Det er ei hevdvunnen oppfatning at dei gamle grekarane “fann opp” politikk.[1] Den store britiske statsvitaren og historikaren Samuel Finer hevdar meir presist at dei ”revolusjonerte politisk teori og praksis.”[2] I følgje Finer kom dei med fire viktige innovasjonar i så måte: dei lanserte idéen om 1) statsborgaren (til forskjell frå undersåtten); 2) demokratiet;…
Hellas og Europa før og nå, del II: Det greske bidraget til europeisk identitet
Dei gamle grekaranes bidrag til utforminga av moderne europeisk og vestleg identitet er langt større enn vi til dagleg innser, om enn indirekte. Den greske arven innan arkitektur, biologi, etikk, filosofi, fysikk, historieskriving, jus, kunst, litteratur, logikk, matematikk, medisin, musikk, politikk og psykologi har påverka moderne europeiske verdiar, normer og idéar på ein heilt grunnleggjande…
Hellas og Europa før og nå, del I: Det greske opphavet til det geografiske og universelle Europa
Hellas er eit sjarmerande land som kanskje går konkurs innan eit år, EU-redningspakkar eller ei. Med det vi nå veit om gresk økonomi og politikk, må vi lura på korleis Hellas så lett kom med i EU i 1981 og euroen i 2002. Eg trur ein viktig del av svaret er at Hellas er oppfatta…
Dei førti dagane på Musa Dagh
Eg er nettopp ferdig med å lesa den mektige romanen De førti dagene på Musa Dagh av Franz Werfel. Den inneheld den dramatiske historia om sju armenske landsbyar på til saman fem tusen menneske i det nordaustlege hjørnet av Middelhavet, på grensa mellom Tyrkia og Syria, som i 1915 rømte opp på fjellet Musa Dagh (Moses' berg)…
Sarkozy som Napoleon
Sofie Gran Aspunvik samanliknar i dagens Aftenposten Frankrikes president Nicolas Sarkozy med den franske generalen og keisaren Napoleon Bonaparte (1769-1821). Sarkozy, som førre veke erklærte at han stiller til gjenval som president, er "Bonaparte i dress". Med tanke på det tette samarbeidet mellom Sarkozy og Tysklands forbundskanslar Angela Merkel i europapolitikken siterer ho ei EU-skeptisk britisk avis: "det er gode odds for…
Afrika og Europa
Ein gong eg sat og venta på seine politikarar i ein møtesal i Nigerias hovudstad Abuja, kom eg i prat med sidemannen. Han var i svart uniform og det viste seg at han var politilege med grad tilsvarande major. Arbeidsstaden var det føderale politihovudkvarteret i nærleiken. Etter at eg hadde presentert meg som norsk ambassadør, spurte han…
«Europa er forbode!»
I mitt tidlegare tenesteland Nigeria har det vokse fram ei muslimsk sekt som driv terroristverksemd og går under namnet "Boko Haram". Haram (eller haraam) er eit arabisk ord som betyr "forbode av Gud", "synd", eller "heilagbrøde". Å eta svinekjøtt eller å driva utruskap er haram. Det framgår av Koranen. "Boko" er eit hausaord (hausafolket bur i det…
Europautgreiinga: Fakta om Noregs demokratiske underskot overfor EU
Europautgreiinga, ein 911 siders mursteinsrapport som gjennomgår alle sider ved Noregs forhold til Den europeiske unionen, vart lagt fram 17. januar på Litteraturhuset i Oslo (sjå info og tilgang til videoopptak her). Utvalet som har utarbeidd verket, kalla "Utenfor og innenfor: Norges avtaler med EU," har bestått mest av forskarar. Leiaren var professor Fredrik Sejersted…
Europa som fornufts- og lagnadsfellesskap
Ved inngangen til det som kan bli eit annus horribilis for EU kan det vera grunn til igjen å spørja: Kvifor treng vi europeisk integrasjon? Kva slag EU treng vi? Korleis skal ein argumentera for EU i dag? (Og då meiner eg ikkje for norsk EU-medlemskap.) For å svara på dette kan vi ta utgangspunkt i tre typar pro-europeisk diskurs som har vore…
EU og «folket»
Ein vanleg kritikk av EU er at det er eit eliteprosjekt, utan reell folkeleg støtte. EU manglar dermed legitimitet, heiter det. Argumentet blir framført med ekstra styrke nå under eurokrisa. Men sjeldan kjem kritikarane med empirisk belegg for påstanden, som gjerne blir framført bastant og unyansert. Noko av problemet er at meiningsmålingar er mest nærliggande…