seinare blitt brukt frå russisk side som døme på at Russland vart lurt om Nato-utviding. 

PfP vart lansert i 1994, og Russland erklærte seg kort etter villig til å vera med. Men som NACC vart PfP raskt mindre attraktivt. Jeltsin vart vonbroten då han innsåg at Russland ikkje fekk nokon privilegert stilling (les: vetomakt) og heller ikkje kom til å stilla først i køen for Nato-medlemskap. Polen, Tsjekkia (skilt frå Slovakia i 1993) og Ungarn dreiv samstundes si lobbyverksemd for full Nato-medlemskap vidare, nå med tung støtte frå Clintons tryggingsrådgjevar Anthony Lake, viseutanriksminister Richard Holbrooke, Tysklands forsvarsminister Volker Rühe (som meinte det ville vera bra for Tyskland om Polen vart Natos austgrense), og Natos generalsekretær Manfred Wörner. 

I mellomvalet hausten 1994 vann det republikanske partiet kontroll over begge husa i den amerikanske kongressen. Partiet gjekk inn for rask Nato-utviding, og republikanske kandidatar fekk mange røyster frå sentraleuropeiske innflyttarmiljø i USA. Dette medverka til at også Clinton, som for lengst hadde byrja tenkja på neste presidentval, vart meir positiv til Nato-utviding utan Russland. Ifølgje Sarotte bestemte Clinton-administrasjonen seg for å gi grønt lys for den første Nato-utvidinga i eit møte i Det kvite huset rett før jul 1994.

Bak denne utviklinga låg hendingar som hadde sådd ny tvil om det russiske demokratiets framtid og om den russiske bjørnen verkeleg var tamd. Reaksjonære krefter gjorde eit nytt kuppforsøk i 1993, nå i Statsdumaen, noko Jeltsin slo ned brutalt (mellom anna gav han ordre til bombing av bygninga forsamlinga heldt til i, Det kvite huset); Jeltsin innleia ein omsynslaus krig i Tsjetsjenia som gjekk sterkt ut over sivile (1994-1996); russisk politikk vart radikalisert og polarisert; det oppstod usemje mellom Nato og Russland om konfliktar i det serbisk-dominerte rest-Jugoslavia (Bosnia 1992-1995), som Jeltsin insisterte på låg i deira interessesfære; makta til det reaksjonære russiske tryggingsapparatet auka; og revansjistiske nasjonalistar og kommunistar fekk store fleirtal i det russiske parlamentet etter vala i 1993 og 1995. 

Her må det nemnast at mellom anna for å unngå statskollaps hadde Jeltsin ikkje gjennomført noko utrensking av det gamle statsapparatet frå sovjettida. Spesielt lagnadstungt var det at han ikkje oppløyste KGB. Anders Åslund skriv at Jeltsin var ein periodedrankar som likte å omgi seg med «store, tunge middelaldrande menn som han sjølv» når han drakk. Desse mennene var for det meste leiarar av forsteina statsbedrifter, KGB-offiserar og gamle appratsjiki. Dei var dessutan reaksjonære og til dels kriminelle som «kjempa mot reformene om dagen og drakk med Jeltsin om natta».[87] I august 1994 fekk til og med leiarane av kuppforsøket mot Gorbatsjov amnesti. Nokre av dei drog rett frå fengselet til leiande posisjonar i Russlands største bankar og bedrifter.[88]

Andre nye samarbeidsfora

I desember 1992 erstatta Jeltsin den radikale reformatoren Gajdar med den konservative sovjetveteranen og statsindustrimannen Viktor Tsjernomyrdin som statsminister. I utanriksministerposten vart den liberale Andrej Kozyrev i 1996 bytta ut med den konservative tidlegare KGB-mannen Jevgenyj Primakov. Det stadfesta vendinga i russisk utanrikspolitikk bort frå ei provestleg linje tilbake til meir tradisjonell russisk-sovjetisk stormaktspolitikk. 

Kozyrev hadde åtvara vestlege kollegar om det som i var i ferd med å skje på ein KSSE-konferanse i Stockholm alt i desember 1992. Der heldt han først eit innlegg der han truga med å bruka makt mot andre postsovjetiske republikkar og skulda Nato for å blanda seg inn i Russlands bakgård. Han omtalte territoriet til det tidlegare Sovjetunionen som eit «postimperialt område» der Russland måtte forsvara interessene sine med alle tilgjengelege middel. Han kravde slutt på FNs sanksjonar mot Serbia og uttrykte slavisk solidaritet med serbiske nasjonalistar. I eit seinare innlegg avslørte han at dette bygde på noko han han hadde lese i ei russisk avis dagen før og at slike tankar var på frammarsj i Moskva.[89]

Russland gjekk likevel med på inngåinga av  ei Nato-Russia Founding Act  i 1997. I avtalen heitte det at «i den nåverande og føresjåelege tryggingssituasjonen» hadde Nato «ingen intensjonar, ingen plan og ingen grunn til å utplassera atomvåpen» eller «større stridsstyrkar på territoriet til nye medlemmer». Avtalen slo også fast at Nato og Russland ikkje oppfatta einannan som fiendar. Samstundes vart NACC oppgradert til eit nytt Euro-Atlantic Partnership Council, som skulle vera eit politisk rammeverk over Natos bilaterale samarbeid med ikkje-medlemsland og for PfP-samarbeidet. 

Jeltsin viste interesse også for russisk EU-medlemskap, men EU-landa fann det heilt urealistisk.[90] Russland måtte nøya seg med ein avtale om partnarskap og samarbeid, underskriven i 1994 og i kraft frå 1997. Avtalen opna for ei rekke seinare meir konkrete samarbeidsavtalar mellom EU og Russland. Russland vart elles med i Europarådet i 1996 og dessutan i dei globale institusjonane IMF og Verdsbanken i 1992, i G-7, som dermed vart G-8, i 1996, og som nemnt i WTO i 2012. Dette skjedde ikkje nødvendigvis fordi Russland var kvalifisert for medlemskap, men for å oppmuntra og å visa landet respekt.  Barentsrådet, Austersjørådet og Arktisk råd er andre samarbeidsfora oppretta på 1990-talet med engasjement av Russland som sentralt formål og med Noreg som aktiv pådrivar. 

Mange meinte, som Gorbatsjov, at KSSE var særleg godt eigna som ny euroatlantisk tryggingsstruktur etter den kalde krigens slutt. I 1990 vart dei første faste KSSE-institusjonane oppretta, i 1991 vart KSSE utvida med nye, post-sovjetiske medlemsland. I 1995 vart «konferansen» så til ein permanent «organisasjon», OSSE. Då det vart klart at russisk Nato-medlemskap ikkje var aktuelt i første omgang, føreslo ein frå russisk side at OSSE skulle få sterkt utvida oppgåver. Men Vesten var ikkje villig til det. Ein meinte dei russiske forslaga ville gi Russland for stor innverknad på Nato-landas tryggleik.

Marshall-plan for Russland?

Nokre hevdar at meir vestleg økonomisk støtte til Sovjetunion/Russland på 1990-talet hadde kunna motverka konfrontasjonen vi står i nå. Mellom anna Noregs utanriksminister Thorvald Stoltenberg tok på eit KSSE-toppmøte i 1991 til orde for ein ny Marshall-plan for Sovjetunionen. 

Men USAs president Bush (senior) avslo å gi Sovjetunionen økonomisk støtte då landet heldt på å gå konkurs fram mot oppløysinga i slutten av 1991. På grunn av motstand frå sin finansminister ville han ikkje ein gong ettergje den sovjetiske statsgjelda til USA, som utgjorde 2,8 milliardar USD. Bush hadde brukt mykje av sin prestisje som president på å retta opp den amerikanske økonomien, som også var hans svake punkt i den komande presidentvalkampen. Bush meinte dessutan at det ville vera feil å be amerikanske skattebetalarar hjelpa eit land som framleis ikkje berre hadde tusenvis av atomvåpen retta mot USA og enorme militærutgifter, men som også såg ut til å gå i oppløysing, var korrupt og ikkje hadde nokon truverdig økonomisk politikk. 

Gorbatsjov brukte det nemnde KSSE-toppmøtet, som fann stad i Moskva, til å fremja ønske om meir støtte frå Vesten, og spesielt frå Tyskland. På det tidspunktet hadde Sovjetunionen alt fått 25 milliardar DM frå Tyskland. Då James Baker spurte kor pengane var blitt av, svara Gorbatsjov «ting forsvinn her omkring».[91] Likevel kunngjorde Bush og Kohl ein hjelpepakke på 24 milliardar USD til Russland i april 1992. Men då IMF omsider var klar med eit program for gjennomføring av hjelpepakken hadde president Jeltsin alt sparka den liberale Gajdar. Lite av hjelpepakken vart faktisk overført.

Ettergjeving av Sovjetunionens utanlandsgjeld i 1991, til saman 65 milliardar USD, kunne utan tvil ha blitt oppfatta som positivt av det russiske folket og medverka til å stabilisera den sovjet-russiske økonomien i ein særs vanskeleg periode. Anders Åslund, som ved sida av Jeffrey Sachs var Gajdar-regjeringas viktigaste utanlandske rådgjevar, er svært kritisk til at Vesten ikkje stilte opp økonomisk for Russland i «mogelegheitsvinduet» frå oktober 1991 til mars 1992:

Vesten snudde ryggen til Russlands vestorienterte og demokratiske reformatorar og gav berre humanitær hjelp. Dette var den einaste store sjansen Vesten hadde til å støtta reform i Russland, og ansvaret for å ha svikta ligg klart på dåverande president Bush. Dette var dårskap på linje med det Georges Clemenceau gjorde i Versailles og Neville Chamberlain i München. Det er full dekning for Sachs» påstand om at vestleg hjelp var avgjerande for at dei økonomiske reformene skulle lukkast og at utsetjing kunne føra til politisk og økonomisk destabilisering.[92]

Alternative scenario

Det er nok riktig at ei rekke vestlege leiarar på det tidlege nittitalet gav sine sovjetiske/russiske motpartar urealistiske munnlege forsikringar om at Nato ikkje skulle utvidast austover.[93] Men det er vanskeleg å tru at Gorbatsjov, Jeltsin og folka rundt dei var så naive at dei vart «lurte» av dette. Dei visste at det er skriftlege avtalar som tel, og at ingen avtalar er på plass før alt som skal stå i dei er godkjent av alle partar, inkludert ikkje minst USAs president. I Moskva var ein dessutan klar over at avtalen om tysk gjenforeining, som Sovjetunionen skreiv under på i 1991, opna for utviding av Nato ikkje berre til det nå samla Tysklands austgrense (noko ein dessutan truleg ønskte), men også inn i den dåverande Warszawa-pakta.

Mary Sarotte spør på slutten av boka si om den aukande konfrontasjonen mellom Russland og Nato-landa utover 1990-talet likevel kunne vore unngått. Hennar svar er eit «kvalifisert ja». Som Åslund meiner ho president Bush burde ha gjeve det sårbare nye russiske demokratiet betre sjansar ved å gå med på å  ettergje Sovjetunionens utanlandsgjeld i dei kritiske åra 1990-92. Seinare burde president Clinton ha gjeve Partnarskap for fred meir tid til å engasjera Russland før USA og Nato bestemte seg for å invitera Polen, Tsjekkia og Ungarn inn i varmen. Vidare burde EU har vore utvida før Nato.[94]

Men Sarottes svar er «kvalifisert» fordi ho vedgår at Russland sjølv hadde eit stort ansvar for den negative utviklinga i forholdet til Vesten. Ho erkjenner dessutan at dei «sentral- og austeuropeiske demokratia hadde både ein moralsk og ein suveren rett til å treffa dei vala dei sjølv meinte var best for tryggleiken sin».[95]

Min konklusjon er at Vesten strekte seg langt for å koma Russland i møte før den første Nato-utvidinga i 1999. USA under den første president Bush støtta Gorbatsjovs innsats for å redda Sovjetunionen. I ettertid sett var det nok ein alvorleg feil å ikkje stilla opp med større og meir økonomisk støtte i 1991-92, men det er uråd å vita kor stor kostnaden ved denne svikten faktisk vart. President Clinton på si side hjelpte Russlands president Jeltsin nærast gjennom tjukt og tynt mot aukande reaksjonær motstand. Men grensa gjekk ved å la Moskva få veto mot Nato-utviding.

Både Bush og Clinton hadde eit genuint ønske om at Sovjetunionen/Russland skulle gå inn for demokrati, marknadsøkonomi, rustingskontroll og nedrusting. Ingen hadde noko aktivt ønske om ekspansjon av Nato ut over det samla Tyskland før sentraleuropeisk press og den indre utviklinga i Russland gjorde det mest uunngåeleg. Nato-landa oppfatta ikkje lenger Russland som eit fiendtleg land, men som partnar. Dei reduserte sine forsvarsutgifter drastisk og omdefinerte og endra Natos fokus bort frå Russland og over på utanlandsoperasjonar, spesielt mot internasjonal terrorisme og for humanitær innsats.

Men mens Vesten streva for å binda det nye Russland inn i vestlege og internasjonale strukturar og for å leggja om sin utanriks- og tryggingspolitikk fekk tradisjonelle førestillingar om russisk makt og stordom igjen overtaket i Moskva. Alt i 1992 omtalte det vaklande nye Russland dei tidlegare sovjetrepublikkane som sitt «nære utland».[96] I 1995 stadfesta president Jeltsin offisielt at dette «først og fremst er Russlands innverknadssfære».[97] Dei tonegjevande elementa i Moskva meinte at Russland hadde rett til same rolle i internasjonal politikk som det gamle Sovjetunionen. Vesten på si side oppfatta, meir realistisk, det nye Russland som ei «regional makt» som handla ut frå veikskap, ikkje styrke, slik president Barack Obama presist, men udiplomatisk, uttrykte det i 2014. Den tidlegare republikanske presidentkandidaten, senator John McCain, kalla same år Russland ”ein mafiastyrt bensinstasjon maskert som eit land”.[98]

Mine største innvendingar mot Sarottes alternative scenario er såleis at det historiske perspektivet hennar ikkje strekker seg lenger tilbake enn til 1989 og at ho fokuserer for lite på den innanrikspolitiske utviklinga i Russland. Den lange autoritære og imperialistiske russiske tradisjonen eg har skissert tidlegare tilseier at det er lite sannsynleg at Moskva  ville ha gitt grønt lys for Nato-utviding dersom Russland sjølv ikkje først hadde blitt medlem. Russisk Nato-medlemskap under slike omstende ville sterkt ha redusert Natos verdi som forsvarsorganisasjon for resten av Europa, mest sannsynleg til nær null. Sarotte erkjenner i realiteten dette sjølv når ho skriv at både Gorbatsjov og Jeltsin ønskte samarbeid «på likefot» med Vesten.[99]

Grunnproblemet var at dei fleste russiske politikarar, anten dei var liberale eller konservative, sat fast i førestillinga om Russland som supermakt. Liberale som Jeltsin og Kozyrev førestilte seg ein ny ”stormaktkonsert” der Russland og USA samarbeidde om å styra verda, men der kvar hadde vetorett. Konservative eller reaksjonære som Primakov ville atterreisa Russland som motvekt til USA og Vesten i internasjonal politikk. 

Sarottes argument er dessutan problematiske fordi dei implisitt godtek Moskvas mytespinning om at Nato utgjorde eit trugsmål mot Russland. 

Nato-utviding klok føre var-politikk

Det som skjedde måtte ikkje skje, men sett i eit langt historisk perspektiv var det stor fare for at det ville skje. Det var derfor klok føre var-politikk å halda på Nato og etter kvart utvida alliansen austover. 

Denne konklusjonen blir etter mitt syn berre styrka av utviklinga etter at Vladimir Putin tok over som russisk president. Russland sklei då i autoritær retning under leiing av eit regime som skaffa seg rikdom og makt ved å blåsa opp bildet av Vesten, og spesielt USA, som den store fienden. Putin har med større kraft og konsekvens enn sin forgjengar ført ein politikk som i praksis ville ha medført russisk vetorett i alle viktige internasjonale politiske spørsmål, også der Russland har marginale interesser. 

Eit døme på dette er Natos humanitære intervensjon utan FN-mandat mot den serbiske nedslaktinga av albanarar i Kosovo i 1999. Moskva (der Putin då var etterretningssjef og sekretær i det nasjonale tryggingsrådet) hadde på førehand gjort klart at Russland ville leggja ned veto i Tryggingsrådet mot intervensjonen, utan andre substansielle argument enn Russlands historiske og religiøse band  til Serbia. I ettertid har Putin framstilt denne intervensjonen som det store vendepunktet: Få månader etter den første Nato-utvidinga avslørte Nato seg som aggressiv anti-Russland-allianse ved å gå til krig mot det russiskvennlege Serbia. Deretter følgde intervensjonane i andre land med historiske band til Russland, og dessutan vidare Nato-utviding.[100]

På den andre sida hadde Russland truleg sakleg rett då det var med på å hindra at FNs tryggingsråd (eksplisitt) godkjende den USA-leia invasjonen av Irak i 2003. Også Natos intervensjon i Libya hadde Putin truleg rett i at ikkje førte til noko godt, men heller meir terrorisme og utvandring over Middelhavet.  Når det galdt “den arabiske våren” kan Putin ha hatt like rett i at Vesten var naiv som forventa  liberalisering i muslimske land, og i at resultatet ikkje var demokrati og fridom, men kaos, vald og revolusjonar. Natos out of area-vending var i det heile ein diskutabel suksess. 

Men heller ikkje her kan ein seia at vitale russiske interesser stod på spel, bortsett frå at Moskvas gamle venner i Irak, Libya og Syria var berørt. At Putin og Russland i nokre tilfelle har gjort betre – og meir kyniske – vurderingar i internasjonal politikk enn USA og europeiske land er dessutan irrelevant for spørsmålet om Nato- og EU-utviding. Å tolka det som bevis på at Nato hadde aggressive planar mot Russland er mildt sagt ei mistyding. 

Etter at Putin kom til makta i Russland er feilen i vestleg politikk heller at ein har vore for blåøygd enn for lite imøtekomande. Det er symptomatisk og illustrerande at Russlands militærdoktrine av 2010 omtalte Nato som «det viktigaste ytre trugsmålet mot Russland», mens Natos strategiske konsept av same år framleis uttrykte ønske om eit «sterkt partnarskap» med Russland.[101] Spesielt i Europa har ein klamra seg til ei idealistisk von om at samarbeid og handel skulle føra til eit meir demokratisk og mindre konfronterande Russland. I praksis er det det motsette som har skjedd.[102]

Det har ikkje berre vestleg naivitet, men også vestlege næringsinteresser medverka til. Det tydelegaste dømet er utvidinga av den russiske gasseksporten til Europa, og ikkje minst bygginga av dei tysk-russiske gassrøyrleidningane Nord Stream. Dette gjorde Europa meir avhengig av Russland samstundes som det genererte store inntekter på begge sider (og ville ta inntekter frå Ukraina). Endå i dag overfører EU-landa over dobbelt så mykje til Russland som betaling for russisk fossil energi som verdien av den samla støtta dei gir til Ukraina.[103]

Mindre openlys, men kanskje endå viktigare har vore vestlege finansinstitusjonars, advokatars og lobbyselskaps medverknad til kvitvasking og plassering i utlandet av dei ufattelege midlane den russiske eliten  har karra til seg på kostnad av det russiske folket.[104] Ein monaleg del av dette blir utan tvil brukt til desinformasjon og hybridkrig i og mot Vesten.

Også norske interesser har profittert. Statoil/Equinor hadde drive i Russland i meir enn 30 år før det trekte seg ut etter Russlands fullskalainvasjon i 2022. Eit tvilsamt prosjekt i lys av EUs sanksjonar etter 2014-invasjonen galdt felles utvikling av eit oljefelt i Samara saman med det største russiske oljeselskapet, Rosneft, leia av oligarken, FSB-generalen og Putins nære forbundsfelle Igor Setsjin. Også det norske oljefondet hadde aksjar i Russland inntil 2022.[105]

Kva nå?

Kort oppsummert tilseier analysen over at Russland kjenner seg truga av Vesten fordi 1) Russland er ein autoritær stat og slike statar generelt tenderer til å leggja realpolitisk nullsum- og venn-fiende-tenking til grunn for landets tilhøve til omverda, og spesielt til demokratiske land; 2) russisk historie og tradisjon legg tunge føringar i retning av ei slik oppfatning; og 3) fordi det styrkar makta og privilegia til Putin og hans apparat. Vestens politikk overfor Russland har hatt mindre tyding. Det avgjerande har vore Russlands indre utvikling, og spesielt Putins veg til makta. 

Den utløysande grunnen til Russlands krig mot Ukraina synest å ha vore Putins frykt for at Ukraina skulle hamna i den vestlege leiren for godt. Det kunne ha undergrave hans kleptokratiske regime fatalt og ville ha sett bom for realiseringa av visjonen om Russland som eurasisk og global supermakt. 

Putins skalkeskjul, både for krigen mot Ukraina og for oppfatninga av Vesten som trugsmål, er ein «russisk idé» med brei støtte i folket om kva Russland er og må vera. Den handlar om Russlands rett til å finna sin eigen identitet, til å vera ein «eineståande sivilisasjonsstat», til å ha eigne interessesfærar, til å vera ei stormakt, til å overvinna «fornedringa» på 1990-talet, til å avsløra og undergrava vestleg dobbeltmoral og makt. Men det handlar også om ei paranoid «realistisk» tryggingstenking som på sikt gjer meir for å svekka Russlands militære evne og stormaktsstatus enn noko Nato kunne ha funne på.[106]

Slik sett krigar Ukraina i dag ikkje mot Russland og ikkje berre mot Putin-regimets materielle interesser, men mot Putins og russaranes ønskebilde av seg sjølv. Så lenge Russland strevar etter dette idealet vil det bli verande eit geopolitisk uromoment og eit trugsmål mot Europa. 

Mykje talar elles for at dersom Nato i 2008 hadde gjeve Ukraina og Georgia tryggingsgarantiar heller enn ein laus lovnad om Nato-medlemskap kunne dei russiske invasjonane av dei to landa vore unngått. Ikkje å gjera noko vedtak i det heile kunne kanskje ha gitt same resultat på kort sikt, men saka hadde ikkje kunna utsetjast lenge. Det ville dessutan ha signalisert at Nato i praksis godtok Russlands krav om å ha nøytrale og i praksis russiskkontrollerte bufferstatar rundt seg. Dermed ville ein ha gått bort frå eit heilt grunnleggande prinsipp som var etablert etter andre verdskrigen, nasjonal suverenitet, som gir alle land rett til sjølv å bestemma sin utanriks- og forsvarspolitikk. 

Dette ville i realiteten ha medført retur til modellen for internasjonal politikk som vart praktisert på 1800-talet og på Jalta-konferansen i 1945. Stormaktene fastla då interessesfærar seg i mellom over hovudet på landa det vedgjekk. Det ville ha gitt Russland rett til å blanda seg inn i innanrikspolitikken i land i sin maktsfære for å hindra demokratiske vedtak som det meinte var i strid med sine interesser. Det ville med andre ord ikkje berre ha brote med prinsippet om nasjonal suverenitet, men også ha hindra fullt demokrati i desse landa. 

Putin og hans regime ville ha teke dette til inntekt for heile si forteljing om Russland som evig stormakt på linje med USA, Kina og India i ei multipolar verd der «sivilisasjonsstatanes» nasjonale interesser trumfar menneskerettar, demokrati, rettsstatsprinsippa, nasjonal suverenitet og andre viktige delar av folkeretten. Det var i denne retninga russisk sjølvoppfatning og utanrikspolitisk tenking hadde bevega seg heilt sidan midten av 1990-talet. Polarisering og til slutt konfrontasjon mellom Russland og Vesten var så godt som uråd å unngå så lenge Russland styrte etter denne kursen.

Vegen vidare

Utfallet av invasjonen av Ukraina blir avgjerande for kva som skjer i Russland vidare. Det blir også særs viktig for utviklinga i europeisk og internasjonal politikk i lang tid framover. Det viktigaste Vesten kan gjera på kort sikt er å hjelpa den ukrainske forsvarsmakta til å få eit klart overtak slik at ein gjennom forhandlingar kan finna ei løysing Ukraina kan leva med. Ukraina må også få truverdige tryggingsgarantiar og pålitelege utsikter til Nato- og EU-medlemskap. 

I beste fall vil dette føra til at Putin til slutt må gå av eller blir kasta i eit statskupp og at det skjer ei ny demokratisering og vestorientering i Russland. Nederlag i krig har fleire gonger tidlegare medverka til store reformer og revolusjonar (døme: Krym-krigen, den russisk-japanske krigen, første verdskrig, Afghanistan). Store og brå skifte er eit karakteristisk trekk ved russisk historie. Under Gorbatsjovs glasnost- og perestrojka-politikk tok den russiske eliten eit stort oppgjer med fortidas løgner. Perioden med Dmitrij Medvedev som president viste (kanskje) at liberalisering og tilnærming til Vesten til og med kan skje utan revolusjon, berre med personskifte i Kreml. Og det er ikkje lenger sidan enn vinteren 2011-12 at titusenvis av russarar demonstrerte i gatene for demokrati og mot Putin. Så seint som i 2017 protesterte mange offentleg mot korrupsjon. Trass i strenge mottiltak har det også vore ein del demonstrasjonar og protestar mot krigen i Ukraina. Russland er ikkje dømt til alltid å vera autoritært og farleg for omverda. 

Men som det er tydeleg i dag: Russaranes oppgjer med fortida vart ikkje sluttført på 1990-talet. Russisk offentleg opinion har vist seg lett å påverka. Utruleg nok i lys av dei russiske overgrepa i Ukraina-krigen har idéen om at Russland utgjer ein unik «sivilisasjon» fått ny næring blant russarane. Putin har med løgn, manipulasjon og undertrykking, men også brei støtte i folket, klart å skru den ideologiske og politiske klokka langt tilbake. Mykje av intelligentsiaen som kunne gått i spissen for ein ny glasnost- og perestrojka-periode er dessutan anten fengsla, drepne eller skremde til utlandet. Putin-regimet ser ikkje ut til å bry seg om at dette på sikt også sagar over den greina det sit på ved at det undergrev den russiske økonomien.

Ikkje minst den utbreidde hyllinga av den russiske hærens barbariske framferd i Ukraina viser at den autoritære og totalitære arven er tilbake for fullt. Som stalinismen tidlegare ber eit nedbrote, forgifta og demoralisert samfunn putinismen på skuldrane sine. Det blir stadig fleire lik i lasta og tilsvarande vanskelegare enn før for det russiske folket å ta inn over seg kva ugjerningar dei og deira forgjengarar har vore med på. Truleg gjer Putin med vilje russarar flest til medskuldige forbrytarar, på same måte som han har gjort med eliten. Samstundes hindrar ein revitalisert imperialistisk tradisjon Russland i å godta nasjonal suverenitet i sitt «nære utland» og generelt i å innretta seg etter den etablerte folkeretten og verdsordninga. 

Russland har altså snudd frå demokratisering og liberalisering tilbake til tradisjonell stormaktsnasjonalisme, autokrati, kommandoøkonomi, isolasjon og militarisme. Det stadfestar at det var riktig å opna Nato og EU for alle villige nye land som kunne møta medlemskapskrava, inkludert Ukraina. Det viser også at vestleg avskrekking, oppdemming og realpolitikk overfor Russland er nødvendig så langt vi nå kan sjå framover. Ei verkeleg Zeitenwende krev at vi legg  bort illusjonar om at Vesten kan lokka Russland til å bli eit «normalt» europeisk land gjennom imøtekomande Ost-Politik og Wandel durch Handel, for å bruka aktuelle tyske uttrykk. I mens må russarane finna ut av ting sjølve. Dei er tydelegvis traumatiserte, og Russland er ei makt i forfall som står overfor enorme utfordringar uansett utfallet av krigen. I verste fall sprekk landet opp i saumane og det blir borgarkrig. 

For Noreg betyr dette etter mitt syn ikkje berre at hjelpa til Ukraina må trappast vidare opp og at det norske forsvarsbudsjettet må kraftig styrkast. Som den siste forsvarskommisjonen føreslår, er det også på høg tid revurdera dei norske såkalla sjølvpålagde restriksjonane slik dei kjem til uttrykk først og fremst i basepolitikken frå 1949, atomvåpenpolitikken frå 1957 og dei såkalla finnmarksrestriksjonane frå 1958-63.[107] Eg kan ikkje sjå at desse atterhalda har gitt oss nokon konkrete føremonar. Tvert om har dei gjeve Russland påskot til stadig usakleg kritikk og skapt unødvendige forviklingar i høvet til allierte, ikkje minst USA. Særleg finnmarksrestriksjonane kan også komplisera eit framtidig tettare nordisk forsvarssamarbeid innan Nato. 

Kåre Willoch hadde sjølvsagt rett i at «russiske politikere kan jo ikke handle ut fra noe annet enn det de selv ser og oppfatter som andres motiv og mål». Men det kan heller ikkje vi. Det avgjerande for norsk politikk må vera våre eigne vurderingar, interesser og verdiar. Ikkje kva russiske styresmakter med tvilsame motiv måtte meina om dei. 

Alle omsetjingar frå engelsk til norsk i teksten er gjorde av forfattaren.

Notar


[1] Willoch, Kåre og Torbjørn Røe Isaksen: Alt med måte – politiske samtaler. Cappelen Damm 2018, s. 100.

[2] John J. Mearsheimer: «Structural realism», i Tim Dunne, Milja Kurki og Steve Smith (red.): International Relations Theories. Discipline and Diversity. Oxford University Press 2007

[3] Diana Panke og Thomas Risse: «Liberalism», i Dunne, Kurki og Smith (red.) 2007, s. 90.

[4] Katherine Belton: Putin’s People. How the KGB Took Back Russia and Then Took on the West frå 2020. William Collins 2020.

[5] Filip Novokmet, Thomas Piketty og Gabriel Zucman: «From Soviets to Oligarchs: Inequality and Property in Russia 1905-2016», juli 2017. http://piketty.pse.ens.fr/files/NPZ2017WIDworld.pdf

[6] Anders Åslund: Russia’s Crony Capitalism. The Path from Market Economy to Kleptocracy, Yale University Press 2019.

[7] Åslund 2019, ss. 4-5, jf. Karen Dawisha: Putin’s Kleptocracy. Who Owns Russia? Simon & Schuster 2014.

[8] Åslund 2019, ss. 5-6.

[9] Andrej Kozyrev: Firebird. The Elusive Fate of Russian Democracy. University of Pittsburgh Press 2019, s. 213.

[10] Fiona Hill og Clifford Gaddy: Mr. Putin: Operative in the Kremlin. Brookings Institution Press, 2015 s. 528.

[11] Strobe Talbott: The Russia Hand. A Memoir of Presidential Diplomacy. Random House 2003, s. 296.

[12] Philip Short: Putin. His Life and Times, Vintage 2022, s. 271.

[13] I eit intervju med BBCs David Frost i mars 2000 sa Putin at «Russland er ein del av europeisk kultur. Og eg kan ikkje førestilla meg landet mitt isolert frå Europa og det vi ofte kallar den siviliserte verda. Så eg har vanskeleg for å sjå føre meg Nato som fienden». På spørsmål om Russland kunne gå inn i Nato, svara han: «Eg ser ikkje kvifor ikkje. Eg ville ikkje utelukka ei slik mogelegheit». Jf. Angela Stent: Putin’s World. Russia Against the West and With the Rest. Twelve 2020, s. 126. I ein annan samanheng erklærte han at det var eit mål å gjera Russland til «eit normalt, demokratisk samfunn med marknadsøkonomi og demokratisk politikk» og del av «den siviliserte verda». Jf. Short 2022, s. 442.

[14] Tibor Szamuely: The Russian Tradition. Fontana Press, 1974; Keir Giles: Moscow Rules. What Drives Moscow to Confront the West. Chatham House og Brookings Institution Press 2019.

[15] Marshall T. Poe: The Russian Moment in World History. Princeton University Press 2003, s. 58.

[16] Stent 2020, s. 17. 

[17] Tim McDaniel: The Agony of the Russian Idea. Princeton  University Press 1996, s. 11. Jf. også Philip T. Grier: «The Russian Idea and the West», i Russell Bova (red.): Russia and Western Civilization. Cultural and Historical Encounters. M.E. Sharpe 2003.

[18] SIavofilien var ein nasjonalromantisk ideologi som oppstod i 1830-talets Russland.

[19] Orlando Figes: The Story of Russia. Bloomsbury Publishing 2022, s. 170.

[20] Sitert av Stent 2020, s. 32.

[21] Leon Aron: Roads to the Temple. Truth, Memory, Ideas, and Ideals in the Making of the Russian Revolution, 1987-1991. Yale University Press 2012.

[22] Aron 2012, ss. 29-35.

[23] German Diligenskij og Sergej Tjugrov:  «’The West’ in Russian Mentality», notat, NATO Office for Information and Press, Brussels, og Institute of World Economy and International Relations, Moscow, 2000. https://www.nato.int/acad/fellow/98-00/diliguenski.pdf

[24] Anders Åslund: Russia’s Capitalist Revolution. Why Market Reform Succeeded and Democracy Failed. Peterson Institute of International Economics 2007, s. 75.

[25] Åslund 2007, kap. 1; Åslund 2019.

[26] Vladislav M. Zubok: Collapse. The Fall of the Soviet Union. Yale University Press 2021.

[27] Åslund 2007.

[28] Sjå mellom anna Hill og Gaddy 2015;  Short 2022; Aage Storm Borchgrevink: Krigsherren i Kreml. Putin og hans tid, Kagge forlag 2022.

[29] Bill Browder: Red Notice. A True Story of High Finance, Murder, and One Man’s Fight for Justice. Simon & Schuster 2015. Jf. også Bill Browder: Freezing Order. A True Story of Russian Money Laundering, Murder, and Surviving Vladimir Putin´s Wreath. Simon & Schuster 2022. 

[30] Åslund 2019, s. 174. 

[31] Åslund 2019, s. 198.

[32] Åslund 2019, s. 172, jf. Boris Nemtsov og Leonid Martinjuk: Zjizn’ raba na galerakh [Ein galeislaves liv], 2012. https://www.putin-itogi.ru/rab-na-galerah/

[33] Sjå spesielt YouTube-videoen frå 2021 om Putins palass: https://www.youtube.com/watch?v=ipAnwilMncI&t=1554s

[34] Borchgrevink 2022, s. 223. Jf. også Belton, 2020. Alternativ teori: Short 2022, ss. 474-475. 

[35] Hill og Gaddy 2015, s. 686.

[36] Vladimir Putin: «Russia at the Turn of the Millennium», 30. desember 1999: https://pages.uoregon.edu/kimball/Putin.htm

[37] For å ikkje å fyra for mykje opp under etnisk russisk nasjonalisme som kan splitta det multinasjonale, men russiskdominerte Russland føretrekk Putin stort sett å bruka orda rossiskij og rossijanin (russlandsk og russlendar) heller enn russkyj (russisk).

[38] Sitert av Short 2022 s. 295.

[39] Åslund 2019, s. 75.

[40] Åslund 2019, s. 86.

[41] Åslund 2019, s. 25.

[42] Hill og Gaddy 2015.

[43] Levada-senteret har kartlagt Putins «approval rating» sidan 1999: https://www.levada.ru/en/ratings/approval-of-the-authorities/

[44] Vladimir V. Putin «Speech and the following discussion at the Munich Conference on Security Policy», 5. februar 2007. http://en.kremlin.ru/events/president/transcripts/24034

[45] Åslund 2019, s. 30.

[46] Anders Åslund: «Putin cronies and criminals gear up to steal Russia», Japan Times 14. februar 2023. https://www.japantimes.co.jp/opinion/2023/02/14/commentary/world-commentary/putin-cronies/

[47] Serhii Plokhy: The Russo-Ukrainian War. The Return of History, W.W. Horton & Company 2023, ss. 88-89.

[48] Stent 2020, s. 309.

[49] Åslund 2019, ss. 81, 85.

[50] Hill og Gaddy 2015, ss. 425-442.

[51] Hill og Gaddy 2015, ss. 451-455.

[52] Wikipedia: «Patriarch Kirill of Moscow», 19. juni 2023. https://en.wikipedia.org/wiki/Patriarch_Kirill_of_Moscow

[53] Vladimir Putin: «Address to the Federal Assembly», 12. desember 2012. http://en.kremlin.ru/events/president/news/17118

[54] Short 2022, s. 554.

[55] Figes 2022, s. 526.

[56] Stent 2020, s. 62.

[57] Vladimir V. Putin: «Meeting of the Valdai International Discussion Club», 19. september 2013. http://en.kremlin.ru/events/president/news/19243

[58] Hill og Gaddy 2015, s. 459.

[59] Vladimir V. Putin: «Presidential address to the Federal Assembly», 12. desember 2013. http://en.kremlin.ru/events/president/news/19825

[60] Åslund 2019, ss. 226.

[61] Vladimir V. Putin: «Conference of Russian ambassadors and permanent representatives», 1. juli 2014. http://en.kremlin.ru/events/president/news/46131

[62] Hill og Gaddy 2015, ss. 467, 563, 565.

[63] OSSE: Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa; APEC: Asia-Pacific Economic Cooperation; BRICS: samarbeidsforum mellom Brasil, Russland, India, Kina og Sør-Afrika; G20: samarbeidsforum mellom dei 20 største økonomiane i verda; Shanghai Cooperation Organization: eurasisk organisasjon med 21 medlemsland som samarbeider om politiske, økonomiske, tryggings- og forsvarspolitiske spørsmål .

[64] Hill og Gaddy 2015, s. 567.

[65] Vladimir Putin: «Meeting with members of political parties represented in the State Duma», 14. august 2014. http://en.kremlin.ru/events/president/news/46451

[66] Hill og Gaddy 2015, ss. 673, 694.

[67]«Article by Vladimir Putin: On the historical unity of Russians and Ukrainians», 12. juli 2021. http://en.kremlin.ru/events/president/news/66181/print

[68] «Agreement on measures to ensure the security of The Russian Federation and member States of the North Atlantic Treaty Organization», Moskva, 17. desember 2021. https://mid.ru/ru/foreign_policy/rso/nato/1790803/?lang=en

[69] Marlene Laruelle: «Russia’s new state ideology: Engineering Structures and Actors», seminar på Norsk utanrikspolitisk institutt 15. juni 2023. https://www.nupi.no/arrangementer/2023/aktoerer-og-strukturer-bak-utformingen-av-russlands-nye-statsideologi

[70] «Dekret om godkjenning av Den russiske føderasjonens utanrikspolitiske konsept», Moskva 31. mars 2023. Russisk offisiell versjon: http://www.kremlin.ru/events/president/news/70811. Uoffisiell omsetjing til engelsk: https://russiaeu.ru/en/news/concept-foreign-policy-russian-federation

[71] Mikhail Suslov: «Isolationism, a broad Eurasian partnership, and a left tinge», Russia Post, 23. april 2023. https://www.russiapost.info/politics/isolationism

[72] Stent 2020, s. 53.

[73] «Angelsaksisk» er eit uttrykk Sovjetunionen brukte om sine viktigaste fiendar, USA og Storbritannia, på slutten av 1940- og byrjinga av 1950-talet, jf. Andrej Kolesnikov: «The Plot Against Russia. How Putin Revived Stalinist Anti-Americanism to Justify a Botched War», Foreign Affairs 25. mai 2023. https://www.foreignaffairs.com/russian-federation/plot-against-russia?fbclid=IwAR270fWUXONYweINmPQ3kdG22PHX2nNylUHQyXQds4t9hvXKZDAdQR4EUqY

[74] Laruelle 2023.

[75] Jade McGlynn: Russia’s War, Polity 2023. Levada-senteret 7. april 2023: https://www.levada.ru/en/2023/04/07/conflict-with-ukraine-assessments-for-march-2023/

[76] Levada-senteret 2023. Russland og andre land: https://www.levada.ru/en/2022/09/16/attitude-towards-countries-and-their-citizens/; Russland og Nato: https://www.levada.ru/en/2022/06/10/russia-and-nato/

[77] Levada-senteret: Russland og Europa: https://www.levada.ru/en/2021/03/22/russia-and-europe/

[78] Denis Volkov og Andrej Kolesnikov: «My Country, Right or Wrong: Russian Public Opinion on Ukraine», Carnegie Endowment for International Peace 7. september 2022. https://carnegieendowment.org/2022/09/07/my-country-right-or-wrong-russian-public-opinion-on-ukraine-pub-87803

[79] Volkov og Kolesnikov 2022.

[80] Laruelle 2023.

[81] Jeffrey A. Engel: When the World Seemed New. George H.W. Bush and the End of the Cold War. Houghton Miffley Harcourt 2018.

[82] Timothy Andrews Sayle: Enduring Alliance. A History of NATO and the Postwar Global Order. Cornell University Press 2019, s. 301.

[83] Mary E. Sarotte: Not One Inch. America, Russia, and the Making of Post-Cold War Stalemate. Yale University Press 2021. Framstillinga mi byggjer i stor grad på denne boka, som er blitt eit standardverk om forhistoria til den første Nato-utvidinga i 1999.

[84] Yevgeny Primakov: Russian Crossroads. Toward the New Millennium. Yale University Press 2004, jf. Sarotte 2021 s. 253. Sarotte viser til den russiske utgåva av Primakovs memoarar. Eg har sjølv ikkje lese memoarane, verken på engelsk eller russisk.

[85]  Andrews Sayle 2019, s. 315.

[86] Sarotte 2021, s. 133. Ho viser til Thomas Friedmans artikkel «Yeltsin Says Russia Seeks to Join NATO» i New York Times av 21. desember 1991.

[87] Åslund 2007, kap. 3.

[88] Figes 2022, s. 314.

[89]«Diplomats shocked by Kozyrev ploy», the Independent, 15. desember 1992. https://www.independent.co.uk/news/world/europe/diplomats-shocked-by-kozyrev-ploy-1563641.html. Kozyrev 2019, ss. 172-173.  

[90] Sarotte 2021, s. 28.

[91] Zubok 2021, s. 339. 

[92] Åslund 2007, kap. 3.

[93] Stent 2020, s. 119.

[94] Sarotte 2021, ss. 340-347.

[95] Sarotte 2021, s. 344.

[96] Stent 2020, s. 136.

[97] Presidentdekret sitert av Stent 2020, s. 186.

[98] «John McCain Calls Russia ‘A Gas Station Run by a Mafia That Is Masquerading as a Country’, The Wrap 22. april 2014: https://www.thewrap.com/sen-john-mccain-calls-russia-gas-station-run-mafia-masquerading-country-video/

[99] Sarotte 2021, s. 343.

[100]Vladimir Putin: «Vladimir Putin answered questions from Russian journalists», 18. oktober 2016: http://en.kremlin.ru/events/president/news/53103

[101] Stent 2020, s. 129.

[102] Giles 2019.

[103] Bruegel Institute: «How much will the EU pay Russia for fossil fuel in the next 12 months?», 23. mars 2023: https://www.bruegel.org/analysis/how-much-will-eu-pay-russia-fossil-fuels-over-next-12-months. Pr. 16.12.2023 har EU-landa betalt over det dobbelte for olje- og gassimport frå Russland (197 mill. USD) som ein har gjeve i støtte til Ukraina (91 mill. USD), ref. https://www.russiafossiltracker.com/ og https://www.eeas.europa.eu/delegations/united-states-america/eu-assistance-ukraine-us-dollars_en?s=253.

[104] McGlynn 2023, s. 213.

[105] E24: «Equinor overfører Russland-verdier til Rosneft», 25. mai 2022. https://e24.no/boers-og-finans/i/5G72mb/equinor-overfoerer-russland-verdier-til-rosneft. Aftenposten: «Mens Norge har sanksjonert mot Russland, har Statoil styrket forholdet til russerne», 2. februar 2017. https://www.aftenposten.no/okonomi/i/6GXwO/mens-norge-har-sanksjonert-mot-russland-har-statoil-styrket-forholdet-til-russerne. Jf. også Borchgrevink 2022, kap. 13. 

[106] McGlynn 2023, s. 208. Jf. også Belton 2020.

[107] Forsvarskommisjonen av 2021.: Forsvar for fred og frihet. Norges offentlige utredninger 2023: 14, ss. 258-259. https://www.regjeringen.no/contentassets/8b8a7fc642f44ef5b27a1465301492ff/no/pdfs/nou202320230014000dddpdfs.pdf

2 tankar på “Kvifor Russland kjenner seg truga av Vesten–og kva vi kan læra av det

Kommenter innlegget